![]() |
Smilande livskunst av Lin Yutang | ||||||||||||||||||||
|
Smilande livskunst av Lin Yutang: Utdrag og sitat
Om LinLin Yutang (1895-1976) var kinesisk forfattar, oppfinnar og omsetjar. Lin er eigentleg familienamnet. Han tok doktorgraden i Leipzig. Etter 1928 budde han mest i Sambandsstatane. Dei to første bøkene hans gjorde han internasjonalt berømt. The Importance of Living var den andre av dei. Den kom ut i norsk omsetjing i 1937, og 1938 som Smilende livskunst på norsk. I 1987 blei boka slått saman med ei til, "Enken, nonnen og kurtisanen". Pagineringa for "Smilende livskunst" er den same der.Familien bestemmer det kinesiske livssynetEg er ikkje djup eller mykje belest. [8]Eg er heilt overtydd om at det i alt kav og jag i amerikansk liv finst ein sterk lengt, ei trong av guddommeleg opphav til å liggje på ein grasbakke under høge, vakre tre ein stille ettermiddag og ikkje gjere noko som helst. [18] Det er mi faste overtyding at at slik som den amerikanske sansen for humor er (gleden over ein god spøk, likeframheita og den sunne sansen), er det største aktivumet til den amerikanske nasjonen. [25] Mennesket er framleis i ein svært uregjerleg og vanskeleg slyngelalder. [29] Den mest opplagte kjensgjerninga som filosofane nektar å sjå i auga, er at vi har ein kropp. [40] At Galileo innrømte at han hadde urett, styrka prestane si overtyding om at dei hadde rett. [66] Den store menneskeapa hadde to vegar å velje mellom. Anten bli ein bavian og gå på alle fire, eller ein orangutang og lære å gå på bakbeina. Forfedrane til mennesket kan umogelig stamme frå bavianen. [81] Slyngelen har blitt heilt borte som menneskeleg ideal, og det same er mannen som med sine strålande slyngelaktige eigenskapar stiller seg fritt og uberekneleg overfor omgivnadene sine. I staden for menneske har vi fått medlemmer av klasser, i staden for idear og personlege fordommar og eigedomligheiter har vi fått ideologiar og klassetenking, i staden for personlegdom har vi fått blinde krefter, og i staden for individualitet har vi fått marxistisk dialektikk. [99]
Chuangtse spaserte i parken ved Tiao-ling då han såg ein rar fugl kome flygande frå sør. Den målte sju fot mellom vengespissane, og auga til den var ein tomme i omkrins. Den flaug rett forbi hovudet på Chaungtse og slo seg ned i ein kastanjelund. "Kva kan det vere for ein fugl?" ropte Chuangtse før han lista seg mot fuglen med bogen klar til skot. Då såg han at fuglen hadde blottstilt seg for han for å kunne fange eit bytte for seg sjølv. Dessutan kom parkvaktaren og ville vite kva han hadde der å gjere, og jaga han ut av parken. Livet er hardt, og den som har eit varmt, følsamt og kjærleg sinn, vil lett bli misbrukt av dei smartare medmenneska sine. [114] Det er ei mengd bedrag her i verda. [115] Det ideelle middelklasselivet er det sunnaste livsidealet. [126 stutta] "Eg held meg for meg sjølv fordi eg av naturen er lite skikka til å leve i samfunn med fremmende menneske," sa T'ao Yüanming, smålåten og selskapssjuk. Han nådde smått om senn fram til ei kjensle av harmoni med livet. [130, 134] For å vinne fram frå bokleg lærdom til viten om livet, er det ikkje nok med berre tenking og studium; ein er nødt til . . . å fornemme tingas sanne vesen . . . gjennom samspelet mellom sansane og hovud og hjerte. [152] Livet i ein tanke vi har, fornemmar vi først gjennom den varmen som er til stades eller manglar. [152] Syn og fargesans er føresetnaden for maleriet. [153] Tok ikkje religionen sin dekadanse til med fornuft? For mykje tenking? [153] "Religion slutta for lenge sia med å vere visdom uttrykt i eventyrform" - Santayana. [153] Vi er så innestengde i livet vårt at vi ikkje kan nyte den frie utsikta. [164] "Eg er for doven til å lese taoismens klassikarar, for doven til å sjå gjennom sutraene. [Buddhisme-tekstane]." - Yüan Chunglang [167] Den endelege prøva på kvar ein sivilisasjon er kva slags ektemenn og koner og fedrer og mødrer den frambringar. [179] Eg tenkjer vi får vere glad til om vi kan kome så langt at vi liker arbeidet vårt. [186] Eg har inntrykk av at kvinna ikkje får det som tilkjem henne. [190] Kvinna her lett for å tilpasse seg kontorrutinen. [190] Det er eit velkjent faktum at familien bestemmer og setter preget sitt på heile det kinesiske livssynet. [196] I studerkammeret mitt skal alle formalitetar vere avskaffe, og berre dei næraste vennane mine vil bli tekne imot. Så vil vi ha mat og drikke som det høver. [Korta ned ifrå ein kinesisk forfattar, 234] Kinesarane dreg ikkje noko skille mellom mat og medisin. [258] "Fjellet kan eg gjere til eit måleri." [278] Den kinesiske innstillinga går ut på at vi i alle tilfelle bør ta for oss av rettane. Det er ganske enkelt inga meining i å halde seg tilbake når maten ser så fristande ut, og vi har så god appetitt. [285] Eg trur ikkje på Christian Science, men eg trur på at store, gamle tre og stille fjellstrøk har lækjande eigenskapar. [288] Det er eit stort problem [for somme] korleis vi skal finne tilbake til naturen og føre naturen tilbake til heimen. [297] Med hjertevennar meiner eg ikkje nødvendigvis slike som har svore evig vennskap til oss. [326] Å bu på landet er ein nytelse berre når ein har gode venner rundt seg. [326] Dei beste vennene kan skrive dikt. Dei nest beste er taleføre, med ordet i si makt. Så kjem slike som kan måle og syngje og de som er flinke i vinleikar kjem til slutt, seier Lin sånn cirka. [326-27] Det er lettare å halde ut smerte enn kløe. [330] Ein ekte turist er alltid ein vagabond. [335] Kvintessensen ved å reise er å ikkje ha nokon plikter, ingen bestemte tider, ingen post, ingen nysgjerrige naboar, ingen mottakingskomite og ikkje noko reisemål. [335] Den fullkomne turisten er den som ikkje lenger hugsar kor han kjem frå og som ikkje ein gong hugsar kva han sjølv heiter. [335] "Å forstå dei ulike organa til hesten er ikkje å forstå hesten sjølv." - Chuangtse [338] "Korleis har du oppseda deg sjølv slik at har kunna gjere deg fri for denne flakkande verdas makt og velstand i god tid?" spurde einkvan. "Eg har sett på livet i ledige stunder. I dag går og kjem aldri att. I år går og kjem aldri att. Dagane og leveåra som er att i livet blir stadig færre, og ikkje alltid som vi ønskjer dei skulle vere, blant anna fordi bustaden [dvs: kroppen] forfell. Men vi kan more oss og la tida gå sin gong," sa Minglaotse, utdrag, 358-59] Ein kultivert mann elskar og hatar dei rette tinga. Dette kallar vi smak, og med smak følgjer sjarm. For å ha smak krevst det likevel at ein formar meiningane sine uavhengig og ikkje let seg skremme av kunstnarleg humbug og annan humbug. [365] Vi lever omgitt av humbug på alle felt. [365] Når ein mann har urett, då har han urett. [365]
Det er inga [god] grunn til å la seg skremme av eit stort namn eller av talet på bøker vedkommande har lest og vi ikkje. [365] Ord om kunstDet som følgjer, er teke ut fra Lin sitt essay om "Kunsten som leik og som uttrykk for personlegdom". Somt er sitat og somt er samandrege. Brokkar er sett saman som om dei følgje etter kvarandre i Lin sin tekst. Sidetilvisingane gir konteksten for dei som kjenner behov for å setje tinga inn i samanhengane Lin risser opp. - TBK
Utdrag frå "Kunsten å lese"Livet ein mann lever som sjeldan eller aldri les noko, artar seg som vanegang. Men i same augneblink han grip ei bok, kan han kike inn i eit anna land eller ein annan tidsalder. [378]Når ein tek til å tenkje på å utvikle ånda si, forsvinn heile moroa ved å lese. Det finst dei som seier til seg sjølv: "Eg må lese Shakespeare, Sofokles, og heile famnen så eg kan bli ein danna mann." Men ein slik mann blir aldri danna. Han tvingar seg til å lese Hamlet, piner seg gjennom den som ein vond drøm, utan anna utbytte enn at han er i stand til å seie at han har "lese" Hamlet. [379] Lesing for å tileigne seg personleg sjarm i tale og framferd er ifølgje Sung-diktaren Huang Shanku den einaste rettkomne form for lesing. Sjarm i framferd får ein tolke som annleis enn kroppsleg venleik. Det finst vakre ansikt som er heilt uinteressante. Det som Huang ville kalle eit vakkert ansikt, er eit ansikt som likefram lyser av tankekraft. [379] Det finst ikkje [fritids-]bøker som ein absolutt må ha lese. Dei intellektuelle interessene våre veks som eit tre og flyt som ei elv. Så lenge det er saft i stammen, kan treet gro, og så lenge det er friske tillaup, vil vatnet flyte. [380] Lesing har to sider, forfattaren og lesaren. Det endelige utbyttet kjem like mykje frå lesaren sine bidrag gjennom innsikta og erfaringa hans, som forfattaren si. [381] Den som er glad i å lese, kan lese på skolen eller utanfor skolen, eller til tross for alle skolar. Han kan lese til og med i den finaste skolen. [383] Den store Sung-lærde, Ouyang Hsiu, svor til "tre på'ar", der han arbeidd best, nemleg på senga, på hesteryggen og på do. Ein annan berømt Ch'ing-lærd, Ku Ch'ienli, hadde for vane "å lese konfusianske klassikarar naken om sommaren". På den anna side finst det nok av gode grunnar til ikkje å lese på noka tid av året, om ein best liker å la vere. [384] Ein skal ta ei bok og lese når ein har lyst. Dersom det er bra skyer over hovudet på ein, kan ein lese i skyene og la bøkene vere, eller lese både i bøkene og skyene. Kanskje ein kveld når det snør ute, set ein seg ved peiselden med ein kjele syngjande på grua, med ti eller tolv bøker om filosofi, med poesi og meir stabla opp ved sia av seg. Og så kikkar ein på dei etter tur, blar litt i dei, og tek til å lese der ein har lyst. [384] "Den verkelege meisteren finn seg i trykkfeil liksom ein som føretrekkjer å leve på landet, finn seg i udanna menneske." - Ch'en Chiju (Meikung). [384] Ord frå ein sjølvbiografi av Li Ch'ingchao (Yi-an, 1081-1141)Den dagen mannen hennar fekk utbetalt sitt månadlege stipend som student ved det keisarlege akademiet, pla dei gå saman til tempelet, der det blei selt gamle bøker og kopiar av steininskripsjoner. På vegen tilbake frå tempelet kjøpte dei gjerne noko frukt, og når dei kom heim, tok dei til å skrelle frukta og undersøkje innskriftene, eller drikke te og samanlikne forskjellige utgåver av dei same verka. Det er dette ho skildrar i den sjølvbiografiske skissa si som er kjent under namnet Etterskrift til Chinshihlu (ei bok om bronse- og steininskripsjonar):Eg hugsar godt,og når vi etter middag sat i heimkomsthallen og drakk te, pla vi peike på bokstablane i hyllene og gjette på kva linje på kva side i kva bind av kva verk det stod eit bestemt uttrykk. Den som gjetta rett, hadde då rett til å drikke teen sin først. Og når ein av oss gjetta rett, pla vi lyfte koppane i veret og bryte ut i høg latter, og vi lo ofte slik at vi sølte teen utover tøyet vårt og ikkje greidde å drikke. Vi var då tilfreds med å leve og bli gamle i slike omgivnader! Derfor heldt vi hovudet høgt . . . Med tida blei samlingane våre større og større, og bøkene og kunstgjenstandane var stabla opp på bord og benkar og fylte sengene, og vi naut dei med auge og sinn, snakka om dei og la planar, og kjende ei lykke som langt oversteig det den kjenner som berre kan nyte hundar og hestar og musikk og dans . . . [385] Tema frå "Kunsten å skrive"Ein gjer ein gryande forfattar ei teneste om ein lærer han å heller trengje inn i sjela si. [385-86]Sjølv ikkje den mest fullkomne grammatikalske og litterære politur kan gjere ein god forfattar dersom han forsømmer å utvikle den litterære personlegdommen sin. [386] Ein begynnar lèt seg ofte blende i ein diskusjon om teknikk . . . Personlegdom er grunnlag for suksess i kunst og litteratur. [387] Ein god forfattar er som systera til Yang Kueifei; ho kunne tre fram for keisaren sjølv utan å vere pudra og sminka . . . I dette ligg svaret på korfor få forfattarar tør skrive enklare (med få og ingen sminkeord). [388] Stil er ein kombinasjon av språk, tanke og personlegdom. [388] Ein lærer ikkje [stort i langdrag] av ei bok når ein har imot den som eit heile. Berre alle skolelærarar ville halde seg dette for auge! [388] Ein vis mann les både bøker og livet sjølv. Universet er ei stor bok, og livet er ein stor skole. [389] Ein god lesar vender ut-inn på ein forfattar, likesom ein tiggar vender ut-inn på trøya si for å leite etter lopper. [389] Er det ei bestemt sak ein vil studere, kan ein begynne med å lese bøker som stiller seg strengt kritisk til den. På den måten blir ein ikkje så lett ta ved nasen av saka (men kanskje dei kritiske bøkene - faren er der). Når ein har lese ein kritisk forfattar, kan ein lese ein som er meir velvillig innstilt. På den måten utviklar ein ei meir kritisk innstilling sjølv (kan vi vente). [389] Det ein "lærd" skriv, består av lån frå andre lærde, og dess fleire autoritetar og kjelder han viser til, dess meir av ein "lærd" synest han å vere. Det ein tenkjar skriv, består av lån frå tankane i hans eigne innvollar, [så å seie]. [389] Ein forfattar femner alltid sitt eige produkt med moderleg ømheit. [390] Når ein forfattar har imot ein person og tenkjer på å gripe pennen og skrive skarpt imot han, men enno ikkje har sett mannens gode sider, burde han leggje pennen ned att, fordi han enno ikkje er kvalifisert til å skrive skarpt imot han. [390] "Personlegdommen" er delvis natur og delvis kultur, delvis medfødd, delvis tileigna. Somme er av naturen hardhjarta og simple, andre veike og ettergivande, eller nærtakande. Ein er glad i hundar og redd for kattar, mens ein annan er glad i kattar og redd for hundar. [391] I kjærleiken til alt ekte og følt har sjølvutfoldingsretninga (Hsingling) frå slutten av 1500-talet i kinesisk litteratur ei sann forakt for stilistisk blendverk. Det var originale forfattarane som redda kinesisk tanke og kinesisk litteratur frå absolutt uniformitet og død. [392] Den ortodokse kinesiske litteraturen tok berre sikte på å uttrykkje kva fortidas vise hadde sagt, og ikkje kva forfattarane sjølv hadde å seie. Hsinglingretninga i litteraturen tek sikte på at forfattaren skal uttrykkje kva han sjølv har på sinne, og ikkje kva ein gammal vismann hadde på sinne. Dei lèt seg korkje kjøpe med gull eller skremme med trusselen om forvising. [392-93] Den som bevarer eit klart og uforderva syn vil ha ei kjensle overfor universet og menneskelivet, og treng ikkje å forvrengje sanningar. [393] Forholdet mellom forfattar og lesar skulle [ideelt] vere som mellom fortrulege venner. [393] Den som er redd for å bruke eit "eg" i det han skriv, blir aldri ein god forfattar. [393] Det finst restaurantar til å gi store middagar i, og det finst små restaurantar til å drikke eit lite glas i. Den moroa vi har i ein liten restaurant der vi et og drikk og pratar og tergar kvarandre, og veltar glas og søler vin på kleda våre, er noko som deltakarane i dei store middagane ikkje forstår og derfor ikkje "går glipp av".[394] Fjellhytter kan ha ein heilt annan atmosfære enn palea til rikfolk med ein hærskare av tenarar og tenestejenter gåande omkring. Når ein går inn av døra til ei fjellhytte med smak og raffinement, høyrer ein ingen vaktsame hundar gøy, og slepp å bli møtt av hovne portnarar og hovmeistrar. [394] Utdrag frå "Kunsten å tenkje"Å tenkje er [eller kan bli] ein kunst. [411] Det som enkelte oppsedingspsykologar har å fare med, verkar direkte fordummande når det er galt, og enda meir fordummande når det er rett. [Jf. utarta betingingspsykologi] [415]Menneskeleg visdom kan oppnåast ved innsikt og eit gjennombrot av sunn fornuft, vidd, og før intuisjon. [jf. 415] Det er ein tydeleg forskjell på logisk tenking og fornuftig tenking. [415] "Fleire skarpe tilskodarar uttaler som si ærlege overtyding si at dersom ikkje tanken blir heva til eit langt høgare plan enn hittil, vil eit stort tilbakefall i sivilisasjon ikkje vere til å unngå." - James Harvey Robinson. Synet hans er svært likt synet til Rudolf Steiner (1875-1925): I naturvitskapens æra, om lag sia midten av 1800-talet, glir dei siviliserte aktivitetane til manneætta gradvis nedetter, ikkje berre inn i dei lågaste områda til naturen, med endatil under naturen. Teknisk vitskap og industri blir nedafor-natur.Sokrates gjekk omkring i gatene i Athen og stoppa forbipasserande og stilte dei spørsmål for å få høyre seg sjølv gi vise svar. [417] Ettersom tida gjekk, begynte filosofane å bruke fleire og fleire ord. Epigram om livet gav plass for læresetningar, læresetningar for argument, argument for avhandlingar, avhandlingar for kommentarar og kommentarar for filologiske undersøkingar. [417] Shakespeare greidde seg så visst utan å prøve å definere nokon ting. [418] Somme forskarar hevdar no at verka tillagt William Shakespeare var skrivne av Sir Henry Neville (1562-1615), som i motsetnad til den fjerne slektningen sin, William, var rik og velutdanna og hadde opphalde seg på utanlandske stader som handlinga blir lagt til i Shakespeare-stykka. Som det heiter: "Shakespeare skreiv skodespel som kravde detaljert kunnskap i geografi og politikk, og avanserte dugleikar i latin, gresk, fransk, spansk og italienske kjelder, enda den formelle utdanninga hans slutta då han var tolv."Som følgje av umenneskeliggjort logikk har vi fått ein filosofi som er blitt framand for sjølve livet, ein filosofi som har tapt det umiddelbare forholdet til livet som er filosofien sitt virkelige vesen [ifølgje Lin] [419] Før vi kan menneskeleggjere Vestens filosofi, må vi gjere Vestens logikk menneskeleg. [419] Den sjukdommen i tenkinga som har fått det typiske uttrykket sitt i Descartes' berømte "eg tenkjer, altså er eg", må avløysast av ein tilstand som finn uttrykket sitt i Walt Whitmans meir menneskelege og meir fornuftige ord: "Eg er tilstrekkeleg som eg er". Livet eller tilværet skal ikkje vere nøydt til å falle på kne og tigge logikken om å bevise at det lever og er til. [419] Ein kan berre gjere sitt beste for å vere eit elskverdig og fornuftig menneske. Fornuftige nasjonar lever i fred, og fornuftige menn og hustruer lever i glede. [421] Når kinesarar trettar, er det siste fellande argument: "No, er dette fornuftig?" [421] Ein får unngå å klekkje ut tåpelege logiske argument, og prøve å halde ved lag ein sunn balanse mellom impulsar, lyster og kjensler. [423] Berre eit vanvettig sinn kan opphøge staten til gud. [424] Litteratur Lin, Yutang. Smilende livskunst. Enken, nonnen og kurtisanen. Oslo: Aschehoug, 1987. Lin, Yutang. The Importance of Living. London: Continental Book Company, 1945. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 2008, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||