Norsk del, Gullvekta
Eventyr av H. C. Andersen  ❀ 1
Seksjon › 12   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Kongsdottera på erta

Det var ein gong ein kongsson. Han ville ha seg ein kongsdotter til kone, men det skulle vere ein retteleg kongsdotter. Så reiste han rundt i verda for å finne ei slik ei, men alle stadar var det eitkvart i vegen. Kongsdøtrer var det nok av, men om dei var skikkelege kongsdøtrer kunne han ikkje seie for visst. Støtt var det noko som ikkje var som det skulle. Med tid og stunder kom han heim att, misnøgd og godt såra, for han ville så gjerne ha ei retteleg kongsdotter, han.

Ein kveld bles det opp eit fælt uvêr. Det lynte, tora og fossregna. Då banka det på byporten. Den gamle kongen gjekk ut for å late opp. Ei kongsdotter stod utanfor. Ho såg halvt drukna ut av regnet og uvêret. Vatnet sildra i strimer nedetter håret og kleda hennar og ned i skorne så det surkla når ho lea seg. Og så sa ho at ho var kongsdotter!

"Ja, det skal vi vel få vite!" tenkte den gamle dronninga, men ho sa det ikkje. I staden gjekk ho inn i soverommet som gjesten skulle få, tok av alle sengekleda og la ei ert på sengebotnen midt i senga. Over erta la ho fem gode madrassar, og så ei dundyne på toppen av det heile. Der skulle kongsdottera ligge om natta.

Om morgonen spurde dei ho korleis ho hadde sove.

"Forferdelig!" sa ho. "Eg har nesten ikkje hatt blund på auga i heile natt. Det var noko hardt under meg i senga, og då eg fekk meg opp i dag tidleg, var eg mør, gul og blå over heile kroppen. Så ille var det!"

Då kunne dei skjøne det var ei retteleg kongsdotter, sidan ho hadde merka erta gjennom fem gode madrassar. Så ømtolig kunne berre ei retteleg kongsdotter vere.

Kongssonen tok ho til kone, no når han skjønte ho verkeleg var ei retteleg kongsdotter. Erta stilte dei ut i kunstrommet på slottet. Der er ho framleis om ingen har tatt ho.

✑ Eit frå Austerrike: "Den mest fintfølande"

Notar

  Innhald  


Bøker

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr.    Seksjon     Sett    Neste

Eventyr av Hans Christian Andersen, H. C. Andersens folkeeventyr. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2012–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]