NORSK DEL, GULLVEKTA

Måtehald. Likevekt

 13 › 3 › 3 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Livstankar av Halldor Skard 
– SAMLINGA

Måtehald med måte kan hjelpe

Ein skal unngå å "ta seg saman" så ein kjem utafor den komfortable sona der trivselen er god, og dermed stressar livet av seg. Det er mange måtar å stresse seg til ulyst på, og ein av dei er ved å "ta seg saman" for å leve sunnare. Gode føresett der bogen er spent for stramt, der lista ligg for høgt og så vidare, er ikkje alltid gode for sjølvaktinga og helsa. Ikkje når ein ikkje klarer dei, og truleg ikkje alltid når ein innfrir heller.

Måtehald har å gjere med å halde måte. Det er "ikkje for mykje, heller ikkje for lite, men sånn passe". Kva som er passe, kan variere mykje, både opp og ned, til sidene, fram og tilbake, frå tid til tid, med dagsforma og døgnrytmen, og så vidare. Ofte gjer ein kompromiss for å halde i gang nyttige balansar og bra blandingar av ditt og datt i verda si. Måtehald heng saman med rimeleg og klok tilpassing, og det er former for og grader av måtehald, som mange andre ting.

Måtehald har ikkje nødvendigvis med "mest mogeleg" å gjere, men snarare "best mogeleg", altså det optimale, som det heiter. Kva som er mogeleg og best mogeleg, vil ofte variere. Noko kan vere individuelt, noko kjem kanskje an på forholda, og noko på dagsforma, og så bortetter. Dei gamle grekarane var særs opptekne av metron, som tyder måling, utmåling. Ord som heng saman med "det høvelege målet, den mest passande måten", "bra balanse" og "måte".

Også når ein skal "ta seg saman" og ete mindre feitt, mindre sukker, mindre mat og mosjonere meir, gjeld det å hugse dette: "med måte". La oss samanlikne ein joggar og ein båt. Når ein køyrer båten i toppfart (mest mogeleg), vil båten dirre og bli meir belasta enn den har godt av. Skruar kan bli lause, deler kan rivne, og like eins med joggaren som med eitt skal ha toppfart eller renne så langt han toler. Han hjelper seg ikkje i langdrag ved det, for di han ikkje held måte. Passe marsjfart for båten kan til dømes vere 60 prosent av toppfarten. Passe belastningar under trening er i regelen mindre enn det meste ein klarer. Slik er det.

Det er ein kunst å trene seg opp, og ein annan å halde båten i stand. No og då kan ein kompromisse ut frå omstenda og "raske på", men det er ikkje sikkert at stresset gjer ein godt - neppe i langdrag. Litt inn imellom kan forresten gagne, så sant ein meistrar stresset sitt. Mange klarer dette opp til eit punkt, før dei blir utbrende før tida.

Ein skal unngå å "ta seg saman" så ein kjem utafor den komfortable sona si og hamnar i toppfart-modus i staden. Det leie ved den er å bli pressa og stressa, og så sjuk av stresset og belastningane med tid og stunder, enda om ein hadde gode føresett i utgangspunktet. Ein må også vere kunnig og stå dyret (rare, ofte skrudde drifter) imot.

Veldige problem i verda i dag, heng saman med lyster og drifter som ikkje er gode. Sjuka med å trå etter mest mogeleg vinst heller enn passe vinst som mang ein gong er berekraftig og så bortetter, skader forferdeleg verda over. Og sidan ein treng mange ressursar for å halde stand og kjempe imot griske-sjuka og verknadene av slik ein trong på felt etter felt, er faren for at motstriden veltar til mest alt som har vore bra i verda, er ramponert - fordi fleire ville tene på det bra, fordi det bra har vore ettertrakta, og blir ettertrakta enno.

Fagbøker og kvinneaktivistar

For å kunne hamle opp med mangt ein ikkje hadde framsyn og framtanke for før, kjem mange åtgjerder (bm: forholdsregler) inn med hjelpande hender. Ein kan hjelpe seg med å samle inn finfine ting i gode dagar. Det ein samlar, kan vere bøker med vise råd, fagbøker med råd og vink for sjølvhjelp, vakker musikk og mykje anna som vel kan kome godt med.

I tillegg går rett mange inn for å vinne venner og liknande og halde saman; det kan bli hardt og tungt å gå aleine i lange tider. Mykje gjengmentalitet kan ha kimar i ein djup trong som botnar i i likande innsikt. Måten ein følgjer opp på, kan bli farleg like fullt.

I medgang og gode dagar bryt elles mykje nød-samhald saman. Så kan det skje at jamvel kvinneaktivistar droppar interessa for å treffast og samlast - men neppe i leie, tunge tider.

Samgangar og å vere forskingskikka

Merknad Vise veit at mange erfaringar heng nøye og intimt saman med sosiale lidenskapar, som er djupe trongar. Desse lidenskapane får ein til å oppsøkje og velje visse miljø og kompisar heller enn andre, og så formar samgangane hugen og erfaringsmassa i den, om ein ikkje er litt forsiktig og trener seg i å vere ledig i hugen også. Dette tilseier at mange røynsler kan vere frukter (følgjer) av lidenskapar ein dreg med innom seg. Men der det gjengse går klart feil, er ikkje det gjengse mykje å samle på.

Det er sjeldnare at ein blir mykje livsklok på felt der ein ikkje har nokon interesser i det heile. Og nett i dette ligg eit vink om korfor retteleg forsking ikkje er så enkelt innvortes: Ofte er det interesser - dei botnar vel i trongar, drifter - som leier ein inn i feltet ein vil studere. Dersom interesser er til stades, finst lidenskapar attom. Dei kan lett fordreie kalde fakta og leie til fall i andre forskarar sine auge. Det er mange forskande redde for, sidan dei venteleg har trong til å bli verdsette for forskingskunna si.

Nøkkelen er å stå imot drifter og kjensler som ber gale av stad i langdrag, like til ein blir nøktern og sterk nok til sist, om ikkje før. Nøktern så ein levr godt, og sterk nok til å bli rekna som særling for ikkje å gjere som hine i alt.

Måtehald 
– SAMLINGA
Måtehald – SLUTTBOLK

Måtehald – LITTERATUR  

Måtehald – OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Måtehald BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 1997-2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]