Folk overvurderer systematisk suksess-sjansane sine. Vern deg mot det ved å gå til gravene over prosjekt, graver og investeringar som ein gong verka lovande. Det er ein sørgmodig gåtur, men det kan klare sinnet. (Dobelli 2013, kap 1).
Han seier om lag dette i tillegg:
Om femti millionar menneske seier noko dumt, er det framleis dumt.
Ta ikkje imot "gratis" drikkevarer.
"Ikkje pine, ikkje vinning" er ei feilslutning av typen "Det blir verre før det blir betre".
Betal aldri sakføraren din timelønn.
Døm ikkje ei avgjerd berre ut frå resultata.
Ein er ikkje alltid del av løysinga eller problemet. Ein kan vere anna.
Småting kan bli store - iallfall opplevast slik.
Ein skulle sikkert sjå færre rigga, kanaliserte, halv-rituelle akk-nyheiter.
Omtrent slik tenker Dobelli, og mykje meir. Han skriv om feiloppfatningar og logikkfeil. (Dobelli 2013, passim).
Rundt ◦ein halv million nordmenn drøymer like fullt om å starte eiga verksemd. Men berre ◦tre av ti føretak som blei skipa i 2005, fanst fem år etter. Gjennomsnittssjansane for å lykkast var såleis dryge rundt 30 prosent.
Skal ein så la vere å starte eige føretak om sjansane er små? Det kjem an på meir enn kor liv laga føretaket sine tenester og produkt kan gjerast i og for seg. Sjansane for gjennomsnitt er éin ting, sjansane for ein sjølv er ikkje heilt det same, for det kjem an på kor godt ein avvik frå gjennomsnittet; om dette blir fatta av kloke investorar, har høvelege omgivnader, i kva grad ein unngår å gå i fellene, og meir. Ein skulle "skolere pessimismen sin", det vil seie betre oddsa for suksess. Det kan godt tenkast det blir berging i det, for eksempel ved god, planfast, økonomisk styring - Og av og til får ein faktisk våge seg til noko også. For slike høve er det jamt over godt å vite av riskane som finst.
Når ein først veit at sjansane til å lykkast er små, skulle ein auke faktorane som gjerne fører med seg at ein lykkast. Ein faktor er å gå fram økonomisk, men gründarar er ofte ikkje ◦gode på økonomi, enda om dei har håp.
Å arbeide på spreng fjorten timar i døgnet utan ein fridag på åtte år, kan godt halde bedrifta flytande, men kva med å trivast, bløme og passe inn med tid til tull og tøys? Vegen vidare for dei overarbeidde gründarane er å få gjort ting enklast råd, smartast råd, og lære å hente seg inn att før ein blir sjuk eller maroder - det kan vel tenkast.
Kva Buzan seier: Utdrag frå ei bok
Det er ikkje alt som kallast vanhell som er det. Dessutan kan ein hjelpe seg med gode mål.
I boka Lessons from the Art of Juggling (Leksjonar frå sjongleringskunsten) skriv Michael Gelb og Tony Buzan mellom anna at det finst fleire parallellar mellom sjonglering og ymse delar av den personlege sfæren og yrkeslivet ditt (Gelb og Buzan 1995, xvii). Sett høvelege mål og sjå for deg (visualiser) resultat som høver etter kvart. Du har lov å bli betre (Gelb og Buzan 1995, 5).
Noko går betre gjennom læring. Læring har stadium, og nokre får både med- og motgangar. I dei tidsromma ein ikkje merkar framgang, kan det vere at kunnskap blir integrert djupare i hugen, og dette kan førebu neste byks framover. Somtid kan det vere som det blir verre når djup integrering går føre seg. Ein får ha det i minnet (Gelb og Buzan 1995, 19).
Hovudpoenget her er at visualisering duger og kan betre ting markert, til dømes med 23 prosent (Gelb og Buzan 1995, 54-55).
Ein kan visualisere (sjå for seg) fine utkome og anna kjekt for seg, og jobbe seg inn i nett dette. Slik bruk av tankane er betre enn berre å gå og uroe seg utan grunn nok (Gelb og Buzan 1995, 57).
Du vil trenge klart formulerte, visualiserte mål og nøyaktig feedback (tilbakemeldingar). Ta i bruk mange av sansane når du visualiserer. Unngå tankespinn. Det gjeld å komme inn i eit kjekt læringsmønster og kjekke handlemåtar for å halde det som er positivt ved lag utan for mykje strev (Gelb og Buzan 1995, 63-64).
Det kan også gå betre når vi lærer av feila vi stundom gjer. Mistak kan då bli grunnvoll for betre forståing og anna (Gelb og Buzan 1995, 68, 70-71)
- Prøv å forstå korleis røynda er, og gå inn for nøyaktig nok feedback med omsyn til korleis det går for deg.
- Forfin og liv opp draumar om at det går godt, så konkret som mogeleg.
- Hugs at det kan komme platå og nedturar som del i heile prosessen. Slikt går for å vere naturleg.
- Hald fram så lenge du vil og så lenge det høver.
Nye og betre utsyn bør få deg til å lage nye, tilmåta mål. Samanlikn deg nokså lite med andre, bry deg nokså lite med dei for å samle ressursane dine om deg og det du må. Der det går godt, kan du kanskje sette deg høgare mål etter kvart, så stagnerer du ikkje fort (Gelb og Buzan 1995, 72-74, 75).
Det er naturleg, god grunn til å ha tillit til kroppen og hjernen og hjartet ditt. Folk flest evnar å bli betre med åra. Lytt til forskinga. Den russiske Pyotr Anokhin har funne fram til at evna til å lære, minnast, skape og forme nye vanar, er praktisk talt utan grenser (Gelb og Buzan 1995, 85, 86).
Så det er dekning for at det er forstandig å ha flusst med god tru på seg sjølv – [Smith ofl. 2003, 522-23; Gelb og Buzan 1995, 54-56 o.a.)
Frå ei bok til som har mykje å seie
I boka Creating a Thinking Organization (1999) av Rikki Hunt og Tony Buzan, skriv Buzan korleis somme har lykkast i å oppnå visse mål dei har sett seg.
- Forventingar frå andre har mykje å seie. Det gir grunn til å skolere familien i å ha positive forventingar til kvarandre der det er forsvarleg.
- Å eige motiverer fleire til å stelle og arbeide med ting.
- Forståing av kor glimrande hjernen er og kor bra den fungere med fint stell, er flott. Buzan gjer mykje ut av det punktet i fleire bøker. Det er for så vidt mykje av det offentlege livsverket hans (Hunt og Buzan 1999,80).
- Du får unngå at andre legg hindringar i vegen for deg, for det er ikkje alle som finn seg tent med at du vinn opp og fram – dersom dei fell nedover av det. Gamle har ofte problem med å gi slepp. Det gjeld mange foreldre. Minsk konfliktar ved å svømme oppover som laksen – ikkje breisida først iallfall.
- Hald deg i form. Sov og kvil når du må og skal, og hugs at sex hjelper mot stress (Hunt og Buzan 1999,83).
- Interesser tener gjerne overleving – la dei iallfall gjere det. Enkle og saklege undersøkingar kan også hjelpe deg. Hald deg ærleg overfor deg sjølv i det minste. Vurder kva du har råd til.
- Skaff deg slik reiskap og informasjon og slik kunnskap du treng for å gjere det flott. Det er viktig. Fakta er viktig.
- Når du tar til å handtere folk og forhold profesjonelt, kan du makte å kose deg (Hunt og Buzan 1999, Gelb og Buzan 1995, 66-85, passim)

Å sjå klart og høveleg kan bli verdsett, men det kjem an på kor ille farne mottakarane er, trua deira, og kor hardbarka snytarar og lømlar dei er, med meir.
Lat oss seie du er ein av idealistane og vil hjelpe verda – heile universet. Midt i verda og universet ditt er du sjølv. Start hjelpa der og få det fint inni deg og rundt deg. Det gir hjelp til universet. Viss du ikkje trivst og har det godt, treng du framgang sjølv. Det viser at nokon har forsømt deg eller ikkje vore gode mot deg i verkelegheita. Det kan vere deg sjølv, ein av foreldra dine, partnaren din, og vidare bortetter.
Det er alt i alt "god butikk" at ein hjelper den næraste før dei fjernaste – men når du har nok kontroll vil du kanskje aller først
hauste kjekke tankar, få god orden i hovudet og der du bur og vidare, slikt som god skolegang gjerne gagnar. Og av og til gir
danna folk hjelp til mindre heldige, same kor dei er, utan at Vatikanet i Roma finn grunn til
å mukke imot det -
Det heng saman med at klart syn (oversikt) ofte er det beste å oppnå.
Når ein då ser folk li nød langt vekke og vidare, langt heimanfrå,
hjelper ein kanskje. Det kjem blant anna an på kva hjartet kjenner og kor hjartet går.
Først prøve å få orden i tankane, slik god skolegang gjerne hjelper til med. Av og til gir danna folk hjelp til mindre heldige
Å få kontroll nok over tankegangen sin er eit pluss. Men det finst mange andre pluss
i eit liv, og nokre tel kan hende langt meir også til sjuande og sist, berre så
det er sagt.
Grunnlag å stå på må ein ha – noko å stå på
må også med i det. Jamt over manglar luftslott noko å stå på,
og luftslott får ein vare seg for.
Alt ein overser tel også, og kan leie til farar og feller i det lange
løp. Derfor må ein først prøve å få orden i tankane,
oversikt over stoda, og vinne framgang vekk ifrå forvirring – og dette er nokså
vanskeleg.
Velvalde, fine bilde kan kanskje løyse opp noko angest og mothug, og motivere
frametter. Det er slikt som blir nytta for positive visualiseringar. Det kan vere hjelp i
å visualisere og halde gode program i gjenge i kvardagane og i ting som verkar
spesielt viktige. Det går an å trene seg i det.
I tillegg til å ha avklara kva ein har å gå på, det gode
grunnlaget som kan vere med å gi frukter (resultat), lyt ein sjå heiderleg over
kva som er viktige problem, kor dei ligg og kva som kan bli omdanna til sjansar
(mogelegheiter) av dei. Og ein må dessutan våge noko. Det må mang ein gong
mot til for å gå ut av flokken og streve meir for seg sjølv enn
før. Det kjem vel også an på kor velvillige andre er omkring ein. Men
altså: når ein vågar, risikerer ein mangt. Slik er det ofte.
Det kan godt vere kollektivt ansvar og skuld for problem og nokså mykje viktig som
går gale; ikkje gløym det.
Det har synt seg at flott mental visualisering verkar, og somme maktar å
visualisere imot gale utviklingar – når fleire står saman kan det gå
lettare imot store straumar vi ikkje liker nemneverdig, så som
miljø-øydeleggingar over ein lav sko, og levekår som er gjort ringare for delar av
folket.
Ein må vere nøye med det ein eig så ein ikkje misser aktiva. Det
rette grunnlaget å stå på er i harmoni – med omgivnadane, med det dei og
ein kan klare, med oppseding, utdanning og sterke sider i slekta og ein sjølv – slikt
tel.
Den som blir forblinda og narra til å gi ei handsrekning til uverdige, har
blitt narra for godleiken sin, same kor danna tinga ser ut ved overflata. La oss sjå
vidare i det: Kan du kalla deg konsulent og gi hjelp utan sterke farar? Neppe, men det kjem
også an på kven du er, korleis forholda og marknaden er, og så
bortetter.
Ved å kalle deg rådgivande konsulent i positiv, hendig livsinnstilling
kan du opne ei verd, men så kjem kanskje problem med å få att utlegga til
å opprette konsulentverksemda – og kanskje 8-9 av 10 nystarta føretak i Noreg
går dukken framleis, som for nokre tiår attende. Statistikk gjeld for
gjennomsnitt, og ikkje for einskildføretak. Det er viktig å vite. Men der oddsa for
å lykkast ikkje er betre enn 2 av 10, er sjansane for små til veldige
investeringar. Det er noko av det det betyr. Hugs å vere alliert med statistikk for
å betre oddsa for vinning og framgang. Det syner seg at det mang ein gong er hjelp i
slikt.
Men sama kva, somme situasjonar og tilhøve er for tunge, generelt
sett.
Når du vil ta løynde ressursar innom deg i bruk mot det som er feil og
lite vellykka og anna, kan det høve å bruke visualiseringar og stadfestingar
nokre minutt kvar dag – men ikkje gløyme at jamt og fint arbeid også må
til for dei fleste – det er helst det beste. Så kan ein kople til mangt anna ein har
tiltru til i tillegg til dette beste, så ein får "prøve og sjå" til
ein har sikrare, meir fundert tillit. Forsking hjelper til med å få fram nett
slike data, så å kunne tyde forskingspresentasjonar er bra å kunne.
Ender og
då lønner det seg å verdsette samvitsfullt ting ifrå den katolske
kyrkja si lære
Når ein har nådd vinnande posisjonering einkvan stad, kan ein godt bli
nøydd til å legge band på seg av omsyn til einskilde andre, fellesskapen
og mykje anna. Ikkje alle oppkomlingane vil det, men av og til må ein gjerne legge band
på seg for å vise høfleg omsyn og bli vørda.
Vi seier like ut at klart syn (oversikt) ofte er det beste å oppnå. Det
er iallfall ikkje det verste. Ein får også bli flink til å godta og
verdsette samvitsfullt og noggrant arbeid av andre, og gå vidare for å
brødfø seg og familien og utetter utan å ta alt mogeleg for gitt. Det
britiske ordtaket "Charity begins at home" viser dette perspektivet. Det er også eit
leiande prinsipp i den katolske kyrkja, etter det vi har høyrt.
No er det også slik at ein paria (utskot) kan få skulda for det som er
problem forårsaka av andre, slik sigøynarane i Spania før fekk skulda
for mykje stole – utan at det nødvendigvis stemte. Det finst eit ordtak om det i
Spania. Folk flest finn det gjerne føremålstenleg å ikkje bli kasta
utanfor, og ikkje bli sett ned på. Somme hyklar og lyg med overlegg, bløffar og
drikk gjerne for om mogeleg å unngå dette vondet. Dette tilseier at du skulle
passe deg når du tar til å skilje deg ut ved å vinne meir enn dei du har
omkring deg. Då kan du bli sårbar, utestengt meir eller mindre, og må
kanskje finne deg nye referansegrupper og andre å vere i lag med enn før. Det
er ikkje heilt liketil. Mobilitet oppover med omsyn til status og velferd kan bli vanskeleg
for den som ikkje aktar seg nøye. Slikt får ein også ha med i bakhovudet
og vise omsyn til når forholda tidvis "krystalliserer ut" problem i denne gata. Om ein
ikkje tar forholdsreglar og vandrar varsamt nok oppetter, kan det bli fall og mykje leitt og
stygt å ha med å gjere.
Det er lov å tvile prima, og mykje prima forsking har komme i stand og hjelper folk fordi nokon
starta å tvile på ting ein eller annan gong. Forsking kan ein godt kalle å
"metodisk tvile seg fram" til nokså sikre funn og konklusjonar.
Ein treng med andre ord ikkje bli forskrudd for å visualisere og stadfeste
gode tankar om seg sjølv for seg sjølv. Og ein treng heller ikkje lyge udanna
for seg sjølv og påstå ein er noko ein ikkje er, eller har det betre enn
ein har det: Ein skal halde hovudet klart og vite forskjell på gode mål å
visualisere seg inn i, og korleis forholda er i røynda. Dersom en sit og "lyg litt
positivt" for seg sjølv, klarer ein ikkje narre det undermedvitne til å
gå med i slikt tullball likevel. Då kan ein bli krampaktig, og det er det ikkje
særleg vinning i – tvert imot.
Lærarar underviser, men ikkje særleg bra og ikkje særleg mykje om
behageleg eigenutvikling og sjølvforståing. Det må vel kallast klart
forsømt i norsk skole generelt. Og merk at der andre forsømmer seg, kan det
kanskje ligge ein marknad for den som er om seg og vågar å stikke seg fram. Og
likevel, det går grenser, og ein får ikkje ta for gitt at frekke klarer seg
livet gjennom. Ja, når alt kjem til alt er vel sanninga den at ein må ofte
får nøye seg med berre å gå med utan å bryte grenser unyttig,
og utan å gjere godt folk lei seg.
Det
kollektive tar ein med i framsteget, så vinninga hjelper fleire etter kvart. Det er
god "business"
Ein kan seie, "Det er underleg at uverdige og uhøflege blir digga no om dagen", men
det går kanskje ikkje godt for den som jålar mot ting som skjer med fleirtalet -
fordi fleirtalet har nokså stort moment – og einskilde ikkje har så stort
(dreie)moment. Dermed kan godt mindretalet som vitsar imot fleirtalet, bli "bite" i det
undermedvitne – det som ein antar finst i kvarandre.
Dersom det kollektive har skulda for mykje gale og skeivt, kan mykje gå gale for
einskilde som held fram imot det. Det syner historia, og den kan ein gjerne lære slike
lekser ifrå. Det ligg mange nyttige lekser i historia, også i
familiehistorier.
Ein får klare å verne forhold og anna som borgar for fullbyrdingar
likevel, for dette tel mest høgare oppe, fortel fattande. Og problem har ein der ein
ikkje kan puste fritt, verken på den eine eller andre måten.
Det er jamt tillatt å lage ting betre. For det syner seg at framsteg blir oppfatta
som betringar av ting – og nesten alle vil vere med i framsteget. Det heilt rette framsteget
er nok betringar av menneske, av di menneske styrer planeten – nokså sanselaust
også. Men altså: Det er lov å lage TING betre, om det ikkje blir like
verdsett å satse på å betre seg sjølv og hine imot kollektive
ønske og slikt noko.✪
Livet er også ein pardans for dei som blir to om det, der skal det "to til ein
tango". Det må ein ta omsyn til. Ikkje alle vil gjere det – ikkje gå
langt nok og gjere nok i forhold til det som skal til. Det er mykje som skal til i eit
samliv. Dersom den eine parten i eit partnarforhold endrar seg, blir mange balansar uroa og
endra, og slikt kan vekke angest og motreaksjonar og meir til. Av og til kjem det noko frekt
og udanna opp i dagen frå slikt.
Gå til teksten med ei opa innstilling, og nekt å bli frekk og udanna
"breikjefta" når du no vil jobbe med deg sjølv – mot straumen, fordi
ingen andre verdset deg fornuftig – heilt og fullt for din eigen del og så vidare inn
i det ukjente.
Forsiktig tru basert på odds eller sannsyn-estimat kan bli til gagn. Når
det gjeld tru som ikkje har noko grunnlag, så nekt å tru dei tinga. Hugs
også å løyse problema så tidleg du kan, før dei veks seg
større og blir mykje verre å ha med å gjere. "A stitch in time saves
nine" er eit ordtak om slik problemløysing. (7]
- Prøv først å få orden i tankane ved nyttig skolegang.
Når du er utdanna kan du hjelpe mindre heldige.
- Hugs at liv er laga i "konsentriske ringar og ovalar osv." utetter i einskildmenneskes "univers". Dei skulle gjerne vere harmoniske. Vi har ulike sfærer, og mange går vidare enn Edward T. Hall sine "bobler" rundt oss.
- Det kollektive tar ein med i framsteget til sist, så vinninga hjelper fleire
etter kvart. Det kunne verke bra om alle i bygda kosta for eiga dør og i eigne
hagegangar slik – men så er det nokså mange som treng hjelp . . .
Få orden i tankane ved hjelp av grepa element frå den katolske
kyrkjelæra – du kan kanskje gi framsteg til det kollektive mot slutten av livsferda
såleis.
Billige propagandatriks dag etter dag
Schopenhauer wrote that he collected about forty of these debating stratagems in order to write a book about them, but got so disgusted with all those underhanded devices that he gave up the project. - Rudolf Flesh, 1951, 67
Det finst mange ikkje-reielege argumentasjonsknep, og det er skrive mange bøker om dei. Termar like frå gamle Helles finst, og fleire er på latin. Flesh tar fram somme av dei (kap. 9), og viser korleis ein kan bli påverka av dei. Marknadsføring er ein kampsone for billigsnakk, løgner og propagandatriks kvarandre. The Institute for Propaganda Analysis fann i si tid fram sju propagandatriks, utan at det talet har blitt enden på visa (Flesh 1951, 68).
Det kan godt lønne seg å sjå korleis reklame og dårlig politikk blir blanda også, like til folk haltar. Sjå litteraturen opplista under sakleg ordskifte for å få hundre døme på korleis folk svindlar med argument, og mange korte vink om korleis ein går fram skikkeleg og sakleg i staden. Det kan lønne seg!