Norsk del, Gullvekta
Sande lokalhistorie - utdrag
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Sande

Sande kommune på Søre Sunnmøre har tettstaden Larsnes sørvest på Gurskøy som administrasjonsstad. Nynorsk er målforma. Namnet 'Sande' er tatt frå eit gardsnamn som kjem frå norrønt sandr, 'sand'. Kommunevåpenet (frå 1987) symboliserer fiske med ei sølvfarga linebøye mot ein blå bakgrunn.

nn
Sande - ut mot vest ut mot havet på søre Sunnmøre. Administrasjonssenteret Larsnes (ringa inn) ligg på Gurskøya.

Sande kommune skriv: "Utanfor allfarveg - heldigvis!" Lite ferdsel kan berge idyllar, mens øl tærar. Kommunen ligg ut mot havet lengst sørvest i fylket og omfattar sørvestlege del av Gurskøy og øyene utanfor; dei største der er Sandsøy og Kvamsøya. Kommunen grensar i nord og aust til Herøy, over fjorden i sør til Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest til Selje.

Gurskøy har brusamband med Hareidlandet. Sørover har Gurskøy ferjesamband til fastlandet og riksveg 61 vidare til Nordfjord. Frå Larsnes går det ferjer til Kvamsøya og Voksa (med bru til Sandsøy), og dessutan tiil Åram på fastlandet.

Frå gammalt. På Sandsøy ligg Dollsteinshola med steinalderbuplass. Også elles på øyene er det mange steinalderbuplassar. På garden Sande har det stått ei stavkirke; ho er nemnd alt i 1329.

I eldre tid var ei skipreide eit kystdistrikt med plikt til å stille eit hærskip med mannskap i ufredstider (omskipa til tinglag rundt 1660).

Ein del av Sande sokn høyrde til Nærøy skipreide saman med Herøy sokn, og resten til Vanylven skipreide (saman med Vanylven sokn).

Rovde (offisielt omdøypt frå Røvde) sokn høyrde til Rovde skipreide (saman med Syvde sokn).

Frå kommunehistoria. I 1837 var Sande (og Rovde) del av Herøy formannskapsdistrikt.

Den 1. januar 1867 blei Sande skild ut frå Herøy som eigen kommune.

Den 1. januar 1905 blei Rovde skilt ut frå Sande som eigen kommune.

Den 1. januar 1964 blei Rovde kommune (med Skredestranda) slått saman til den nye Sande kommune. Eit område av Herøy kommune - gardane Brekke, Seljeset og Skoge i Gurskedalen - kom også til Sande kommune i den samanslåinga. Rovdestranda blei samstundes slått saman med Syvde og Vanylven kommunar til den nye Vanylven kommune.

I 2002 blei Åram på halvøya mellom Vanylvsfjorden og Syvdefjorden overført til Vanylven.

Sokn og prestegjeld. Sande svarer til sokna Sande og Gursken i Sande prestegjeld, Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Frå historia:

  • Sande sokn og Rovde var sokn i Herøy prestegjeld/kommune.
  • Sande kommune og prestegjeld frå 1867.
  • Rovde eigen kommune frå 1905.
  • I 1964 blei Rovdestranda (fastlandsdelen av Rovde) lagt til Vanylven prestegjeld/kommune, mens Skredestranda og Dalebygda/Larsnes blei lagt til Sande prestegjeld/kommune.
  • Åram (på fastlandet) høyrde til Sande sokn, blei eige sokn i Sande prestegjeld i 1925,
  • Åram blei overført frå Sande prg. og kommune til Vanylven prg. og kommune frå 2002.

Natur- og næringsgrunnlag. Berggrunnen er mest gneis med noko kalkstein i. Landskapet består av nokså bratte, låge fjell. Det blir mindre og mindre grunn etter kvart vestover. Til sist stikk berre små øyer og skjer opp, også med fyrtårn på.

Folk bur i dei låglendte områda ut mot kysten. Om lag 3/4 av innbyggarane bur på Gurskøy, resten på dei mindre øyene.

Gardane i Sande er små og blir ofte drivne i kombinasjon med anna arbeid. Industrien er for det meste knytt til sjønæringane: verkstadindustri i spann med næringsmiddelindustri, og litt annan industri også.

Eit sogespel. Sandsøy i kommunen heitte Dolsøy før. Namnet lever i etternamn, båtnamn og vidare. Friluftsområdet Kongsvollen på Sandsøya er arena for "Spelet om Kong Arthur", eit sogespel som blir oppført om segnkongen "fordi han kom til øya Doll". Opplegget har vore humoristisk tenkt ut og nærmar seg kan hende absurd teater. Det føyer seg inn i ei rekke spel der ein mykje sannsynlig ikkje har mykje imot gjestar med pengar, og kan ha ei morosam stund i lag med å late som ein slåst og drep kvarandre . . . Det finst mange slags spel rundt om i landet. [Wikipedia, s.v. "Arthur av britene"]

Gode ferievilkår. Båtferie i Sande blir noko anna og meir "sjønært", om ikkje jordnært. Det er gode forhold for ferie i lag, med båt og bu tilbydd. Det gjeld å komme først til den mølla for å vere sikker på å få leige.

To top

Sandegardar

Mor til farmor, Henna Rasmusdotter, kom frå garden Kvalen nær Larsnes i det som i dag er Sande kommune på Søre Sunnmøre, og mor hennar frå Torset. Frå desse gardane går det anelinjer til Jensgard (som blei Sande prestegard), Vågen, Sandvik og Saude Ytre.

Somme anerekker går vidare til Herøy, Hamnes i Nordfjord og til Stryn.

Kvalen, gard nr 85

Namnet er på 1600-talet skrive Quall, Quallen og Qualen, seinare Qwalen og Qvalen, frå 1886 Kvalen. Kvalen er ofte namn på skjer og holmar, og skriv seg då frå likskap med havdyret kval. Det er også nytta på rundvorne høgdedrag slik som her og på Saude Ytre, og kjem av gammalnorsk hvall = hol, haug.

Kvalen ligg på ei høgd nordvest for grannegarden Dalen, og grensar i vest til Saude Ytre. Garden "ligger 1/2 fjerding fra Søen" [dvs. 1/2 fjerdedels mil = 1,25 km ifrå], heiter det i matrikkelen 1723. I 1866 var garden rekna til 34 dekar dyrka land på moldjord og sandblanda moldjord og 152 dekar steinete og bakkete mark.

Matrikkelskylda var i 1626 sett til 2 1/2 våger fisk, i 1666 auka ho til 3 våger og blei verande slik til ho blei omrekna til 5,24 skyldmark i 1886.

Herøy prestebol eigde heile Kvalen til Christofer M. Rønneberg kjøpte halve garden i 1839 for 160 spd [spesidalar. 1 spesidalar = 4 kroner]. Lars Peterson kjøpte denne parten i 1866 og blei sjølveigar på bnr 3. I 1858 blei resten av prestebolet sin eigedom seld til Rasmus Sjurson på bnr 2.

Kornsånaden var i 1626 sett til 3 t, i 1666 til 5 t med avling 20 t, og i 1723 til 1/2 t bygg og 7 t havre med avling 1 t bygg og 24 1/2 t havre. Sånaden var i 1866 sett til 11 t havre og 10 t poteter, og avlinga til 44 t havre, 44 t poteter og 800 våger høy. Alle bruka hadde demningsrett i Morkavatnet og kvernrett i Prestelva.

Krøtertalet var i 1666 sett til 24 naut og 2 hestar, i 1723 til 2 hestar, 16 kyr, 4 ungfe, 22 sauer og 9 geiter, og i 1866 til 2 hestar, 20 storfe og 38 småfe. Hamnegangen var mager og noko tungvint seier matrikkelen av 1866. Dei spadde torv i Legemyrane ovanfor garden, og køyrde så torva til gards. Garden har naustrett ved sjøen.

Garden hadde 1 brukar tidleg på 1600-talet og sidan 2 brukarar til midt på 1700-talet, då det tidvis utover var 3 brukarar. Frå 1854 har det vore 3 brukarar. Dei to hovudbruka var i gammal tid teigbytte, og i 1840 blei det halde utskifting. Det heiter der at "Gaardens totale Beskaffenhed lagde Hindringer i Veien for at hvert Brug kunde faa sin Ager og England i et samlet Stykke i Anledning af at Agerlandets og lidt Skovs tilsideværende Beliggenhed". Teigtalet blei redusert til 2 stykke på kvart bruk, og dessutan blei eit stykke mold- og torvmark delt på dei to bruka. I 1867 blei det etter forlikssak 1857 halde ny utskifting på innmarka. Dei 3 bruka hadde då hatt husa ståande i ei klynge på bnr 3, men før utskiftinga hadde Gulik Sjurson på bnr 1 flytta ut løa, og Rasmus Sjurson på bnr 2 hadde flytta ut både stovehus og løe. Utmarksutskiftinga blei halde 1924, utskifting av moldmyr 1939 og overutskifting 1940.

På Kvalen stod det gamle skulehuset for Dalebygda skulekrins, bygd i 1892 då Hallebygda og Dalebygda skulekrins blei skilde. Skulehuset var i bruk til det blei bygd ny skule på Nygaren 1954.

Det blei starta "Bakeloft" på bnr 1 i 1995, der baking av lefser og hardingar utgjer driftsgrunnlaget.

Kvalen, bnr 2

Eigarlista går tilbake til siste del av 1500-talet. I 1816-1858 tok Sjur Andersson Jensgard (3/10 1788 - 7/3 1862), frå Saude Ytre A over bruket. I 1817 gifta han seg med Anne Knutsdotter Nedrelid (1776 - 30/11 1817) og i 1818 med Rakel Rasmusdotter Hamnes (1788 - 10/5 1857), Eid i Nordfjord.

Sjur og Rakel fekk barna Gulik Ananias 21/9 1823 (Kvalen 1) og Rasmus Andreas 23/8 1826 (neste brukar av Kvalen 2) Dei to brørne hadde såleis dei to bruka på garden, og delte hest.

Bygslebrev 1816.

Frå 1858 til 1886 var eigaren av Kvalen-bruk nr. 2 Rasmus Sjurson Kvalen (23/8 1826 - 5/3 1892) Han gifta seg i 1851 med Anne Knutsdotter Torset (31/3 1821- 30/10 1890). Ho var frå bruk 1 på Torset.

Rasmus Kvalen fekk skøyte i 1858 frå Regjeringa for 448 spd på halve Kvalen-bruket. Broren Gulik hadde den andre halvparten. I 1865 fødde Kvalen-bruk 2 5 kyr, 10 sauer og hadde hest saman med bnr 1. Sånad 2 1/2 t havre og 2 1/2 t poteter.

Det femte og yngste barnet til Anne og Rasmus var Henna Dorotea Maria (1/3 1863 – 1945). Ho gifta seg med Daniel Larsson Spjelkavik, og dei to busette seg på garden Myra i dagens Ålesund og tok etter kvart gardsnament Myren til etternamn. I eit stykke i ei Ålesundavis fortel ho frå eit langt liv.

Anerekke tilbake til garden Saude Ytre

Mor til farmor, Henna Myren (1863 - 1945), kom frå garden Kvalen i Sande på Søre Sunnmøre.

Far til Henna var Rasmus Andreas Sjurson (1826-92) frå Jensgarden i Saude Ytre, frå før dei to Jensgardbruka (kalla A og B) blei tatt til prestegard i 1869. Rasmus busette seg på garden Kvalen i Sande i 1858. Han var gift med Anne Knutsdotter frå garden Torset i Sande. (Oppsittarane på dei to Jensgard-bruka då fekk to bruk på Nykreim [Nykrem] i Leikongbygda i Herøy i byte.)

Far til Rasmus var Sjur Andersson Jensgard (1788-1862). Sjur blei født på Jensgard, Saude Ytre, gifta seg andre gongen med Rakel Rasmusdotter Hamnes (frå Nordfjord), og døydde på garden Kvalen, bruk 2, i Sande.

Far til Sjur var Anders Sjurson Jensgard (1764-1824). Han var gift med Guri Knutsdotter frå Vågen. Jensgardbruka (= Saude Ytre) og Vågen ligg i Sande.

Far til Anders var Sjur Olson. Han var brukar av dei to Jensgard-bruka frå rundt 1770 til 1785. Han var gift med Randi Rasmusdotter.

Innhald


Sande lokalhistorie, Sande gardshistorier, Kvalen og Saude Ytre, litteratur  

Myklebust, Olav, red. Sandesoga, band 1. 3. utgåve. Larsnes: Sande sogeboknemnd, 1994.

Myklebust, Olav, red. Sandesoga, band 2. 3. utgåve. Larsnes: Sande sogeboknemnd, 1996.

Myklebust, Olav, red. Sandesoga, band 3. 3. utgåve. Larsnes: Sande sogeboknemnd, 1997. (Ligg føre på Internett.

Os, Edvard. Eid og Hornindal etter Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. Band II/I, Eid – Hornindalen. Eid: Eid Herad og Hornindal Herad, 1973.

Rabben, Bjarne. Herøyboka: Gardar og folk I. 2. opplaget. Fosnavåg: Herøy sogelag, 1979.

Store norske leksikon, s.v. "Sande".

Wikipedia, s.v. "Sande".

Sande lokalhistorie, Sande gardshistorier, valen og Saude Ytre, opp Seksjon Sett Neste

Sande lokalhistorie, Sande gardshistorier, Kvalen og Saude Ytre, segner BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]