Norsk del, Gullvekta
Eventyr av H. C. Andersen  ❀ Innleiing
Seksjon › 12   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Innleiing

Teikning - TK
Ein høg, skinnmager mann med spelande, grå auge og brei munn [med] solstreif av hjartegodleik på lur rundt leppene.

Den Odense-fødte danske diktaren Hans Christian Andersen (2. april 1805-1875) brukte eventyrmotiv frå tyske, danske og andre skandinaviske kjelder til somme av eventyra sine:

Ti av 156 eventyr er attfortalde folkeeventyr eller tufta på folkeeventyr. På dansk heiter dei: "Fyrtøiet", "Lille Claus og store Claus", Prindsessen paa Ærten", "Tommelise", "Den uartige Dreng", "De vilde Svaner", "Svinedrengen", "Klods-Hans", "Reisekammeraten", og "Hva Fatter gør er altid det Rigtige". Eventyret "Kejserens nye Klæder" har han heller ikkje soge ut av eige bryst; også det er ei historie han har frå andre. Og "Barnet i grava" minner nok om Grimm-eventyret Das Totenhemdchen; likskjorta.

(I engelsk omsetting er det blitt "The Shroud". Grimm skriv at oppteikninga han har brukt, er frå Bayern. Men det stoppar ikkje der: Første kjente døme på forteljingstypen skal vere frå Syria på 800-talet. [WP, "Das Totenhemdchen"])

Det var med eventyra Andersen hausta mest fagnad. Dei blei gitt ut frå 1835 til 1872, og er blant dei mest omsette verka i litteraturhistoria. Han skreiv dei like så mykje for vaksne som for barn, framheva han.

John Ross Brownes (1821-75) var ein irsk-født globetrotter og kunstnar som blei amerikanar. Han skildra diktaren som ein høg, skinnmager mann med eit par spelande, grå auge og ein brei munn som ein kunne tatt for gapet til eit barneslukande troll. Men det låg solstreif av hjartegodleik på lur rundt leppene hans.

I nokre av eventyra gir denne diktaren glimt ifrå sitt eige liv. Det gjeld mellom anna for "Den stygge andungen", som han elska å lese opp. Han hevda dessutan fleire gongar at livet hans hadde vore eit einaste langt eventyr, og kalla ein av fire sjølvbiografiar Mitt livs eventyr.

[WP, "Hans Christian Andersen"]

Litt meir

Som reiseskildrar hadde H. C. Andersen eit utmerkt "skildrande og følande talent". Som romanforfattar kunne han handtere svermeriske naturar og flyte ut. Men som eventyrforfattar høyrer han til verdslitteraturen. Han skreiv i alt 156 eventyr og meir realistiske "historier"; dei første blei ikkje særleg godt mottatt. Berre éin mann, Hans Christian Ørsted, oppmuntra han til å halde fram.

H. C. Andersens eventyr var frå først av omdikta folkeeventyr. Det nye ved dei blant danskane var den munnlege daglegtalen og at mange omgrep var stilt inn på barnet si verd. Etter kvart fann Andersen sjølv opp motiv til eventyra sine, og då var dei ikkje meir "berre for barna", då kunne dei få dobbel botn og vere gjennomsyra av ironi, men somme var likevel prega av godt humør, frisk språkbruk og tru på at røynda er vedunderleg for den som studerer ho. Andersen utvikla sin eigen sjanger.

Og eventyra bringa H. C. Andersen verdspopularitet. Han blei ein feira gjest ved europeiske hoff, på danske herregardar og i rike københavnske familiar. Han fekk ordenar og titlar frå heile Europa. Odense by utnemnde han til æresborgar.

Mykje ytre glans dekte over personlige tragediar, blant anna mange mislykka forelskingar og hypokondri. Han var også svært rastlaus, forfengelig og nesten sjukleg følsam, med lange lidingar og korte, intense lykkestunder. Det kom med tida stor kunst og gilde innsikter frå han like fullt.

Noko kjem an på haldningane ein møter hendingar med og kva ein får ut av dei. Gjer ein vanskar om til pengar, likande kunst eller anna fint? Mykje kjem an på slikt etter kvart. Men då lyt ein klare meir enn å gå og drøyme.

[Sjå Store Norske Leksikon, "Hans Christian Andersen"]

Innhald


Eventyr av Hans Christian Andersen på nynorsk, H. C. Andersens folkeeventyr, litteratur  

✑ Andersen-eventyra på dansk: [Meir]

Andersen, Hans Christian. The Complete Fairy Tales and Stories. Omsett av Erik Christian Haugaard. New York: Anchor Books, 1983.

Bain, R. Nisbet. Hans Christian Andersen: A Biography. London: Lawrence and Bullen, 1895.

Basile, Giambattista. The Pentamerone. Omsett av Benedetto Croce. 2 band. London: Lane the Bodley Head, 1932.

Bloom, Harold, ed. Bloom's Modern Critical Views: Hans Christian Andersen. Philadelphia, PA: Chelsea House Publishers, 2005.

Ewald, Carl, tr. Grimms samlede eventyr. København: Nyt Nordisk Forlag, 1987.

James, John W., and Russell Friedman. The Grief Recovery Handbook. 20th Anniversary Expanded ed. New York: HarperCollins, 2009.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Band 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2019, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]