NORSK DEL, GULLVEKTA

Slekt i Danmark

 15 › 3 › 12 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR SNORRE-SAMLINGA  OR NORR&Oslahs;RRØNT

Danske anar og uskyld

I slekta finst forfedrar og formødrar frå Danmark. Der er er mange som er godt kjende i Danmark, og av det slaget som danskar kan vere glade for å stamme ifrå, så som kongetyrannar og vikingrøvarar. Alle var vel ikkje like galne.

For norske gutar som koste seg med Snorre og lyset av lommelykter under dyna i senga, er kanskje ikkje dei som slo Olav Tryggvason i slaget ved Svolder, eineståande leiarar og heltar. Framstillinga til Snorre hjelper heller fram halv-identifiseringar med norskekongane og stormennene under dei, og eit ganske annleis syn på danske kongar enn danskene. Dei ulike framstillingane av dei gamle, danske kongane i dansk og norsk Wikipedia taler for seg - danske verkar meir forskjønnende om dom egna. Dei hærtok mellom anna England og herska over deler av Noreg i periodar, og kom seg austetter langs Austersjøen også.

Temmeleg følbare omstillingsutfordringar står i kø for norske med danske anar av den typen her. Slikt kjem no og då inn i "spelet" når ein granskar anane sine ganske langt bakover og ser i kva område og land ein har mange og kjende tilmed.

No kjem nokre av anane frå Danmark - først og fremst dei som flytta til Noreg: Ein kom frå det som i dag er Svendborg kommune søraust på øya Fyn. Ein annan med røter ifrå Svendborg, flytta til Noreg frå København. Ein annan var frå Viborg i Jylland. Han blei sokneprest i Sunnfjord og jordeigar i Amla, Sogndal.

Litt frå Vixtrup

Jens til Vixtrup

Jens (ca. 1415-60) gifta seg med Inger Ugerup til Sørum. Dei to og sonen Hans Jenssøn er omtala i ei gammal bok av Gerhard Munthe, J. K. Berg, Rudolph Keyser og G. F. Lundh: Samlinger til det norske folks sprog og historie, Første bind, første hefte, (Christiania: Et Samfund, 1833, s. 405, 405n og 406). Boka ligg føre på nettet [Lenke].

Jens "nævnes som Befalingsmand over Herjedalen, og siges gift med en Inger Ugerup af Sørum." I dei tidene låg Herjedalen under det store lenet Trondhjem (og byen heitte Nidaros). Trondheim hovedlen omfatta på den tida dagens Sør- og Nord-Trøndelag; dessutan Nordmøre og Nord-Noreg, og underlena Romsdal, Jemtland (Jämtland i Sverige) og Herjedalen (Härjedalen i Sverige). [Wikipedia, s.v. "Trondhjems len"]

Han kallas Jens Rostvig i boka, og av familien Rostvig. Sidan ein ikkje har haldepunkt for å halde på at det etternamnet blei brukt av han, lar eg det heller vere.

Emilie Bernhoft skriv i Stamtavle Over Slægten Bernhoft, Christiania [Oslo], 1885, s. XI om Erik Jensen Rostig, til Vikstrup, Gudme, Fyn - gift med Dorthe Ottesdatter Rømer, til Vixtrup Gaard. Ho er nemnd i arkivaren Anders Thisets Optegnelser som gift med væpnaren Peder Eriksen til Vixtrup. Han var av den adelege Stubberupgårdsslekta på staden og er nemnd her i tidsrommet 1483-98. [Vejstrupgaaard].

Foreldra til Jens Rostvig er Hans Eriksen (truleg av slekta Bernhoft) og Dorthe Ottesdatter til Vixtrup står også i Munthe mfl. (1833, s. 405, 405n og 406). [Lenke] Begge er frå danske adelsslekter.

Hans Jenssøn

"Hans Jenssøn var en dansk mann som kom til Norge før reformasjonen. [Sonen] Finn Hanssøn kalles en gang ''Rostvig", skriv historikaren Tore H. Vigerust den 2. juni 2006 i eit DIS-forum.

Det ligg snublande nær å tenke seg fram til at Jens og Hans Jenssøn flytta til Noreg som far og son:

Finn Hansson

"At Finn Hansson var sønn av Hans Jensson er nevnt i klartekst i norske våpenbøker fra ca 1600 og senere, og betviles av ingen [men Berg og Co som skreiv boka ovanfor, heldt alternativet Findsen ope. Det alternativet er forlatt etter Vigerust.] Hans J. kalles også for dansk mann. Finns mor, Adelus, er ikke nevnt ved farsnavn i kildene (såvidt jeg vet)." - Tore H. Vigerust. [Innlegg 21]

"Her er en tekst som ofte går igjen i de norske våpenbøkene fra 2. del av 1600-tallet og utover:

NB ms 4o 597 No. 49. Find Hansen förte og dette hvis fader var Hans Jensen een dansk Herremand som aatte Adelus hvilchen tilforn var gifft med Johan Krucov. Find hafde till ecte fru Margrete Pedersdaatter, deris börn Hustru Anna Findsdaatter paa Samsal, Kirstine Findsdaatter, Adelus, gifft med Nielß Jonsen Skaech, Jngeborg Findsdaatter, Kirsten Findsdaatter som aatte Niels Lauritzen og bode paa Øster, döde 1574.

Den eneste ektemannen til Adelus Finnsdotter oppgis som Nils Jonsson Skakk (i enkelte tekstvarianter ka[l]t Skank; samme person som skrev seg til Ulefoss og/eller Ulvefoss og førte 3 hummerklør i våpnet).'' - Tore H. Vigerust den 3.6.2006 [innlegg 27]

"Når det opplyses at Finn Hansson var av de Kruckowers slekt, og samtidig var sønn av en dansk herremann Hans Jenssøn, må det vel bety at Finn Hanssons mor var en Kruckow", skriv Vigerust vidare, den 3. juni 2006. [Lenke].

Adelis "i Kruckow-ætta" budde på [hovudgarden] Joranger i Hafslo i Sogn, skriv Øyane og Joranger (2006, s 736)

Anne Rostvig

Anne Rostvig "I 1647 eier velbyrdige Christen Skaksson i Sogn 3 huder i i gn.427 Ulve i Brøttum. Torbjørn Torbjørnsson sine arvinger eide 2 skpd i nevnte Ulve. Jørgen Clausson var gift med Anne Finnsdatter (Rostvig) og hadde to døtre Adelis og Inger", siterer Karin Romstad i same forumet den 4. juni, 2006.

Rostvig

Rostvig-namnet er i bruk her i anegreina vår, og "maa vel ogsaa antages at være et Stednavn, skønt et Sted af dette Navn nu ikke kjendes", skriv Anders Thiset. Han forklarer: "Det vides forøvrigt ikke, at Slægtens faa Medlemmer selv have kjendt og brugt dette Navn." Han skriv vidare at "endnu langt ind i det 17. Aarh. [findes] ikke blot enkelte Medlemmer, men hele Linier af Slægter, ja hele Slægter af den danske Adel, som kun kaldte sig ved de fædrene Fornavne med et tilføiet „sen" og ikke brugte virkelige Slægtnavne. Særlig findes slige Tilfælde blandt den laveste Adel, hvis daglige Levevis neppe har adskilt sig stort fra de omboende Bønders, men selv blandt Høiadelen forekom de." [A. Thiset. Artikkelen "Bidrag til Navneskikkens Historie" i Historisk Tidsskrift, Bind 8. række, 4 (1912 - 1913) 2, s. 226-27] [Lenke]

Absalon Beyer skriv i i ein kommentar til året 1654 at slekta til Fin Hanson "tok senere familienavnet Rostvig." [Lenke]. Dett utelét ikkje at nokon i slekta i Danmark nytta Rostvig-namnet både før og etter Finn i Bergen, men det Anders Thiset har funne fram til (ovanfor) burde ein ta til seg.

Vixtrup er dagens Vejstrup i Gudme i Svendborg

Jens Rostvig står omtala på danske slektssider som "Jens Rostvig, til Vikstrup" - det er Vejstrup (landsby og sokn) i Gudme i Svendborg på Sørfyn. Vejstrup sokn er søraust på Fyn-øya, rundt 10 km nordaust frå Svendborg sentrum og høyrer inn under Svendborg kommune i dag.

Arne Norsk Nielsen ved Gudme Lokalhistoriske Arkiv stadfestar i eit brev den 3.4.2012 at "der må være tale om landsbyen Vejstrup i Vejstrup Sogn, Gudme Herred. Ifølge Trap Danmark blev byens navn tidligere stavet Wixtorp (1372) eller Wigstrop (1437)"

Dei gamle skrivemåtane Wiksrup, Wixtorp Wixtrup, Vigstrup - og den norske varianten Vikstrup - er altså dagens Vejstrup (sokn) i Gudme i Svendborg på øya Fyn midt i Danmark. "Vejstrup er nævnt første gang 1372 i formen Wixtorp. Forleddet er en form af mandsnavnet Wigh. Efterleddet er '-torp', der betyder udflytterbebyggelse", skriv Historisk atlas.

Og "Trap Danmark, Svendborg Amt" (1957), s. 858ff stadfester det slik: "Vejstrup sogn består af følgende byer: Vejstrup (*1372 Wigstrop; udskiftet 1795 og 1805); m. kirke . . .

Nicholaus Pedersen "de Wixtorp" var 1372 medudsteder af et vidne på Gudme herredsting. 1437 nævnes Hostret Kæp af Wigstrop. Om disse var adelige og ejere af en hovedgård i byen, er uvist, om end sandsynligt."(Ibid., s. 860f) Trap i høvet

Vejstrup i dag

Vejstrup er ein landsby i landlege omgivnader på Sydfyn i Gudme i Svendborg kommune ved landevegen mellom Svendborg og Nyborg, 10 km frå Svendborg, 25 km frå Nyborg. Det er kring 500 indbyggarar i heile Vejstrup sokn. Og

om vinteren skøjter børnene rundt på det frosne gadekær,
om foråret blomstrer æble og kirsebærtræerne i plantagerne
om sommeren er der fuld gang i strandlivet
om efteråret byder ådalen på træer i alle gyldne nuancer . . .
- står det.

Gudme som var

Gudme er ein gammal kongeby: "Ved Gudme er der gjort arkæologiske fund, der viser, at området har været et centralt sted i romersk jernalder. I foråret 1993 fandt man således spor efter en bygninger på ca. 50x9,5 meter stor bygning . . .," skriv Dansk Wikipedia under "Gudme".

Knud Pedersen frå Svendborg, Fyn

Knud Pedersen blei født i Svendborg på øya Fyn, og døydde den 10. mai 1569 i København på Sjælland. Kona hans var Anne Hansdatter Winche. Dei fekk sonen Antonius Knudsen, som sidan blei borgarmeister i Oslo.

Knud blei etter kvart slottsskrivar og borgarmeister i København. Ein dansk biografi gir tilleggsdata:

I 1547 Universitetets fogd på Knardrup Kloster.

I 1552 Universitetets kvestor eller rentemeister.

I 1560 blei han slottsskrivar på Københavns slott og blei tildelt Duebrødre Kloster i Roskilde i 1562. Som slottsskrivar var har styrar for heile Skånes tollvesen, og var i det heile ein megtig kar med mektige vennar.

I 1566 tileigna Dr. Niels Hemmingsen sin latinske Kommentar til Kolossenserbrevet til han, og omtalte han i Fortalen som "sin gamle Ven". Dei hadde gått på skole saman i Roskilde.

I 1567, den 16. mai, blei Knud Pedersen Skrivar (1567-69) innsett av slottsherren Bjørn Andersen.

I 1568 fekk han kongeleg brev om straks å sende kongen i Frederiksborg "1/2 Læst Hvede og 1 Td. Hvedemel, det som godt var", og påby lensmanden på slottet å skaffe vogner til det. . . . "Samme Aar modtog han 450 gamle Daler af Byens Kasse efter de 3 andre Borgmestres Befaling, hvilke Penge Raadmand Hans Olufsen skulde have leveret Myntmester Povl Fechtel som Afdrag paa den Pengesum, som Staden var ham skyldig, da han vilde have [s. 187} Kapital og Rente paa engang. Disse Penge blev [etter sigende] ikke betalte tilbage [men det var det uvisse om]."

I 1569 døydde Knud Skrivar den 10. Mai. Eit kongebrev frå 13. juni 1571 til magistraten taler om at "han havde haft nogle Bestillinger under Hænder med Indtægt og Udgift, men Regnskab var endnu ikke aflagt derfor, saa Kongen ikke vidste, hvad der tilkom ham . . . Kongen [forbød nu] Magistraten at tilstede nogen at befatte sig med hans efterladte Gods eller tiltale hans Hustru, førend hans Regnskab var gjort klart."

I 1575 fekk enka hans, Anne Hansdatter dedisert ei bok til seg av Rasmus Jørgensen Fynbo Kaabeløs "Om Had og Avind paa danske Rim". I Fortalen "berømmes hendes salig afgangne Husbondes og hendes store og mange Velgærninger", 'som I begge mig nogen Tid forleden siden gjort og bevist have, da jeg her udi Kjøbenhavn var en fattig Studentere, at I da hjalp og forfremmede mine Studia med Hus, Kost og Underholdning og ved alt andet hvad mig Behov gjordes, mine Studia at fremholde'".

Barn. Knut og Anne sin son Morten Knudsen Knardorph blei kannik [prest] i Hamar i Noreg;, Peder Knudsen stiftsskrivar i stifta Oslo og Hamar; og ei dotter blei gift i 1565. I det høvet spanderte Universitetet ei ame (ei åm) vin på Knud. Det var rundt 150 liter.

Ein annan av sønene til Knud og Anna, Antonius, blei sidan fogd i Hedmarken og i Austerdalen, skrivar i Hamar og Oslo, borgarmeister i Oslo frå 1611 til 1614, med meir. Det står litt i Lars Øyane si Gards- og ættesoge for Luster kommune om Antonius og kona og barn dei fekk.

Det står noko til om Knud Borgarmeister og Slottsskrivar i H. Fr. Rørdam si bok, Kjøbenhavns Universitets Historie 1537-1621, I (1869, s. 654-55).

Hans og Boel Wincke

Hans Winche (født kring 1490 i Pommern [Pomerania], og daud kring 1542 i København), var byfogd der i byen og er nemnt som rådmann der også, fortel Jon Gunnar ◦Arntzen, hovudredaktør i Norsk biografisk leksikon. Kona til Hans skal ha heitt Boel.

Dottera Anna (født ca. 1520) kan ha blitt født i København - fødestaden hennar teier soga om - men ho blei gift med borgarmeisteren i byen, Knud Pedersen (daud 1569) (ovanfor), så både ho, mora og faren var København-borgarar.

København

Hovudstaden i Danmark ligg på øya Sjælland. I 1167 blei det bygt eit fort på Slotsholmen for å gi vern til hamna og fiskarlandsbyen som hadde vakse til rundt hamna. I 1254 fekk busettinga somme byrettar, og i 1445 blei byen hovudstad. Sist på 1500-talet byrja handel å blomstre i byen, og til sist voks han seg større enn Bergen. I krigar med Sverige blei byen kringsett frå 1658 til 1660. Borgarane stod imot og byen voks seg sidan større enn Bergen. Nokså nær 1,2 millionar bur i heile kommunen, forstadar medrekna. I bykjerna bur knapt 540 000 (2013). [Hovudkjelde: Encyclopaedia Britannica, s.v. "Copenhagen"]

Jens Mauritsen frå Viborg, Jylland

Jens Moritzen frå Viborg (Johannes Mauritij Wiburgensis) blei prest i Noreg. Med førstekona, enka Kristine Hansdotter, fekk han etterfølgar-sonen og "ordbokpresten" Christen Jenssøn (ca. 1610-53), og med andrekona Anne Christensdotter fekk han Peder Jensson og fleire til. Jens var sokneprest på Askvoll i Sunnfjord, og eigde land og i ei sag i Amla, Sogndal. Han døydde seinast i 1636. Sonen Peder (ca. 1613 - ca. 1685) overtok overtok alt faren eigde i Amla, og blei embetsmann. Han fekk barn som kom til å kalle seg Klingenberg.

Om Jens i Noreg veit vi ein del, om etterslekta hans somt, men om Jens i Viborg ikkje anna enn at han var derifrå.

Viborg

Viborg er ein av dei eldste byane på Jylland, og det ligg føre arkeologisk støtte for at byen fanst frå 900-1000-talet. Byen er administrasjonssentrum i Region Midtjylland. Magnus den gode blei hylla i 1042 på tinget i Viborg, som fram til midten av 1600-talet var med på å utpeike kongane. "Borg" i namnet kommer av at byen ligg høgt i terrenget.

I mellomalderen hadde Viborg fem kloster og tolv soknekyrkjer. Men nesten alt blei rive ned under reformasjonen frå 1536. Den luthersk-evangeliske reformasjonen av det eigentlege Danmark starta i Viborg. heiter det. Kva "det ueigentlege Danmark" kan ha vore, kan eg vel la vere å publisere noka meining om her. [jf. Wikipedia, s.v. "Viborg"]

Viborg blei utsett for fleire brannar, og den i 1726 var verst. Heile den austlege delen av byen strauk med, domkyrkja også, og rådhuset. Det var tungt for Viborg å komme seg på fote – det kom meir fart i det frå 1830-åra og utetter.

Og då kan det kanskje greie seg med danske anar med klar tilknyting til Noreg for denne gongen.

Lokalhistorie, gardshistorier – SAMLINGA
Lokalhistorie, gardshistorier – SLUTTBOLK

Lokalhistorie, gardshistorie – LITTERATUR  

Nielsen, Oluf. Kjøbenhavns Historie og Beskrivelse III: Kjøbenhavn i Aarene 1536-1660. - Første del, kap. V. København: G. E. C. Gad, 1881
www.eremit.dk/ebog/khb/3/khb3_5.html

Rørdam, Holger Frederik. Kjøbenhavns Universitets Historie i Kong Christian den Tredies Tid (1537–1558) I, s. 654-55. København: Den danske historiske Forening, 1889. Direkte på sidene:
archive.org/stream/kjbenhavnsunive05foregoog#page/n675/mode/2up

Øyane, Lars E. Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band 1: Fortun sokn. Gaupne: Luster kummune, 1984.

Øyane, Lars E., og Terje Mikael Hasle Joranger. Gardssoge for Luster kommune, band 6 - Eikum ytre - Høgi. Gaupne. Luster kommune, 2006. Wikipedia, s.v. "Viborg" (bokmål).

  1. Kjelda: http://www.eremit.dk/ebog/khb/3/khb3_5.html
  2. minslekt.net/phpgedview/individual.php?pid=I2915&ged=Pettersen_30_01_2011.ged&tab=0
  3. Dansk Wikipedia, s.v. "Grüner".
    da.wikipedia.org/wiki/Gr%C3%BCner



Lokalhistorie, gardshistorier – OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Lokalhistorie, gardshistorier BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkeråd, tilvisingar og meir. [LENKE]
© 2013, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKE]