Norsk del, Gullvekta
Brønnøy med Torge
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Brønnøy

Garden "Torge i Helgeland" ligg i dagens Brønnøy bykommune i Helgeland, langt sør i Nordland.

Namnet Brønnøy kjem av norrønt Brunnøy, som er samansett av ord for 'brønn' og 'øy'. Sjøfarande kunne få ferskvatn her. Administrasjonssenteret i byen er Brønnøysund. Kommunen grensar i nord mot Vega. Brønnøy har gode kommunikasjonar, rik og variert natur og eit øyrike i vest. I sørvest ligg fjellet Torghatten på Torget-øya. Det er det mest kjente landemerket i kommunen.

nn
Torghatten med hol gjennom

Det er naturleg lindeskog i kommunen, og dessutan mange hundre små og store øyer, holmar, skjer og mange strender. Sømna blei skild ut frå Brønnøy som eigen kommune i 1977. Sidan då har grensene vore som i dag.

Div.

Torgar, Torget, Torge

Den lange og låge øya Torget (før: Torgar) ligg sørvest i Brønnøy kommune. Namnet kjem truleg av lånordet torg, 'marknadssplass'. Arealet er 16,4 km² og det budde 778 her i 2001. Jordbruk og fiske er hovudnæringsvegane. Øya er knytt til fastlandet med Brønnøysundbrua.

Eit fjell med ein stor, naturgraven tunell tvers gjennom seg. Fjellformasjonen Torghatten (258 moh.) der på øya har form som ein hatt, og det går eit firkanta hòl tvers gjennom. Hòlet er 35 meter høgt, 20 meter breitt, og 160 meter langt, gjennom heile fjellet. Det er sti opp dit, og det er mogeleg å gå gjennom hòlet.

Forklaring på hòlet. Torghatten er laga av ulike bergartar, og dei øvre er hardare enn dei som finst lengre nede i fjellet. Under istida grov is og vatn seg inn i det lause berget til det blei hòl.

Frå historia på Torget

I Egilssoga blir øya nemnd som handelsplass og mektig høvdingsete, med Torolv Kveldulvsson som hovudperson i den tida vikingane tok til å fare på sjørøvartokt i fleire land.

Det finst også segner og andre forteljingar om Torgar (Torget). Ei av dei er om bueskyttaren Heming Aslakson. Han var den beste skyttaren, skiløparen og svømmaren i landet då han levde, fortel ei segn som vandra langs pilgrimsvegane. Den hardhjarta kong Harald Hardråde gjekk i land på Torgar omkring år 1050 for å få syn for segn om denne sonen til høvdingen Aslak var ein mogeleg trussel eller om han kunne få leve. Heming på Torgar slo så kong Harald Hardråde i alle idrettar, etter det som tre islendingsoger fortel:

Den dramatiske "Hemingtåtten" i Flateyarbok er eldst, og blei skriven ned tidleg på 1300-talet. Slutten på denne tåtten er dessverre gått tapt. "Hemingtåtten" fra Hauksbok blei nedskriven sist på 1300-talet, og bygg vidare på forteljinga i Flateyarbok, og her står det korleis det gjekk med Heming etter at han kom til England.

Soga (totten) om Heming har blitt skildra som ei oldnordisk Wilhelm Tell-soge, med historiske hendingar frå regjeringstida til kong Harald Hardråde. Segna om Heming Unge lever enno i folkeviser i Noreg, på Færøyene, i ein skotsk ballade. (Bugge, 1858, s. 1-11).

I tillegg finst restar etter segner og forteljingar som har halde seg levande i forteljartradisjonen på Sør-Helgeland til våre dagar, i lag med ordspråk og anna. Mykje er blitt omsett til norsk. [Wikipedia, s.v. "Hemings Þáttr Áslákssonar (Tåtten om Heming Aslakson)"]

Anar på Torget

Då Olav Kyrre vende heim til Noreg i 1067, hadde han med seg vennane sine Ketil og Skule. Dei var søner av jarlen i York. Ketil blei ættfar til den nye Torgarætta. Sonen synest oppkalla etter mannen til Ketils morsøster, Viljam Erobraren. Det var han som hærtok England i 1066. Viljam er eit namn ein finn rett ofte i Torgarætta. Ein av fleire Viljamar derifrå var til dømes kongens sendemann til Skottland i 1292.

Lagmannen i Hålogaland opptok prov på Torgar i 1334 om kva for kostbare ting fru Cecilie Håkonsdotter hadde fått av mannen sin, Viljam. Brynhild Kolbeinsdatter i ætta selde endeleg Torget til erkebispen omkring år 1427. Erkebispen overlét Torget til setesveinar, ofte nære slektningar av seg. Vi kjenner desse ved namn - dei er blant anane i slekta vå på morssida: Torstein Kus(s)e, gift med An(n)gerd Arnedotter på Torget. Dottera deira, An(n)gerd Torsteinsdotter, blei gift med Torgils Amundsen på Igerøya, Vega.

Broren til Anngerd Torsteinsdotter, heitte elles Arne Kus(s)e. Han blei gift med Anne på Torget.

Kalv (or Wikipedia, modifisert utsnitt)
Kus(s)e er kjælenamn på kalv, både oksekalv og kvigekalv (Norsk Ordbok). Menn med figurar på skjolda sine (d.e. våpenskjold) hadde ulike figurar der for ikkje å bli tatt for nokon andre under strid. Namna til store deler av gammal adel har opphav i skjoldfigurar.

Anerekke

Mormor •~ Marte Breivik (født Jakobsdotter) •~ Anne Marta Ellingsdotter •~ Marte Torbjørnsdotter •~ Anne Karsteinsdotter •~ Karsten Knutsson Sundal •~ Knut Karstensson Sundal •~ Karsten Jonsson Førde •~ Jon Karstensson Førde •~ Karsten Jonsson Randell •~ Magdalena Tørresdotter Kamp •~ Anngerd Torsteinsdatter på Torge •~ Torstein Kusse

Som nemnt, kus(s)e tyder kalv, oksekalv. Dei fire eldste i anerekka høyrde med til norsk adel. Fleire opplysningar om dei enkelte: [◦Søk etter dei enkelte]

Setesveinar stod for den verdslege forvaltinga av kyrkjas økonomiske interesser i dei tidene, som var seinmellomalderen. Erkebispen hadde rett til å halde 100 skattefrie setesveinar, og dei hadde, sameleis som adelen, full skattefridom på setegardane sine. I tenesta som seteveinar gjekk helst storbønder og folk frå gamle adelsslekter som kanskje ikkje var adelege lenger. Og erkebipestolen var sterkt engasjert i fiskeria og tørrfiskhandelen i Nord-Noreg. [Wikipedia, s.v. "setesvein"]

I tida 1537–1666 var Torget krongods, og deretter, då krongodset blei selt, heldt Torget fram som futegard. Torget blei seinare delt i to bruk, og enda i bondebruk. Busetnaden frå gammal tid er brend og vekke. Det gamle høvdingsetet har ingen oldtidsminne.

[Det meste av tilfanget i dette stykket er henta frå heftet "Torghatten via Brønnøysund", 1959]

To historier

Frå Flateyarbok: Kong Harald gjestar Aslak på Torgar

Aslak heitte ein klok høvding på øya Torgar i den nordlege delen av Noreg. Kongen sende bod til Aslak og sa at han var på gjesting [i nærleiken] og ville snakke med han. Aslak gjorde seg straks klar og reiste til han. Kongen tok godt imot han og sa: "Du skal gjere i stand til eit gjestebod for meg og eit følge på eitt hundre mann, og eg skal bli i tre netter."

Aslak svarte at han ikkje var i stand til å halde slikt gjestebod sjølv, og tilbaud seg i staden å legge ut for det eit slikt gjestebod kosta.

"Korfor nektar du å halde gjestebod for meg?" spurde kongen.

"Eg synest ikkje eg har hus og gard som passar", sa Aslak, "og så har eg ingen kunnskap om å vere vertskap for kongar." Aslak meinte dessutan at han hadde lite utstyr til matlaging for eit kongebesøk, og bad kongen om å få sleppe.

"Eg kjem i alle fall", sa kongen, og gav melding om at han kom seinast dagen etter. Aslak drog heim att, og neste morgon kom kongen. Aslak gjekk for å møte han, helste velkommen og tok imot han på beste måte. Alle gjekk inn i salen og blei bedne om å sette seg. Heile rommet var staseleg pynta.

Då undra kongen seg, men Aslak sa: "Eg har pynta her med mine eigne spyd og skjold, og eg har ikkje trunge å låne noko."

Aslak sørga for at stemninga blei svært god, og alle sa at dei aldri hadde vore i eit betre gjestebod. Så gjekk natta. Neste morgon sat alle og drakk i lag. Då snakka kongen og Aslak saman. "Veit du kva Heilag-Olav sette som straff dersom ein mann lar ein son bli fostra opp i løyndom?" spurde kongen.

"Kva har du høyrt? spurde Aslak.

Kongen sa at ein som gjorde seg skuldig i noko slikt, skulle miste alt han åtte, og livet.

"Korfor skulle han få ein så hard dom?" undra Aslak.

Kongen svarte: "Kongen kan jo ikkje vite om han skal vakte seg for ein mann dersom han ikkje veit om mannen finst."

"Dette har eg ikkje noko med", sa Aslak.

"Det har blitt fortalt meg at du lar ein son bli fostra i løyndom", sa kongen. "Nikolas Torbergsson har fortalt meg det."

"Har du sagt det, Nikolas?" spurde Aslak han.

Nikolas sa: "Eg kan ikkje nekte for det. Eg hugsar at eg var her på Torgar då eg var ti år gammal og var svært rask for alderen. Då hadde du ein son som heitte Heming. Han og eg leika barneleikar saman. Eg har aldri sett maken til unge, for han var på alle område mykje sterkare enn meg, enda han berre var seks år, og eg var ti. Han var att her då vi drog, og sidan har eg aldri høyrt om han. Det er det eg har sagt til kongen, og ikkje noko anna.

"Kor er det blitt av den karen?" spurde kongen.

"Det er rett som Nikolas seier", innrømte Aslak. "Eg hadde ein son som heitte Heming. Han miste forstanden, og eg sende han langt vekk frå Torgar slik at ingen skulle få høyre om han. Sidan har eg verken spurt etter han eller høyrt noko om han, og veit ikkje om han lever eller er daud.

"Du skal ikkje ha fleire utgifter for vår skuld denne gongen. Vi reiser no, og du skal ikkje trenge å ta imot oss før neste år på same tid. Men då skal sonen din vere her, enten han har meir eller mindre vett. Og er han daud, vil eg sjå beinrestane etter han", sa kongen.

"Dette har eg ikkje mykje lyst til", svarte Aslak.

Dermed skildest dei. Kongen reiste heim og alt var roleg i landet.

Trollhatten-segn

Ei segn seier trollet Hestmannen laga hòlet i Trollhatten. Han hadde blitt forgapt i den fagre Lekamøya ein gong han såg ho og sju søstrer bade i lag. Han rei sørover for å røve ho med seg, men jentene fekk auge på han og flykta. Dei sju søstrene trøytna etter ei stund og slengde seg ned nær Alstahaug. Der blei dei til stein. Men Lekamøya sprang vidare.

Då Hestmannen blei klar over at han ikkje kom til å få tak i ho, la han ei pil i bogen og skaut etter ho. Kongen av Sømna hadde følgt med på kva som gjekk føre seg. No kasta han hatten sin framfor pila og berga jomfrua. Hatten med pilhòlet blei til fjellet.

Innhald


Brønnøy, Torgar, Torge, Torget lokalhistorie, gardshistorier  

Bugge, Sophus, samlar. Gamle norske folkeviser. Kristiania: Feilberg og Landmark, 1858.
archive.org/details/gamlenorskefolkeviser00buggenb

Crøger, Olea, og Ludvig Matthias Lindemann. Norske folkeviser.. Christiania: Tønsbergs Forlag, 1853, s. 177-88

Høvding, Einar. Torghatten via Brønnøysund, 1959, gitt att i ◦Brønnøy Guiden.

Mathisen, Tor Q., m.fl. Brønnøy: Gård og slekt I. Brønnøy kommune, 2009.

Mathisen, Tor Q., m.fl. Brønnøy: Gård og slekt II. Brønnøy kommune, 2011.

Pedersen, Lorentz Ulrik. Fra Brønnøys fortid. Brønnøysund: Brønnøysund Bokhandel, 1994. Sandholm, Unni Aas. Heming Unge: sagnhelten fra Torgar. Hefte. Brønnøysund: Temahefter Aas Sandholm. 2009.

Wikipedia, s.v. "Brønnøy", "Torget", "Heming Unge", "Hemings Þáttr Áslákssonar", "Wilhelm Tell".]

Brønnøy, Torgar, Torge, Torget lokalhistorie, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Brønnøy, Torgar, Torge, Torget lokalhistorie, gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]