Norsk del, Gullvekta
NTNU gir teknisk utdanning
Seksjon › 6 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

NTNU gir teknisk utdanning

Stadig meir avhengige av teknologi - kor skal det vel ende?

Åsmund Strømnes (1927–2009) skreiv då han var professor ved NTNU, skriv: "I came to ponder whether I knew too little about knowledge . . . to make up for my own ignorance. / The work I present here is a result [1] . . ."

Framgang for menneska er ikkje det same som dingseframgang. Somme resultat av teknikk gagnar folk, og andre neppe, og andre slett ikkje. Dei utgjer etter kvart det store fleirtalet. Ein skal kunne å velje dei som gagnar og ikkje sløser vekk ressursane - ved nyare, dyrare modellar stadig vekk og ting ein neppe treng eller har glede av i lang tid, og andre såkalla framsteg.

Det er som med søtt - ikkje alt søtt er godt i langdrag - tilmed sukker. I slike mengder som ein ganske vanleg nordmann har i seg sukker, blir det langtids-skadeleg. Det er forsking på det. Eit sitat: "Exponential technological improvement systematically confounds human comprehension (Agar 2015, 29)."

Slike langtidsutsyn ligg vel i mørke for mange enno. Det er sørgeleg all den tid god framgang for menneska blir slått.

Teknologi (gresk: technologia, frå techné og logia) står for systematisk handsaming av noko, for praktisk utnytting av kunnskap, især på eit gitt område. teknologisk utvikling syner sider ved det oldgreske omgrepet areté også, ved konkurranse om marknadar, i utvikling av produkt med gode kvalitetar og fikse eigenskapar, og så vidare. Teknologien har vore ein sentral del av kulturen verda over sidan langt tilbake i steinalderen. Teknologi, samfunn og kultur verkar saman. Mykje skapande finn stad i den teknologiske verda - og det såkalla postindustrielle samfunnet - og styrer samfunnsforhold og vanlege førestillingar. Teknologi femner over blandingar av mykje ulikt, både gammalt og nytt, og teknologisk utdanning er det mykje godt å seie om. Livet har blitt langt meir leveleg og likande takk vere teknologi. Arkitektur, jordbruk, kunstig vatning, havbruk, utstyr, urverk, reiskapar og skolering i å gjere god bruk av dei, høyrer med. Elkraft, metallurgi, tekstilar syntetiske fiber, optiske fiber, kjemikal, kommunikasjon, trykk, samferdsel, massemedia, plast, syntetisk gummi, romfart og romutforsking, maskiner, matgenetikk, bruk av stråling og bølger, krut, industri i det heile - slikt er forma teknologisk, ved kunne og utstyr.

Men slikt kostar. I-landet Noreg er i avgjerande og aukande grad avhengig av teknologi og teknologiske løysingar og produkt. Og det saknast filosofisk-moralsk kontroll med techné-produkta i Vesten. Resultatet er mellom anna eit sløsesamfunn og at heile kloden er i fare. Likevel held farleg mykje utdanning fram i gamle spor: Svært mykje av utdanninga i dag tener tilpassing til samfunn som både utnyttar og utbytter ressursar over eit breitt spekter. Det er ein farleg veg. Og kanskje dei som utdannar seg blir utbytte også, utan å fatte så mykje at vet. Ein skal røkte etter kva for kunnskapar som svell, og framfor alt kva kunnskapane tener.

Og så er det slik at indre kunnskapar og sannkjenningar er knytte til nevron-representeringar i hjernen [2], at læringsteknologi hjelper tileigning og praktisk meistring av kunnskapsstoff, og at ytre kunnskapar ikkje er stort verdt utan indre forståing av dei. Noko kunnskap går i arv, noko lyt vinnast igjen og igjen, til dels i tradisjonsopptaking, til dels i skolegang, og så bortetter [3].

Humaniora, humanistiske disiplinar, freistar å syte for breiare danning. Humaniora er samlenamn for filosofi, historie, språk, kunst, musikk, litteratur, antropologi, kommunikasjon, kulturstudium, og meir. Humaniora brukar metodar som i stor grad er analytiske, kritiske, spekulative og tolkande - i motsetnad til teknologisk tilnærming: den er empirisk (bygt på røynsle) i stor grad. Universitet i mange land har slik tru på brei og liberal utdanning at dei kneset at studentane også lyt studere emne frå humaniora for om mogeleg å unngå å bli altfor sneversynte.

Kunnskapar blir overleverte

Kunnskap er noko ein presterer ved. Indre kunnskap kan forfalle. Ytre kunnskap kan formast på ulike måtar, og kan forfalle, forsvinne og utryddast, slik som den overleverte kunnskapen som var samla i biblioteka i Alexandria, Persarriket og i gamle Kina. Ytre kunnskap kan også bli utilgjengeleg. Babylonske kileskrifter, indianske overleveringar, og hieroglyfar hadde vore utilgjengelege i lange tider før blei dekoda lenge i ettertid. I vår tid er overlag mykje ytre kunnskap overført til diskar. No syner det seg at dette mediet ikkje er robust, og at CD-ar, til dømes, ikkje er å stole på etter under ti år. Det kan gi veldige problem for somme frametter. Og PC-ar kan bli utsette for virusåtak og annan sabotasje, og streike. Mange firma i Vesten er heilt avhengige av at slikt ikkje skjer - og så bortetter.

Somme kunnskapar blir halde i hevd ved kulturen. Det er ikkje all kunnskap som er skriftleg. Vitskapsføretaket er heller ikkje berre faktabasert. [4]. Og i desse mediatider får ein også fortelje: "Snarare aukar mediebrus og informasjonsoverfold mennesket si desorientering." [5]

Vi har ikkje berre ordkunnskap, like lite som vi har berre verbal intelligens [6]. Det finst ikkje berre abstrakt kunnskap - om ting og hende, men også kunnskap uttrykt i bildeform gjennom symbol, soger (ordbilde). Carl Gustav Jung gir mange døme på symbolbruk. Jung fortel om skilnadar mellom introverte og ekstroverte ved ei soge [7], mens soga kan også brukas til å illustrere noko som har komme betre fram i vår tid, nemleg at kultur blir halde fast og ført vidare gjennom soger, og at ikkje all kunnskap er bokkunnskap. [8]

Så kan ein spørje: Er kunnskap noko ein vaknar til, eller skal det påfyllast, eller kan det vere tale om begge delar i samgang? Indre kunnskap, erkjenning, vaknar ein til gjennom innsikter, som er subjektive og iallfall stundom heilt feil. [9] Når slike erkjenningar blir spreidde via media i kulturen, oppstår ytre kunnskap, som ikkje er spesielt faktaverifisert. Psykoanalysen er eit glimrande døme. Psykoanalytisk kunnskap er ikkje verifisert kunnskap, snarare framsettingar mange har tillit til, slik Baldwin Hergenhahn summerer. Det blir kalla kunnskap, men er gjettverk. [10]

BILDE
Figur 1. Venn-diagram over fire oldgreske termar: tekné, epistéme, fronésis og areté. Kunnskap har mange former, modusar og "andlet" (uttrykksformer). Fig. 1 syner fire ganske overlappande modusar. Det finst fleire.

Tabell 1. Kunnskapsformer

Techné Episteme Areté Fronesis
Praktisk-produktiv Teoretisk-vitskapleg Dugleiksmodus Politisk-etisk
Rasjonell metode Handverk Dyd Praktisk visdom
Rasjonell produksjon Kunst God eigenskap Politisk
Kunst Kunnskap Dugleik  
Handverk Vitskap    
Dugleik      

Tekné tyder både kunst og dugleik frå gresk, og går på kunnskap vi treng for å kunne tilverke, skape og produsere, - produktiv kunnskap. Den produktive kunnskapen har mykje å seie i handverk, estetikk, yrkesutdanningar og kompetanseutvikling i arbeidslivet (jf. tabell 1). [11]

Epistéme er gresk for 'kunnskap'. Epistemologi - som er studiet av korleis menneskekunnskap er, opphav og grenser for den - er samansett av episteme og logia (lære). Episteme form av kunnskap behøvs for at forstå korleis verda er oppbygt og fungerar. Det er den vitskaplege kunnskapens oppgift. [12]

Areté tyder "godleik", "framifrå dugleik" og "dyd" av alle slag - opphavleg knytt til å fullbyrde formål eller funksjon, å leve opp til sitt fulle potensial. Men meininga med areté skiftar med kva det skildrar. Hesten har sin areté, og mannen sin, fortel Platon i holeallegorien sin. Areté var ein signifikant del av dei gamle grekarane sin paideia: fysisk og mental og åndeleg trening av gut fram til mann. Talekunst, retorikk, grunnvitskapar var mentale dugleikar, og åndeleg trening omfatta musikk og dydar. Heltedikta til Hesiod og Homer før Platon herleggjorde fysisk og militær dugleik, og fremma den vel skolerte, patriotiske krigaren som idealet. Hovuddygda hans skulle vere areté, som inneber krigardugleik, å te seg moralsk framifrå, og vere skolert - i tråd med ein ærebasert etikk der misunning og stoltheit og ættestoltheit går for dydar. Dei skulle inspirere til storverk. Ut frå areté-konseptet godtar ein å bli misunnt og utsett for fiendskap på grunn av det storvegs ein er og står for og presterer i konkurranse, kappestrid, især atletisk.

Frónesis er praktisk visdom og politisk kunnskap etter Aristoteles. Det er politisk-etisk kunnskap etter Platon. Det er å forstå og tolke stoda og avgjere kva som skal til. Det er del av vår sosiale intelligens, og kjem til uttrykk ved så som mellommenneskeleg samhandling. Frónesis er også kunnskap ein utviklar for eit godt omdøme og å verke som etisk menneske og demokratisk medborgar, har fått merksemd innan politikk, kultur og samfunnsutvikling i vår tid. I humanvitskapane blir omgrepet nytta i samband med tolking og forståing. Det finn også bruk i yrke og utdanningar som har med menneske å gjere, så som sosial verksemd og stell. [13]

Techné i forhold til epistéme, areté og fronésis på gammalt gresk

Etter gresk skil ein mellom techné, rasjonell metode eller produksjon - og epistéme, handverk eller kunst. Men techné i gresk femnar ofte over både kunst og handverk også. Omgrepa flettar seg inn i kvarandre, og i ulik grad hos ulike filosofar i oldtida: Xenophon, Platon, Aristoteles, stoikarar, Aleksander frå Afrodisias og Plotin, slik Richard Parry greier ut om. Også i kunst nyttar ein omgrep, prinsipp, framgangsmåtar og teknikkar for å forme nytt. Sokrates trudde elles techné som kunst var ein trussel mot freden, unntatt når kunnskap blei nytta praktisk eller estetisk. Handverk som kunstens praktiske side, såg ikkje greske filosofar ned på. Det same kom Platon til for filosofien sjølv. I Republikken formar kunnskap basis for filosofhandverket, som er å herske og styre over bystaten. [14]

NTNU har i seg både høgskole- og universitets-tradisjonar

Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet, NTNU, har hovudansvaret for den høgare teknologiutdanninga i landet og tru på målretta aktivitet. Har forskarar og studentar fridom til å ikkje ha mål? Det kan bli eit gedigent minus for NTNU om dei har lite av det. Er eksamensevaluert kunnskap derifrå fast og stø og til å lite på etter så kort tid som ein sommarferie eller tre? Ei undersøking av Jarand Rystad [15] dokumenterer at slik er det nok ikkje i tradisjonelle sivilingeniørfag. Det blir gitt målretta utdanning i medisin, arkitektur, realfag og humanistiske fag også.

I dei innebygte føringane for NTNU frå 1995 dominerer nytteperspektiv. NTNU blir altså rettferdiggjort ved nyttesyn - nytte for samfunnet framfor nytte for den enkelte student, og gir mest ingen honnør til "taus kunnskap", mellom andre kunnskapsformer. Det finst også lausare, meir gyngande kunnskap som det blir undervist i på NTNU, i tillegg til den teknologiske som lett blir gløymt. Heuristisk vunne framsettingar, hermeneutiske avgjerder, eller tydingskunne, tolkingsgang - psykologiske haldepunkt, statistiske overslag basert på sannsyn og anna - det finst faktisk mykje kunnskap som blir kalla teoriar, men som ikkje er særleg godt veldokumenterte. Psykoanalysen har etter kvart fått innpass i den akademiske verda og produksjonen også, som Hergenhahn har synt. [16]

Dette kjem i tillegg til såkalla sikre kunnskapar, som ikkje er bastant sikre ved nøyare ettersyn, men som kviler på paradigmatiske oppfatningar og skjøn, tru eller gissingar, slik mellom anna Thomas Kuhn har synt. Det er tale om teoretiske grunnsyn som forfell og er sårbare. Det gjeld både indre og ytre kunnskapar. [17]

Noko som heller ikkje kjem godt fram i NOU-dokumentet, er verdien av å dyrke uvisse, skolert tviling og den typen grunnforsking som Werner von Braun viser til med "Forsking er det eg gjer når eg ikkje veit kva eg gjer (Research is what I'm doing when I don't know what I'm doing)." Ustrukturerte innfall og improvisasjonar i forskingsarbeidet, det kan kanskje skade på somme felt, men i jass er det ikkje feil i og for seg. I boka Improvisasjon kjem sider ved improvisering til heider i visse delar av undervisningsføretaket. Svein-Halvard Jørgensen går dessutan langt i å gjere det klart at dialog hjelper avklaringar, kanskje tilmed av "taus kunnskap", også samtalar mellom vennar.

Pedagogar og antropologar snakkar ofte om taus kunnskap for å skilje denne tradisjonen frå . . . den akademiske kunnskapstradisjonen . . . Den tause kunnskapen er knytt til handling, den må gjerast og så gjerast kroppsleg for å bli forstått . . . [d.e.] underforstått. . . . kunnskap har ei taus side og blir, i den grad vi tar han til oss, gjort kroppsleg. [18]

Klokt spelerom for skapande fornyingar - fritt studium, ganske frie stillingar og slik fri forsking som von Braun nemner ovanfor - gir ein kanskje ikkje når det kjem til stykket. Som Gustavsson også seier, er eit vanleg forsvar mot "fri forsking at det frå starten i forskingsarbeidet ikkje går å føreseie kva resultatet skal bli." [19]

Fridom kan føre til ny kunnskap om forholda er høvelege. Sjølve ordet akademi kjem frå ei tid då velsituerte grekarar kunne gjeste kvarandre i hagane sine og samtale om laust og fast, og tilmed skrive ned slike samtalar. Mange greske filosofar leverte bidrag som har halde liv i kunnskapsgangen i Vesten fram til i dag. Ordet kjem frå greske 'Akadémeia', som var ein heilag lund med oliventre som var vigde til kultur- og visdomsgudinna Atene. Den innvigde hagen låg nord for Aten. På den staden underviste Platon. Først lenge etter Platon blei det bygt murar rundt. Den mest fruktbare kunnskapen vi søker etter i det som her er gitt att, kan vere at frie studium kan bidra til viktig framgang og impulsar som kan vare ved i tusenvis av år - kanskje ikkje alle saman.

Men uvissa ved fridom i massevis, ustrukturert studium og ny kunnskap er det neppe alle som klarer å takle. Korso er, universiteta i Vesten er i hovudsak stramt styrte, og i motsetnad til dei utsyna som moderniserte universitet etter Middelalderen.

Det første moderne universitetet blei forma i Halle på 1600-talet. Der freista dei å fange inn att den frie ånda som kjennemerka grekarane. På 1800-talet blei tyske universitet modernisert igjen, og Humboldt-universitetet i Berlin blei skipa i 1810 og påverka andre europeiske og vesterlandske universitet sterkt. Filosofen Humboldt bak det heldt på erklærte ideal om individuell fridom i utvikling og utdanning, og at staten ikkje måtte få korte ned på individhandlingar, eller fridommen til både å undervise og lære, ei vidareutvikling av libertas philosophandi ved Halle. Akademisk fridom blei eit skinande ideal for det tyske universitetssystemet. I Noreg blir delar av dei gamle akademiske fridommane smått om senn stekka ved reformer. [20]

NTNU-studium er derimot statleg styrte, ofte i skarp i motsetnad til gamle, høvelege universitetsideal. I vår tid har dessutan aktørar utanfrå, big business og anna, sett seg tent med å gi pengar til forsking og andre aktivitetar som iallfall ikkje undergrev dei - men snarare hjelper rekruttering. Det verkar som ein heller tvilsam veg i langdrag, ein som venteleg kortar inn på studentfridommar og kanskje universitetsfridommar etter kvart. Jamvel innstrammingar i låneordningar for studentar fell inn i same "studentfabrikk"-mønsteret. Studia har blitt mindre frie og meir styrte i dei siste tiåra, av økonomiske grunnar å sjå til. Akademiske fridomsgrader har blitt selte ut, og vekk, men til kven, og til kva? Og i kva grad kan det vere statlege kontrollbehov og merkantil-kapitalistiske behov som finn seg slike utslag?

Kunnskapane som blir formidla på NTNU blir til dels "handelsvare". NOU 1995:28 med meir syner paradigmatiske overleveringar som ikkje gir godt rom for naturalistiske grunnsyn, og kortar inn på nedarva akademiske fridomsgrader for studentar og tilsette, blant anna ved styringar, og også ved aktivitetar det ikkje blir lagt til rette for i nokon avgjerande grad. [21]

Nød, teknologi og utdanning

BILDE
Figur 2. Stabla Venn-diagram. Fire sider ved teknologi, i eit nøtteskal.

Forholda i verda formar samfunnsforhold og tillet konkurranse, som fremmar teknologi. Omvendt, bakom og i teknologi ligg konkurranse, som formast av samfunnsforhold og verdsstoda. Offentleg utdanning går ut på å tilpasse seg dette. Teknologi er ikkje noko nytt, heller ikkje at det blir lagt stor vekt på det i kampen for overleving. Figur 2 gir vink om at bak og under teknologi finn ein konkurranse (areté), som formar og atterspeglar samfunnsforhold her på jorda, som har blitt farleg utbytt og utarma no om dagen - og verre kan det bli.

Teknologi føder nye problem

Den romerske diktaren Ovid gir att greske og romerske mytar og legender i storverket Metamorfosar. Ovid fortel der om fire tidsaldrar etter kvarandre, den neste verre enn den førre: gullalderen, sølvalderen, bronsealderen og jernalderen.* Metallurgi - altså teknologi - var så høgt verdsett i oldtida at ulike metall og ei legering gav namn til heile tidbolkar.

* I gullalderen hadde naturnære utsyn forrang, jorda var eit paradis og folk handla rett av seg sjølve. Men i sølvalderen, som blei styrt av Jupiter, blei klimaet forverra og mellommenneskelege forhold forsura. No laut menneska til å kle og brødfø seg, verne seg mot kulde, pløye, så, yppe og krangle om goda og så bortetter. I bronsealderen blei folk fyrigare og fælare, men ikkje vondskapsfulle. Så kom nytteomsyna meir og meir fram, i spann med verre forhold. [22]

I lys av paradisforholda kan sterk lit til teknologi tyde på skort og knappleik på litt av kvart, og som ein typisk nok freistar å råde bot på ved å vere bra smart: tenke bra, handle deretter, utvikle reiskap og framgangsmetodar - kort sagt te seg ganske kybernetisk [23] med teknologisk profilering for å betre forholda om råd.

Omfanget av himmelske faktorar i eit liv tyder på kva verdi det livet har. Når ein sver til teknologi for å løyse problem, har ein faktisk problem. Under paradisiske forhold treng ein mest ikkje bry seg; ein får goda opp i fanget. Det er når forholda blir verre og ressursane knappare, at ein sver til teknologi eller andre løysingar, for ein vil helst sleppe å desimere manneætta - sjølv om det er omfanget av den og alle feila som har spelerom i styrande og mektige, som gir hovudproblem som overbefolkning, skort på ressursar, forsøpling, ørkengjering, global oppvarming truleg, og så bortetter.

Samfunnet er ein marknad for folk med både soger og formlar

Utdanning tener respekt. Jerome Bruner held fram med Pierre Bourdieu at på dei institusjonaliserte marknadane i samfunnet er utdanninga verken nøytral eller utan sosiale og økonomiske følger. Kulturen som utdanning kan ein sjå på som eit utvekslingssystem. Blant "varene" som blir bytte eller veksla er respekt, lojalitet og tenester. Utvekslingssystem blir legitimerte ved komplekse symbolapparat med mytar, statusar, forgjengarar, måtar å snakka og tenke på, tilmed uniformer. Utdanning tener tilpassing til slikt. Når det gjeld korleis kunnskap blir ordna i menneskeverda, skil ein mellom logisk, vitskapleg tenking [24] og forteljande tenking - to ulike måtar å fortelje om erfaringar på. Ulike kulturar kuliverer desse to modusane forskjellig. [25]

Ein vitskap blir skapt etter kvart ved ein serie hypotesedanningar og -utprøvingar der blant anna hermeneutisk aktivitet er med. Når ein bygger opp ei vitskap, går ein også inn i ein narrativ prosess som består i å spinne hypotesar, rette dei, og halde hovudet klart. Undervegs til hypotesar leikar ein med idear, prøver å forme uvante og alternative utsyn, og så vidare. Det er kort og godt tale om problemløysing, og å fortelje om problema i den forma som kallast hypotesedanning, er den sentrale framgangsmåten. Og vidare, fatting av forteljingar er hermeneutisk. Forteljingar dannar grunnlag for retorikk utan konfrontasjonar. Dei kan lære andre, halde viktige ting fast i minnet, seier Bruner. [26]

Kunnskapar er tilpassa menneska på mange måtar. Ikkje alt skjer ved ord, ikkje alt ved bilde heller. Noko kunnskap er "taus"; den er i organismen. Å kunne sykle er ei slik ganske ordlaus kunne. Kunnskapar kan formidlast utan å vere intellektuelt og abstrakt utforma. Dei finst i forteljingar også. I Steinerpedagogikken blir denne innsikta brukt i stor monn, som hos Piaget-inspirerte. Barn får undervisning som er tilpassa dei forskjellige funksjonsnivåa - kunnskap gjennom bilde (soger målar ordbilde) dei første åra på barnesteget, og abstrahering kjem til seinare, for eksempel på ungdomstrinnet, og til dels ut frå bildeforma kunnskap.

Samandrag

Menneska ser seg tente med mykje teknologi. At teknologi går på kostnad av anna og mang ein gong blir djupt ufornuftig, er det ikkje mange nok som ser inn i før livet nesten er over, lèt det til. Det gjeld å finne og halde ved lag kjekke balansar livet gjennom, elles tar menneske til å bli marionettar i spela til dei store forretningsleirane (big business), som alt har tatt altfor mykje makt globalt, og bruker den til å tyne folk og fe og naturen etter kvart. Det skulle vore unødvendig. Folk flest tilpassar seg denne låke utviklinga av omsyn til blant anna status og levebrød. [26]

Innhald


NTNU-utdanning og teknisk utdanning, Litteratur  

Notar

1. Åsmund Strømnes. Kunnskapssyn og pedagogikk: Historisk analyse og jamføring. Trondheim: Tapir, 1993:v. Til engelsk ved meg.

2. Richard Atkinson mfl. Introduction to Psychology. 9th ed. San Diego: Harcourt, Brace, Jovanovich, 1987:179 ff.

3. John R. Anderson. Cognitive Psychology and Its Implications. 4. utg. New York: Freeman, 1995:21.

4. Jerome Bruner. The Culture of Education. Cambridge: Harvard University Press, 1996:20, 47. Edmund Cohen. C. G. Jung and the Scientific Attitude. New York: Philosophical Library, 1975:50-51; Tormod Kinnes. The Humor of Han Ola og Han Per Taken Seriously. Hovudoppgåve i engelsk. NTNU, vår 2007:xx

5. Bernt Gustavsson. Kunskapsfilosofi: Tre kunskapsformer i historisk belysning. Stockholm: Wahlstrøm & Widstrand, 2000:27.

6. Odd Lovoll i Tormod Kinnes. The Humor of Han Ola og Han Per Taken Seriously. Hovudoppgåve i engelsk. NTNU, vår 2007:40. Tony Buzan. Bruk hodet enda bedre! Du har 10 forskjellige intelligenser - lær å bruke alle sammen. Oslo: Hilt og Hansteen, 2001. - Buzan og andre elles skriv om mange slags intelligensar.

7. Jung fortel ein stad om to ungdommar som streifar omkring på landet og kjem til eit fint slott. Begge vil sjå kva som er inni det. Den introverte av dei to seier, "Eg skulle likt å vite korleis det er innvendig der." Den ekstroverte svarer, "Ja, la oss gå rett inn." Slottet har blitt ombygt innvendig, og inneheld berre eit par rom med ei samling gamle dokument. Gamle manus er hovudgleda til den introverte. Når han ser dei, blir han som omskapt og ropar oppglødd, pratar med bibliotekaren, og verkar ikkje sky lenger. Men samstundes har den ekstroverte komme i dårlegare humør, og geispar. Det er manus nok å sjå i heime, meiner han. Slottet keiar han, manusa minner om eit bibliotek, bibliotek blir assosiert med universitet, universitet med studium og plagande eksamenar. Gradvis senker eit tungsindig slør seg over det som hadde verka som eit interessant og pirrande slott. Dei to endar opp med ikkje å ville gå saman fleire gongar. [Anthony Storr. The Essential Jung. Princeton University Press Princeton, New Jersey, 1983:162-63].  

8. Buzan 2001; Bruner 47; Svein-Halvard Jørgensen. I Steinsholt, Kjetil, og Henning Sommerro reds. Improvisasjon: Kunsten å sette seg selv på spill. Oslo: Damm, 2006:46-47.

9 Empirisme er ein teori som seier at opphavet til all kunnskap er sanseerfaring. Termen blir også nytta om ein metode som blir brukt i naturvitskapar. Empirisme legg vekt på overslag og sannsyn, mens rasjonalistar står for at hugen (psyken) kan oppfange somme sanningar direkte, utan å gå via sansane. Det var rasjonalistar som (Plato, Descartes, Spinoza, Leibniz som førestilte seg eit univers å kjenne, eit med lover, ein samgangsheilskap med hugar som var forma for å erkjenne dette universet. Empiristar som Locke, Berkeley, Hume meinte hugar ikkje var i stand til å vite mykje om noko som helst - dei hadde antivitskaplege utsyn. Robert Todd Carroll. The Skeptic's Dictionary. 1994-2008, s.v. "empirism".

10. Baldwin Hergenhahn summerer slik: Freud sin teori er brei. Kontrollerte eksperiment mangla. Pasientane hans var ikkje representative for folk flest, og hans eigne behov og forventningar påverka truleg observasjonane hans. Omgrepa hans, til dømes psykisk energi, kastraksjonsangest, penismisunning, ødipuskomplekset - er for uklare til å kunne målast: Det er ikkje dokumentert direkte at slikt som id, ego, og superego finst, eller finst akkurat slik Freud meinte; det vil seie hovudomgrepa er å handtere som spekulasjonar. Han legg for mykje og dogmatisk vekt på sex. Karl Popper seier Freuds teori er uvitskapleg fordi den går imot falsifiseringsnorma, ikkje gir spesifikke data, og ikkje bryr seg med andre forklaringar enn sine eigne.
    Trass i kritikken meiner mange likevel at Freud ytte verdifulle bidrag til psykologien, jamvel til verdssamfunnet. Freud opna opp for sonderingar og utgreiingar på mange felt, som barneseksualitet og angest. Han utvida virkefeltet for psykologien, forma ein ny mate å forstå og nevrosar og andre mentale forstyrringar på, og også normal åtferd. Psykoanalysen gav seg ut for å kunne forklare fenomen frå kvardagslivet, religion, sport, politikk, kunst, litteratur og filosofi - men mykje av den er ikkje testande. Likevel går psykoanalysen for å vere ein milepåle i menneskehistoria, fordi "scientific methodology is not the only criterion by which to judge a theory", som Hergenhahn seier. Psykoanalysen er ikkje vitskapeleg, heller narrativ, og vi evaluerer teoriar også ved intuisjon. Ein teori som gir meining på det personlege plan, kan overleve lenger enn ein teori som blir utvikla og testa i vitskapsfeltet. Men psykoanalytisk kunnskap er altså ikkje verifisert kunnskap, snarare framsettingar mange har tillit til. [Baldwin Ross Hergenhahn. An Introduction to the History of Psychology. 5. utg. Belmont, Wadsworth, 2005:500-3]  

11. Gustavsson 14-15.

12. Ibid.

13. Ibid.

14. Parry; H. Ludin Jansen. Plotin. Oslo: Aschehoug, 1971.

15. Jarand Rystad. "Alt glemt på grunn av ubrukeleg eksamensform? En empirisk undersøkelse av Matematikk 2 eksamen ved NTH." I UNIPED nr 2-3, 1993:29-50.

16. NOU 1995:28; Jørgensen 46-47.

17. Thomas Kuhn. The Structure of Scientific Revolutions. 2. enlarged ed. Chicago: Chicago University Press, 1970; Charles Tart, red. Transpersonal Psychologies. New York: Harper Colophon, 1977:1-100.

18. Jørgensen 46-47.

19. Gustavsson 23. 20. Friedrich Wilhelm Christian Karl Ferdinand Freiherr von Humboldt (1767-1835); John Brubacker. A History of the Problems of Education. 2. utg. New York: McGraw-Hill, 1966:456-60.  

21. Egon Guba og Yvonne Lincoln. Naturalistic Inquiry. Newbury Park: Sage, 1985; Kuhn.

22. Ovid. The Metamorphoses. Oms. Mary Innes. London: Penguin, 1955:31-33

23. Kybernetikk er ein allroundteknologi som høver godt innan utdanning og på mest alle fagfelt. Sider ved den er i bruk innan pedagogikk (Robert Gagné), og i medisin og fysikk især. Kybernetikken heldt på å bli eige vitskapsfag, men blir i dag greina ut over fleire disiplinar. Den har også ein filosofisk del. Ordet kybernetikk kjem frå kybernetikos ("god til å styre"), og viser til styrmannskunsten. Kybernetikk er kort sagt kontrollteori, og den kan ein nytte i modelltenking, innan kommunisering, på komplekse system, til monitorering (observeringar med kontinuerleg oppsyn), til samanlikningar og tillagingar ut frå standardar, og justeringar av både enkle og samansette system så dei kan fungere likande. Norbert Wiener (1948) definerer kybernetikk som "vitskapen for kontroll og kommunikasjonar i dyret og maskinen." [Norbert Wiener. Cybernetics or Control and Communication in the Animal and the Machine. 2. utg. Cambridge: The MIT Press, 1961]

24. Logikk består av prosedyrar i tråd med modellar bakom, syner Gary Zukav i ei bok som tar opp kvantefysikken sin epistemologi og kunnskapar frå dette overlag interessante feltet.

25. Bruner 27, 29-30; 39-40

26. Bruner 126, 137, 52

27. [Note lagt til i 2011: Det skulle vere både ressursvennleg og høveleg å satse på teknologi som er gagnleg i langdrag, robust, stabil, og ikkje lett segla ifrå. Teknologi som spekulerer i produkt som ikkje er slik designa, kan forarme forholda med tida, blant anna ved å ta for mykje av sparsame ressursar i jorda så lenge som merkantile interesser (les: korporasjonsgrådigskap] er ei hovudkraft bak flaumen av nye produkt med ganske overflødige produkt, snart ubrukelege produkt, osv.]

Verk nytta

Agar, Nicholas. The Sceptical Optimist: Why Technology Isn't the Answer to Everything. Oxford: Oxford University Press, 2015.

Anderson, John R. Cognitive Psychology and Its Implications. 4. utg. New York: Freeman, 1995.

Atkinson, Richard, et al. Introduction to Psychology. 9th ed. San Diego: Harcourt, Brace, Jovanovich, 1987.

Brubacker, John. A History of the Problems of Education. 2. utg. New York: McGraw-Hill, 1966.

Bruner, Jerome S. The Culture of Education. Cambridge: Harvard University Press, 1996.

Buzan, Tony. Bruk hodet enda bedre! Du har 10 forskjellige intelligenser - lær å bruke alle sammen. Oslo: Hilt og Hansteen, 2001.

Carroll, Robert Todd. The Skeptic's Dictionary. 1994-2008. Online. www.skepdic.com/

Cohen, Edmund D. C. G. Jung and the Scientific Attitude. New York: Philosophical Library, 1975.

Freud, Sigmund. Ubehaget i kulturen. 2. utg. Oslo: Cappelen, 1992.

Gustavsson, Bernt. Kunskapsfilosofi: Tre kunskapsformer i historisk belysning. Stockholm: Wahlstrøm & Widstrand, 2000.

Guba, Egon, og Yvonne Lincoln. Naturalistic Inquiry. Newbury Park: Sage, 1985.

Hergenhahn, Baldwin Ross. An Introduction to the History of Psychology. 5th ed. Belmont, Wadsworth, 2005.

Hughes, Thomas. American Genesis. Harmondsworth: Penguin, 1990.

Jansen, H. Ludin. Plotin. Oslo: Aschehoug, 1971.

Jørgensen, Svein-Halvard. I Steinsholt, Kjetil, og Henning Sommerro reds. Improvisasjon: Kunsten å sette seg selv på spill. Oslo: Damm, 2006.

Kinnes, Tormod. Les du lekser enno? Gullvekta. 2007-2011. On-line. oaks.nvg.org/ lekser.html

Kinnes, Tormod. The Humor of Han Ola og Han Per Taken Seriously. Hovudoppgåve i engelsk. NTNU, vår 2007.

Kuhn, Thomas. The Structure of Scientific Revolutions. 2. enlarged ed. Chicago: Chicago University Press, 1970

NOU 1995: 28. Norges teknisk-naturvitenskapelege universitet (NTNU): Forslag til framtidig fagleg organisasjon. Innstilling fra et utvalg oppnevnt ved kongeleg resolusjon av 27. april 1995. Avgitt til Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet 18. oktober 1995. www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/NOUer/1995/NOU-1995-28.html?id=140430

Ovid. The Metamorphoses. Translated by Mary Innes. London: Penguin, 1955.

Parry, Richard, "Episteme and Techné". Stanford Encyclopedia of Philosophy. 2007. [plato.stanford.edu/entries/episteme-techne];

Rystad, Jarand. "Alt glemt på grunn av ubrukeleg eksamensform? En empirisk undersøkelse av Matematikk 2 eksamen ved NTH." I UNIPED nr 2-3, 1993:29-50.

Storr, Anthony. The Essential Jung. Princeton University Press Princeton, New Jersey, 1983.

Strømnes, Åsmund. Kunnskapssyn og pedagogikk: Historisk analyse og jamføring. Trondheim: Tapir, 1993.

Tart, Charles, red. Transpersonal Psychologies. New York: Harper Colophon, 1977.

Wiener, Norbert. Cybernetics or Control and Communication in the Animal and the Machine. 2. utg. Cambridge: The MIT Press, 1961.

Zukav, Gary. The Dancing Wu Li Masters: An Overview of the New Physics. London: Rider, 1979.

NTNU-utdanning og teknisk utdanning, opp Seksjon Sett Neste

NTNU-utdanning og teknisk utdanning BRUKARGAID: [Lenke]
© 2008–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]