TydingskunneÅ tyde kan vere det same som å tolke. Å tyde inneber å gjere skjønleg, finne meininga eller innhaldet i noko; forklare, tolke. Å tolke er også å forklare, greie ut, gjere meiningar forståelege, gjere innhald forståeleg, eller å gi uttrykk for noko. Ein skal vere på gyngande grunn når ein tyder. Dermed gagnar det for det meste og dei fleste å vite korleis ein går fram sikrast råd der det gyngar under føtene på ein: Ein fare er å lese inn i teksten eller hendinga noko som er i ein sjølv men ikkje nøvendigvis eller alltid der. Då projiserer ein kanskje. Ein annan fare er å ikkje finne ut av kva som er bodskapen, om der er nokon. I feltet mellom desse ytterpolane skal ein då få til noko fornuftig, iallfall ganske rimeleg å sjå til, og helst i samsvar med hovudoppfatningar blant dei med høg status. Slik er det ofte. Men ein skulle også lære seg å tyde og tolke hendingar og tekstar til gagn for seg sjølv og for sine. Det er er ein eldgammal aktivitet med mange former. Somme går for overtru i dag, eller folketru. Å tyde er ein samansett kunst, og kan kreve lang trening. Ei vandring startar med første steget, og så setter ein eine foten framfor den andre. Det er framgang.
HermeneutikkDen hermetiske mannen skyr boksopnaren. - Arnold Eidslott (1926–2018), norsk lyrikar. Noko av tydingskunsten er å ikkje forveksle hermenaut med hermeneut, eller hermeneutikk med hermetikk (begge har trykk på -tikk) Hermenaut (hermande naut) har trykk på første leddet (tonelag 2), og hermeneut (engelsk for teksttolkar) har trykket på he og engelsk uttale. (Jf. Wikipedia, "Tonelag 2"; Merriam-Webster) Eidslott's 'hermetisk' kan tydast som 'vrien å fatte', men det skal ikkje vere den gjengse oppfatninga av hermetikk. Hermetikk bør og skal ha godt påklistra etikett, innhaldsdeklarasjon og best-før-dato med vidare - så slikt skulle ein passe på å få med seg, og aller helst før ein opnar eller vågar seg til å smake på det litt tvilsame innhaldet - eller verre: det merkelege innhaldet. Med hermetikk lyt ein altså passe på kva ein har med å gjere. Med hermeneutikk er det ganske likeins på eit vis, i det at det finst parallellar. Hermeneutikk, som er tolkingskunst, tolkingslære, forklaringskunst, er oppkalla etter guden Hermes. Han uttrykte, forklarte og tolka bodskap. Hermeneutikk er eit rikt felt å gi seg i kast med. Det ber mange slags fagdisiplinar i seg, og er i seg sjølv også ei filosofisk retning. Det er utvikla både tolkingsteori og tolkingspraksis. Tydingskunne heng saman med fenomenologi, som også er eit mangslungent felt med mange filosofiske tankar bak seg. Ein prøver å forstå og tolke . . . og fleire framgangsmåtar er utvikla for det. |
Braute, Eldbjørg, og Dagfinn Nåden. Fenomenologisk-hermeneutisk tilnærming i sjukepleieforskning. Oslo : Universitetsforlaget, 1992. Hall, Calvin Springer. The Meaning of Dreams. New ed. New York: McGraw-Hill, 1966. Jung, Carl Gustav. Dreams. Oms. R. F. C. Hull. Princeton, NJ: Bollingen / Princeton University Press, 1974. Jung, Carl Gustav. Drømmetydninger. Utval og omsetting ved Ove Steen. Oslo: Pax, 2007. Mueller-Vollmer, Kurt, ed. The Hermeneutics Reader. Texts of the German Tradition from the Enlightenment to the Present. New York: Continuum, 2006. Rowland, Susan. C. G. Jung and Literary Theory: The Challenge from Fiction. London: Macmilla Press, 1999. Rowland, Susan, red. Psyche and the Arts: Jungian Approaches to Music, Architecture, Literature, Painting and Film. Hove, East Sussex: Routledge, 2008. Sugg, Richard P., red. Jungian Literary Criticism. Evanston, ILL: Northwestern University Press, 1992.
Sundland, Egil. "Det var en gang – et menneske" Oslo: Cappelen Akademisk Forlag, 1995.
|
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] © 2007–2018, Tormod Kinnes. [E-post] ᴥ Ansvarsfråskriving: [Lenke] |