Norsk del, Gullvekta
Leiken
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Mor og barn
Det gjeld å ikkje gjere dei små sutrete.

Litt etter litt skal ein rette merksemda godt på eget i seg, fortel Bhagavad Gita 6:25). Når ein klarer slikt godt nok, skulle det gå for den som mediterer, og meditasjon er ei høg form for kultur, skatta av mange.

Høg kultur kan godt verke tanketom. God kultur også har rom for folk som er trygge og kjekke nok til leve for seg sjølv, og kanskje tanketomme på rette måten. Det er eit meditasjonsstadium.

Vil ein hauste frukter av høgkulturelle overleveringar, kan ein med fordel lære ein enkel og verksam meditasjonsteknikk. Forsking syner at TM, Transcendental Meditasjon, gagnar folk flest best. [◦TM-fordelar] [◦TM-vinstar (Lynch Foundation)]

Akt eigen natur

For meg ser det ut til at etter Homo Faber (det lagande menneske), og kanskje på same nivå som Homo Sapiens (det vitande menneske), fortener Homo Ludens, mennesket-som-leikar, ein plass i nomenklaturen vår. - Johan Huizinga (1949, ix)

Dr Huizinga fekk rett; uttrykket homo ludens, det leikande menneske, har fått ein plass blant spesialuttrykka i fleire fag. (Wikipedia, "Homo Ludens")

Huizinga peiker på at også dyr leikar - dyr, barn og vaksne (1949, 1). Forskjellar: Menneske kan le, og skil seg mykje frå dyr med det. Samtidig er leik svært alvorlege saker. Ikkje berre når det blir alvor i leiken, men også når folk gjer leik til alvor på mange måtar - organiserer han, organiserer rundt han, lagar meisterskap og gjer han farligare og farligare, som skirenn og fotballtaklingar. Fotball er ein snill barneleik for smårollingar, men årsak til kjempeslagsmål og hyppig dramatikk for vaksne - det har endatil utløyst ein kort krig, La guerra del fútbol), fotballkrigen mellom El Salvador and Honduras som starta 14. juli 1969.

Organisert, gild sport gir opphav til juks, doping, og korrupsjon, trening og forsakingar. Då er det alvor! Men for Huizinga er gild leik frivillig og gir ein viss fridom. Eit element av "liksom" er hyppig med også. Det er gode poeng. Og leik skil seg titt og ofte frå "vanleg liv" ved at leiken sluttar fort, men livet helst ikkje. (7-9)

Det finst altså morosam leik og det som kallast "slutte mens leiken er god" - eventuelt på høgda av leikekarriera, eller gjerne før. Dessutan finst mange leikar frå farne tider. Danske Evald Tang Kristensen samla inn eit vell av danske barneleikar som fanst for over hundre år sidan (1896, 1981). Andre bøker om leikar finst også, som Encyclopedia of Play in Today's Society (Carlisle 2009).

I vår tid skulle ein gjere eit poeng av at det er skil på frivillig og pådytta leik også. Pådyttinga tærar på leikelysta, liksom obligatorisk pensum drenerer lærelysta i skolegangen. Ein ser det kanskje ikkje med det første, og kanskje fordi ein ikkje vil, fordi konformitetsbaserte storsamfunn ikkje klarer bryet med individ som er løyste eller friare, ikkje alltid underdanige individ - Konformitetspresset er stortt, med mange sanksjonar ut frå "Ikkje for mykje av slikt!"

Leik - samandrag

Barn og vaksne bruker mykje tid på aktivitetar vi tenker på som "leik", inkludert spel, sport og hobbyar. Utan å tenke på det svært djupt, ville nesten alle vere samde om at slike aktivitetar er morosame, avslappande og underhaldande. Men etter kvart som antropologar, filosofar, psykologar og andre sosiale tenkarar har studert leikens rolle og funksjon i ulike samfunn og blant ulike aldersgrupper, har dei utvikla eit breitt spektrum av teoretiske forklaringar på korfor menneske og mange dyr engasjerer seg i leikande aktivitetar. Dei teoretiske spørsmåla dei reiser, tyder på at berre å sjå på leik som moro og underhaldning, går glipp av den sentrale rolla som leik har i liva våre.

Spel har mange funksjonar som går mykje djupare enn berre "underhaldning". For barn og mange unge dyr, for eksempel kattungar og bjørnungar, er leik tydeleg ein del av førebuingane til å vere vaksne, og omfatter manipulering av naturen, jakt etter mat, fredeleg samspel med andre av same art, eller kamp med dei som er fiendtlege.

For menneske har barneleik dessutan mange andre funksjonar. Blant dei er slike sider ved menneske-interaksjonar som konkurranse, følge reglar, godta nederlag, velje leiarar, vere leiar, praktisere vaksenroller, ta riskar for å få belønningar, og mange andre. Dessutan fremmer mange barneleikar og leiker klart og tydeleg intellektuelle dugleikar som lesing, rekning og å få kunnskapar innan fysikk, geografi og historie.

Vaksne engasjerer seg i leik og spel av mange andre grunnar utanom læring. Mange leikar og sportar tener som [ganske] ufarlege utslepp for kjensler som aggresjon, konkurranselyst og fiendskap. [Ei anna sak er at å delta i leiken forverrar kjenslene så fiendskap forverrast.] Mange lagsportar og brettspel som sjakk, og moderne dataspel også, har opphav i krigføring. Andre spel representerer ufarlege former for å ta riskar, mens andre - til dømes alpinsportar som storslalom, snowboard-renn og fallskjermhopping - kan medføre at ein taper å vere rask og rørig om ikkje meir. Det gjeld fotball som middel til å hevde seg også.

Mange leikar og leiker representerer meistring av naturen på ulike måtar, og kan ha samanheng med årstidssyklusane frå gammalt, som såing og hausting. Å ha kjæledyr og leike med dei kan ein også sjå på i lys av "meistre somt i naturverda".

Når slike sider ved korfor vi leiker blir vurderte, kjem emnet i eit nytt lys, dukkar det opp spørsmål om menneskestoda i ein større samanheng. Leikar vi for å unngå eller oppleve fare? Leiker vi for om mogeleg å halde ut i jobben, som flukt frå jobben, eller jobbar vi for å få middel til å leike elles - oppleve meir spenning og glede ved å surfe, gå på ski, bowle, spele kurong, biljard, bordtennings, hoppe i fallskjerm og klatre i fjella? Somme let til å ha jobb berre for å tene nok til å kunne nyte leikande aktivitetar.

Det finst også folk som tener pengar på noko som minner andre om leiking, som kunstnarar, musikarar og idrettsfolk. Ellen Dissanayake la til dømes merke til likskapen mellom leik og kunst, og fann ut at kunst var avleidd av leik, fordi "liksom" var del av begge desse formene for utfalding. Ho fann dessutan at kunst kan forme kjensler eller kanskje skolere dei. Stilisering fann ho også, og likskapar mellom kunst og ritual. (1995, 44, 48, passim)

Det gjeld å leike høveleg. Leik kan vere sunn og gagne utvikling og helse, og leik kan skade helsa.

Leik er noko som menneskeslekta har felles - det finst tusenvis av leikar omkring i verda. Kvar kultur let til å ha eigne basisformer for spel og leikar i tillegg til dei fleirkulturelle. Eitkvart kan bli påført unge, og eitkvar kan springe ut frå korleis menneskenaturen er, eller det blir eit samspel mellom desse to sidene. Skal ein skildre det heilt kort, så: "Først leikar eldre med barna og lærer dei somt, så leikar barna seg imellom og fullbyrdar mangt, og så leikar dei litt etter litt mindre og er underordna, kanskje parkerte."

David J. Tanis skriv såleis at etter kvart som barn blir vaksne, blir ikkje leiken tatt så mykje på alvor i undervisninga. Han intervjua deltakarne i fire klasser og summerte at leik og å vere leiken, lettar lÅring i vaksenundervisning for klasser, mellom anna ved å betre lÅringsmiljøet. (Tanis 2012, 3-4)

Det er klokt å halde seg, og bra og avpassa leik kan høve til det. Kunst som terapi er høveleg for mange feiltilpassa. Ordet "kunstterapi" har mange definisjonar (Wikipedia, "Art therapy"). Skapande aktivitet er godt for folk flest om det går trygt for seg. Det finst mange metodar og veger som blir nytta, så som personsentrert, kognitiv, åtferds-fokusert, forteljings- Adlersk behandling og familieterapi. Eldre kan kanskje ha godt av fleire former for kunstundervisning. Det kan vere verdt å prøve. Det finst også såkalla kunstterapiar for kreftpasienter, men forsking på resultata av slikt er berre på barnestadiet. (Wood, Molassiotis, and Payne (2010).

"Når leiken har blitt for mykje alvor, treng ein leik att for balansane sin del."

(Kjelda til mange hovudidear i heile stykket er Rodney Carlisle 2009, ix-xii, passim)

1. Akt høveleg tullball

Høgare enn skråsikker visse ligg kanskje langt kommen gjetting. Finnekunst, heuristikk, kviler på det. (1)

Det er godt om det kjem noko matnyttig ut av filosofi. Filosofen skulle nå grunngitte meiningar med tida. (1)

Somt "kultur-tullball" gjer elles livet verdt å delta i i langdrag. Det skulle ein ta inn over seg. (2)

Nervemedisin og robotgang syner at Homo ludens, det leikande menneske, ikkje har det veldig godt. Ein god forskar kan godt få høve til å gi flott underhaldning også.

2. Ver godt alliert med naturen, også eigen natur, på mange måtar

Det er høveleg kulturelt å haldes seg behageleg alliert med naturen, også eigen natur. Kroppen er eit meisterverk som fungerer til mangt. (3)

Urbanisering har løynde sider å slåst mot. Det er høveleg kulturelt. Enkel og god deltakingskultur må vere betre enn tilskodarkultur, med tilskodarar som er passive og ofte pungar ut til mangt rart for å sjå andre briljere som best dei kan, og gir kan hende etter for halvidentifiseringar med dei som vinn og får heiarop. Då seier konsument-tilskodaren sånt som "Vi vinn", ikkje "dei som spelar, vinn", og mykje anna. Sjå skikkeleg på sporten, ei forlysting som no verkar halvt i hendene på merkantile interesser og doping, og likevel er omgjerda av heiande.

Den som vil gagne folk flest, legg heller til rette for eit behageleg nærmiljø der barn og unge er trygge nok til å vere muntre og utfalde seg sømmeleg og fritt, utan alltid å gjetast.

3. Det er underleg

Det er underleg kor langt menneske går i å tilpasse seg og dernest underordne seg maskiner og data så dei forkastar høgverdige menneskelege sider ved seg sjølve gjennom måten dei lever på dag etter dag.  

Bli alliert med det fine ved høgare artistfridom

Vaksne skulle greie å ha ei frisk og veltilpassa barneside i seg med seg, av ei rekke gode grunnar. Ei av dei er helse, ei anna velvære.

"Barnet" er eit omgrep frå Transaksjonsanalysa, TA, der det heiter at Barnet, Barnemønsteret, er ein grunnleggande delen av personlegdommen - med ein vrimmel av djupe kjensler, som lyst og glede. Skaparkraft, spontanitet, høyrer også til under TA-Barnet. Bakom Barnet i TA ligg Sigmund Freuds syn på id, libido, livslyst.

Det er jamt godt å ta vel vare på livslysta, livsgleda og kjenslerikdommane i seg, for i slikt ligg potensiale til eit rimeleg godt liv under eitt, tilmed personlegdomsutvikling, etter Gordon Allport og Erik H. Erikson, kvar for seg. Forenkla sagt: "Følger ein sine ibuande, sunnaste eller beste interesser og lyster, kan personlegdommen bli utfalda eller utvikla. Fleire kunstnarar kan ha klart det. (Jf. Wikipedia, "Transactional analysis")

1. Homo ludens, det leikande menneske

Homo sapiens, vitaren mellom oss, har neppe nådd godt nok opp om han ikkje kan leike i lag med kameratar av seg. (2)

Homo ludens får overskott som gjer kvardagen kjekkare ved små drypp og meir.

2. Kulturen er god når han er høveleg for folk flest

Det skapande mennesket verkar tidvis langt høgare enn homo sapiens. Homo sapiens vil vite, og fattar at homo ludens kan ha makta å omsette hemmeleg kunnskap til moro og gaman saman, for eksempel til kultur for mange, ikkje berre stjerner og passiviserte betalande tilskodarar.

3. Leike og raljere skulle ein klare heime

Kan sjefen leike med og raljere over seg sjølv? Mykje kjem an på det, særleg i heimen. Men mykje godt endar i den offentlege skolen.  

Innhald


Leik, barn, homo ludens, høgare utdanning, utvikling, Litteratur  

Caillois, Roger. Man, Play and Games. Paperback ed. Urbana, IL: University of Illinois Press, 2001.

Carlisle, Rodney P. red. Encyclopedia of Play in Today's Society. Thousand Oaks, CA: SAGE Publications, 2009.

Dissanayake, Ellen. Homo Aestheticus: Where Art Comes From and Why. Paperback ed. London: University of Washington Press, 1995.

Frost, Joe L., Sue C. Wortham and Stuart Reifel. Play and Child Development. Boston: Pearson Education, 2012.

Goldstein, Jeffrey. Play in Children's Development, Health and Well-Being. Brussels: Toy Industries of Europe, 2012.

Huizinga, Johan. Homo Ludens: A Study of the Play-Element in Culture. London: Routledge and Kegan Paul, 1949. (Seinare utgåve frå Beacon Press, 1971)

Kristensen, Ewald Tang, saml. Børnerim, Remser og Lege: Samlede og til Dels optegnede af Ewald Tang Kristensen. Udvalgt og kommenteret af Jens Sigsgaard. København: Strandbergs Forlag, 1981.

Kristensen, Evald Tang. Danske Børnerim, Remser og Lege udelukkende efter Folkemunde: Samlede og til Dels optegnede af Evald Tang Kristensen. I Kommission bos Karl Schønberg i Kjøbenhavn. 1896.

Ryall, Emily, Wendy Russell and Malcolm MacLean. The Philosophy of Play. Abingdon, Oxon: Routledge, 2013.

Sanderson, Rebecca Cornelli. Towards a New Measure of Playfulness: The Capacity to Fully and Freely Engage in Play. Ph.D Dissertation. Chicago: Loyola University, 2010.

Tanis, David J. Exploring Play/Playfulness and Learning in the Adult and Higher Education Classroom. Dissertation in Adult Education. Philadelphia, PA: The Pennsylvania State University, 2012.

Thissen, Judith, Robert Zwijnenberg og Kitty Zijlmans, redr. Contemporary Culture: New Directions in Art and Humanities Research. Amsterdam University Press, 2013.

Wood, Michele M, Alexander Molassiotis, Sheila Payne. "What research evidence is there for the use of art therapy in the management of symptoms in adults with cancer? A systematic review." Psycho-Oncology 20: 135–145, 24. mars 2010. (doi:10.1002/pon.1722),

Essay, danning, hell, optimisme o.a., opp Seksjon Sett Neste

Leik, barn, homo ludens, høgare utdanning, utvikling. BRUKARGAID: [Lenke]
© 1998–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]