RingebuRingebu kommune ligg i Oppland, 40-65 km nord for Lillehammer. Kommunen grensar i nord og aust til Stor-Elvdal, i sør mot Øyer og Gausdal, og i vest mot Sør-Fron. Det meste av kommunen består av fjellområde. Dei to største tettstadane i kommunen er Vålebrua (admininistrasjonssenter) og Fåvang. Det budde nesten 4500 i kommunen den 1. jan. 2012. Kvitfjell alpinanlegg ligg i Fåvang.
Anar knytte til RingebuSlektsrekke attende til Mors
"Morsing" = frå Mors i Limfjorden vest i Danmark. Der kom Torsten frå. Han var sokneprest og prost til Ringebu i tjuesju års tid før han flytta til Gran. - TK. UtfyllandeAaste (Åsta) Torstensdatter Morsing (c.1565 - 1630) var prestedotter født i Ringebu og sidan gift med Christopher Eriksson Glad, som blei sokneprest i Vågå og omtala som patriarken framfor nokon i norske adelsslekter. Matriark er det kvinnelege motstykket til patriark: I Vågå fekk Aaste ein gravstein med ein uthogd figur på. [◦Glad-slekta (Wikipedia)] Far til Åsta var Torsten Søfrensøn Morsing (1530-1612). Namnet syner han kom frå Mors, Danmark. Torsten var født rundt 1520 i Nykøbing, Mors, var sokneprest og prost til Ringebu frå 1557, kom til Gran på Hadeland i tida 1584-1612, og døydde på Gran i 1612. Han fekk eit langt liv. Mor til Åsta, prestedottara Anne Amundsdatter blei født på Gran etter 1534, går det fram av Norsk prestehistorie. Ho levde enno i 1620. Far til Anne, magister Amund Ellingsen (rundt 1500 - 1573), blei utdanna i Tyskland og sidan sokneprest i Norderhov, og så sokneprest i Gran ca. 1534, og seinare prost. Han var prest både før og etter reformasjonen som blei innført frå 1536. Frå tida han var katolsk prest, blir Amund omtala som kannik i Hamar domkyrkje, og meister Amund. Og etter reformasjonen var han sokneprest og prost. Det går fram av eit brev frå 14.2.1574 at Amund var daud då. Mor til Anne, Kirsten Olsdotter var ei ung prestedotter som Magister Amund tok til rådskvinne [forstandarinne], nøglepige. Han besov ho og fekk sju barn med ho etter kvart. Så gifta han ho bort. Det står om det i Norsk prestehistorie: 10.12.1593: Vidnesbyrd og Skudsmaal om Kirsten Olsdatter, fordum "Raadskvinne" hos Præsten paa Gran, fra Hadeland Laugret. Præsten Torsten Sørensen, Cannik i Hammer og Sogneherre paa Gran, begiærede et Skudsmaal over afdøde Kirstin Olsdatter. 2 Mænd aflagde da paa deres gamle Mødres vegne det Vidnesbyrd, at da Sal. M. Amundt kom fra Tydskland, den Tid da Mogens var Bisp i Hammer, blev han beskikket til Præst paa Ringerige. Præsteenken havde en ung datter, omspurgte Kirsten Olsd., som M. Amundt tog til sig som Nøglepige og besov. Da han kaldedes til Præst paa Gran, blev hun der hans Raadskvinde og fødte ham 2 børn, Magdalene og Anne, hvorefter han bortgiftede hende til Peder Rolfsen paa Morstad, med hvem hun levede som en ærlig Dannekvinde til sin Død. Dernest oplæstes et Skudsmaal for samme Kirstin udstedt 1574 2/11 paa Ringeriges Tingstue, hvori to gamle Mænd havde bevidnet, at hun var en ærlig Pige den gang M. Amundt tog hende i sin Tjeneste. Ligeledes fremlagdes et andet Skudsmaal af 1575, hvori bevidnedes at hun, medens hun boede paa Gran, forholdt sig som en from Kvinde mod Fattig og Rig, ligesom man aldrig hørte M. Amundt sige hende noget ondt paa. Af Døtrene blev Magdalene gift med Gudmund Hillene og Anne med den nuværende Præst paa Gran, Hr. Torsten, og begges Brylluper besørgede Faderen som brugeligt er, saa at det første overværedes bl.a. af Christen Munk, Slotsherre paa Aggershus og af Præsten paa Tothen M. Torben Olesen og det andet bl.a. af Peder Huidtfeldt med Frue Anne Beck og af Fru Kirstine Brokkenhus. [6] Fleire innkik i "andre tider, andre seder": Besove: ligge med, osv. Nøglepige - (yngre, ugift) nøkkelkvinne. Tenestekvinne som har husnøklane (Store Danske). Husnøklar viste kvinna hadde ansvar for slikt som kunne låsast i kister og skrin. Rådskvinne, rådsmor hushaldarske, forstandarinne: ein sjef mellom husbonden og dei som er i tenesta hans. Katolske prestar kunne ha rådskvinner og få barn med dei utanfor ekteskapet, og desse kvinnene kunne godt bli akta og respekterte av folk, som ein ser i prestehistoria. Kannik, også kalla korbror, domherre med meir, blei i Amunds tid brukt om katolske prestar som ikkje høyrde til nokon munkeorden, og som var knytte til ein katedral med eit kollegium av geistlege - i fellesskap styrte dei. Eit embete som kannik blei kalla eit kannikedømme, og var svært populært og godt betalt. Kannikane blei lønna med ei personleg inntekt frå bestemte delar av kyrkjegodset og dette gjorde kanniken til ein jorddrott (jordeigar med leiglendingar under seg) for levetida. Dessutan fekk kannikane dekt utlegg til kost, losji, betaling av tenarar og drengar ifrå eit felles jordegods under kyrkja. Kannikar kunne i tillegg ha inntekter frå ei soknekyrkje der den einskilde kanniken også var sokneprest. Inntektene til kannikane gjorde dei økonomisk uavhengige av biskopen. Kannikane hadde også retten til å velje biskop, ofte ifrå eigen midte. Frå 1100-talet var slike stillingar attraktive for yngre søner frå adelen. Frå mellomalderen av blei kannikar i Noreg og andre land for det meste rekruttert frå lågadelen, men det fanst også kannikar som høyrde til høgadelege familiar. Somme kannikar var i slekt med erkebiskopen eller biskopen. Stillinga som kannik i seinmiddelalderens Noreg innebar normalt at ein hadde universitetsstudiar frå utlandet og at ein var av god og velståande familie. Ein kannik fekk embetet for livstid - I Danmark-Noreg fanst tittelen kannik fram til ei stund etter reformasjonen. [WP, sv. "Kannik"] Enda noko 1557/58: mester Amund og mester Torbjørn betalte avgift for Schodine fisket i Land. Se under Torbjørn Olavson [Skaktavl]. 1574: Kannikedom i Hamer domk. som vaccerer og er ledig efter Amund Ellingsen gis 14.2.1574 til hr. Claus Frantssøn. [5] Andre opplysningar: Hadeland bygdebok I 288: Amund Ellingsen var sogneprest til Gran allerede 1534 og vedblev som sådan efter reformasjonen og var til like kannik i Hamar. Han døde 1573. Steinhamar, Augustinus, red. Norderhov, 1914, side 309f: Amund Ellingsen var tidligere (før 1534?) sogneprest til Norderhov. Se NPHT II 409. [1] NPHT III 28 [2] ALR 82 [3] DN VI 819 [4] NLR I 82 [5] NRR II 87 [6] DRA 1937: XXVIII, 11 (Danske Selsk.). Orig. papir. 12 paatrykte segl. Åste skal han kjøpt garden Hvalby i Grans prestegjeld i juni 1624 av Knud Eivindssøn Røien, bonde i Slidre. |