Gullvekta
Ordspråk: Innføring
Seksjon › 1   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    

Innføring

Det kan vere mangt klokt å kose seg med og lære av i ordspråk og sitat utanom underhaldande humor og fin ordkunst. For etter kvart å gle seg best råd over ordspråk kan det hjelpe å sjå kva ulike hjelpeteikn i tekstane tyder. [Teiknforklaringar]. Nedst på innleiingssider står også kjeldetilfang som er brukt eller kan vere høvelege å ha med av andre grunnar.

Det er tradisjon for å oppfatte mange ordspråk i overført tyding - mer eller mindre. Eit tips: Er det tale om dyr, kan det somtid likså godt vere menneske det blir tala om på finurleg vis, "bakdørvegen", indirekte. Døme: "Lover fanger fluger, men lar kvefsar fly." – Somme kjelder har med gamle forklaringar og tolkingar, men det er ofte den aktuelle situasjonen som avgjer korleis eit muntrande ordspråk er å forstå. "Betre med små fisk enn ingen fisk" kan såleis få fleire tydingar. Dei kjem an på kva som er meint med "fisk" der og då. Der meininga er "Betre med litt av noko enn ikkje noko," blir ordet 'fisk' brukt i overført tyding.

Somme sider er på nynorsk og eitt språk til, og andre sider er berre på nynorsk. Utval, omsettingar og tillempingar er ved meg. - Tormod Kinnes


Ordspråk, ordtak, livslærdommar, levereglar, litteratur  

Under er ei god svensk ordspråksamling og dessutan fleire engelsk-språklege bøker som inneheld tydingar av mange vanlege ordspråk, til dels grundig.

Twig

Doyle, Charles Clay, Wolfgang Mieder, og Fred R. Shapiro. The Dictionary of Modern Proverbs. New Haven: Yale University Press, 2012. ⍽▢⍽ 1400 engelsk-språklege ordtak frå 1900 og 2000-talet fram til 2012 står her ordna alfabetisk etter nøkkelorda i dei, og har med bakgrunnsopplysningar.

Holm, Pelle. Ordspråk och talesätt. Stockholm: Bonniers, 1975. ⍽▢⍽ God.

Manser, Martin, hovudred. The Facts On File Dictionary of Proverbs. 2. utg. New York: Facts On File, 2007. ⍽▢⍽ 1500 godt kjende engelske ordspråk i alfabetisk orden, med forklaringar til kvart ordspråk, historiedata, liknande og motsette ordspråk, og døme på bruken.

Speake, Jennifer. The Oxford Dictionary of Proverbs. 6. utg. Oxford: Oxford University Press, 2015. ⍽▢⍽ Over 1100 av dei mest brukte engelske ordspråka blir forklart. Døme på bruk og historia til somme ordtak er også med..

Titelman, Gregory. Random House Dictionary of America's Popular Proverbs and Sayings. 2nd ed. New York: Random House, 2000. ⍽▢⍽ Omtykt, innhaldsrik, 1500 vanleg brukte ordtak med forklaringar og 10 000 eksempel.

Ordspråk, ordtak, livslærdommar, levereglar, opp    Seksjon     Sett    Neste

Ordspråk, ordtak, livslærdommar, levereglar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2017–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]