NORSK DEL, GULLVEKTA  

Stress

 15 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Stress

HM-HM
Stress kan ein ha nytte av å lære å handtere.

Stress er årsak til ei mengd sjukdommar og plagar. Stress gjer forhold verre. Stress kan ein nedkjempe innafrå og utafrå - helst det siste. "Ja takk, begge deler" går godt i ei tid. For dersom ein slit og avstressar jamt og trutt, vil det seie at forholda er for vanskelege. Då skulle ein sleppe å venne seg til ein levemåte som kjempar mot symptoma aleine, men heller sjå om ein kan endre forholda sine - som kan vere blant årsakene til symptoma.

Sia minst fem av ti vanlege sjukdommar i vår tid heng sterkt saman med emosjonelt stress [Hi 505], kan det hjelpe å kjenne til kva stress er, korleis det ytrar seg, og kva som kanskje kan hjelpe. Kos kan hjelpe. TM kan hjelpe, humor og optimisme kan hjelpe, og kanskje mang ein teknikk for stressminsking kan gagne også. Men det mest høvelege kan vere å endre leveforholda, roe ned litt om det skulle vere mogeleg, og la vere å bli utnytta av kjøpmenn, til dømes.

I det følgjande kjem hovudpoeng frå kapittel fjorten om stress, helse og stressmeistring i ei lærebok om psykologi. Den gir lettfatteleg oversyn. Boka er fjortande utgåve av Hilgard's Introduction to Psychology, og er frå 2003.

Stressorar

Leie kjensler og sjukdommar kan henge saman med stress. Stress kjem når hugen oppfattar farar for fysisk eller mentalt velvære. Slike farar kallast stressorar (påkjenningar går også). Korleis folk reagerer på påkjenningar av dette slaget, blir kalla stress responsar.

Kva som er stressande, kan variere. Men dei fleste opplever visse hendingar som stressande, og stress kan ha både direkte og indirekte verknader på helsa. Psykososiale faktorar har samgang med biologisk sårbarheit. Mange kan ha nytte av å handtere stress betre for å betre helsa. [493]

Det er mange slags hendingar som gir stress. Somme stressorar er akutte, andre er kroniske. Dei kroniske går føre seg i langdrag, som i eit uhøveleg ekteskap. Konfliktar mellom ulike ønske og motiv inni ein kan også gi stress; det er ikkje berre ytre konfliktar. Offer for særs vonde og leie opplevingar kan bli engstelege, få konsentrasjonsvanskar, og ha vanskeleg for å komme ut av minna om dei vonde hendingane. [494]

  • For somme varer kjenslemerkt stress i langdrag.
  • Ganske vanlege hendingar kan gi opphav til stressresponsar.
  • Dess meir ukontrollerbar ei hending synest å vere (fortonar seg), dess meir sannsynleg blir den oppfatta som stressande. [495]
  • Livsendringar som krev talrike justeringar kan bli oppfatta som stressande.
  • Dess djupare endringar kan bli stressande. Det kjem i tillegg.

Noko av det mest stressande er at ektemaken døyr, under føresetnad av at det ikkje er ein ektemake ein blir stressa og forbanna av dag ut og dag inn. Å gifte seg kallar somme for middels stressande. Holmes og Rahe heiter to som i 1967 lagde ein skala over kva dei trur er mest stressande for gjennomsnittsamerikanarar ut frå dette. Skalaen er mykje brukt den dag i dag, enda om den ikkje tek omsyn til kulturskilnader, individuelle forskjellar - og at det er forskjell på å bli gift med ei kakkenynne og ein engel, til dømes. Jamvel om mangt kan sjå likt ut ved første augekast, er det det som er inni som gjer skilnaden i langdrag. Det som følgjer er heller ulikt, får ein tru.

Med andre ord gjeld ikkje alle store og vide gjennomsnitt som einkvan har tenkt seg til eller rekna ut, for alle. Og så er det også slik at det som somme opplever som stressande, opplever andre som utfordrande og oppkvikkande. Slikt lyt kvar enkelt ta omsyn til.

Det går fram av skalaen til Holmes og Rahe at ti-elleve av dei fjorten verste hendingane i ein gjennomsnittsamerikanars liv er forårsaka av giftemålet sine ulike ringverknader. Så det er god grunn til å vurdere den nære slekta. Det er ikkje berre kriminalstatistikken og Jesus som vil ha det til at ein manns fiendar er i hans eige hushald. Holmes og Rahe meiner i grunnen det same, men skil mellom ulike stressgivande element - det er grader av plaging frå ulike hald, og grenser for kor mykje den enkelte kan tole også. Det gjeld å velje sin make med omhug, syner tala. Dei femten verste livshendingane for gjennomsnittsamerikanaren er postulert til å vere:

  1. Ektefelles død - 100 vilkårlege poeng for maksimum stress
  2. Skilsmisse - 73
  3. Separasjon - 65
  4. Fengselsopphald i USA - 63
  5. Nær familiemedlem døyr - 63
  6. Eiga skade eller sjukdom - 53
  7. Eige giftemål - 50 (middels stress)
  8. Oppseiing på arbeid - 47
  9. Flytte saman igjen med ektemaken - 45
  10. Eiga pensjonering - 45
  11. Endra helse hos familiemedlem - 44
  12. Graviditet - 40
  13. Sexvanskar - 39
  14. Ny familiemedlem 39
  15. Omstilling i arbeidslivet - 39

Det er ikkje lett å leve, med andre ord. Men det er ikkje likt for alle. Når det er fortalt at mykje kjem an på kven og kva ein giftar seg med og som dreg slekta si inn i det, er det også forskjell på korleis det blir opplevd å skilje seg. For somme er det om lag som å drikke eit glas vatn, og for ein katolsk professor i pedagogikk ein stad var det den lykkeligaste dagen i livet hans, sa han sånn omtrent. Ikkje berre for han, men ho som hadde vore kona hans også. Lette kan vel vere betre ord på det dei opplevde. Det er såleis forskjell på katolikkar. Ikkje alle tek skilsmisse like tungt.

Indre konfliktar

Mykje av det folk vil ha, passar ikkje for dei. Slike hendingar gir opphav til ord som "Pass på kva du ønskjer deg; du kan få det." Det er ikkje alt som der glimrande ut, som er det.

Og dersom to mål verkar like tiltrekkande, kan enkelte få det som eselet i fabelen: Han stod midt imellom to høystakkar som verka like fine, kunne ikkje bestemme seg for kva for høystakk han skulle gå bort til, og døydde av svolt. I menneskeriket har ein kvalar over å måtte velje, og kan angre på valet i tillegg. Men ein døyr helst ikkje av å ha to fine tilbod samstundes.

Konflikt kan ein også ha når indre behov og motiv går imot kvarandre. I mangt eit industrialisert samfunn er det fire felt som har rom for alvorleg konflikt:

  1. Uavhengnad i forhold til avhengnad [497]
  2. Intimitet versus isolasjon
  3. Samarbeid versus konkurrering
  4. Å uttrykke impulsar versus moralske standardar.

Sånn omtrent er det, og å prøve å finne eit brukbart kompromiss mellom motiv som kjem i strid mot kvarandre, kan gi opphav til ein heil del stress. Men det hører jo med til livet. Vi kan seie at problem ein enno ikkje har løyst for ei tid eller for godt, kan også gi mykje stress. Løysingar kan variere med tida. For eksempel, når ein er ungdom, vil ein helst uttrykke seximpulsane annleis enn bestefar helst ser det. Men når så ungdommen sjølv tek til å bli gammal, hender det at holdningane og åtferda endrar seg - om enn med variasjonar. Mange eldre held seg unge av sinn og hjerte til siste slutt, fortel somme.

TO TOP

Psykologiske reaksjonar på stress

Det posttraumatisk stressyndrom, PTSD

Stressande situasjonar genererer kjenslereaksjonar som spenner frå storhumør, lyfting, når hendinga er krevjande men makta - til otte, sinne, aggresjon, apati, motløyse, nedtrykt sinnsstemning, depresjon og redusert tenkeevne kalla kognitiv forverring og svekking og anna.

Nervøsitet, uro, otte og mismod er vanlege responsar på ein stressor. Dei som gjennomlever hendingar utafor det vanlege, som kidnapping og betinging attåt, utviklar somtid eit sett av ottetilknytte symptom. Symptoma blir kalla PTSD for Post-Traumatic Stress Disorder ("traumatisk sjukdom etter stress"), som er eit alvorleg sett av forstyrringar og problem som kjem i kjølvatnet av harde påkjenningar og slikt stress over lang tid. Amerikanske soldatar får mykje slikt i ettertid, etter å ha blitt sendt til Vietnam og andre stader.

Under PTSD kjenner somme seg som fremmende overfor andre, som om dei ikkje lenger kan ha noko forhold til sjølv nær familie og venner. Det hender dei sit og stirar ut i lufta i timer. Somme blir for nervøst spente (anspent), andre får forstyrra søvn, andre får vanskar med å konsentrere seg, og andre blir for vaktsame. For mange blir det uråd å konsentrere seg om noko som helst, om samtalar, og kjøre bil. Dei kan ha hyppige mareritt, urolege netter og vakne opp utslitne. Enkelte slit også med fæl skuld over i det heile å ha overlevd.

PTSD kan utvikle seg med det same etter eit traume (psykisk skadeleg oppleving), eller kan komme av mindre stress som ein opplever gjennom veker, månader og år. Slikt langvarig stress kan tilmed gå føre seg i tiår og meir i nokre tilfelle.

PTSD kan komme etter katastrofar som rammar den enkelte. Det blir neppe betre om katastrofane blir fortagt og hykling lagt oppå. Kvinner som har blitt voldtekne viser symptom frå "PTSD-galleriet" av symptom den første eller andre veka etter voldtekta. Foa og Riggs finn at nesten halvparten av kvinnene har PTSD-symptom tre månader etter voldtekta.

Stoffmisbruk, vold og mellommenneskelege problem har statistisk samgang med PTSD. [499] Vanskar på skolen eller i arbeidet, problem med venner og droppe ut kan forårsake PTSD, og vedvarande konfliktar likeins. [500]

Sinne, aggresjon, likesæle og tilbaketrekning

Ein stressande situasjon kan føre til sinne, og sinne kan føre til aggresjon. Barn kan bli sinte over å bli frustrert. Ein som blir kraftig irettesett på arbeidet kan sleppe ut harmen i heimen. Frustrerte elevar kan gå inn for vandalisme - somme norske skolar har blitt brent ned til grunnen.

Apati, som er sjukelege likesæle, kan forverrast til mismot (depresjon), og somme lèt til å lære seg hjelpeløyse. Den er kjenneteikna ved apati, tilbaketrekning, og å sitje med hendene i fanget urimeleg mykje (vere passiv). Kvinner som blir slått av ektemennene, kan la vere å prøve å komme unna volden. Offer for overgrep kan få vanskar med å samle seg, konsentrere seg, og bli monneleg svekka psykisk.

Overgrep og anna stressgivande kan også gi vanskar med å hugse, og ein kan ty til eldre, infantile (barnslege) åtferdsmønster som ikkje passar i situasjonen. [502] Alt i alt:

  • Somme reagerer på stress med raseri og blir aggressive.
  • Depresjon kan følgje av stress.
  • Somme blir ute av stand til å tenkje klart når dei blir stressa.
TO TOP

Fysiologiske reaksjonar på stress

Organismen reagerer standardisert på ei fare, same kva fare det er, og same om den er innbilt eller verkeleg. Organismen går inn i ein modus som blir kalla fight-fright-and-flight-responsen, eller no helst fight-or-flight berre. [501] Når det skjer, i slikt eit knipetak, blir ein opprusta til eit basketak. Det er ein gammal respons - eit stressreaksjonsmønster - som ikkje alltid høver i kontor med glasvegger bak glatte, høge fasadar. Mønsteret - etter Hans Selye - har tre fasar:
  1. I alarmfasen mobiliserer organismen.
  2. I motstandsfasen prøver organismen å handtere trugselen.
  3. Utmattingsfasen kjem i fall organismen ikkje klarer å komme seg unna, og blir uttømt i forsøk på å rømme.

Gjenteke og vedvarande stress utmattar, gir årsak til lite kjærkomne tilpassingar, og gjer ein meir utsett for å bli sjuk, ser det ut til. [503] Som det står, kronisk (langvarig) stress kan føre til fysiske sjukdommar. Legar vurderer det dit at kjenslestress spelar ei viktig rolle i over halvparten av alle medisinske problem. [505]

Nesten halvparten av alle dødsfall i USA kjem av hjerte- og karsjukdom. Kronisk stress kan bidra til det. Krevjande familieliv attåt ein stressande jobb kan påverke kvinna si "hjertehelse". Mødrer i jobb risikerer å utvikle hjertesjukdom meir enn heimeverande. Afroamerikanarar med låg inntekt, i voldsame nabolag, med dårleg utdanning og vanskar med å få seg godt arbeid, kan få høgare blodtrykk enn sunt og godt er.

Immunsystemet (immunforsvaret) blir påverka av stress. Det faktumet er sentralt i forståinga av kva som kan komme av kraftig stress og lang tids stress - av omstende ein ikkje handterer bra nok, eller som ein ikkje meistrar eller makter av andre grunnar. Dei grunnane kan tilmed vere moralske.

Immunsystemet er komplisert, og står i nært samband med hjernen og nervesystemet.

TO TOP

Åtferd og helse

Røyking er ein av dei leiande årsakene til mykje sjukdom og dødsfall.

Vitskapsfolk anslår at dei fleste sjukdommane folk i industrialiserte land døyr av, blir tungt påverka av helserelatert åtferd, det vil seie kor sunt vi ter oss dagen lang. Å sove for lite - til dømes fem timar om natta berre to netter i rad, minskar kva ein får til når det gjeld matematikkproblem og kreative tenkeoppgåver [508, 509]. Å halde seg oppe om kvelden og natta føre ein eksamen kan gjere ringare det ein får til dagen etter.

Folk som lever sunt med lite feitt i kosten, nokså lite alkohol, får nok søvn og mosjonerer regelmessig, fortel ofte at stressande hendingar verkar meir overkomelege, og at dei har meir kontroll over liva sine. Samandrag.

  • Stress kan påverke helsa direkte ved å svekke immunsystemet.
  • Stress kan gi hjertesjukdom.

Etter psykoanalytisk teori finst det umedvitne konfliktar i somme, og som følgje opplever dei fleire hendingar som stressande. [510]

Åtferdsterapien hevdar at fobiar kan bli utvikla ved klassisk betinging.

Pessimistar

Kognitiv teori framhevar at pessimistiske studentar får meir sjukdom enn optimistiske studentar.

Pessimistiske menn i 25-årsalderen hadde større sjansar for å utvikle fysisk sjukdom i dei følgjande åra enn optimistiske menn ved 25.

Pessimistar frisknar seinare til etter bypass-hjerteoperasjonar og har alvorlegare hjertekrampe (angina pectoris).

Pessimistar opplever hendingar som meir stressande, og det medfører meir fysiologisk skade.

Pessimistar har kronisk høgare blodtrykk enn optimistane.

Eit pessimistisk syn kan påverke helse direkte ved å svekke korleis immunsystemet fungerer, eller indirekte ved å få pessimisten til å gjere mindre av det som fremmer helsa.

Hardføre

Hardhausar står imot stress betre. Dei blir ikkje fysisk eller emosjonelt skadd sjølv ved svært stressande høve. Hardføre er ganske typisk meir aktivt involvert i arbeidet og det sosiale livet sitt. Dei er meir orientert mot utfordring og endring, og kjenner dei har meir kontroll over liva sine. Kjensle av kontroll og at ein har mål å gå inn for, og kanskje også utfordringar, ser ut til å gagne dei.

Hardbalne ligg også an til å få betre psykisk og fysisk helse enn mindre hardføre.

Men det er vanskeleg for folk å involvere seg i arbeid og sosiale aktivitetar når dei er sjuke.

Å finne meir meining med det som skjer

Det seiast å gagne helsa at ein finn meining og ein sunnare perspektiv på kva som er viktig i livet, og gjer endringar til det betre som er djupe og meiningsfulle.

Når folk som får opprivande hendingar over seg finn noko positivt i det, kan det føre til mindre otte og depresjon etterpå enn dei elles ville fått.

Optimistar finn lettare positive tankar - positivt spinn - å omkranse nakne hendingar med. Hardhausar kan også finne fleire fordelar og vinne på stressfulle hendingar.

Sinne som blir underkua kan gi hjertesjukdom. Å slappe av utan å kjenne seg skuldig, og å arbeide utan å bli oppskjørta, skulle hjelpe. [513-14]

For den underkua kan sjølve prosessen med å finne god forankring i tilværet, vinne til betre orienteringar, og makte å sjå i kvitauget kva som skjer, kanskje vere så hard at den skadar. Forkasta får nok meir plager enn dei første, som sette i gang utenlege spiralar. Somme kan bli gale av slikt, og hos somme bryt det ut ved hardt arbeid mentalt, kanskje for lite nattesøvn i lengre tid, og anna som kan sette inn, også dårlege levekår. Tragedien er nesten slik at mange som har det rett ille, kan bli gale av å prøve å reise seg att. Det er ikkje minst fordi dei mentale nyorienteringane som krevst, og dei rette, sjølvhevdande handlingsmønstra å lære seg blir for vonde i sinnet. Dette betyr at det hjelper ikkje alle, og neppe nok, berre å herde seg.

Livshandtering og meistring burde gå hand i hand

Korleis hendingar verkar inn på deg og livet ditt, heng mellom anna saman med korleis dei er, kor harde for deg, og korleis du handterer dei. Når dei er overkomelege og du handterer dei greitt, kan vi seie du klarer livsmeistring denne gongen, eller coping, (frå cope, klare greie, makte, hamle opp). Det gjeld hyppig å finne ein eller annan utveg, og viss ikkje, å lindre kjenslene og mildne nederlaga frå stressfulle hendingar. Mange prøver begge deler: (1) å fokusere på problem, så dei som utfordringar og helst løyse dei på eit vis, meir eller mindre, og (2) stelle vel med kjenslelivet til involverte, for å svekke uheldige reaksjonsdanningar som elles kjem til.

1. Ein kan kanskje bli flinkare til noko, klare å vege for og mot, vurdere situasjonane, lage arbeidsflytskjema, og følgje opp. Ein slik strategi kan hjelpe folk å overvinne nederlag og mismot og handtere stressfulle hendingar betre. Det hører nok også med å vurdere kva for steinar i vegen ein får la liggje inntil vidare, når ein ikkje klarer å lyfte dei vekk. Kanskje ein kan gå utanom med ein smil. Slikt inngår i kognitive strategiar - å sette problemet til side midlertidig, og få betre vett, kan hende.

Det kan kanskje også hjelpe å komme i form og halde seg i form, søkje kjenslestøtte frå venner. Men det kjem an på kva for støtte ein får, og frå kven. Somme venner og slektningar kan vere byrder snarare enn til hjelp i stresstider. Uheldige samband kan såleis gå ut over immunsystemet.

Somme nektar for at dei har negative kjensler og skur dei unna bevisst merksemd. Dei fortrengjer, som det heiter. Det kan gå ut over helsa. Å undertrykke viktige sider ved ein sjølv - ved eigen identitet - kan skade helsa. [515]

2. Når folk steller kjenslene sine ved å søkje støtte og meir tryggleik frå familie, slekt, venner og andre, er det for om mogeleg å sta seg mot negative kjensler som gjer dei ute av stand til å gjere noko særleg og løyse problema. Å søkje kjenslestøtte frå andre lèt til å hjelpe folk å justere seg emosjonelt og fysisk til ei stresskjelde.

Det skil seg kor god hjelp ein person får etter eit traume. I tillegg til at somme slektningar og gamle venner kan bli byrder som syg, kan fortrenging av problema hindre arbeidet med å handtere dei kunnig.

Når folk fornektar problem, kan dei vanskeleg tilkjempe seg å meistre det. [515]

Dei som blir oppmuntra til å avdekkje dei personlege trauma sine i dagbøker eller essay, betrar helsa.

Ein får komme seg vidare enn til berre å rugge og ruge over problema sine, og heller forstå korleis ein aktivt kan arbeide med dei og gjerne løyse deg på beste vis. [516-18]

TO TOP

Stresshandtering

Det finst teknikkar for å minske dei negative verknadene av stress på kropp og sinn. Blant teknikkane er biofeedback (biologisk tufta tilbakemelding), avspenningstrening, og aerobisk trening.

Biofeedback kan hjelpe mot visse kroniske helseproblem.

Avspenningstrening omfattar muskelavspenning, å sakke ned farta, og samle tankane. [519] Det hjelper mot høgt blodtrykk.

Ein fin standardmåte er først å spenne musklane, så slappe av og merke seg skilnaden. Ein kan godt ta til med føtene, og så arbeide seg opp gjennom rumpe og rygg - heile kroppen. Det hjelper også i tannlegestolen.

Det hjelper generelt å lære å slappe av, men kor tenleg dette er, kjem an på den enkelte.

Meditasjon er effektiv hjelp til å slappe av og få det godt innom seg. Hos somme som mediterer finne ein endra hjernebølgjemønster av ulikt slag.

Ein har også funne at meditasjon hjelper mot kjensler av kronisk angst, hjelper til betre sjølvakting, og kan betre forholda for alvorleg depressive i tillegg (Snaith, 1998).

I ein studie av kreftpasientar, var dei som blei lært å meditere, mindre deprimerte, mindre sinte, mindre ottefulle, og fekk færre plager i hjerte, lunger og fordøyelsessystemet.

Mosjon kan også gagne mot stress, slik at ein ikkje får så høgt blodtrykk i stresset og maset sitt, og får mindre risiko for å bli sjuk etter stress og hardkjør.

Alle monner dreg, meir eller mindre. Somme litt, andre betre, og så bortetter. [519]

Stegvis framgang i staden for gradvis tilbakegang

Når ein er plaga og har mistanke om at stress kan liggje i det og under det, får ein bli litt systematisk og notere symptoma sine. Neste steg er ein kanskje nøydd til å overlate til legen sin, som gjerne vil finne ut kva som vel kan vere årsak(ene). Når løysinga ikkje er å skrive ut noko slags legemiddel, som nervemedisin, kjem det vanskeligaste steget. Det er å endre - helst betre - den stressande situasjonen, måtane å tenkje omkring den på, og eiga åtferd. Det kan bli mange steg å ta for den sjuke sauen (den kristne) [Matteus 9:11-12, Johannes 10:27]

Mellom dei mildare vala finst trening i sjølvhevding framfor hyppig å dra seg unna og tape terreng. Ein vil hyppig trenge anna og meir enn kunsten å slappe av, nyttig som den kan vere.

Kognitiv åtferdsterapi er ei slags førstehjelp til å dra kjensel på og modifisere tankar og åtferd som er svar på stress.

Å utdanne seg og bli dyktig i arbeid som ber godt av seg, og bo godt i fredeleg nabolag hjelper bra for folk flest ved at det hindrar stress i å falle over ein, eller minskar summen av stress i tilværet eins. [523]

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

Hi: Smith, Carolyn D., ed, et al. Hilgard's Introduction to Psychology. 14th ed. Belmont: Thomson Wadsworth, 2003.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]