Norsk del, Gullvekta
Tusen og éi natt  ❀ Innleiing
Seksjon › 62 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Aladdin
Aladdin med den gilde lampen

Innleiing

Mange slags forteljingar har fungert som tidtrøyte i mørke netter der gamle og unge fekk det kjekkare i lag med historier og visdomsord enn utan. Gode historier gler stadig.

Frå bokhistoria

Boka om tusen og éi natt (arabisk: Kitab alf lailah wa lailah, persisk: Heza-r-o yek sab) er ei samling gamle historier. Mange er frå Egypt. Andre kjem frå land omkring i Orienten og austetter. Den forma dei har i dag - med mange hundre forteljingar fletta inn i kvarandre i rammeforteljingar - er frå mellomalderen.

Slik er boka: Historia startar med at den persiske Shahryar er konge på ei øy mellom India og Kina. Han blir så såra av at kona hans er utru at han drep ho. Etter dette trur han at alle kvinner er like eins, og gir vesiren sin ordre om skaffe seg ei ny brud kvar natt, og etter den første natta blir bruda avretta ved daggry. Dette held fram like til dottera til kongens vesir, Scheherazade, blir gift med kongen, og skåna. For ho hadde ein plan: ho ville fortelje fengande historier og passe på at ingen av dei slutta ved daggry. Det viste seg at kongen blei spent på å høyre kvar soge til slutten, så ho fekk leve til neste natt – og neste og neste, i over to og eit halv år. I den tida fødde ho han tre søner, og då ho omsider gjekk tom for historier, var kongen blitt så glad i henne at ho fekk leve.

Samlinga voks fram frå mange kjelder. Alt omkring år 750 fanst ei bok som heitte Tusen forteljingar (persisk Hezar Afsaneh). Desse forteljingane var seinast år 800 omsett til arabisk som Alf Khurajah. I omsettinga finst forteljinga om kongen, vesiren, dotter til vesiren og amma hennar. Dottera heiter Sjeirasad. Verket gjekk etter kvart over til å bli heitande Tusen netter (Alf lailah, og seinare Boken om tusen netter og ei natt (Kitab alf lailah wa lailah).

Vi kjenner lite til korleis verket utvikla seg i arabisk-talande delar av verda. Men det er klart at det var vidt utbreidd i Orienten, og det blir dessutan nemnd i indiske og arabiske skrifter i den tida.

Waldemar Brøgger (1911-91) framhevar Abu Abd-Allah Muhammed ben Abdus el-Gahsjigari - som skal ha levt før år 900 - som den som samla mange av forteljingane og gav verket den forma det har no: Abu tok det han ønskte frå fleire variantar og forteljingar og historiebøker som fanst mellom arabarane då, og sette saman. Men det finst også gjentakingar i verket som ikkje støttar at verket har blitt redigert av éin mann.

Ein tenker seg no at verket hadde funne den endelege forma si på 1400-talet. Det ligg føre i handskrifter frå den tida, med dei første trettitre og ein handfull andre av historiene.

Boka i Vesten. Verket blei kjent i Vesten då Antoine Galland i 1704�1717 gav ut ei fransk omsetting av eit manuskript som no er gått tapt. Han la også inn historier frå andre kjelder. De to kanskje mest berømte historiene, "Aladdin og lampa" og "Ali Baba og dei førti røvarane", er blant tillegga hans.

Den første fullstendige arabiske utgåva blei gitt ut i Kolkata (før kjend som Calcutta) frå 1839 av W. H. Macnaghten. Omsettinga til Waldemar Brøgger som kom ut første gongen i 1950 og siste gongen i 1985, har brukt Kolkata-utgåva som referanse.

I Vesten i dag finst ei mengde omsettingar. Somme er frå heile verket, og somme seiast å vere betre enn andre på visse måtar. Ei ny engelsk omsetting av Malcolm og Ursula Lyons går for å vere heile verket, og har klare fordelar framfor konkurrentar.

På innhaldssida

Tusen og éi natt serverer historier som spenner frå historiske forteljingar, noveller, anekdotar, kjærleikshistorier, visdomsord, skrøner, humoreskar og tragediar og religiøse legender, og ei rekke korte og lengre dikt. Historiske personar er skrivne inn i historiene; som Harun al-Rashid som var kalif i Bagdad (daud 24. mars 809).

Mange kjenner Tusen og éi natt som redigerte eventyr som høver barn og unge, men det fullstendige verket femner vidare, og tar ofte med frodige, erotiske skildringar, og kvir seg ikkje for å skildre menn og gutar som lekre og gjere mykje ut av det.

Historier frå Persia, India, Egypt og Arabia er mellom tilfanget. Språket er ikkje høglitterært, meir folkeleg. Det har likevel ein del frasar som, ordrett omsette, blir overstadig pompøse i mange utgåver.

Mange reknar det slik at kjernetilfanget i dag er på 270 forteljingar, med tretti-femti andre forteljingar, vers og fablar i tillegg. Det er ulikt kva ulike omsette utgåver har med. Fleire omfangsrike omsettingar av "Tusen og éi natt" unnlèt blant anna å ta med alle dyrehistoriene i verket. Dei fablane er neppe av reint arabisk opphav, skriv Brøgger, og meiner at dyrefablane i boka "stammar sannsynlegvis frå Persia og India." Det er han ikkje aleine om. Og dei er ikkje tilfeldig lagt til i boka lenge etter mange andre, for dei har vore med i den opphavlege arabiske "Tusen forteljingar". Det skriv ein arabisk forfattar i året 987:

Dei første som samla forteljingar i bøker og laga heile samlingar av dei, og deriblant også dikta dyrehistorier, var dei gamle persarane . . . Arabarane omsette desse forteljingane og lagde gode og vakre tilverkingar av dei; liksom dei også skreiv bøker med liknande innhald. Det første verket av dette slaget var "Tusen forteljingar". [1 s 292-230]

Dyreeventyr, giftemål og kjærleiksscener

Waldemar Brøgger i 1964, Frå Wikipeda.
Waldemar Brøgger (1911–91). Foto frå 1964

Dei arabiske dyrehistoriene er ikkje særleg ordknappe. Midt i kritiske situasjonar i forteljinga tar dyr til å seie fram visdomsord og dikt om plikt til å hjelpe kvarandre i nøda, og det "i det vide og det breie", fortel Waldemar Brøgger, som har omsett verket til norsk på sitt vis. Han tenker mange langdryge filosoferingar i kritiske situasjonar vil vere urimeleg kost i her og no, enda om dei kan skildre kva for grunntankar som har bore fram kultur og skikkar, kva folk har akta før, til dels i knallharde kår.

Brøgger sløyfa slike utleggingar og filosoferingar i sin tekst, "Boken om tusen og én natt", mellom anna fordi han fann dei att andre stadar i verket. Ved å knappe ned på sogene så handlingane i dei kjem godt til syne, kunne Brøgger samle kjempeverket i seks bind. Som han skriv: "Originalen vrimlar av gjentakingar; eksempelvis kan nemnast bryllaupsscenene. Ei detaljert skildring av eit bryllaup - der brura går omkring i dei sju brurekjolane - står første gongen i historia om Nureddin og Sjamseddin." [Brøgger 1985, bd 2, s 230-31]

Brøgger (1985) kommenterer:

Når det i dei seinare forteljingane blir feira bryllaup, som omstendeleg blir skildra på ganske nøyaktig same måten, nøyer eg meg med eit knapt vink. Dermed skulle lesaren ikkje gå glipp av anna enn gjentaka . . . til gjengjeld kjem denne norske utgåva visstnok til å omfatte fleire forteljingar enn noka utgåve som no er å få i heile verda - dei arabiske originalane ikkje unntatt. {ibid, s. 231]

Fleire omsettingar

Det finst fleire andre kjende omsettingar av Tusen og éi natt som ein nordbu vel kan lese, både på dansk og engelsk, til dømes, men det er ikkje sikkert dei er noko særleg vellykka etter dagens standardar for omsettingar. I våre dagar skal det vere "dynamisk ekvivalens" i stor grad, slik Brøgger i grunnen forsøker å få til, som talsmann for "tilmåta, helst likeverdige inntrykk" ifrå den arabiske verda til mottakarane. I den freistnaden omset han til dømes sheikh til 'gamling', syner korfor, og kva han meiner med det. Sheikh tyder elles mykje anna.

På engelsk. Ei ny engelsk omsetting av Malcolm og Ursula Lyons går ut frå Kolkata-utgåva frå 1839, som Brøgger også gjorde, og går for å vere heile verket. Denne utgåva kan ein godt ha til jamføring eller samanlikning når ein føretrekker engelsk. Tidlegare omsettingar av heile verket kan skuffe ein på ulike måtar. Jamfør omtalen av dei seksten banda i Sir Richard Burtons engelske omsetting hos Amazon.com, for eksempel. Der Brøgger gir magre vink og ymt om seksuelt samkvem, blir Sir Richard meir pornografisk, går det fram.

På dansk. Nokre av omsettingane før Brøgger er svulmande og til dels bokstavlege på godt og vondt - og vel mest det siste for eit litterært innstilt menneske. På dansk finst Mogens Boisens seksten-bands danske 1001 Nats Eventyr og Johannes Østrup si omsetting, Tusind og een Nats Æventyr (1928) på seks store band. Dei kan trenge avløysarar, for dei er slik at mellom danskar i dag der det eit "stærkt behov for en ny direkte oversættelse", står det i dansk Wikipedia.

På svensk. I Sverige omkring 1900 omforma Anna Wahlenberg (1858-1933) eit utval soger, nok til tre band kalla Sagor ur tusen och en natt. I 1990 kom samlinga hennar ut i nytt opplag. [Svensk Wikipedia, s.v. "Tusen och en natt"]

På norsk. Brøgger si seksbands-omsetting blei først gitt ut i 1950 og på ny i 1967 og 1985. Eit utval Brøgger-omsette eventyr kom i form av ei redigert tobandsutgåve på Den norske bokklubben i 1988-1989. Det finst også fleire mindre utgåver og omarbeidde barneutgåver.

Sex og vald lyt taklast. Opphavet vrimlar av sex og vald, av frodige, erotiske skildringar og våpenbruk i autoritære former. Den flotte erotikken blir handtert i omsettingar enten ved at sterke scener blir fjerna, eller at ein går motsette vegen. Richard Burton si omsetting til engelsk har blitt klandra for det siste, til dømes. Noko anna er at det grufulle åket som kallast slaveri eller trældom blir tatt for gitt og ikkje kasta, og at forholda er gjennomsyra av dette. Fleirkoneri florerer også, og religiøse skikkar som er annleis enn folk flest går inn for i Norden i dag. Det gjeld det store fleirtalet av muslimar i Vesten også, om ein tar tak i spørjeundersøkingar som syner mest alle vil leve i demokrati. Det er mange sider ved dette, og til dels om og men. Eg lar det ligge.

Tilpassingar i tillegg. Det er lov å omarbeide forteljingar og gjere dei meir heimlege også, som i englehistoria vår. Det er også lov å gjendikte og gi forteljingar ein og annan liten vri når ein ikkje er under kontrakt som omsettar. Historia om kongen og den gjestfrie gardbrukaren har eg forma som døme. Når det kjem til stykket, har både diktar og gjendiktar lov til å hente og omforme og vidareforme underhaldninga si ganske fritt. Det gjorde arabarar bak Tusen og éi natt også . . .

I eventyrhistoria florerer det med døme på denne tilpassingstradisjonen, der eventyr frå bortom berga blir karva til så dei glir godt inn i heimlege rammer og hugar med det dei spelar på. Brøgger er borti det når han speler på skandinaviske omgrep som jotnar og troll i somme forteljingar for å tilpasse teksten noko. Tilfanget hans går for det meste ikkje utanfor dei gamle rammene likevel. [Uther]

Innhald


Tusen og éi natt, 1001 natt, arabiske netter, Tusen og en natt, soger, litteratur  

Nokre ord: Andre tider og forhold har sine eigne ord og uttrykk. Omsettingar frå slike forhold, ord og vendingar derifrå, får ein forklare, la det vere, eller velje ein slags mellomting. Brøgger har løyst flokane bra, synest eg. På engelsk har Sir Richard Burton mange notar, Edward Lane har også det. Desse to blir tilrådde i den siste, bra omsettinga til engelsk, av Lyons og Lyons; dei to har funne det greiast med eit knapt noteapparat.

Twig

Brøgger, Waldemar, tr. Boken om tusen og en natt. Band 1-6. S. A. Spain: Triangle Commercial Corporation, 1985. ⍽▢⍽ Godt verk. Ein finn også utgivingsstaden Oslo for seksbandsverket, og frå same året.

Brøgger, Waldemar, tr. Tusen og en natt. Oslo: Cappelen, 1989. ⍽▢⍽ Eit utval av eventyra med noko oppfriska språk, gitt ut på Cappelen og Bokklubben.

Burton, Sir Richard, tr. The Book of the Thousand Nights and a Night. The Book of The Thousand Nights and a Night.. 10 Volumes. (1882-84) Privately Printed, Burton Club, 1970. Ei nettutgåve: [www.wollamshram.ca/1001/index.htm] ⍽▢⍽ Med døme på utbroderte forteljingar i sex-vegen av ein omsettar av indiske og nord-afrikanske sex-manualar.

Burton, Sir Richard, tr. Supplemental Nights. Six Volumes. (1886-88) Privately Printed, Burton Club, 1970. Nettutgåve: [www.wollamshram.ca/1001/Sn_1/vol11.htm] ⍽▢⍽ Fleire omsettingar som blei haldne for vågsame inntil pornografiske i samtida hans. Men det er dei snautt i vår tid. Språket er ofte fælt konstruert.

Lane, Edward, tr. One Thousand and One Nights. Vol 1. London: Chatto & Windus, 1912. ⍽▢⍽ Meir rett fram omsetting, utan så mange detaljar som Burton.

Lane, Edward, tr. One Thousand and One Nights. Vol 2. London: Bickers and Son, 1877.

Lane, Edward, tr. One Thousand and One Nights. Vol 3. London: Bickers and Son, 1877.

Lang, Andrew, ed. The Arabian Nights Entertainments. London: Longmans, Green and Co, 1918. ⍽▢⍽ Døme på glatta, forsnilla og eventyraktige forteljingar.

Lyons, Malcolm C., with Ursula Lyons. The Arabian Nights: Tales of 1001 Nights. Introduction by Robert Irwin. Vol. 1- 3. Paperback ed. London: Penguin, 2010. ⍽▢⍽ Til tidtrøyte for unge og unge av sinn over atten. Denne kan eg tilrå blant eit trettital engelske omsettingar og versjonar, enda om overskrifter til sogene manglar i teksten. Men namn på sogene står i registera bak i bøkene så ein kan leite dei fram. Jf.
www.guardian.co.uk/books/2008/dec/27/arabian-nights-malcolm-c-lyons

Mardrus, Joseph Charles, and Powys Mathers. The Book of the Thousand Nights and One Night. Vols 1-4. Paperback ed. London: Routledge and Kegan Paul, 1986. ⍽▢⍽ Boka har godt ord på seg, men ein skulle vel vite at Mardrus la inn eigne fantasiar i stoffet, så den velskrivne boka er ikkje heilt som ho gir seg ut for: ikkje noka rein omsetting.

Payne, John, tr. The Book of the Thousand Nights and One Night. 9 Volumes. London: For Private Subscribers, (1882-84). Delhi-utgåva, 1901.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004. ⍽▢⍽ Ein finn skisser og samanlikningar av ei mengd eventyr, og somme kjem ifrå Tusen og éi natt.

Tusen og éi natt, 1001 natt, arabiske netter, Tusen og en natt, soger, opp Seksjon Sett Neste

Tusen og éi natt, 1001 natt, arabiske netter, Tusen og en natt, soger BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]