Norsk del, Gullvekta
Sukra lykke: Lykkepiller
Seksjon › 5 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Sukra lykke: Lykkepiller

75 prosent av verknaden av lykkepiller kjem av trua, heiter det.

Ein sukkerpille kvar morgon kan lindre depresjon iallfall om trua er sterk. Sukkerpiller hjelper nesten like godt mot depresjon som lykkepiller. Det syner ein amerikansk studie, der forskarane har funne ut at verknaden av lykkepillen mest av alt kjem av pasientane si tru på pillen, ikkje sjølve pillen.

Analysen deira femner over 2300 pasientar og syner at heile 75 prosent av verknaden av lykkepillen kjem av trua på medikamentet. Berre 25 prosent kjem av innhaldet i pillen. I kroppen setter trua på pillen i gang ein kjemisk prosess som dempar depresjon, same om pasienten får lykkepiller eller narrepiller (placebo).

Even Lærum er professor i allmennmedisin og ein av Noregs fremste ekspertar på området. Han trur overfor TV 2-Nyheitene at resultatet av undersøkinga er nyttig; og han synest lykkepillen er litt vel mykje brukt - Nesten 100 000 norske kvinner og menn tar antidepressive medikament dagleg.

Basert på tekst av Olav Sundvor. Den blei første gong publisert i TV 2 den 24. september 1999. [◦Sjekk]

Nærare om lykkepiller

Lykkepillar er medisinar mot depresjon, og først og fremst ei gruppe medisinar som blir kalla selektive [utveljande] serotonin-reopptakshemmarar (SSRI). SSRI-medikamenta blir brukt mot både depresjon, angst og tvangstankar. Dei har ikkje så alvorlige og mange biverknadar som "eldre" medisinar mot depresjon, men dei er ikkje heilt ufarlige av den grunn. Dei vanlegaste biverknadane er fordøyingsplagar, kvalme og sveitting. Minska evne til å reagere med kjenslene - å ha kjensledemping - er også ein biverknad. Dei første vekene med SSRI-medision kan det i somme tilfelle kom auka angst med aukande sjølvmordstankar og i i somme tilfelle også direkte sjølvmordsforsøk, så tett oppfølging er naudsynt.

Lykkepillar i handelen i dag: Citalopram (Cipramil); Escitalopram (Cipralex); Fluoksetin (Fontex, Prozac); Fluvoksamin (Fevarin); Paroksetin (Seroxat); Sertralin (Zoloft).

Namnet "lykkepille" kjem venteleg av at somme som hadde vore hemma og sky (med sosial angst, kronisk lett deprimerte), kjende seg friare, meir utetter-vende og glade på SSRI.

Sukker - like effektivt som lykkepiller også

- og så har ikkje sukker mange vonde kjemiske biverknadar å snakke om.

Etter fleire tusen studiar av piller mot depresjon, etter hundrevis av millionar reseptar i Amerika og tiltals milliardar dollar frå sal, står dette klart: Antidepressiva (medisin mot depresjonar), som Prozac, verkar. Det same gjer sukkerpiller.

Forskarar har analysert testar som medisinprodusentane har gjort de siste par tiåra. Undersøkingane deira har vist at placebo - også kalla narremedisin - som blir gitt ei kontrollgruppe under testane, kan verke like bra og mange gongar betre enn "kjemikaliecocktailar" i behandling av depresjon.

Placeboeffekten er velkjent i medisinsk forsking. Pasientar kjenner seg betre enda om dei berre får medisin som er heilt utan nokon fysiologisk verksam effekt. Pasienten veit då ikkje at dei får placebo. Det som dei nye undersøkingane viser er at placeboeffekten er sterkare i behandling av depresjonar enn annan sjukdom.

Seattle-psykiateren Arif Khan har undersøkt 96 testar av antidepressiva i perioden 1979-1996. I over halvparten av testane verka sukkerpillene minst like godt som dei ekte pillene, refererer Aftenpost-journalisten Kurt Haugli.

Det forundra ekspertane i tillegg at sukkerpillene førte til endringar i same del av hjernen som dei kjemibaserte pillene. Professor Andrew Leuchter publiserte i januar ein studie i American Journal of Psychiatry, og der spora han enkelte av endringane i hjernen som kjem saman med drugs som Prozak - ein av dei "selektive serotonin-gjenopptak-hindrarane". Då Leuchter samanlikna med hjerneendringane i pasientar som fekk placebo, fann han at mange av dei viste endringar i dei delane av hjernen som ein trur kontrollerer viktige delar av stemningane våre.

I studien sin fann han at dei som blei betre av placebo, hadde meir aktivitet i framre pannelapp (the prefrontal lobe), og den aktiviteten heldt fram å auke gjennom dei åtte vekene studien varte. Hos dei som reagerte positivt på kjemisk medisin frå starten av, var aktiviteten i fremste pannelapp (prefrontal lobe) svakare - så auka aktiviteten der før den dabba av (dalte).

Framleis verkar dei kjemiske sakene best for ein del personar, men funna tyder på at effekten av lykkepiller er overdriven både av legar og legemiddelfirma, skriv Kurt Haugli i ◦Aftenposten, når han summerer frå ein artikkel i ◦Washington Post.

Ikkje betre enn narrepiller

Dagbladet og NRK fortel 26 februar 2008 at ein fersk studie, publisert i legetidsskriftet PloS Medicine viser at berre eit fåtal alvorleg deprimerte har nytte av å stå på antidepressive middel.

Millionar av menneske som tar vanlege antidepressive middel som Seroxat eller Prozac (i Noreg marknadsført under namna Fontex og Fluoxetin), kunne like gjerne hatt i seg sukkerpiller, ifølge studien.

Ifølge Reseptregisteret bruker nærare 280 000 personar i Noreg slike antidepressive middel. Bruken har auka jamt sidan dei såkalla "lykkepillene" kom til Noreg først på 90-talet, men har stabilisert seg dei siste par åra.

Professor Irving Kirsch og kollegaer ved Universitetet i Hull har funne at den nye generasjonen antidepressive medikament (SSRI) ikkje fungerer betre enn placebo (narremedisin) for dei fleste pasientar med milde sjukdommar, men også alvorlegare depresjonar. Det same gjaldt for brorparten av pasientane med svært alvorlege depresjonar. Berre ei lita gruppe pasientar med ekstreme depresjonar, synest antidepressive middel å ha betrande verknad på, konkluderer den ferske studien.

Pasientar blir betre av å ta antidepressive middel, men dei blir også betre av placebo. Forskjellen i betring er ikkje særleg stor, seier Kirsch og kollegaene hans etter å ha saumfare arkiva til amerikanske styresmakter (US Food and Drug Administration, FDA) og summert data frå alle studiar og undersøkingar som handlar om klinisk effekt av marknadsleiande antidepressive medikament, mellom dei Seroxat og Prozac.

Forskarane tok også med upublisert forskingsmateriale i studien for å unngå feilkjelder knytt til studiar som ikkje er blitt publisert fordi funna har vore "skuffande" for oppdragsgivar.

Forskarane konkluderer med at det er liten grunn til å skrive ut antidepressive medikament som Seroxat eller Prozac til andre enn pasientar med svært alvorlege depresjonar, med mindre alternative behandlingsopplegg har vore mislukka. Professor i sosialmedisin ved NTNU, Steinar Westin, meiner undersøkinga bør bidra til å nedjustere trua på kva slike medikament kan utrette for deprimerte menneske. Og "Vi bruker heilt sikkert for mykje av dei i helsestellet", seier Westin.

Farmakologiprofessor Ivar Aursnes ved Universitetet i Oslo meiner at dei nemnde antidepressive midla (SSRI-ane) har liten antidepressiv verknad og er knytte til alvorlege biverknadar hos somme pasientar.

Legemiddelindustrien går derimot til frontåtak på den ferske studien.

Asle Hansen og Aud Dalsegg. "Lykkepiller virker ikke. Bare til hjelp for alvorleg deprimerte."Dagbladet 26 feb 2008.
www.dagbladet.no/dinside/2008/02/26/528053.html

Innhald


Sukra lykke, placebo-verknadar, lykkepillen, antidepressiva, litteratur  

Sukra lykke, placebo-verknadar, lykkepillen, antidepressiva, opp Seksjon Sett Neste

Sukra lykke, placebo-verknadar, lykkepillen, antidepressiva BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]