NORSK DEL, GULLVEKTA  

Plantekurar

 15 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Plantekurar, urtekurar

Ein vill bjørn som har blitt forgifta av bulmeurt, bruker dei friske røtene av carlinatistelen som medisin. - William A. R. Thomson
Noe har ein bamse innefrå (instinktivt) enda om den ikkje alltid handlar rett overfor bulmeurt. Men det går også an å lære kva som ventelig gir vinst, og la vere å skvatre-tilpasse seg i eit sig som gir langsiktige tap lange vegar. Hovudting først, heiter det. Og kanskje heilt nære ting først også.
Folk tillegg størst lækjande kraft til drogar som kjem lengst vekkefrå, drogar som kostar mest. Med mi lange erfaring har eg teke til å tru at folk går til verdas ende for å leite etter noe dei kunne finne like på sin eigen dørstokk, kunne vi berre lære å stole på naturen [på dørstokken, vel? :)].
  - Maurice Mességué, fransk urtemann

Strålande rettferdiggjøring av både meldrøyeekstrakt og britiske fødselslegar -

MELDRØYE er kvilestadiet for soppen Claviceps purpurea, ein parasitt som veks på rug. Meldrøye har vist seg å vere verksam undar fødsel, mot migrene og i andre tilfelle.
      Mot slutten av det 1500-talet meldte ein tysk lege at meldrøye blei brukt av jordmødre for å skunde på fødsel.
      I 1808 offentliggjorde doktor John Stearn i New York ein rapport, "An Account of Pulvis Parturiens". I den tilrådde han eit pulver for å skunde på fødslar, og den verksame ingrediensen i pulveret var meldrøye. Ein av fordelane ved det var at det minska faren for ein frykta komplikasjon, nemlig blødningar ettar at barnet var født.
      Etter kvart blei bruk av meldrøye i form av flytande ekstrakt nesten rutinemessig brukt under siste fødselsstadium.
      Farmasøytindustrien bad dernest forskarar om å isolere den verksame ingrediensen. Forskarane hadde god framgang, men skjøna ikkje kor komplisert meldrøye er kjemisk sett.
      I 1906 hevda eit britisk farmasøytisk firma at dei hadde isolert det verksame alkaloidet, og kalla det ergotoksin. Tolv år etter kom eit sveitsisk farmasøytisk firma med den samme påstanden og kalla alkaloidet sitt ergotamin.
      Det fekk no vere som det var, britiske legar og jordmødre nekta å ha noe å gjøre med noen av stoffa og heldt seg til det vanlige preparatet ifrå den britiske farmakopéen: flytande ekstrakt av meldrøye.
      Det medisinske forskningsrådet måtte til å få klarleggje tinga. Dei fann både det britiske og det sveitsiske farmasøytfirmaet hadde tatt feil: Sjølv om ergotoksin og ergotamin stimulerer livmora sterkt, er dei relativt uverksame når dei blir gitt gjennom munnen (oralt) slik det var skikken.
      Nei, meldrøye-virkninga kom av eit anna alkaloid, som ein av medlemmane av det britiske forskningsrådet fann fram til (isolerte). Dette alkaloidet fanst i den flytande meldrøyeekstrakten som britiske og det sveitsiske firma hadde forkasta, men som britiske legar og jordmødre alså heldt fast ved. Det kom godt med for alle barselspasientane deire.
      "Resultatet var ei strålande rettferdiggjøring av britiske fødselslegar." [Kjelde: Thompson]


Det kan vere verdiar i mygla brød

Norske yrkesfiskarar og mygla brød

FAR fortalte at når dei dreiv sjøen og fiske langt ute ifrå kysten, hadde dei med seg mygla brød til å ha på sår dei fekk. Dette kaverte han for var til hjelp der ute. Han kom alltid levande heim att frå slike ferder. Laug han? Suggerte fiskarane kvarandre? Eller?


Sir Alexander Fleming og penicillin (korleis geniet arbeider)

DEN SKOTSKE bakteriologen Sir Alexander Fleming (1881-1955) let ein gong ei plate med bakterikultur stå ope framme ei helg. Inn gjennom ope vindauge og ned på plata sigla ei spore av sopparten Penicillinum mens Dr. Fleming tok ferie. Han kom attende og oppdaga at bakteriane hans ikkje hadde grodd. Han kom til at noe hadde hindra dei i det.
      Han sat såleis med det ein kallar ei forureina kulturplate i laboratoriet sitt i St. Mary's Hospital Medical School. Det førte til at penicillin blei oppdaga, og penicillin har berga livet til mang ein sidan, ved at det drep uønska bakteriar. Penicillin er ein grøn muggsopp. Du kan finne muggsopp på ei mygla brødskive eller visse typer fransk ost.
      Oppdaginga til Fleming var ikkje følgje av målbevisst medisinsk forskning, men av relevante observasjonar i eit tilfelle der kanskje 99 av hundre bakteriologar hadde kassert den forureina vekstplata utan vidare.
      Det tok deretter over ti år før penicillin kunne etterliknast syntetisk ("ein klosset, kostbar imitasjon") og produserast i stor stil. Som følgje av oppdagingane rundt penicillin fekk Alexander Fleming og to andre britiske forskarar Nobelprisen. [Kjelder. Thomson, p 186 f o.a.]


Dr. Fleming tek imot hylling

NOEN ÅR etter hadde Fleming blitt berømt, og blei vist rundt i noen nye laboratorer i USA. Dei var imponerande for si tid, med air-conditioning og tette vindauge.
      "Ah," skal Fleming ha sagt, "de forstår eg aldri ville ha gjort oppdaginga mi under desse forholda, dei er for reine!"


Ikkje med nasen for høgt i sky

"Bygdestoff

ANEKDOTE PASIENTEN var til lege for første gong. Legen spurde:
      "Kven var du til før du kom til meg?"
      "Berre bygde-lirkaren vår."
      "Og kva slags låttelig råd gav den tomsingen deg?" spurde legen. Både tone og snakkemåte la for dagen heftig forakt for lekmannsråd.
      "Vel," sa pasienten hans utan vondt i hugen, "Han sa eg skulle gå til deg."
  • Kan vi ikkje le av oss sjølv, kan det vere eitkvart gale med oss.

Urtedrikken til ei gammal kone

I 1775 blei Birminghamlegen William Withering bedt om å sjå til ei gammal kone. Ho var heilt opphovna av vatersott. Han slo fast at ho ikkje hadde lenge att å leve. Eit par veker etter forhørte han seg om henne. Då fekk han høre at ho hadde komme seg heilt greit. Ho sa det kom av ein urtedrikk som ei gammel kone i Shropshire hadde brygga.
      Doktor Withering analyserte den teen. Den var samansettt av tjue ellar fleire ulike urter, kom han til, og slo fast at den verksame urten ikkje kunne vere noen annan enn revebjella. Ti år seinare la han ut i ei berømt avhandling om 163 tilfelle og "påviste verdien av revebjelle (Digitalis purpurea) i behandlingen av hjertesvikt", skriv William Thomson.
      NB: Revebjelle er giftig.
Fakta: Digitalis, den verksame ingrediensen som trekkast ut av blada på revebjelle, er enno mellom dei fremste medikamenta mot hjertesjukdommar, over 200 år etter Dr Witherings gjennombrot.

BØLGJE

Litteratur  
      Vib: Ulltveit, Gudrun. Ville bær. 4. opplag. Oslo: Damm, 2001.
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
  ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
  © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]