Norsk del, Gullvekta
Tsjekkiske og slovakiske eventyr  ❀ 1
Seksjon › 43 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Dei tre rosene

Det var ein gong ei mor som hadde tre døtrer. Det skulle vere marknad i grannebyen, og ho sa ho ville gå dit. Ho spurde døtrene kva ho skulle ta med tilbake til dei. To av dei sa straks fram ei mengde flitterstas dei ville ho skulle kjøpe til dei. Då dei hadde bedt om meir enn nok, spurde mora den tredje dottera si:

"Og du, vil du ikkje ha noko?"

"Nei, eg skal ikkje ha noko, men vil du det, kan du gi meg tre roser, takk."

Om dottera ikkje ville ha meir enn det, var mora klar til skaffe det til ho.

Då mora no hadde fått vite alt som døtrene ønskte seg, gjekk ho til marknaden. Ho kjøpte alt ho kunne, lessa alt på ryggen, og begynte på heimvegen. Men det blei mørkt før ho kom heim, og ho gjekk vill og fann ikkje vegen vidare. Ho gjekk omkring i ein skog til ho blei heilt utsliten. Til sist kom ho til eit slott, men ho hadde aldri før høyrt det låg noko slott der. Der var ein stor hage, full av roser. Dei var så vakre som om dei smilte til ho, alle saman. Så kom ho i hug at yngstedottera si hadde ønskt seg nett slike roser. Ho hadde gløymt det heile til då. Det var vel fordi ho var blitt så gammal! No tenkte ho: "Det er nok av roser her, så eg vil ta desse tre."

Så gjekk ho inn i hagen og plukka rosene. Med det same kom ein basilisk* og kravde dottera hennar i byte for rosene. Mora blei livredd og ville kaste frå seg rosene, men basilisken sa det ville ikkje vere hjelp i det, og truga med å rive ho i filler. Så måtte ho love å gi han dottera; det var inga hjelp for det, og dernest gjekk ho heim.

*Basilisk: fabeldyr i både gresk og europeisk mytologi og folketru. Han blir skildra på fleire måtar i ulike kjelder - med øgleform, ormeform, drakeform og anna,- ofte med ei lita krone på hovudet. ⸺ Byen Basel i Sveits har jammen ein basilisk som tradisjonelt vernevesen og symbol.

Ho gav dei tre rosene til dottera si og sa: "Her er roser, men prisen for dei blei dyr. Du lyt gå til slottet borti skogen som betaling for dei, og eg veit ikkje om du kjem att nokon gong."

Men det verka ikkje som om dottera hadde noko imot alt dette - ho sa ho ville gå dit. Dermed tok mora ho med til slottet. Der var alt gildt og lyst. Snart dukka basilisken opp og fortalde jenta at ho laut pleie han på fanget tre timar kvar dag. Det var ingen veg utom; ho laut berre gjere som han sa. Så pleidde ho han i tre timar. Dernest gjekk han ut. Men han kom att dagen etter og dagen etter det. Den tredje dagen tok han eit sverd og sa til jenta at ho skulle kappe av han hovudet.

Ho mælte imot; ho var ikkje van med å gjere slikt noko; ho makta det slett ikkje, sa ho. Basilisken blei harm. Om det var slik fatt, skulle han rive ho i fillebitar, sa han. Då var det ikkje anna val; jenta gjekk bort til han og kappa av han hovudet. I det same det rulla ned på bakken, kom det fram frå kroppen hans ein lang orm med gullnøklar i kjeften. Ormen kveste fælt; men ho skjøna han sa at ho skulle kappe av han hovudet ein gong til.

Jenta drygde ikkje denne gongen, men kappa hovudet av han med éin gong.

Ormen blei straks til ein vakker ungdom. Han plukka opp gullnøklane og sa vennleg: "Dei er til slottet. Det er eg som eig det, og sidan du har berga meg, lyt vi gifte oss."

Så blei det halde eit storveges bryllaup med slottet fullt av tenarar og musikk. Gjestane svinga seg i dansen, men golvet var av papir. Eg fall gjennom det, og her er eg no.

Innhald


Tsjekkiske og slovakiske eventyr, litteratur  

Kjeldene: [Tilvisingar]

Tsjekkiske og slovakiske eventyr, opp Seksjon Sett Neste

Tsjekkiske og slovakiske eventyr BRUKARGAID: [Lenke]
© 2016–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]