![]() |
Plantelærdom | |||||
| 15 2 5 | ||||||
|
Planteinndelingar og laust og fastI BOKA Nyttevekster i farger (Aschehoug. Oslo, 1957) deler Jørgen Vasshaug inn plantane slik oversikta syner:
Ein og same vekst kan ha fleire bruksmåtar. Den kan bli brukt for å stimulere, lege og forgifte: Noko kjem an på doseringane. Noko kjem an på kva deler av veksten vi bruker, og kor lenge. Og noko kjem an på nøyaktig kva vi gjer ut av den veksten vi har med å gjere. Den enkle oversikta hjelper oss å hugse at vi er avhengige av plantar - indirekte eller direkte - for å overleve. Vi har mykje glede og nytte av plantane, og kunne hatt meir. Plantar blir brukt til anna enn å ha i seg som mat, drikke, medisin og meir. OVERLAG viktig å hugse når ein gir seg ut i skog og mark, åker og eng, frå fjøre til fjell for å sanke ville vekstar: ikkje alt som veks og gror er etande; noko kan vere giftig, ja, dødeleg. Allier deg med ein som kan, første gongene du er ute og sankar. Då går det lettare. Mykje bra etande er å finne når ein har basiskunne; anna også. Det finst bøker om å overleve i naturen og finne og lage til forskjellig slags mat i villmarka, til dømes. I eit langstrakt og kupert land kjem ein rekke vekstar kjem til ulike tider i de ulike landsdelar. DEI GAMLE kinesarane sa: "Lev når du er ung, les god litteratur når du har blitt eldre, så opplevingane dine kan gi rikare lesing." Viss du ikkje åt dødeleg giftig sopp og andre farleg då du levde livet som ung og ulest, kan du jo nå å bli gammal og klar til å studere, du også. Håpet er der, iallfall. Handbøker som floraer og hagebøker - vandrarbøker også - kan vere greie. Basisrådet: Plukk ikkje vekstar til matlaging om du ikkje veit heilt sikkert kva det er. Mat frå ville vekstarhar elles lange tradisjonar her i landet. Vi kan sanke både til matlaging, folkemedisin, og til anna. [Vib]
Latinske namn på plantedelar med meir
|
|
Vib: Ulltveit, Gudrun. Ville bær. 4. opplag. Oslo: Damm, 2001.
|
|
© 19992011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |