Norsk del, Gullvekta
Tusen og éi natt  ❀ 1
Seksjon › 62 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Sanndrøymd

Det var ein gong en rik mann i Bagdad som hadde mista alt han eigde, og klarte å overleve berre ved hardt arbeid. Ei natt han sovna med tungt hjarte, såg han i ein draum nokon som sa til han: "Lykka ventar deg i Kairo. Dra dit!"

Han drog av stad til Kairo. Då han var kommen dit, blei det kveld, og han fann seg ein stad å sove. Like etter kom ein flokk røvarar inn der og braut seg derifra inn i eit hus ved sida av. Eigaren ved sida av høyrde dei og tilkalla politimeisteren. Røvarane kom seg vekk; men då politimeisteren og folka hans kom inn i bygget der mannen frå Bagdad låg og sov, tok dei han med seg og sette han i fengsel. Der sat han i tre dagar. Då henta politimeisteren han og spurde korfor han hadde komme til Kairo.

"Eg drøymde at nokon kom til meg og sa at lykke venta på meg i Kairo", svarte mannen. "Men alt eg har fått her, er låkt så langt."

Politimeisteren lo så ein kunne sjå visdomstennene hans, og svarte: "Du er då en retteleg tosk, også! Heile tre gongar har eg drøymd at ein mann kom til meg og sa at i Bagdad, i det og det kvarteret, ligg det eit hus som ser slik og slik ut. Nedst i hagen ved huset er det eit vassbasseng, og under det ligg det en stor skatt. Men trur du eg har vore så dum å dra av garde for dét? Ein skal aldri tru slikt narreri!"

Politimeisteren gav han nokre pengar så han kunne klare seg heim att til Bagdad. Men då mannen kom heim, gav han seg til å grave under vassbassenget i hagen sin; for det var huset hans som politimeisteren hadde skildra, og han fann ein stor skatt likevel.

(Attgiving)

Innhald


Tusen og éi natt, 1001 natt, arabiske netter, Tusen og en natt, soger, litteratur  

Tusen og éi natt, 1001 natt, arabiske netter, Tusen og en natt, soger, opp Seksjon Sett Neste

Tusen og éi natt, 1001 natt, arabiske netter, Tusen og en natt, soger BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]