Norsk del, Gullvekta
Arna
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Anemone nemorosa
Kvitveis er den offisielle Arnablomsten. Han er tidleg ut, ei fin glede å sjå, og livskraftig.

Arna ligg aust i Bergen.

I gammal eller vid meining av ordet er Arna området på begge sider av Arnavågen: Indre og Ytre Arna. Namnet 'Arna' kan (1) komme frå 'arn', som er norrønt for ørn, eller (2) vise til dei to skjera som ligg ved Holmen midt i Arnavågen, eller (3) det kan tyde 'den strøymande', og då vise til elva Arna eller fjorden. Det er fritt val. Namnet er brukt i det gamle "Arna skipreide", som var eit område som femna om fastlandet mellom Stamnes i Vaksdal, Sandviken i Bergen og ein del av Osterøy. Ådna er gammal, lokal uttale av Arna, og går att i stadnamn også.

Slektsstadar. I vår tid er Arna bydel i Bergen, og består av Ytre Arna, Indre Arna, Skyggestrand og meir til. Skyggestrand omfattar blant anna Takvam og Songstad. På morssida har eg forfedrar og formødrer frå Kvamme, Rivenes, Takvam, Songstad, Ytre Arna og Ytre Songstad, alle i Arna, ved Sørfjorden. Slektssambanda til Arna går via folk frå Vaksdalgardar, især Jamne, og dei går tilbake til 1500-talet på Ytre Songstad med vidare. I dag ligg mange av alle desse gardane i Bergen, i ein av dei åtte bydelane der. Men det er ikkje godvillig, om ein legg folkeavstemminga frå 1980 som mål på det. Då ville 80 prosent av dei stemmeføre i Arna ha Arna som eigen kommune. Ein kan vel seie dei stritta imot å vere i Bergen då.

Delområda Ytre Arna, Indre Arna og Lone består av 19 grunnkrinsar. Dei omfattar mellom anna (1) Ytre Arna med 947 innbyggarar på 1,06 km² landareal; (2) Indre Arna med 1 222 innbyggarar på 1,40 km² landareal; (3) Skuggestranda med 355 innbyggarar på 20,64 km² landareal.

Det er mykje fjell. Arnadalen ligg mellom store fjellmassiv i aust og vest. Det er tre tettstadar i dalen. Indre Arna og Ytre Arna er to av dei. Det gamle kommunesenteret var Indre Arna.

Dagens Indre Arna (på dialekt Ådna) er i tettstaden inst i Arnavågen. Her låg kommuneadministrasjonen i Arna kommune og her ligg Arna stasjon på Vossebanen, også kalla Bergensbanen. Og tettstaden og industristaden Ytre Arna (på dialekt Ytre Ådna) utvikla seg rundt Arne Fabrikkar, som blei bygt rundt Blindheimselva frå 1845.

Gul(l)fjellet heiter fjellet mellom Arna og Bergen sentrum. Fjellet er delt mellom Arna bydel og Samnanger kommune. Den høgaste toppen er også høgaste toppen i Bergen: Gullfjellstoppen (987 moh.)

Kommunal historikk. Arna var før ein sjølvstendig kommune i Hordaland. I den første tida var kommunenamnet Haus, og etter 1964 var det Arna.

Haus formannskapsdistrikt blei oppretta i 1837. Den 1. januar 1870 blei Haus delt i Haus og Bruvik kommuner. Haus hadde då 4 229 innbyggarar. Den 1. januar 1964 blei den delen av Haus som låg på Osterøy, overført til Osterøy kommune. Samtidig endra Haus kommune namnet til Arna kommune. Arna omfatta då landområda på sørsiden av Sørfjorden mellom Ytre Arna og Trengereid.

Den 1. januar 1972 blei Bergen by utvida ved at kommunane Arna, Bergen, Fana, Laksevåg og Åsane blei eitt. Arna kommune hadde på den tida 11 766 innbyggarar. I 2011 budde det 12 680 i bydelen.

I 1980 stemte folk i Arna bydel om dei skulle skilje seg frå Bergen kommune, og 80 prosent ville ha Arna som eigen kommune. Men Stortinget overstyrte det heile, så Arna er bydel i Bergen likevel, trass i folkeviljen.

Arna er kjent for: Ved Arnavågen ligg mellom anna bussterminal og jernbanestasjon, barnehagar og det lokalhistoriske museet Ådnatun, vidaregåande skolar, Janusfabrikken og ein av Toro sine fabrikkar. Og Kurt Nilsen, songar og gitarist, Idol-vinnar og World Idol-vinnar, er frå Arna.

Dessutan: Arna femner også over naturreservat; Ådnanipa; turområde; Storelva/Arnaelva, som er den einaste lakseelva i Bergen i dag; det høgaste fjellet i Bergen; badestrender og ein tekstilfabrikk (Janusfabrikken) som det har komme mykje undertøy frå gjennom tidene - det gjer det enno.

Haus

Ein kik på Haus og skiftande soknegrenser før

Når ein vil søke etter slekt i dette området, finn ein langt lettare fram om ein tar omsyn til at namn og grenser på kommuner og kyrkjesokn har skifta gjennom tidene. Fram til 1837 var slektsgardområda frå enda lenger att i tida, delar av Haus prestegjeld. I dag er Haus (Hausvik) ein tettstad og eit sokn i Osterøy kommune litt vest for sørspissen av Osterøy i Hordaland, der ei bru bitt saman øya med Bergen.

Arna blei skilt ut frå Haus, som var både prestegjeld og kommune. Det gamle prestegjeldet omfatta distriktet på begge sider av Sørfjorden og Veafjorden, den sørlege og austlege delen av Osterøy og fastlandsområdet frå Ytre Arna til Stamnes.

Frå 1838 bestod Haus prestegjeld (og heradsdistrikt) - i Nordhordland prosti i amtet som no heiter Hordaland - av Haus hovudsokn og fire undersokn. Ytre Arna blei eige sokn i 1955. Den 1. januar 1964 blei den delen av Haus kommune som låg på Osterøy (Haus sokn og Gjerstad sokn) overført til den nye Osterøy kommune. Samtid blei Arna sokn og Ytre Arna sokn til Arna kommune. I 1967 ble Arna sokn og Ytre Arna sokn skilt ut og etablert som Arna prestegjeld. Og den 1. januar 1972 blei så Arna kommune bydel i Bergen. Det same skjedde med Fana, Laksevåg og Åsane.

Det som var att av Haus kommune etter 1870, omfatta Haus sokn, Gjerstad sokn, Arna (Arne/Ådna) sokn og Ytre Arna sokn. Haus sokn dekte begge sider av Sørfjorden og fastland til Tregereid i aust. Arna sokn dekte fastlandet sør for Osterøy og vest for fastlandsdelen av Haus. Kommunen grensa i aust til Bruvik kommune.

Dette medfører at ein som granskar i slektshistorie knytt til Arna, godt kan komme inn i eit vidare Haus og dei utskilte kommunane Osterøy og Bruvik, alt ettersom.

Div.

Slektsgardar i Haus som var:

I Arna sokn på vestsida av Arnadalen og Arnavågen: Arna (i botnen av Arnavågen) - Kvamme - Ytre Arna. Og i Haus sokn på fastlandet: Rivenes, Songstad - Tak(k)vam. Også frå garden Vevle på Osterøy er det spora opp slekt frå så langt tilbake som 1600-talet.

Innhald


Arna lokalhistorie, Haus og Arna gardshistorier  

Boge, Dan Anton. Kvitveis (Anemone nemorosa) Arnaplanten. 2005
www.dabinfo.no/artikler/arnaplan.html

Kunsthistorie. "Arna". 2009
- kunsthistorie.com/fagwiki/Arna

Store norske leksikon, s.v. "Arna", "Haus", "Ytre Arna".

Wikipedia, sv. "Arna".

Ådna, Lars Martinusson. Haus i soga og segn: Ætt og æle I. Gjerstad sokn. Osterøy: Osterøy sogelag, 1993.

Ådna, Lars Martinusson. Haus i soga og segn: Ætt og æle II. Haus sokn. [Bergen:] Haus sogenemnd, 1959.

Ådna, Lars Martinusson. Haus i soga og segn: Ætt og æle III. Ådna sokn. [Bergen:] Haus sogenemnd, 1964.

Arna lokalhistorie, Haus og Arna gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Arna lokalhistorie, Haus og Arna gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]