Norsk del, Gullvekta
Nokre mytar
Seksjon › 5 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Dette trudde du kanskje ikkje

Å finne fakta, det står jo høgt.

"Du skal ikkje tru alt du høyrer" er gammalt snakk. Mark Twain kom til at problemet med verda er at folk "veit" så mykje utan å ha sett nøye etter i kva grad slikt stemmer. Mange trur dei veit ting, utan å gjere det som skal til for å forvisse seg, nøkternt og greitt. Det finst altså minst éin utveg mot ufundert tru.

Det finst etablerte fråsegner og oppmaningar som "Det er farleg å svømme rett etter eit måltid; ein kan få krampe av det." Saka er: "Det kjem an på -". Maratonsvømmarar et kraftig like før konkurransar, til dømes.

Nokså mykje som ein "trur å vite" rundt om, held ikkje når det blir undersøkt skikkeleg. Fleire vanlege mytar mellom folk har blitt korrigerte i tråd med forsking.

❦❦❦❦

Skravlar kvinner meir enn menn?

Psykologar ved University of Texas i Austin, USA, har undersøkt og komme fram til at både menn og kvinner seier gjennomsnittleg 16 000 ord om dagen. Dersom det ikkje er noko spesielt med texanarar, kan funnet overførast!

Blir ein smartare av å høyre Mozart-musikk?

Den såkalla Mozart-effekten blei kjend i 1993, då fysikaren Gordon Shaw og cellisten og kognisjonsforskaren Frances Rauschner publiserte ein artikkel i bladet Nature. I artikkelen meinte dei å kunne dokumentere at studentar som hadde høyrt litt på Mozart blei flinkare til å kjenne att mønster. Denne oppfatninga er no "fallen" gjennom tru på (den alternative forklaringa) at visse samfunnslag liker å pryde seg med interesse for klassisk musikk.

Bruker vi berre ti prosent av hjernen?

Eit prakteksemplar av ein moderne myte! MR-skanning av hjerner gir ikkje støtte til at mange delar av hjernen ikkje er i bruk. Hjerneskadar syner likeins at mindre delar av hjernen har basale funksjonar. Jfr. Skeptic's Dictionary Urban Legends Reference Page

Tenker menn på sex kvart sjuande sekund?

Neppe! Ei bok med tittelen "What Every Man Thinks About Apart From Sex (kva kvar mann tenker på utanom sex)" har blitt bestseljer i Storbritannia. Alle dei 200 sidene i boka er heilt blanke. Forretningsmotivert spøk til side; det er forskjell på menn. Gjennomsnittstalet - kvart sjuande sekund - er om lag like ofte som ein pustar i fred og ro. Den mest omfattande undersøkinga på området (frå Kinsey-instituttet) har at 54 prosent av mennene tenkte på sex kvar dag eller fleire gongar om dagen. 43 prosent tenkte på det fem gongar i månaden eller nokre få gongar i veka. Fire prosent gjorde det sjeldnere enn ein gong i månaden.

Gir sjokolade kviser?

Sjokolade gir ikkje akne. Fleire studiar har synt at sjølv mykje sjokolade ikkje gir akneutbrot.

Blir hår som blir barbert, lengre og tjukkare når det veks ut att?

Spør folk som har barbert skjegget daglig i sytti år om det stemmer, og kor tjukt skjegghåret deira til sist har blitt!. Eller spør Klara Klok. Helsesøstera seier håret blir ikkje tjukkare for kvar gong ein har barbert det. Når det veks ut, er det så tjukt som før.

Det hender at kvinner og menn tar fram barberhøvelen for å barbere legg, armholer, fjes og andre kroppsdelar, jamvel om dei har blitt fortalt at barbering vil gi ein sterkare hårvokster, og at han kjem raskare og tjukkare tilbake. Men håret gror ikkje raskare og det blir heller ikkje tjukkare om du barberer deg, seier overlege ved hudavdelinga på Universitetssjukehuset i Oslo, Joar Austad til forsking.no. Det er fordi håret som stikk ut gjennom huda alt er daudt, og hårrota vil ikkje merke om tuppen av håret blir klipt eller blir barbert av.

Overlegen fortel at små barn heller ikkje får tjukt og vakkert hår av å bli barberte på hovudet.

Å barbere seg nedantil har blitt rett vanleg. Legg til at mange barberer intime område så hårsekkane blir irriterte og sårbare for farlege bakteriar noko tid i etterkant, og at dei risikerer langvarige plager med byllar og infeksjonar, etter overlege Austad. Han tar også med at heller ikkje voksing og røsking verkar inn på hårveksten i langdrag, i det heile.

[Ida Korneliussen. "Får man mer og kraftigere hår etter barbering?" forsking.no. 8. september 2012.
www.forskning.no/artikler/2012/august/331163

Så . . .

Det er lett å bli offer for gjengse halvsanningar og usanningar. Ved å røkte etter bevisa for ulike framsettingar, kjem ein seg venteleg vidare. Av og til hjelper det å sette seg inn i skeptikarmeiningar også, dvs., "høyre den andre sida" i ei sak. Det er eit godt poeng.

Tenker du no "tja-aa-aa" til noko av dette, så hald fast ved det og forsk vidare derifrå som det høver om det høver.

Innhald


Moderne mytar, Litteratur  

Kjelder: forsking.no, dinside.no, videnskap.dk, debunkatron.com, Skeptic's Dictionary Urban Legends Reference Page, www.klara-klok.no, kk.no, m.m.

Moderne mytar, opp Seksjon Sett Neste

Moderne mytar BRUKARGAID: [Lenke]
© 2008–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]