NORSK DEL, GULLVEKTA

Rudolf Steiner. Verknadene av åndeleg utvikling

 15 › 5 › 15 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR RUDOLF STEINER OG ANTROPOSOFI – SAMLINGA

Rudolf Steiner: Kva har mennesket si dulde utvikling å seie for vesensdelane og sjølvet til det?

Om verket: Hvilken betydning har menneskets okkulte utvikling for dets vesensdeler og dets selv? (GA 145) er ein serie Haag-føredrag frå 20.-29. mars 1913 – ti føredrag i alt. Ei udatert maskinskriven omsetjing på dansk-norsk har blitt retta i og lagt ut på Internett to stader utan krav om kopivern. Den eine adressa er Rudolf Steiner Archive.

Jamføringar: Engelsk: The Effects of Spiritual Development. 3rd ed. Rudolf Steiner Press, 1978, og The effects of esoteric development: ten lectures at the Hague, March 20-29, 1913 and the address given at the First General Meeting of the Anthroposophical Society, Berlin, February 3, 1913. Hudson, NY: SteinerPress /Anthroposophic Press, 1997. Online at Google Books. Welche Bedeutung hat die okkulte Entwicklung des Menschen für seine Hüllen – physischer Leib, Ätherleib, Astralleib – und sein Selbst? er på nettet hos "Freie Verwaltung des Nachlasses von Rudolf Steiner".

Twig

Rudolf Steiner syner eit gjennomgåande kosmisk perspektiv på mangt, og utfyller det ofte med eit snevrare solsystem-perspektiv. Slik også for fleirfaldige sider og forhold ved menneska. Her får vi lære at mjølk er bra, og at dei som bur på dei andre planetane, har mjølk. Vi les også at kjøteting binder oss til jorda, at det jordisk dyreriket skil seg frå det som finst på dei andre planetane, og at hjertet ikkje pumpar, for eksempel. Steiner seier også somt om alkohol, sukker, kaffi, te, og sjokolade. Eg har samla dei tinga her, til glede for meg sjølv iallfall.

Til "Stopp ein halv!": Eg får minne om at Steiner åtvarer mot å feste stor lit til brokkar frå føredraga hans, mellom anna fordi brokkar kan bli forståtte hit og dit utafor samanhengen, og fordi han sjølv ikkje rakk å sjå gjennom alle føredragsreferata. Her følgjer utvalde Steinerutsyn og samandrag ved Tormod Kinnes.

Twig

Første Haagføredrag

Den som i hjertet er antroposof, merkjer karakteren til ein fremmend by i blodet sitt. Han treng slett ikkje bry seg med så mykje anna.

At tankane om vinteren lettare blir abstrakte og om sommaren lettare biletlege, åskodelege, kjem av at nervesystemet svingar med i årstidsforandringane på ein fin måte.

For at den levande planten kan bli til, må dei livlause stoffa bli arbeidd på inntil eit visst organisasjonssteg – likesom i eit levande laboratorium. Slik at vi har for oss i planten eit levande vesen som bringar livlause naturprodukt fram til ein viss grad av organisasjon.

La oss no tenkje oss at mennesket et eit dyr. Mennesket treng no ikkje bruke dei indre kreftene som det måtte bruke på planten.

No består velværet til ein organisme ikkje i at den yter minst mogeleg, men i at den verkeleg bringar alle kreftene sine i [passe] verksemd.

Mennesket drep – eller lammar i det minste – ein del av organismen sin når det et dyr. [!]

Egets verknad på blodet blir eliminert ved alkoholnyting.

Andre Haagføredrag

Krigerske folkeslag har meir hang til kjøteting enn fredselskande folkeslag. Men dette treng slett ikkje å narre nokon til å tru at planteføde må røve alt mot og all handlekraft frå menneska.

Det er mjølkesubstans på jorda, men ikkje på nokon annan planet i solsystemet vårt. Det som blir produsert på liknande vis av dei levande vesena på andre planetar i solsystemet vårt, det ville framstille seg for dykk som noko ganske anna enn mjølk.

På kvar ein planet har dei som bur der, si eiga mjølk. [!]

Visstnok er det forskjellig form på planteriket på jorda og på planteriket på andre planetar i solsystemet vårt.

Planteriket på vår jord er i slekt med planteriket på dei andre planetane i solsystemet vårt, slik at vi i plantene har noko som også finst på andre planetar i solsystemet vårt.

Jordisk dyrerike er vidt forskjellig frå det som finst på dei andre planetane. [!]

Alt det som blir tilført den menneskelege organisme ved mjølka, det gjer en budd til å vere eit jordvesen, bringar den saman med dei jordiske forhold, men det fengslar den ikkje til jorda.

Å ete kjøt binder mennesket spesielt til jorda, gjer det til ein jordbunden skapning, slik at ein må seie: I same grad som mennesket lèt verknadene av kjøtnæring trengje gjennom sin eigen organisme, røvar det frå seg krefter for i det heile å rive seg laus frå jorda.

Mens mjølkemat gjer mennesket skikka til å tilhøyre jorda som eit gjennomgangssteg i utviklinga si, fordømmer kjøtmat mennesket til å gjere opphaldet på jorda til noko blivande, til noko som det fullstendig tilpassar seg for, dersom dette ikkje blir motverka ved noko anna.

Viljen til kjøtmat vil seie: Jordtilværet tiltaler meg så sterkt at eg gir avkall på alle himlar, og helst vil eg gå heilt opp i forhold ved jordtilværet.

Ved planteføde opptek mennesket noko utan jordtyngd, noko som er eigenarta for sola.

Det er . . . vel verdt å merkje seg at det på ein viss måte er heldig når det antroposofisk strevande menneske ikkje gjer seg til fanatisk åndeleg svermar.

For at vi ikkje skal bli nokre særlingar som einsidig strevar etter sjeleleg utvikling, for at vi ikkje skal bli fremmende for menneskeleg kjensle, menneskeleg verksemd på jorda, er det godt at vi som jordbuarar til ein viss grad tilfører oss tyngd gjennom bruken av mjølk og mjølkeprodukt i kosthaldet.

Det som opptrer på jorda er ikkje berre avhengig av jordiske krefter og forhold, men også helt og halde . . . avhengig av krefter og forhold av eit vesensslag som herskar utanfor jorda av kosmisk vesensslag.

Når sjela har gjennomgått ei utvikling, opplever den det den opptek av sukkersubstans eller har i seg av sukker som noko som gir den indre fastleik som støttar den – som på ein måte trengjer gjennom sjela med ein slags naturleg egoitet.

Den som gjennomgår ei sjeleleg utvikling kan ofte kjenne at det er nødvendig for han å ete ein del sukker.

Som heilskap betrakta kan ein seie at sukkeret fysisk forhøgjer menneskets personlegdomskarakter.

Om kaffi kan det seiast at den verkar slik på den menneskelege organismen at den til ein viss grad frigjer eterkroppen sin frå den fysiske kroppen, men slik at den fysiske kroppen kjennast som eit solid grunnlag for eterkroppen. Det er den spesielle verknaden av kaffien. Fysisk kropp og eterkropp blir altså noko åtskilt ved nytinga av kaffi.

Eit menneske som ville heve seg opp ved å bruke spesielle nærings- eller nytingsmiddel, ville gjere seg sjølv til eit heilt usjølvstendig vesen.

Ved kaffidrikking blir mennesket så å seie ad fysisk veg hjelpt framover med omsyn til logisk, følgjerett røyndomsmessig tenking. Og ein kan seie at det ofte ikkje er så dumt å drikke kaffi nettopp for dei menneska som vil heve seg opp til det åndelege livets høgare regionar.

Det kan av og til vere forsvarleg å stimulere den logiske tankeevna ved hjelp av kaffien.

Kaffien kan bidra mykje til å gi tyngd, soliditet – ved sida av dei skadelege sidene sine.

Ved tedrikking blir fantasien eggja og driven fram, om enn ofte ikkje på nokon sympatisk måte, og ikkje i retning av sanning og i samsvar med dei verkelege forholda. Derfor er det forståeleg at det blir servert te i selskap der det kjem an på at tankelyn glitrar og at sprudlande åndrikdom rår, mens det på den andre sida er forståeleg at når tedrikking blir overdrive, blir det skapt ei viss likesæle overfor fordringane og krava som blir stilte til eit menneske med omsyn til sunn struktur av den fysiske kroppen.

For ei sjel som utviklar seg i antroposofisk meining, er det mindre ønskjeleg å drikke te, sia te lettare fører til sjarlataneri enn kaffi.

Når kaffi gjer den fysiske kroppen fastare, og te tilgodeser noko flyktig (sjarlataneri), så fremmer sjokolade aller mest det spissborgarlege, det filistrøse. Sjokoladen er den utprega spissborgardrikken – det blir opplevt umiddelbart når den fysiske kroppen blir meir rørleg i seg sjølv. Sjokolade kan derfor tilrådast til bruk ved folkefestar, og ein kan i tillegg forstå ganske godt at folk drikk sjokolade ved festlege familietilstellingar, på fødselsdagar osv. – især i visse krinsar og ved visse festlege tilstellingar.

Blodet driv hjertet og ikkje omvendt hjertet blodet. [!]

MEIR KAN BLI LAGT TIL

RUDOLF STEINER, ANTROPOSOFI – SAMLINGA
Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler – SLUTTBOLK

Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler – LITTERATUR  

Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler – OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2010–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]