Norsk del, Gullvekta
TM for hjartet
Seksjon › 5 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Transcendental Meditasjon som hjartemedisin

Verkar TM på hjartet?

Ja, syner gjennomsnittsbasert forsking. TM senkar blodtrykket. Ifølge The American Heart Association ("Det amerikanske hjartesambandet") er TM den einaste meditasjonsmåten ein kjenner til som senkar blodtrykket garantert. Det går saman med utsett daude, lågare risk for hjarteanfall og slag. Det er tal på slikt. [◦Les meir]

Er TM "god medisin" i hjartesaker?

Ja, syner ein fin studie frå USA, som går inn på nokre av aspekta, men ikkje alle.

Definisjonane

TM, Transcendental Meditasjon, er ein omtykt meditasjonsmetode, og mykje testa etter kvart. [◦Meir] [◦Norsk]

Svart i USA. I ein studie var det verknader av TM på "svarte" hjarte som blei undersøkt. Men i Nord-Amerika er ikkje svarte sjølvsagt svarte på let, for dei strevar med definisjonane sine "over dammen", og det gjer folk elles også på kjempesensitive felt. Ordet "svart" - fargemessig misbrukt som det er i sosiale felt - har sine djupe røter, så å seie, men "svart" i Nord-Amerika er det ein kallar amerikanarar eller kanadiarar som heilt eller delvis stammar frå Afrika sør for Sahara. Forma og hudfargen har noko å seie, og slavehistoria noko verre: Ho omfattar "éin-drope-regelen", som sa at "ein drope svart blod" gjer eit menneske svart. Eller "har du éin svart ane, er du svart, same kor mange andre du stammar frå". Det skulle dermed veldig lite til for å oppvege til dømes "hundre kvite lettvektarar" blant anane, og var fælt fordi folk av blanda rase blei plasserte i sosial undergrupper.

"Svart" har sidan blitt ein kulturelt "vedtatt" definisjon. Ikkje god, men i bruk. Er "svart" eit lausleg og såleis fælt omgrep? Vi legg dette og andre sider ved "svart" til side her, sidan det er forklart kva "svarte" hjarte er. [◦Meir]

Medisin er eit lausleg omgrep, men ikkje så fiktivt som "svart" i Nord-Amerika. Merriam-Webster Dictionary fortel at medisin er noko som verkar inn på velvære og trivsel; ein gjenstand eller ritual med kraft i seg over naturkreftene etter oppfatninga til amerikanske indianarar. "God medisin" gir gode, fagna verknader etter indianar-syn. Elles er den vanlege oppfatninga som rår, at medisin er eit stoff eller preparat som blir brukt for å behandle sjukdom, og mykje anna. Ordet 'medisin' har også andre tydingar, men her skal det tyde "noko som verkar inn på velvære og trivsel, well-being".

Ein studie

Legen Robert Schneider og medarbeidarar gjorde ein studie på 201 "svarte" menn og kvinner som var i slutten av 50-åra og som hadde minst éi blodåre (arterie) til hjartet blokkert med 50% eller meir. Desse hjartepasientane blei tilfeldig fordelt så (1) nokre kom i ei gruppe der dei fekk lære meditasjonsmetoden som blir kalla Transcendental Meditasjon, TM. (2) Dei andre hamna i ei kontrollgruppe. Der fekk dei helseundervisning i klasser, med det som skulle vere like mykje merksemd og sosial støtte som TM-gruppa.

Utfall. Over eit tidsrom på 5,4 år hadde TM-gruppa 48% mindre "slag, hjarteinfarkt og død av kva som helst årsak" ut frå ein sam-indeks for slikt.

TM-gruppa hadde også 24% færre dødsfall av hjartesjukdom, kirurgiske prosedyrar for å betre blodtilførsla til ein kroppsdel eller eit organ, og innleggingar på sjukehus for sjukdommar i hjarte og blodkar - etter eit sam-mål, eit composite measure, for desse tinga.

Dessutan fekk dei i TM-gruppa lågare blodtrykk.

Studien syner at TM-teknikken har langtidsverknader opp mot viktige, objektive mål på helsa hos pasientar med alvorlege helseproblem. Det er påvist for TM, men ikkje for andre meditasjonsformer til no.

Schneider RH, Grim CE, Rainforth MA, Kotchen TA, Nidich SI, Gaylord-King C, et al. Stress reduction in the secondary prevention of cardiovascular disease: Randomized controlled trial of Transcendental Meditation and health education in Blacks. Circulation: Cardiovascular Quality and Outcomes. 2012;5(6):750-8. — ◦Heile artikkelen◦Samandrag

Innhald


TM for hjartet, Litteratur  

"Lower blood pressure through Transcendental Meditation practice is associated with substantially reduced rates of death, heart attack and stroke." - ◦AHA (American Heart Association)

"The AHA scientific statement concludes that alternative treatments that include the Transcendental Meditation technique are recommended for consideration in treatment plans for all individuals with blood pressure greater than 120/80 mm Hg." - ◦AHA (American Heart Association

Forsking på TM

TM for hjartet, opp Seksjon Sett Neste

TM for hjartet BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]