NORSK DEL, GULLVEKTA

Elvis Presley

 14 › 1 › 9 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Elvis Presley 
– SAMLINGA

Rare hendingar?

Elvis skulle kvar og ein vere, så dyr som straumen er . . . Elvis, ikkje nokon kopi av hanefar.
HANEN ELVIS PÅ BOGSTAD
Elvis Hane spankulerer på Bogstad besøksgard.

Elvis Presley "Første gongen eg opptredde på scene, skremde det meg til døde," sa Elvis Presley i eit intervju. "Men manageren bak scena sa," Gå tilbake og gjer det ein gong til." [Frå eit 1972 - intervju på tape, brukt i MGMs dokumentarfilm "Elvis on Tour"]

Frå 1956 og ut 1958 dominerte Elvis Presley hitlistene i USA og leidde an i rugg og rull, også kalla rock and roll. Ved å sprenge grenser og tidlegare tabu opna han dører for både kvite og svarte musikarar. Han verka mindre hemma enn vanleg var i dei tidene, og kunne rulle med hoftene på scena som pinsevennar flest der han kom frå, ikkje berre vrikke på baken. Han blei dermed kalla Elvis the Pelvis (bekkenet).

Dei beste låtane hans kom i 60-åra, etter han hadde vore i soldatteneste i Tyskland. Då kom italienske "O Sole Mio" i amerikansk fasong: "It's Now or Never" (1960). "Are You Lonesome Tonight?" og "Return to Sender" kom i 1962, og så bortetter.

Han blei tenåringsidol i eit tiår og ofte møtt av hylande, skrikande hordar av unge kvinner. Han kom til å inspirere John Lennon, Prince, og Bob Dylan og mange tusen andre musikarar i tillegg til publikumet sitt, som for det meste var kvinner.

Han gifta seg og fekk dottera Lisa-Marie, og opptredde aldri utafor USA. Han døydde av hjerteåtak som kom av stoffmisbruk. Då var han førti-to.

"Å høyre han for første gong var som å bryte seg ut av fengsel." [Bob Dylan]

Sjå! Det finst mange Elvis-kopiar rundt om, og mange småhanar som ser opp til dei største med høner omkring seg i fleng. Saka er: Elvis kan kvar og ein vere. Ein treng ikkje farge håret, legge seg til kinnskjegg og ta plastiske operasjonar i fleng for perfeksjonere maska for det, men vere klokt sparsam i bruken av elektrisk kraft. Slik blir ein venteleg elvis . . .

Elvis Presley ser Stalin og Jesus i Arizona-ørkenen i 1965

Sjå! Elvis hadde frisøren Larry Geller som rådgivar. Praktisk ordning. Frisøren fortel:

"Hei sann," sa Elvis og stira på ei sky på himmelen. "Det er Josef Stalins fjes der oppe."

Geller såg opp, han også, og kunne ikkje nekte for at det likna. Men mens Elvis funderte høgt over korfor eit bilete av Sovjet-despoten blei sendt han ifrå høgdene, endra skya fasong, slik skyer ofte gjer.

"Stalin-fjeset blei til Jesusfjeset," sa Elvis til Larry, mens tårene rann nedover fjeset hans, "og han smilte til meg."

Det gjeld å finne trøyst der ein finn det.

Lærde liker Elvis Presley

For Dr. Vernon Chadwick er Elvis Presley ein fullkomen forskingsgjenstand som påverka politikk, kultur i USA og vidare.

President Jimmy Carter sa elles i 1977: "Elvis Presleys bortgang røva frå landet ein del av oss sjølve. Han braut fram på scena med eit trykk som ingen hadde opplevd maken til før." [President Jimmy Carter]

Livet hans - frisørmeiningar

(8 January 1935 - 16 August 77)

"Elvis kunne ha blitt munk," fortel stylisten hans, Larry Geller, som fiksa håret hans - à la "amerikansk hanekam" m.m. - i elleve år. "Folk gløymer kor sant religiøs han var." Han og Elvis pla lese metafysiske bøker og gjere yoga når han ikkje farga det blonde Elvishåret svart.

Korfor Elvis Presley ikkje er med i eit bokverk frå NTNU-kanten

"Elvis Presleys pedagogiske poeng om han hadde nokon"

Ein artikkel med den arbeidstittelen lét eg jammen vere å ta med i treboksverket "Veien til Vitenskap", for eg stod imot påtrykk frå hovudredaktøren rundt kantinebord og i det heile. I staden hjelpte eg han å få bokprosjektet i gjenge att etter det hadde gått av skinnene rundt jul, og ut på vårparten neste år stod det ferdig. Det var i 1999. Det står eit bra utval artiklar frå verket her på nettstaden.

Bøkene kan verke litt tunge. Jamfør Hegel-sitatet:

"Berre eitt menneske forstod meg, og han forstod meg ikkje." [G.W. Hegel]

Elvis Presley 
– SAMLINGA
Elvis Presley - SLUTTBOLK

Elvis Presley - LITTERATUR  

Elvis Presley - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Elvis Presley BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 1999–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]