Ein grunnide går att frå oldtidas Egypt, Bibelen og indiske skrifter mellom andre, og det er at ein bør handle moralsk godt for å sikre at ferda ikkje blir fælare sidan ein gong Også Rudolf Steiner seier at den som vil utvikle seg, skulle legge svært mykje vinn på å handle moralsk.
Kan så ein kristen slaktar handle moralsk? Bodet mot å drepe gjeld ikkje for dyr, trur han, men det er feil. Sjå bere: Ein attfødd kristen som et blodmat frå slaktaren sin gjer seg jo til stakkar imot dei fire krava til kristne ikkje-jødar i Bibelen. Blodmat og kvalte dyr (også fuglar) er ikkje for rette kristne, og kanskje ikkje meir lagleg enn hor. (Ap.gj. 15:27-29; 21:25)
Ein skulle ikkje narre andre ifrå høveleg moral eller føre vill på anna vis. Å innbille seg at ein lever høveleg utan å bry seg om at ein et kvalte høns og blodmat er ikkje godt nok i den ortodokse kyrka. Der held dei i hevd dei fire normene for kristne. (Wikipedia, Counsil of Jerusalem")
|
Heureka er eit gresk utrop, og tyder 'eg har funne (det)'. Oldtidas Arkimedes skal ha ropt det då han sanna noko om oppdrift og dernest sprang naken ut frå badet og i gata mens han ropte heureka. Eit heureka-utrop er vel på sin plass når ein har løyst eit vanskeleg problem. Eit menneskeliv byr av og til på fleire.
Det er fleire yrke som Buddha rår ifrå på moralsk grunnlag. Ein skulle ikkje velje slike yrke i det heile, enda om ein går for godtatt i samfunnet ved somme.
Fine bilde
Dei ubevisste djupnene i hugen gir problemløysingar og meir til, som Carl Gustav Jung sa (Steen 2007).
Det kan nytte at ein kjem i hug denne parolen også: "Fundere sindig, lese (sjå) seg opp på det, få løysingsframlegg, og deretter gjere noko konkret." Slikt kan hjelpe dersom løysingar som krevst, er konkrete. Ein bør kunne hygge seg av og til også.
Kjenner du for å denge laus i aust og vest? Bli smed. Det går greitt.
Vil du så gjerne drepe utan å komme i fengsel? Få terapi, kunnig terapi. Det treng ikkje ende i blodbad. Når du kan sjå forskjell på kva for utfaldingar av givnadar som
lønner seg, verkeleg lønner seg, kan du ha lykka med og bli akta, vørd,
kanskje også rik og namngjeten attpå. Det som er høveleg for ein sjølv og høveleg for å bli godtatt og tene pengar, kan vere så mangt, men god moral lyt vere med.
Kjekke omgivnadar kan oppmuntre og gi vink om dugleikar det kanskje kan lønne seg å meistre, sidan rollemodellar der har gjort det.
Poenget
med mange såkalla negative eigenskapar er at dei ikkje har blitt brukt
rett
Det er ikkje så greitt å nå inn til dei djupe behova til tider.
Kurs der målet er å tyde draumar, har hjelpt mange. [Kort om Jungiansk draumetyding]
Det er ikkje berre rollemodeller ein har framfor seg i bygda som duger som inspirasjonskjelder. Det kan ligge inspirasjon gøymd i det framgangsrike fortel i sentensar, motto og i bokform også, som "Ta kontroll over livet ditt, elles gjer nokon andre det." Ein tidlegare leiar for General Motors, Jack Welch (1935-) formulerte det slik, og det blei tittelen på ei bok også, Control Your Destiny or Someone Else Will. (Tichy and Sherman, 1995) Men det er neppe eit enten-eller.
Richard Edler har samla såkalla visdomsord frå framgangsrike leiarar. Det som går fram av sitata, er kanskje at "det er ein lov for Loke og ein for Tor". Det vil seie, det folk lærer og kallar vist i toppstillingar rundt om i verdssamfunnet, kanskje ikkje har noko å gi til folk som ikkje har ressursane og dei andre vilkåra for at den såkalla visdommen skal verke. For eksempel skriv Simon M. Kornblit frå Universal Pictures at "Det er sant at mange dritsekkar hamnar på toppen." (Edler 1997, 102)
Kanskje du synest fleire av suksessane dine verkar tynne og magre i forhold til "the biggest jerk of them all". La det ikkje skremme deg. Spar deg for mange tabbar ved å hauste lærdommar frå andre i "gata" di (feltet, faget, langs livsvegen din) – det kan jo komme godt med. Det skjer i yrkeslivet stadig vekk. Utdanning er ikkje alltid nok til å lykkast. Rett mange med høg utdanning utanfor Norden går frå universitetet og rett ut i arbeidsløysa no om dagen. Ein skulle bli førebudd på slike forhold (worst case scenarios, skrekkbilde), og bli var mange av dei nokså lause og uskrivne reglane og fule knepa som finst. Det er mykje som kan gagne rundt om. (Jf. Edler 1997)
Å investere femten minutt dagleg til språklæring kan vere bra, og
2 x 15 minutt dagleg nyttar også, og så vidare. Kan ein ta i bruk moderne
teknologi, så kan det hjelpe somt, det også, akkurat som å finne konstruktive utvegar for negative sider ved deg (ovanfor), så du ikkje blir halden nede og utanfor utan å komme fram med dei eller noko anna gromt du har å skilte med.
Kast
ikkje vrak på godt utstyr, eigedommar og mot
Det er om å gjere å komme seg fram i verda så ein eig. Eigarar gjeld. Kanskje kan du nå opp til å gjere noko med det. Det skulle vere verdt å prøve.
- Fine bilde (visualiseringar) kan føre til pengar. Kjell Aukrust teikna Flåklypa-figurar og sette i gang ganske mykje ved det. Det blei filmar og fornøyelsespark av det. Om det ikkje er av Disney-format enno, gjeld poenget.
- Innsjå at eit hovudpoeng med mange såkalla negative eigenskapar er at dei
ikkje har blitt brukt flott og innanfor det som gjeld som lovleg til eikvar tid. Revejakt i Storbritannia er no forbode, og ulvejakt og anna slags jakt for skytevillige er mykje regulert -
- Den som kastar vrak på godt utstyr, eigedommar og motet til noko anna
enn å teie, har neppe levd ut sitt beste potensial, som kan ha blitt skudd vekk som noko ibuande negativt ein ikkje har funne konstruktive spelerom for då tida var god.
Sjå for deg fine ting du vil ha og bruk rette giv for deg sjølv. Mumle Gåsegg viser
slike sider ved livet. Eventyrtypen handlar om ein som blir sterkare enn vanleg. Mumle slåst mot nokon som passar og vinn framgang.