NORSK DEL, GULLVEKTA

Innleiing

 13 › 2 › 9 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Blødme-ordtak av Ivar Aasen 
– SAMLINGA

Motto er slektningar av ordtak

Det skal mange korn til å fylle ei tønne (Norsk ordspråk), og mange tankar for å hjelpe ein gut fram i verda.

Har du ikkje slagkraft og autoritet, og ingen innverknad å snakke om, har du likevel hovud. Du kan attpåtil gå inn for å halde det klart, og dessutan utvide grensene for det du veit og meistrar etter kvart som du kjem nærare grava. Hald augene opne for dei flotte sjansane som byr seg langs den vegen. Og dessutan: Ofta ur skrumpet skinn skarptänkta ord komma. (Håvamål v 134 i Erik Brates svenske omsetjing).

Blant andre råd langs vegen finn vi: "Betre å kle seg vel enn fryse i hel (Ordtak)."

Somme reglar og lauslege normer kan ein finne på folkemunne. Dei blir kalla ordtak. Andre kjem frå toppar i samfunnet, blir kalla mangt anna. Nokre glir over i ordtak-tilfanget med tida. Det syner historia og grundige ordtaksamlingar rundt om.

Motto og leiarskap

Motto er eit ord frå italiensk, og tyder om lag det same som valspråk, slagord og parole. Mange framgangsrike føretak har noko slags motto, slagord og anna med ordtak-fasong for liksom å styre verksemda meir eller mindre Dei lønner til overmål PR-folk for å klirre med frasar og ordspel og anna fengande for å vinne fram på marknader rundt om for meir vinst.

Slagord kan også universitet skaffa seg. NTNU i Trondheim her: "Det skapande universitetet". Kva skal det tyde? Ivar Bjørgen spør i ein avisartikkel: "Kva tyder det å vere eit skapande universitet? . . . Korleis skape miljø og styringsformer som er skapande for det skapande? . . . Nei, dette blir vanskeleg." [1]

Eit motto er ei kort setning som liknar på eit ordspråk og som skildrar ei grunninnstilling til ei oppgåve. "Motto" på norsk tyder også "leveregel", det vil seie fyndord som skildrar eit menneske sitt grunnsyn på livet.

Land har motto og leiarar for land kan også ha sine, som då helst blir kalla valspråk. Dei kan vel somtid minne om bløffar. Det kongelege valspråket i Sverige er for tida "För Sverige - i tiden." Legg merke til kor veldig lite det fortel.

Fleire landsmotto finn ein hos Wikipedia under "List of national mottos" og nynorsk Wikipedia under "Motto".

Det finst attpåtil "kulturelle, filantropiske og vitskaplege motto". Det Svenske Akademiet har for eksempel "Snille och Smak" som motto. Det blir på engelsk "Talent and Taste".

Offentlege tenester og ungdomstenester har sine. Ulvungar har "Gjer ditt beste". Gaidar har det same som speidarar: "Ver budd". Og Harry Potter sin skole, Galtvort høgere skole for hekseri og trolldom har noko slikt som "Sovande drage skal ikkje kitlast."

Politiet og offentleg tryggleik har også sine styreord, som "Å verne og tene." Det har politiet i Los Angeles.

I sportsverda og for konkurransar finn ein så som: "Meir enn ein klubb." Det er Barcelona som har det mottoet. Og OL-leikane har "Fortare, høgare, sterkare" som motto på latin.

I politikken finn ein slagordet til det danske, sosialistiske folkepartiet: "Det ku' være så godt." Ku' tyder 'kunne'.

Ein finn motto på felt som arv, historie og religion, til dømes benediktinarordenen sitt "Be og arbeid."

Og i forretningsverda finn ein desse, mellom mange andre:

  1. Adidas: Umogeleg er ingenting.
  2. Apple Inc.: Tenk annleis.
  3. Burger King: Få det på din måte.
  4. Canon: Frydar deg alltid.
  5. Dell: Din er her.
  6. Google: Ver ikkje vond.
  7. IBM: Tenk.
  8. LG: Livet er godt. LG er eit koreansk elektronikkselskap der LG stod for "lucky goldstar", men no er det "life's good" som gjeld.
  9. L'Oreal: Fordi eg er verdt det.
  10. Nike: Berre gjer det.
  11. Nokia: - bitt folk saman, "Connecting People".

Dynasti har valspråk, medisinske selskap har slagord, som "I søvn er det tryggleik". Det er Association of Anaesthetists of Great Britain and Ireland som har dette - "Bedøvarane sitt selskap for Storbritannia og Irland", sånn omlag.

Militærvesen har slagord, ulike regjeringar har, og kommunar. Distriktet New Forest i Hampshire, England, har såleis "Gammal og likevel alltid ny". Om lag halvparten av norske kommuner profilerer seg med kommuneslagord. Sykkylven i Møre og Romsdal bruker "Venleg, vill og vakker". Vågsøy i Nordfjord har "Vekst og trivsel," og i Finnmark har Loppa kommune "Dra på Lopphavet, eit hav av muligheiter" (på bokmål).

Valspråk og motto har også laug og oppsedingsinstitusjonar. Edinburgh Napier University har "Utan kunnskap er alt fånyttes." Skal tru om det ikkje hadde blitt betre med "Utan kunnskap som tel, er mangt fånyttes." King's College, Cambridge trør til med "Sanning og nytte," "Truth and usefulness". Plymouth High School for Girls har "For livet og ikkje for skolen lærer vi." Og Sir William Borlase's Grammar School har mottoet "Følg ting som er verdige deg." Trinity College, Cambridge: "Dyd er den sanne edelhet (adel)." Vrije Universiteit i Brussel har "Å vinne over mørke med vitskap."

Enkle slagord og motto kan tenkjast å gagne somme til å markere seg og leve opp til eitkvart der det er råd.

Ord til hjelp mot toskete leiing

Mot toskete leiing har ein også kome opp med ord og sitat om leiarar og leiarskap, nesten som "Det beste dømet på leiarskap er leiarskap ved herleg føredøme." Det kan vere godt å kunne, men det er skilnad på leiarstilar og på leiarskikkar. Jamfør Albert Einstein som overdreiv litegrann slik: "Å vere føredøme er ikkje hovudmiddelet til å påverke andre; det er det einaste middelet." Fråsegna hans skal tyde han sette føredøme høgt iallfall. Andre leiarskapstilar - der leiaren ikkje tek sin tørn i alle ledd "på golvet" og ikkje kan alt som gjerast under han heller, omfattar "leiing ved å rusle rundt ("management by walking about")" i føretaket. Ein siktar ikkje på at alle tilsette skal gi seg til å rusle omkring og fiske etter gode data slik, nei, langt ifrå. Og det skal så mykje meir til. Ein får vare seg for forenkla løysingar.

Her er litt meir:

God leiar får

  • ikkje berre tenke kortsiktig, men også byggje ein kultur for interaksjonar eller samhandlingar som tel.
  • gå inn for vinn-vinn-situasjonar og -løysingar, og unngå tap-vinn-situasjonar.
  • skjøne kva andre - motpartar eller tilsette - føler, og gjerne vise rimeleg innføling i samband med det.
  • ikkje ha voldsamt store forventningar.
  • La vere å presse andre for hardt.
  • vere raus nok til å gi tillit, og/eller vise noe av det som må til for å vinne tillit. Tillit vinnast neppe utan godt omdømme.
  • vere snøgg nok.

Det er slikt gode leiarar kan, meir eller mindre. Vi er ikkje alle like. Somme leiarar klarer å summere leie lærdommar i korte setningar. Nokre har blitt samla i bøker. Av dei kan ein stundom bli klokare om ein tek omsyn til at livsleksene i ulike sosiale sjikt blir ulike, fordi forholda blir annleis.

Ovarfor har det blitt synt at ordtak har mange slags hjelpande slektningar. I framhaldet er det ordtak som er hovudsaka, ikkje motto, kongelege valspråk, slagord, parolar og kva ymse leiarar har lært i livet.

Ordtak, ordspråk, innleiing 
– SAMLINGA
Ordtak, ordspråk, innleiing - SLUTTBOLK

Ordtak, ordspråk, innleiing - LITTERATUR  

Hvl: Edler, Richard. Hvis jeg hadde visst da det jeg vet når: Visdomsord fra fremgangsrike ledere. Oslo: Egmont Hjemmets, 1997.

Notar

  1. Bjørgen, Ivar. ""Det skapende universitet" - refleksjoner over et slagord". Trondheim: Universitetsavisa, 18. mar 2011.
    www.universitetsavisa.no/leserbrev/article8546.ece



Ordtak, ordspråk, innleiing - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Ordtak, ordspråk, innleiing BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]