Gullvekta
Skotske eventyr og segner  ❀ Innleiing
Seksjon › 32   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Innleiing

Folklore frå "ein nasjon med pessimistar"

Som mange andre historier som blei fortalde blant folk, tente desse til å underhalde lyttarar. Havfruer og folk møtest, kongsdøtrer og troll like eins, og så vidare. I den skotske tradisjonen fanst det historieforteljarar som gjekk frå landsby til landsby og fortalde historiene sine. Det var ei storhending når ein historieforteljar kom til ein landsby. Også ungt folk samla seg om kveldane for å høyre eldre folk seie fram forteljingar dei hadde høyrt frå fjerne tider. Skikken med vandrande historieforteljarar levde i områda der somme av historiene og segnene blei skrivne ned - det var i og nær 1800-åra for det meste.

Douglas skil mellom godt opprissa, djupt menneskelege låglandshistorier på den eine sida, og høglandshistorier på den andre sida. Høglandshistorier syner kva forståing og oppfatningar som fanst om naturen, husdyr og menneskeforhold, og har også i seg mange overnaturlege element og mykje fantasi. Ei landsens, poetisk åre med bra snert går gjennom mykje av det tilfanget.

(Kjelde: Innleiing av George Douglas, og forord av Elizabeth W. Grierson)

Her er eit skotsk ordspråk som døme.

There's nae iron sae hard but rust will fret it;
there's nae claith sae fine but moths will eat it.

Det finst ikkje jern så hardt at ikkje rust tærer det sundt;
Det finst ikkje tøy så godt at ikkje møll et det.

"Ting varer ikkje evig", er gammal lærdom. Men ein del av kulturarven består i å gjere nyttige ting meir haldbare med dei middel ein har, og stelle dei så dei varer lenge og ser fine ut i langdrag. Jern kan få tilsettingar som karbon, og bli meir varig ved det og kalla stål. (a) Jern kan også stellast, malast og så vidare så det held lenger. (b) Ull som skal lagrast lenge, skal vere reint, og gjerne pakka inn i plast eller papir så møll ikkje kjem til. Og syntetiske fiber vil ikkje møll ete på og lage hol i heller. (SNL, "Syntetiske fibre"; Din side, ◦"Slik blir du kvitt møll")

Skotsk-engelsk har ein ætling av norrønt i seg

Både før og etter år 1000 flytta folk frå Noreg til øyene vestpå, og somme slo seg ned nord og vest i Skottland også. Dagens skotsk-engelsk har tatt opp i seg mykje frå vidareført norrønt - kalla norn - og engelsk. Eg vil tru det er godt mogeleg å kjenne samklang med folk i andre delar av verda utan slektsband dit, men sjå om ikkje gamle slektsband er gode for noko ekstra attåt. Livsforholda langs begge kystane er ikkje heilt like, men det er mildare i Skottland.

Rundt øyene og vestpå er det mykje fisk, og mange sjødyr, som sel og oter. Skottane har også fått havørna tilbake - i samarbeid med Noreg -, blant alle fuglane som livnærer seg på mangt frå havet.

Noko som skil, er at skottane snauhogde dei store skogane sine for lenge sidan, og at kratt og skog veks til i Noreg att, etter at det gjekk tilbake med geitehald og sauehald og seterdrift her nord.

Det er ikkje så mange ville dyr på landjorda i Storbritannia som på kontinentet. Ulv, bjørn, gaupe og jerv er dei fri for, til dømes. Men rev finst, og hjort, villkatt og ekorn. Bever frå Noreg har blitt innført til Skottland, så no finst det bever i landet att.

Dei har også sin eigen kultiverte kurase, shetlandsponniar, eigen sauerase og den skotsk terrieren, for å nemne nokre.

(Kjelde: Wikipedia, "Fauna of Scotland")

Skotsk kultur

Eventyr, fablar og segner speglar sider ved folks oppfatningar, fantasiliv og kultur, og er også utslag av og deler av mykje slikt, og kanskje ikkje topp nyttige, som sunne husråd er mang ein gong, sjølv om "noko er betre enn ingenting," er nok hundre prosent effektive husråd enda betre."

Skotsk kulturarv femner over blant anna kunst; musikk, folkemusikk og musikkinstrument; mat og drikke; filosofi; folklore; språk, litteratur og religion med festivalar og nasjonale symbol. Mangt står i historisk samanheng, for kulturhistoria er ein del av heile historia, der skottane har kjempa drusteleg i harde år. Dei gjekk på inntil romarane i Storbritannia ville bygge ein fem meter høg mur frå austkyst til vestkyst for å halde dei vekke. (Store norske leksikon, "Hadrians mur")

Keltiske munkar førte sidan keltisk kristendom til dei ville piktarane i Skottland, og folk som kom frå norsk vestkyst i sær og slo seg ned i det som i dag heiter Skottland, blei også kristna etter kvart. Seinare, på 1500-talet, blei kyrkja i Skottland reformert (kalvinistisk) og avviste pavekontroll. Deretter fekk ho sine om og men med diskusjonar mellom konservative og liberale, og dreping i religionens og maktas namn somtid - heilt til kyrkja mista mykje kontroll over folk på 1900-talet. I dag er det ikkje mange som går i kyrkja i Storbritannia. Kyrkja er på retur i Skottland, som i Noreg. Grunnlaget der har vore betre, det vil seie langt mindre underkasta einevaldsstyre. (Sjå Wikipedia, "History of Christianity in Scotland")

Kva for eigenarta vanar dei legg seg til i ei folkegruppe, kjem også inn under kulturen, slik som middagskvilen, siestaen, lenger sør i Europa, eller spaserturar i snøen, med "spenstige plankar under føtene" i kuldegrader og utan å fryse, mot nordaust. Det vil seie at kulturen, vêrforhold, naturforhold og vanelivet heng saman og gir grunnlag for mangt som går godt, kva som kjennest flott, og så bortetter.

Skotsk folkemusikk har sine særdrag. Dei blandar seg med innlån, der som elles. Mykje folkemusikk er i femtone-skala. Sekkepipa, som har uvisst opphav i andre land mot søraust, har ein fast grunntone som pregar slik musikk, men nokon fast grunntone har ikkje katzenjammer, kattemusikk. Skotsk kjøkken har sine spesielle rettar, som sauemage fylt med andre, hakka innvolar, og kalla haggis.

Skottane har enno skjørt for menn: kneside, rutete faldeskjørt. Desse manneskjørta blir brukt under spesielle tilstellingar. Kilt kallast desse plagga. Dei er vevd i rutemønster. Kvar klan (familie-ætt) har sine særeigne mønster.

I Skottland står mange borger og borgruinar enno, og adelsmenn finst enno, dei også.

'Antologi' kjem frå greske anthos, blomster, og -logi, som blant anna tyder tekstsamling. Det kan dreie seg om utvalde tekstar av ein eller fleire forfattarar, som her. Ordet kan elles stå for 'utvald samling dikt av ein eller fleire forfattarar'.

Med i denne samlinga er skotske eventyr og segner som har gledd vaksne og barn i lange tider. Historiene som er gitt att, kjem frå ulike delar av Skottland. Dei er henta frå mange engelskspråklege bøker, og eit og anna ord har blitt forklart. Boktilvisingane er samla nedst på første sida.

Innhald


Skotske eventyr, segner, soger frå Skottland, litteratur  

Campbell, John Francis. Popular Tales of the West Highlands. Vols 1-4. Edinburgh: Edmonston and Douglas, 1860, 1860, 1860 and 1862 (Vol 4).

Douglas, Sir George Brisbane, red. Scottish Fairy and Folk Tales. New York: A. L. Burt Company, 1900.

Grant, William. Scottish Anecdotes and Tales. Edinburgh: Carswell and Co., 1885.

Grierson, Elizabeth Wilson. The Scottish Fairy Book. Philadelphia: J. B. Lippincott, 1910.

Guthrie, James Cargill. The Vale of Strathmore: Its Scenes and Legends. Edinburgh: William Paterson, 1875.

Howe, Walter Henry. Scotch Wit and Humor: Classified under Appropriate Subject Headings. Philadelphia, G. W. Jacobs & Co, 1898.

Lang, Jean. North and South of Tweed: Stories and Legends of the Borders. Edinburgh: T. C and E. C. Jack, 1913.

Lauder, Sir Thomas Dick. Highland Legends. London: Hamilton, Adams and Co., 1880.

MacDougall, James. Folk Tales and Fairy Lore in Gaelic and English: Collected from Oral Tradition. Edinburgh: J. Grant, 1910.

Mackenzie, Donald Alexander. Wonder Tales from Scottish Myth and Legend. London: Blackie and Son, 1917.

Tibbits, Charles John [also: C. J. T.] Folk-lore and Legends: Scotland. London: Gibbings and Co., 1889.

Skotske eventyr, segner, soger frå Skottland.    Seksjon     Sett    Neste

Skotske eventyr, segner, soger frå Skottland. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2007–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]