Gullvekta
Skotske eventyr og segner  ❀ 1
Seksjon › 32   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Listig rev

Ein gammal mann fortalde at han hadde sett ein rev gå til ein innsjø der det var villender. Reven tok ein god del lyng i kjeften og gjekk dernest ut i vatnet. Han svømte med vinden til han var midt mellom endene. Då sleppte han lyngen og fanga to av dei.

(Douglas 1900, 91-92)

Kona til smeden i Yarrowfoot

For nokre år sidan hadde smeden i Yarrowfoot [1] to brør til lærlingar. Begge var stødige gutar og friske og fine då dei kom til han, men etter nokre månader tok den yngste av brørne til å bli bleik og tynn, miste matlysta, og synte fleire andre teikn på at helsa hans veikna. Storebroren blei uroa og spurde han ofte kva som var i vegen, men til inga nytta.

Men ein dag brast den yngste i tårer og fortalde han var nesten heilt utsliten og snart kunne leggast i grava, for kona til smeden fór så hardt og fælt med han. Ho var ei heks, sa guten, og ingen mistenkte det. "Kvar natt", hulka han, "kjem ho til senga mi, setter på meg eit beksel og gjer meg om til ein hest. Så setter ho seg på meg og driv meg kilometer av garde over ville heia, til ein stad der ho og andre stygge skapningar held fæle festar. Der held ho meg heile natta, og tidleg om morgonen rir ho meg heim. Og når ho tar av meg bekselet, er eg så utkøyrt at eg nesten ikkje klarer å stå oppreist. Slik har eg det om nettene mens du søv trygt og godt, bror.

Eldstebroren sa straks at han ville ta sjansen på ei natt mellom heksene. Dermed la han yngstebror sin inst ved veggen der han sjølv hadde for vane å ligge, og la seg på soveplassen til broren og venta på heksa. Til sist kom ho med bekselet i handa og kasta det over hovudet hans. Straks blei han til ein fin hest. Kona hoppa opp på han og sette av stad til møteplassen, som denne gongen var vinkjellaren i ein nabogard, ein gammal herregard.

Mens ho og resten av bølet drakk raudvin og kvitvin, gnei storebroren som hadde blitt hest og etterlaten i stallen, hovudet sitt mot stallveggen til han fekk laus bekselet og blei menneske att. Han tok bekselet i neven og gøymde seg bak i stallen til smedkona var svært nær. Då kasta han svint bekselet over hovudet hennar, og så blei ho gjort om til ei fin, grå merr. Han sette seg på ho og jaga av stad gjennom hekkar og grøfter til han ansa at ho hadde mista ein sko på eine framfoten. Han tok ho fort med til næraste smia og sette ein ny sko på hoven og skifta sko på andre framfoten samtidig. Så rei han ho att og fram over eit pløgt jorde til ho var mest utsliten. Då tok han ho med heim og tok bekselet av ho så ho så vidt rakk å krype til sengs før mannen hennar vakna.

Smeden stod opp, men kona jamra fælt og sa ho var så sjuk at han måtte sende bod på lege. No vekte smeden lærlingane sine. Den eldste drog etter lege og kom snart att med ein. Legen ville kjenne på pulsen til kona, men ho gøymde hendene og nekta å vise dei fram. Legen blei forvirra, men smeden drog utolmodig sengetøyet av ho. Forferda såg dei ho hadde hestesko nagla til begge hendene. Då dei undersøkte ho meir, blei dei var at sidene hennar var hudlause. Det var frå då ho blei drive att og fram på det pløgde jordet like før.

Brørne steig no fram og fortalde alt som hadde hendt. Dagen etter blei heksa ført fram for dommarane i Selkirk [2], og dei dømde ho til å brennast i hel på ein stein ved Bullsheugh. Dommen blei straks sett ut i livet.

Den yngste broren fekk no mykje og godt smør å ete, og anna til, så han kom seg litt om senn.

(Douglas 1900, 186-89)

Ord

  1. Yarrowfoot - Yarrow og Yarrowford ligg i Selkirkshire.
  2. Selkirk ligg i søraust-Skottland.

⚶ ⚶ ⚶

Dei som ikkje kan ri, får traske i staden.
Them that canna ride maun shank it. - Skotsk-engelsk ordspråk.

  Innhald  


Bøker      

Skotske eventyr, segner, soger frå Skottland.    Seksjon     Sett    Neste

Skotske eventyr, segner, soger frå Skottland. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]