NORSK DEL, GULLVEKTA

Nynorsk i praksis

 15 › 1 › 11 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Nynorsk i praksis 
– SAMLINGA

Ikkje heilt nøgd med stoda

Vaksen språkpolitikk. Ein skulle få til eitkvart som monnar for å betre nynorskstoda her i landet, og mobilisere lit til at velretta nynorskstrid nyttar. Set ein som mål at det skal bli to millionar nynorskbrukarar innan ti år, får ein gjere det som skal til for å kome så langt også. Takknemlige folk treng å bli eksponerte for nynorsk stadig og fint. Og skulle staten bli pressa av grasrotrørsle og politisk lobbyverksemd heilt fram til at staten subsidierer nynorsk-klasser drusteleg, får ein til mykje ved det. Det kan løne seg å gå inn for meir enn gode ord.

Underordna språkpolitikken. Dei gjer rett som ikkje vil ha nynorsk skubba vekk frå lærebokarenaen. Så trengst det mykje lesnad på nynorsk attåt, og dessutan radioprogram og TV-program, filmtekstingar og PC-stoff som flyt godt. Ei riksdekkjande nynorskavis eller tre - og det beste frå kulturarven lett tilgjengeleg. Summa summarum: Det trengst mange gode nynorskbøker, og kjekke, underhaldande nynorskprogram både på TV og i radioen, og så bortetter.

Stette behova til ulike målgrupper. Utalandske turistar kan også tenkjast å skaffe seg nynorske parlørar. For tida finst visst ikkje ein einaste nynorsk parlør! Kor godt er det? Det er no ingen heksekunst å rå bot på det heller. Det hjelper truleg nynorsken at den blir brukt -

Det viktigaste nivået - det individuelle. Det er også godt å ha nokre innarbeidde frasar for handa når ein flyttar heimafrå og kjenner seg aleine, redd, eller så usikker at ein tek til å vakle og knote og fell frå det vakre målet til sist. Innøvde fraser gjer oss blant anna mindre usikre når vi går i butikken og spør "He dokke god mòr her?" Når du veit korleis du kan seie det på overdialektalt, godt innøvd nynorsk, står du nok sterkare. Kor som er, det er kjekt å vite korleis ein formulerer seg i fleire situasjonar i dagleglivet. Eg skulle ønskje eg kunne slikt!

Kreative utsyn nyttar ofte. Det går an å arbeide for nynorsk i slikt som verkar smått også. Nynorske parlørar kunne ein gi alle konfirmantane i gåve over heile i landet, og fylle hotell og overnattingsstader med slike givande bøker. Slik kan turistar lære å snakke bra nok til å bli forstått, og ung kan finne fram til kva ditt og datt heiter i andre land. Det finst neppe mangel på rike "onklar" til noko språkleg skikkeleg også her i landet - ein lyt "berre" vekkje ein del sjusovarar. Det kan kjennast godt for slike og andre også å støtte noko anna enn fotballklubbar inntil dei får det dobbelt så hardt som før -

Heimen - ein arena for samgang og trivsel. Kvar enkelt kan vel oppleve ei viss indre spenning ved å erstatte deler av dialekta si med næraste, mest behagelege målform. Ein ser det finst likskaper og skilnader. Slike spenningar kan godt føre til større kreativitet i somme, berre ein tek seg saman og jobbar opp nynorsken sin, så sant ein har hjertet med. Det hjelper også at foreldre går inn for å snakke så naturleg, ekte norsk. Somme kan godt bruke til dømes nynorske parlørar i spørjekonkurransar i familien, og lønne dei som gjer det flott i slik familieunderhaldning, med eitkvart hyggjeleg som høver, utan at forholda forsurast og forverrast. Quizar kan vere både til nytte og underhaldning. Det kjem an på korleis ein fer fram, og at mykje slikt materiale er å få.

Sia talet på nynorskbrukarar har skrumpa, kunne ein setje inn aktive tiltak for å auke talet på brukarar. Om dette ikkje duger, får ein justere og betre tiltaka etter kvart, og satse så bra at arbeidet har vore så hyggeleg at ein ikkje ville ha vore utan, same kva retning utfallet tek sia. Slik kalkulert optipessimisme kan godt fungere.

Møter med hatarar. Det er neppe artig å kome ut for nynorskhatarar. Men det finst mange gode grunnar til heller å gå inn for heimleg basert språk og kultur enn å leggje seg flat eller ikkje vite kva dei skal gjere, sia "Nynorsk er det beste" - det er framlegg til slagord. Mot slemme haldningar som "Du e' kje nokke du!" som snakkar nynorsk og "breitt", kan det stundom kan gagne å vere omhyggeleg og gå fram stødig og følgjestrengt (consistently), og dessutan skilje mellom ulike slags situasjonar og opponeringar. Somme motstandarar av nynorsk verkar overraskande lite informerte om kva det vil seie å vere norsk i Noreg - her meiner eg "med språkleg hevding som fremmer eigen, nasjonal identitet, utan å vere mykje for mykje avhengig av rustne lenkjer". Eg siktar til eit hybrid-mål - ei kulturelt fattig blanding av eldre dansk og austnorske dialektar, noko som det heftar seg gammal nasjonalskam ved, men som vann vidt og breitt når det gjeld mengda med utputt og brukarar. Men som Ivar Aasen førte i pennen i si Norske ordspråk, "Range vegen vert ikkje rett om mange går han." Når vi byter ut "range" med "den minst verdifulle for retteleg norske", er vi komne på sporet!

Det er mykje ein kan gjere. For fullt ut å nyte samtalar, skulle vi streve etter å bli støare i normene som hjelper oss over dialektgrunnlaget vi har, så vi kan utveksle mangt så bra og liketil at barn vil leike og danse og syngje. Til andre tider kommunisere så fint at vanskar blir rydda av vegen. Dette og mykje anna kan vinnast ved å opne seg for næraste overdialektale målform og øve i lag med andre - til dømes i Folkeuniversitetsgrupper, i regi av Friundervisninga, og så bortetter. Det er ofte noko ein kan gjere så hjertet er litt glad. Det går til vanleg lettare å gå saman med likesinna i grupper enn å stole på seg sjølv aleine. Det går godt an å setje seg gruppemål og arbeide seg fram til at dei blir nådde. Då høver vel to-tre hurra.

[Meir kan kome til.]

Nynorsk i praksis 
– SAMLINGA
Nynorsk i praksis - SLUTTBOLK

Nynorsk i praksis - LITTERATUR  

Nynorsk i praksis - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Nynorsk i praksis BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2010–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]