NORSK DEL, GULLVEKTA  

Kalama Sutta i utdrag

 14 › 1 › 1

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE
ORD I BUDDHISMEN

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Kalama Sutta i utdrag

Rettferdshjulet

Buddhas personnamn var Siddhartha. Namnet på klanen hans var Gautama. Buddha er tittelen hans, og tyder "den vakna", som blir friare omsett til "den opplyste". Det finst ulike stavemåtar. Desse er frå sanskrit.

Den tidlegaste forteljingane om Buddha er nok frå talane (sutraene, suttaene) som blir tilskrivne han. Kalama Sutta er del av Kesaputti Sutra i Anguttara Nikaya 3.65.

Twig

Det gjekk gjetord om Buddha vidt omkring. Ein gong han var i Kosalalandet, gjekk han innom Kesaputtastaden der. Kamalafolket i Kesaputta hørte at han var verdig i ord og gjerningar, ein lærar for både menneske og guddomlege vesen gjennom direkte kunnskap som var nådd, storleg oppvakna, og at han fortalde folk om rette ting å gjere (Dharma, kva som sømmer seg generelt). Så mange av dei kom og helsa med respekt, og sa:

"Vørde Gautama, du som av deg sjølv har forstått klart gjennom direkte innsikt! Enkelte munkar og bramanar vitjar Kesaputta. Dei legg ut om, forklarer og herleggjer sine eigne doktrinar. Doktrinane til andre snakkar dei nedsetjande om, spottar dei, viser forakt for dei og rakkar ned på dei. Som følgje tviler vi på alt dei lærer oss. Kven har tala sant og kven har tala galt?"

Buddha sa: "På slike vilkår er det sjølvsagt berre naturleg å vere usikker og i tvil, Kamalafolk. Når det er grunnlag for tvil, blir uvisse født. Lev slik:

  1. Ma anussavena. Tru ikkje noko berre fordi det har blitt overlevert og att-fortalt i mange slektsledd. Eller: Ikkje bli leidd [berre] av det du blir fortalt.
  2. Ma paramparaya. Tru ikkje noko berre fordi det har blitt vanleg praksis. Eller: Bli ikkje leidd [utan vidare] av det som har blitt overlevert frå tidlegare generasjonar. Eller: Tru ikkje [uvilkårleg, tankelaust] det som blir fortalt over mange slektsledd.
  3. Ma itikiraya. Tru ikkje noko berre fordi det er velkjent alle stader. Eller: Bli ikkje leidd av laust snakk og rykter og folkemeiningar [aleine. Det skal meir til].
  4. Ma Pitakasampadanena. Tru ikkje noko berre fordi det er sitert i ein tekst. Eller: Bli ikkje styrt av kva skrifter seier.
  5. Ma takkahetu. Tru ikkje noko berre på grunnlag av logiske resonneringar. Eller: Tru ikkje [blindt, uerfarent, osv] berre ut frå logikk.
  6. Ma nayahetu. Tru ikkje noko berre fordi det samsvarer med filosofien din. Eller Tru ikkje [automatisk] det som fell saman med dine eigne oppfatningar (din filosofi). Også: Bli ikkje styrt berre av utleiingar og slutningar.
  7. Ma akaraparivitakkena. Tru ikkje noko fordi det appellerer til "sunn fornuft". Eller: Bli ikkje leidd av å ta omsyn til berre ytre framtoningar. Også: Tru ikkje [dumt] ut frå korleis ting ser ut i det ytre.
  8. Ma ditthinijjhanakkhantiya. Tru ikkje noko berre fordi du liker tanken. Eller: Bli ikkje leidd av førehands-oppfatningar, heller ikkje dei jamt godtekne.
  9. Ma bhabbarupataya. Tru ikkje noko berre fordi talaren verkar truverdig. Eller: Bli ikkje leidd av det som verkar akseptabelt, bli ikkje [naivt] leidd av noko som blir sagt av nokon som verkar truverdig. Også: Tru ikkje [dogmatisk blindt] fordi talaren verkar påliteleg.
  10. Ma samano no garu ti. Tru ikkje noko ved å tenkje, "Dette er det læraren fortel". Eller: Bli ikkje kontrollert av det læraren fortel deg. Også: Tru ikkje [blindt] fordi læraren din seier det.

"Kalamaborgarar, når de sjølve forstår direkte at "Dette (desse tinga) er usunt, dette er klanderverdig, dette blir fordømt eller klandra og kritisert av dei vise, desse tinga leier til fattigdom og liding om dei blir godtekne og praktiserte," så skulle de gje dei opp.

Kalamafolk, når de sjølve sansar direkte at "desse tinga (dette og hint) er sunne, utan lyte, rost av dei vise, og fører til velvære og velstand og lykke når ein tek dei til seg og praktiserer dei", då skulle de godta og bruke dei," sa Buddha [Forteljinga ovafor er avkorta].

Å tvile og undersøke skikkeleg før ein går inn for noko, er del av standard-forsking òg. Buddha seier at fridom til å dra i tvil og undersøkje dugande ut frå det, får gjelde hans eiga lære også. Ein får etterprøve den, altså, og treng ikkje tru (eller ikkje-tru) for å praktisere buddhismens kjernar. Dei høver for sjølvhjelp, altså personleg praktisering dessutan. Buddha seier i avskjedstalen sin at den som lever etter læra og lever heiderleg i all si ferd, han eller ho er det som heidrar Buddha aller mest og viser Buddha størst respekt. [Mahaparinibbanasuttanta kap 5, i Bsa 116].

Kjerna i Kalama Sutta er fine råd om korleis ein skal stelle seg overfor somt: (1) Tru ikkje utan vidare; (2) jamfør med erfarne; (3) og gransk høveleg for å vinne velferd, velvære og lykke. Det er å skikke seg vel, og det ligg stor livshjelp i å bli skikkeleg dyktig og erfaren slik.

Det Buddha opplyser om, er til hjelp mot usunn dogmatikk, kanskje mot svindel og bedrag også, og fremmer sjølvstendig tenking imot å vere uklok og godtruen (og legg gjerne slikt som "automatisk", "uvilkårleg", "dogmatisk", "blindt", "dumt", "galt" og "utan vidare" til "gudtrugen" som det vel kan høve).

Heile Kalama Sutta på engelsk. [LENKJE]

Kjernetilfang på engelsk. [LENKJE]

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  


Kalama Sutta står i "Kesamutti Sutta" som 5. sutta (sutra) i Tre-boka (Mahavagga) i Dei stegvise fråsegnene (Tika Nipata).]

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   Ansvarsfråskriving: [LENKJE]
   © 2005–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]