![]() |
Om ikkje å gjøre seg verre | ||||||||||||||||||||||||
|
Livet er meir enn varme pølser"Varme pølser kan gagne lettare liv og akademiske forsprang!"
Tony Buzan gir vink om korleis ein heim kan bli eit ressurssenter i den lange kampen for betre kår her i verda. Bøker frå han blir jamt tilrådd herifrå. I boka Make the Most of Your Mind skildrar han korleis ein kan doble og femdoble utbyttet av lesinga si, til dømes. Ved å samordne alle i ein heim kan ein fort tidoble og tjuefemdoble resultat også, skriv han. Han meiner ein kan mangedoble somt. Ein kan også nytte midla i studiegruppe på tre til seks medlemmer eller så. Så familie, nære venner og medstudentar kan hjelpe til og gjøre livet og leksene lettare å lære. Slikt vinn somme forsprang av. [Mum 160-75]
Her er ein sann stubb. Ei mor som brydde seg om barnet sitt, besøkte ein gong Albert Einstein for å få råd frå han om korleis ho skulle hjelpe sonen til å bli rett god i matematikk. Nøyaktig kva skulle ho lese for guten så han kunne utfalde seg til ein framståande vitskapsmann?
Albert Einstein (1879-1955) sjølv nådde opp i teoretisk fysikk ved hjelp av glimrande mentale førestellingar (forståing) i første rekkje, framfor dei teknisk-matematiske kunnskapane sine, fortel han sjølv. Det er skrive ein del om nett det. Finleik og førestellingsevnaVi har førestellingsevne (imaginasjon) innebygd. Det vil seie det er naturlig å frambringe mentale bilete og videosnuttar innafrå. Drømmar har mange slike i fleng. Og djupt i forståinga av omgrep og symbol ligg førestellingar, altså frukter av førestellingsevna. I gammal indisk tenking har vi ordet maya (utmåling, utproporsjonering m.m.) som dekkjer slikt.Pedagogikken etter Dr. Rudolf Steiner (kalla Steinerpedagogikk) kviler i stor grad på å kultivere førestellingar. Drypp frå Zoroasterlæra
Lønna for å gå inn for sanning og rettvise og godleik, er mellom anna modning som kronast med integritet og å leve i glede. Ærast den som ærast bør. Det er ikkje sikkert det er kjendisar og rikfolk som bør ærast mest. Det eldgamle persiske Farohar-symbolet
"Omdann aude trakter og ørkenar til hagar," seier han, og "Behandle fuglar og dyr med godhug for å betre vår felles skjebne [Zah 21] ". God framferd har dermed blitt belyst ved noen få ord frå Zoroaster-kjelda. Det er sirkelen i sentrum av figuren som står for sjela. Denne åndelige sida av heile vesenet vårt - individet - maktar mange å kultivere og utvikle. Det er høg livskunst under eitt. Prosessen blir kalla individuasjon av Carl Gustav Jung (1875-1961). Individuasjon er eit hovudomgrep hos han. No er det å leggje til at det finst fleire enn to krefter med innverknad på oss. Frå Taoismen har vi nyttige omgrep som yin og yang og tao. Tao (Vegen) er harmonisk balanse og samstemtheit mellom yin (mørke, det kvinnelige o.a.) og yang (det mannlige, lys, osv.). Kjelde: Internett-artikkel av Dr. H. P. B. Neku [Ref. A]. Zoraster-ord for danningDet sømmer seg å gjøre storhjerta og vidsynt godt mot medmenneske i mindre heldige omstende, slike som ligg meir under den lågare naturen enn vi sjølve. [Jf. Zah 30]Førestellingsevna og kjensle og tru kan ein ikkje få ved å betale for dei - Mennesket er født med dette. [Jf. Zah 40-1] Utan fint (subtilt) indre vesen kjem alle dei edle førestellingskreftene til å liggje i dvale, utan noe [verdifullt nok] å arbeide med. [Jf. Zah 35] Førestellingsevna er langt frå falsk og bedragersk. Den er den mest nøyaktige og sanningsseiande evna som menneskehugen har. [Jf. Zah 36] Førestellingsevna (imaginasjon) si sanne kraft ligg i vedunderlig innsikt og framsyn . . . Så gå til gode diktarar. Noen slike kan sjå inn i hjertet til saker og ting ved denne fantastiske førestellingsevna. [Jf. Zah 36-7]
La oss ikkje sørgje over gårsdagens sorger og glømme gledene som morgondagen har på lager for oss i fall vi kan handtere dagen i dag ganske bra. [Jf. Zah 53-4] Småbarnet - heile mennesketSmåbarnet blir etter kvart del av heile livsutfaldinga, altså heile mennesketEin får stelle vel med småbarnet og familien som veks til. Abraham Maslow (1908-70) syner blant anna at meir er tiltrengt enn mat og vatn og sko som blir for tronge. Han er kjent for å ha forma ein teorietisk "kransekake" (pyramide) der mange behov er lagdelte og mange nivå er teikna inn. Ulike behov flettar seg nok saman. Noen er dyriske, andre er intellektuelle, andre sosiale, og behovet for å realisere kva ein sjølv er, kjem som toppen av kransekaka. Ikkje alle når så langt. Ikkje alle tre i skogen blir det noe av. Ord om småbarnetDet gjeld å stelle godt nok for småbarnet, så det kan kome vidare til andre livsfasar utan skader, og med kjekk ballast (ressursar).Dersom barnesinnet blir for skadd, kan det hende den unge vender seg til betingingar frå kven det skal vere, og til tungetaleakting og freaking. Men i staden for å miste seg sjølv kan ein streve for å vare på seg - også dei djupare sidene sine. Det gjør ein ved å stette behova etter kvart som dei kjem fram. Ein får gjøre det beste ut av det. Noen klarer å opparbeide seg. Betingingssirkus og religiøs svada kan løyne feller som gjør folk til fe (medlemmar av ditt og datt). Blant ord som svever i vinden er til dømes "Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn vil aldri komme inn i det." [Markus 10:14-15]. Korleis tar eit lite barn imot himmelriket der det har det med frå før? For det står: "Eg prisar deg, Far, Herre over himmel og jord, for di du har gjømt desse tinga frå dei vise og lærde, og openberra dei for småbarn." [Matteus 11:25] Og dessutan, i Matteus 18 undrar elles disiplane om kven som er størst i himmelrike. Jesus tek eit lite barn, steller det midt mellom dei og seier at om disiplane hans ikkje vender om og blir som barn, kjem dei ikkje inn i himmelen [jf. Markus 10,14]. Dei var i lag med Jesus; dei var utafor. Og det udøypte, ukristne barnet som ikkje hadde hatt med Jesus å gjøre, så vidt ein kan skjøne, stod høgre enn apostlane. Om lag så verdifulle kan udøypte småbarn vere; dei kan hjelpe Jesus med forkynninga. Men kanskje smårollingen ikkje kan snakke reint ein gong, men bable og drikke mjølk kan han og ho trulig. Her er det tale om udøypte barn av jødane. Det går fram av Jesu ord at det ikkje skulle vere tiltrengt å skvette døypefontvatn over hovudet på noen som ikkje sjølv vil. Barnedåp blei vanlig i vestkyrkja under Karl den store, rundt 800 e.Kr. Det finst mange andre måtar å fakke sauer på i tillegg. Kristne er jo sjuke sauer, og det er betre å vere frisk, fortel Jesus vidare [Matteus 9:11-12; Johannes 10:27]. Det er litt av eit spel som går føre seg. Ein får passe seg så ein ikkje får livstid som kristensau, gjett av andre, ikkje styrt rett innafrå på noen måte. Sauelivet ender mest støtt i slakt. Det er langt betre å bli frisk - også av ordbetingingar - i den grad det går. Friske treng ikkje Jesus - det seier han klart og brutalt. Og dei som heller vil vere sjuke enn friske, er altså ikkje friske. Livstreet dittDu må få livstreet ditt til å duge. Det kan ta si tid.No er det forskjell på barn. Det gjeld å halde grunnlaget i orden og la menneskenaturen utfalde seg rimelig fint til døden kjem. Menneskelivet har ganske mange fasar. Psykoanalysen etter Erik H. Erikson (1902-94) har med åtte, til dømes. Jean Piaget peiker på tre som kan gjelde for barn og ungdom. Rudolf Steiner (1861-1925) har stort sett likeins tre-inndeling, og kom med det før Piaget. Andre også, for eksempel har armenaren George Gurdjieff (1872?-1949) desse tre nivå og noen til for den som veks til høvelig merksemd til slutt. Kathleen Riordan gjennomgår slike stadier i det ho skriv om "Gurdjieff" i boka Transpersonal Psychologies [jf. Edit 301]:
Kvar livsfase er del av heile den menneskelige utfaldingsvegen. Det er på somme måtar som med ein plante, eit tre. I barndommen spirar det og treng å bli verna. I ungdommen blir det meir robust, men ikkje sikkert. I vaksenfasen setter det blomster og frukt - får barn, kan hende. Så kjem alle dei åra det står i ro og "kviler i skogen" og gir ly til barnebarn og andre som veks fram rundt det - det kan vel tenkjast. Mye kan tenkjast. Rudolf Steiner, som skipa Steinerskolane og mye anna livskraftig i verda, bruker ei slik jamføring for å peike på at det er heile planten som er saka, ikkje berre blomane (ungdom) og fruktene (barna) og så bortetter. Heile planten. Heile mennesket gjennom livsfasane. Det gjeld å halde eigen stig rein og vel arrondert, kan ein vel leggje til. Når barn no er født med himmel i seg - stig ned på jorda slik at "vengene" skrumpar mens føtene veks, gjeld det å ta bra vare på det reine og heile i barnehjertet til ein får flott utdanning og kan klare rutinearbeid, og så bortetter. Det er såleis langt meir enn barndom som tel i verda, og langt meir ved planten enn blomster og frø. Ein får ikkje fokusere på dette eine og ikkje få med resten - heile menneskeferda inn i natt og mørke. Elles kan ein bli for barnaktig av seg. Ut av bleieslavestadiet og anna rartDet er altså lov å bli danna og myndig og kome ut av bleiestadiet. Buddha syner fint korleis heile livet kan bli fint via den åttedelte vegen som lar ein få framgang livet gjennom, og utan urimelig barnefiksering. Den vegen er til å gle seg for. Rett tru heng elles ganske tydelig saman med noe som kan kallast vekst og modning innafrå. Kyrkjehistoria viser elles at ein har klart å ta slavejenters historier og nedverdigande kår alvorligare enn Paulus - han heldt fast ved slavekår. Sjå Titus, blant anna.Den harde JantelovaMot dette, og mangt som er bra, har vi falsk, tilgjortheit, låg konformitet og anna som kan gjøre vondt verre. Det vi kallar jantelova, blei formulert av den danske forfattaren Axel Sandemose. Nynorsk omsetjing:
Litteratur Brms: Zipes, Jack. Breaking the Magic Spell. Reprint. New York: Routledge, 1992. Ebu: Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica 2007 Ultimate Reference Suite DVD. London: Encyclopaedia Britannica, 2007. Edit: Tart, Charles, ed. Transpersonal Psychologies. New York: Harper Colophon, 1977. Evo: Lindø, Rigmor. Eventyrskolen. Oslo: Cappelen, 1988. Mum: Buzan, Tony. Make the Most of Your Mind. Rev. ed. London: Pan, 1988. Zah: Surti, B. Thus Spake Zarathushtra. 2nd ed. Madras: Ramakrishna, 1981. Ref A. Artikkel av Dr. H. P. B. Neku [www.stanford.edu/group/zoroastrians/faravahar.shtml]
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||||