Norsk del, Gullvekta
Tsjekkiske og slovakiske eventyr  ❀ Innleiing
Seksjon › 43 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Eventyra til tsjekkarane spenner ifrå småbarnsoger til lystige forteljingar om hinmannen. Tsjekkarane har ein tendens til å gjere til lått. I fleire eventyr blir det gjort narr av verdas dårskap, avmakta til andre menneske, og kanskje eins eiga avmakt. Det finst dermed mange dårlege og dumme i desse eventyra, og fjollete kongar som kan tenkast å bryte løfta sine. Trass i desse vil eventyrforteljaren ha fram at dårlege menneske blir overvunne og fjolsa blir utskjemt. Ved slikt blir det næra eit ønske og endatil eit håp om at ting vil ende godt.

I tsjekkiske eventyr blir det ofte leita etter ein tilfluktsstad frå omgivnadar som ofter er rå og barbariske. Det blir skildra omstende der alt er gagnleg og alt som er viktig, endar godt. Då har storarta sanning til sist vunne, og grufulle tyrannar har blitt fjerna. Ganske mange folkeeventyr er utslag av og fører vidare vanlege håp og ønske. (Baudis 1917:xiii-xiii-1)

Tyske og slaviske eventyrversjonar har kanskje felles kjelde bak i tida. Til dømes har "Kloke Manka", som er eit svært omtykt eventyr blant tsjekkarar og slovakar, og som blir rekna for spesielt typisk for folkevisdommen og folkehumoren deira, ein slutt som vi finn vi i ei Talmud-historie langt bak i historia. Eventyret og djevelen som gifta seg med ei skjennekjerring er eit anna tsjekkisk favoritteventyr med røter i Talmud - i dette tilfellet er det historia om dødsengelen Azrael som gifta seg med ei kvinne.

Enda om opphavet til somme eventyr går langt tilbake i tid, og har likskapar med bøhmiske og andre tyske forteljingar, er tsjekkiske forteljingar forma av tsjekkisk bakgrunn, humor, fantasi og andre særmerke.

Innhald


Tsjekkiske og slovakiske eventyr, litteratur  

Baudis, Jesef, oms. The Key of Gold: 23 Czech Folk Tales. London: Allen and Unwin. 1917.

Blekastad, Milada, oms. Tsjekkiske eventyr. Oslo: Samlaget, 1972 (1. utg. frå 1955 heiter Tsjekkiske og slovakiske eventyr) [◦Heile 1972-utgåva]

Czechoslovak Fairy Tales. Retold by Parker Fillmore. New York: Harcourt, Brace and Howe. 1919.

The Shoemaker's Apron: A Second Book of Czechoslovak Fairy Tales and Folk Tales. Retold by Parker Fillmore. New York: Harcourt, Brace and Howe. 1920.

Tsjekkiske og slovakiske eventyr, opp Seksjon Sett Neste

Tsjekkiske og slovakiske eventyr BRUKARGAID: [Lenke]
© 2016–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]