Norsk del, Gullvekta
Luster og gardar der - 1
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

nn
Luster kommune i Sogn har fiolette grenser her. Kommunesenteret Gaupne er ringa inn

Luster kommune ligg i Sogn og dekker det største arealet i Sogn og Fjordane fylke etter at kommunane Hafslo, Jostedal og Luster blei slått saman til Luster kommune i 1963. Kommunen ligg omkring Lusterfjorden - som er ein arm av Sognefjorden. Kommunen femner over fjordområde og delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. Gaupne er kommunesenteret. Luster kommune grensar i nord til Stryn og Skjåk, i aust til Lom og Vang, i sør til Årdal og i vest til Sogndal og Jølster.

Gamle Luster kommune var delt inn i tre prestegjeld, Luster, Hafslo og Jostedal. Luster prestegjeld i Indre Sogn prosti hadde sokna Nes, Dale og Fortun fram til 2004. Fram til 1967 høyrde også Gaupne sokn til prestegjeldet, men då blei det overført til Jostedal prestegjeld.

Ymse

Frå 1565 var Dale eige len, "fylke", ei tid. Men då den tredje lensherren døydde i 1614, blei Dale len lagt under Bergenhus.

Mildt og tørt sommarklima gjev gode vilkår for frukt- og bærdyrking.

Høgste fjellet i Luster er Store Skagastølstind, 2405 m.o.h. Det er samstundes høgste fjellet i Sogn og Fjordane. I Luster er det 40 fjelltoppar som ragar over 2000 meter over havet.

Frå botnen av Lustrafjorden og ut til havet er det 204 km - Sognefjorden er den lengste i verda.

[Fakta-kjelde: NRK]

Slektsgardar i Luster

Farmor har anar ifrå garden Skår i Dale. Der kom Thor Pedersen frå, mannen som først kjøpte noko av Rønneid i Gaupne, og snart etter heile storgarden Spjelkavik i Borgund på Sunnmøre, kontant. Så står det i Borgund og Giske bygdebok, band 2.

Takk vere fleire band i ein serie med gardssoger for Luster kommune, ved Lars E. Øyane, er det komme for dagen forfedrar og formødrer frå tjuetre gardar i Luster kommune:

Berge i Fortun, Bolstad, Bringe, Dalsøren, Drægni, Fuglesteg, Fuhr, Hauge, Høyeim, Kalhagen, Leirmo, Moen, Mørkrid, Nes, Optun, Rønnei, Skagen, Skildeim, Skår, Sørheim, Talle, Venjum i Hafslo, og Åsen.

Frå Talle

Talle-garden ligg i Høyheimsvik, Luster, på vestsida av Lustrafjorden. På garden er det gjort rike funn frå vikingtida (800-1000 e.Kr.), mellom anna sølvarmband som liknar dei i Osebergskipet, og armringar i sølv.

Søffren Lauritzsøn Heiberg (1575-1653) "truleg frå Jylland", blei busett på Talle i Luster i 1612. Frå då av leigde han garden rundt femten år. Men i 1627 kjøpte Søffren garden saman med Melheim i Indre Hafslo. Frå 1612 var Talle såleis sete for Heiberg-ætta som ein finn att mellom anna på Amla i Sogndal. Frå 1630 var Talle futegard, og 1666-1690 og 1729-1746 sorenskrivargard i indre Sogn.

Kor Heiberg-ætta kjem frå, er ikkje avklara. Det kan ha vore frå Sør-Jylland i Danmark under 30-årskrigen. Korso er, den første Heiberg på Talle var Søffren Lauritzsøn Heiberg. Søffren samla seg etter kvart store eigdomar i Luster, og var også fut i Sogn frå 1630. Han blei ein markert jordeigar etter at han blei fut, og auka med åra jordeigedomane så dei tilsvara 15 storgardar, som det står. Eit epitafium av han og familien heng i Dale kyrkje i Luster.

Éi anerekke til Søffren går gjennom dottera Mette (f.1607), gift med Berent Berentson Nagel på Kroken i Luster.

Ei anna går gjennom sonen Anders Anders Søffrenssøn Heiberg, jordeigar og sorenskrivar. Han arva garden Talle og jordegodset som høyrde til i 1655 etter faren. Han arbeidde først som fullmektig hos futen Christopher Giertsen som då budde på nabogarden Flahamar.

Anders blei sorenskrivar i indre Sogn frå 1666 til han døydde i 1688. Sonen Giert Anderssøn Heiberg flytta til Amla i Sogndal kommune og står som ættefar til Heiberg-slekta der.

[Utdrag frå NRK Fylkesleksikon Sogn og Fjordane. "Søffren Lauritzsøn Heiberg", "Anders Søfrenssøn Heiberg"]

Søffren hadde ein bror, Anders Lauritzøn Heiberg, som fekk hand om godset som Benkestok-ætta i Sogn (Jordanger). Sonen til Søffren, Anders Søfrenssøn Heiberg, arva Talle, og var dessutan sorenskrivar i indre Sogn frå 1666 til han døydde i 1688. Då overtok sonen Giert Anderssøn Heiberg både gard og embete etter faren. Han budde ei tid på Talle, men kjøpte i 1690 eit gardsbruk på Amla ved Kaupangerbukta og flytta dit. På Amla blir Giert Heiberg halden for stamfar til Heiberg-ætta der. Garden Talle leigde Heiberg-folk bort fram til ut på 1700-talet. Då gjekk bruket over til andre hender.

[Meir: NRK Fylkesleksikon Sogn og Fjordane: "Fute- og sorenskrivargarden Talle", resyme; "Heibergane kjem til Amla"]

Innhald


Luster lokalhistorie, Luster gardshistorie, litteratur  

NRK fylkesleksikon Sogn og Fjordane, s.v. "Luster".
www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Luster

Øvrelid, Ragnar. Borgund og Giske, Band 2: Gardssoge: gardsnr. 1-51. Np.: Borgund og Giske bygdeboknemnd, 1962.

Øyane, Lars E. Gardssoge for Luster kommune, band 1 - Fortun sokn. Luster kommune, 1984.

Øyane, Lars E. Gardssoge for Luster kommune, band 2 - Dale 1. Luster kommune, 1985.

Øyane, Lars E. Gardssoge for Luster kommune, band 3 - Dale 2, og Nes sokn. Gaupne: Luster kommune, 1987.

Øyane, Lars E. Gardssoge for Luster kommune, band 4 - Gaupne sokn. Luster kommune, 1991.

Store norske leksikon, s.v. "Luster"; "Heiberg".

Wikipedia, s.v. "Luster".

Luster lokalhistorie, Luster gardshistorie, opp Seksjon Sett Neste

Luster lokalhistorie, Luster gardshistorie BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]