Norsk del, Gullvekta
Agdenes
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Agdenes i slektssamanheng

Agdenes kommune ligg mellom Fosen og Orkdalen i Sør-Trøndelag, heilt ytst i Trondheimsfjorden.

Agdenes er eit hovudområde i fylket for funn frå Fosnakulturen i steinalderen - frå den tidlegaste busettinga på norsk område, det vil gjerne seie frå noko mellom år 10 000 og 8 000 f.Kr. [WP, sv. "Fosnakulturen"]

Før 1964 var gamle Agdenes kommune delt frå Ørland i 1896. I 1964 blei indre del av gamle Agdenes kommune, Lensvik og Ingdalen krins av Stadsbygd kommune slått saman. Og i 1995 blei grenda Moldtun overført frå Agdenes til Snillfjord kommune etter eige ønske, skriv Agdenes kommune.

Kommuneblomsten til Agdenes er jordbærplanten (Fragaria). I 2001 var det rundt 320 dekar med jordbæråkrar i kommunen, mest i Lensvik, men også i Ingdalen og Mølnbukta. Fram til midten av 1970-åra var det mest norske ungdommar som arbeidde som jordbærplukkarar. I seinare tid er det mest folk frå Polen og Litauen som plukkar her.

Fragaria, Korona.
Kommuneblomsten: jordbærplanten

Agdenes har åkrar, skogkledde lier og nake landskap. Ytre del av kommunen har kystklima med milde vintrar og lite snø, mens indre del har meir vegetasjon, mindre vind og snørike vintrar.

Dei viktigaste næringane gir mjølk, trevirke og jordbær. Tretti prosent av dyrka mark er åker, særleg med bygg og poteter, og sytti prosent er eng og beite.

Busetninga er spreidd. Kommunesenteret er i Lensvika der tettstaden Selbekken ligg. Selbekken er administrasjonssenter med kommunale kontor, forretningar og skolar.

Det er arbeid i gang med gards- og slektshistorie for Ytre Agdenes.

OPP

Hans Ovesen Lunovs eigedommar

Terje Sørensen fortel på bokmål - og ordforklaringar står under teksten:

Hans Ovesen til Søgård var dansk adelsmann. I 1577, då Frederik II (1534-1588) var konge i Danmark-Noreg, fekk Hans len-tildelingsbrev på bl.a. Bakke klostergods med plikt til å halde 6 hestar med utstyr og 6 ryttarar "når krig eller feide kjem på". Sjølve klosteret, eit nonnekloster som låg der Bakke gard i Trondheim no ligg, hadde visstnok tilhøyrt benediktinarordenen, men både klosteret og klosterkyrkja blei ødelagde av svenskane i 1564.

Då Hans Ovesen Rød i 1574 inngjekk eit omfattande eigedomsbyte ved å legge ut frå godset sitt i Danmark til vederlag, fekk han hand om ganske mykje jordegods i Trøndelag. Slik blei han eigar av gardane Storfosen, Garten, Kråkvåg, Leksa, Værnes, Terningen, Moldtun, Lade, Devle, Ringve, Åremmen og Lille-Rein. (Dei fem siste av gardane hadde før tilhøyrt Bakke klostergods).

Hans Ovensen Rød var gift med Maren Engelbrektsdotter Rustung, født kring 1555. Ho var dotter av Engelbrekt (Embret) Olavsson (ca.1520 -) og Birgitte Hansdotter Gaas. (Maren var sonedotter av den siste katolske erkebispen i Noreg, Olav Engelbrektsson (ca. 1480 - 1538) og dotterdotter av Hans Gaas (1549 - 1578), den andre i rekka av lutherske bispar i Trondheim).

Hans Ovesen Rød-Lunov og Maren Engelbrektsdotter budde ei tid på Moldtun. Dei hadde fleire døtrer:
. . . [og den fjerde av dei,] Øllegård Hansdotter Rød ( -1616) blei gift med lagmann Jørgen Henriksen Staur. Ho arva Storfosen. [mi omsetting og mine uthevingar. Avsnittsinndelingar er lagt til. TK]

[◦Originalen]

◦Jørgen Henriksson Staur.

◦Storfosens eigarliste.

Ord

len-tildelingsbrev: Eit dokument om tildeling av eit landområde, kalla eit len. Det heiter forleningsbrev frå gammalt og på dansk. Her er det forklart: Å forlene er å tildele eit landområde som len. Til gjengjeld for lenet plikta lensherren truskap og hjelp til å føre krig til givaren (kongen). Forleningsbrev er dokument der vilkåra for å få len er med.

eigedomsbyte: det same som makeskifte: byte av fast eigedom mot annan fast eigedom.

vederlag: motyting, godtgjersle.

jordegods: stor jordeigedom.

lagmann: dommar i gammal tid. Lovkunnig mann som tolka lova på tinget, avgjorde tvistemål og meir.

Rød og Rød-Lunov Namnet Rød (etter ein avvikande farge på våpenet i forhold til Lunov), blei ikkje brukt av "Rødane" sjølve, fortel danske kjelder. Det vanlegaste i dansk lågadel var å bruke namnet til faren og legge til -søn. Dermed: Hans Ovesen. Ætta var Lunov, står det i den danske adelskaldenderen.

Hans Ovesens bakgrunn

nn
Våpenet

Hans Ovesen kom frå herregarden Søgård på Thy nordvest på Jylland. Lunovslekta høyrer med til dansk uradel. Og slekta som blir kalla 'Rød' fra Søgård i Thy (dei brukte aldri det namnet om seg sjølve) hadde ei våpen som likna Lunov-våpenet, men i andre fargar, nemleg i sølv og raudt, ikkje sølv og svart. Dei to blir rekna som slekt, og Rød-Lunov er sett inn i stamtavla i Dansk Adels Aarbog (1903) som ei Lunov-grein. [Meir om Hans Ovesens liv]

Gardane hans utanfor Trondheim:

  • Leksa (Sør- og Nord-Leksa), Værnes og Åremmen i dagens Agdenes kommune.

  • Moldtun (Moldtuen, Moltun) og Terningan (Terningen) i Agdenes til 1995, no i Snillfjord kommune.
  • Lille-Rein (Stads-Rein, Rein, Lillerein) i Stadsbygda - som no er del av Rissa kommune.

  • Garten, Kråkvåg og Storfosen i Ørland kommune.

Til dette

Terningan i Snillfjord heitte Terningen (ligg knapt to km frå Moldtun), og om lag tre km ifrå eigedommen Værnes på hi sida av Verrrafjorden, i Agdenes.

Åremmen, derimot, ligg lenger vekke i Agdenes kommune: på vestsida av Trondheimsfjorden.

Meir

Litt dansk:
Slægten Lunov optræder første Gang i Thy i 1492, da Las Johansen til Søgaard (Hill. Herred) findes som Vidne førende Lunov-Vaabnet; i Anetavler kaldes han ogsaa Laurids Lunov.

Søgaard [var] vedblivende i Lunov-Slægtens Eje, indtil den 1574 af Hans Ovesen (Rød), en Sønnesøn af Las Johansen, der havde været Kaptejn i Syvaarskrigen, mageskiftedes til Kongen med Fasen og Moltum i Trondhjem Stift.[◦Nystrup]

"Fasen" = Fosen, og Moltum = Moldtun. Dessutan:

Søgård ejedes 1482 af Las Johansen Rød (af slægten Lunov), 1516 af hans enke Anne Ovesdatter og deres sønner Johan og Ove Lauridsen og svigersønnen Erik Spend. 1540. tilhørte den sidstnævntes enke Anne Rød, 1536 hendes søn Anders Spend, 1532 og 1541 ovenn. Ove Lauridsen Rød, 1572 hans søn Hans Ovesen Rød og 1584 dennes broder Laurids Ovesen Rød." [◦Søgård med bilde]

Her var danske anar tilbake til

  1. Hans og Maren (Marine),
  2. Far og mor til Hans: Ove Lauridsen (Lassen) Rød (Lunov) af Søgaard, kjend 1516-1541, gift med Else Nielsdatter (Smalsted); og
  3. Farfar og farmor til Hans: Las og Anne (nemnd i 1492) i Danmark.

◦Jf. Trap og ◦gravskrifter frå Nors kyrkje i Thisted, der danske slekter "kjem inn av vindauget" - Griis, Grøn, Bagge, Viffert og Rostrup. Mesteparten er forresten også med i Maren Staurs likpreike. Tore H. Vigerust har gjort ho lettare leseleg. [◦Adelsprosjektets likpreike]

Utfyllande

Hans Ovesen Rød-Lunov hadde høg militær stilling, og kongen sende ham til Trøndelag for å tukte svenskane då krigen braut ut i 1560-åra. Hans greidde oppgåva bra og blei kongens lensherre i landsdelen.

I 1574 fekk han bytt ein del av eigedommane sine i Danmark mot fleire gardar i lenet, mellom anna Lade, Storfosna, Ringve, Rein og Devle. Dei to første var dei største han fekk rundt Trondheimsfjorden, og like store. Ringve og Rein og Devle var noko mindre. I tillegg overtok han nokre mellomstore bruk.

Hans budde for det meste på Lade og Storfosna. Han dreiv fleire av eigedommane sine med eigne folk.

Hans hadde tre døtrer. (1) Else, gift med Otte Jensen Bjelke. (2) Birgitte, gift med Laurits Dal til Sandviken og Malkenes. (3) Øllegård, gift med lagmann Jørgen Henriksen Staur, som er i anerekka vår, dei også.

Sjølv var Hans gift med Maren (Marine) Embretsdotter (født Rustung). Ho døydde på Storfosna i 1601. Det blir sagt at ho ikkje var av adelsætt så kongen etter reglane kunne la døtrene arve adelskapet etter faren eller jordeigedommane han eigde. Men Hans søkte sin gode venn kongen om fritak frå regelen, og fekk det, føresett at døtrene gifta seg med adelsmenn.

Øllegård gifta seg med ein Staur, som vel ikkje verka adeleg nok eller retteleg adeleg, korleis det no kunne ha seg*, og fekk søstrene til å stadfeste eigedomsforholda sine i samband med dette, så ho og mannen var trygge på å ha dei vidare (◦Oldervold, 2003, s. 262-639).

*Farfar til den Jørgen Staur som gifta seg med Øllegård, hadde blitt ◦adla av kongen, med våpenskjold og kunngjering, og med festegard(ar) - så forteljinga rimar iallfall førebels dårleg med desse tinga. Men ho finst i minst éin versjon. Eg berre peikar på det.

Anders Todal nemner i samband med dette at om erkebispen Olav Engelbrektson var av lågadeleg ætt, kunne ikkje sonedottera hans ha vore uadeleg. Hendinga indikerer at Olav var av storbondeætt. [WP, sv. "Olav Engelbrektsson"; SNL, sv."Olav Engelbrektsson"; Den katolske kirke, sv. "Olav Engelbrektsson (1523-1537)" av Olav Martinsen.]

[Meir om Hans Ovesen i Anders Todal. Soga um Lade, 1935, s. 37-38, 40-40].

Terje fortel dessutan: "Etter Hans Rød arva dottera Birgitte gardane Åremmen, Lille-Rein, Terningen og Kråkvåg. . . . (Men Terningen gjekk alt før 1624 over til eigaren av Storfosen, Jørgen Henrikson Staur, som var gift med søster til Birgitte, Øllegård). Eigedomsbytet som er nemnt ovanfor, la grunnlaget for at ikkje mindre enn tre adelege setegardar blei oppretta: Storfosen, Lade og Lille-Rein. Lavina Dall (dottera til Birgitte og Laurits Dall), som var gift med Salomon Blix, skreiv seg til "Lille-Rein". Ho heldt visstnok også hus der." [Mi omsetting frå bokmål. TK] [DIS Sør-Trøndelag. Slektsforum. Strengen kalla "Lavina Dall på Lille Rein?": Innlegg 467, 30. mars 2005.]

Div.

Leksa (Sør- og Nord-Leksa)

Leksa ligg i Trondheimsleia i Agdenes i Sør-Trøndelag, og er delt i ei nordleg og ei sørleg øy, Nord-Leksa og Sør-Leksa (1 + 1 = 1). Leksa har nedlagt lokal butikk sidan 2007, postfilial og rundt 30 innbyggarar. Det er bilferjesamband mellom Værnes i Agdenes og frå Garten til Nord-Leksa. Hamna i Sør-Leksa er stoppestad for hurtigbåtsambandet mellom Trondheim og Kristiansund.

Det er mange gode fiskeplassar frå båt og frå land. Fisket etter laks har vore viktig. Det er fire gardsbruk med til saman 660 dekar dyrka jord.

Det er gravhaugar og andre fornminne på Leksa. Det er såleis funne tjue-tretti hustufter etter runde grophus.

"Stedet [var trolig] bebodd en gang sent i eldre steinalder, eller tidlig i yngre steinalder. Dette vil da si en gang for mellom 5000 og 7000 år siden kan vi forstille oss at barna sprang nedover bakken mot fjæra og lette etter skjell, mens de voksne var opptatt med å reparere skinnbåten, eller steke fisk over glørne i ildstedet", skriv fylkesarkeolog Kristian Pettersen.

http://www.leksa.no/fortidsminner.htm http://www.leksa.no/om_leksa.htm

Div.

Værnes

Det er gjort oldfunn frå jernalderen på Værnes austre, ved foten av bergdraget.

I 1852 vedtok Kirkedepartementet at ei kyrkje skulle byggast på Værnes-garden. Det var gjort i 1857.

Det går båt til Leksa frå Værnes.

Div.

Åremmen, gnr 108

Åremmen var eitt gardsbruk før. Husa på garden stod oppe ved haugen. Det høyrer godt med skog til garden, godt beite, og laksesett.

Garden ligg på vestsida av Trondheimsfjorden. Dyrkajorda på garden ligg langs fjorden og skrånar for det meste svakt ned mot sjøen og elva som renn gjennom eigedommen.

I eit skattemanntal for 1520 stod Lauritz på Arom oppført som brukar.

http://www.geocities.ws/Heartland/Plains/4105/Lensvikboka/123AAREMMEN.html

Innhald


Agdenes lokalhistorie, Hans Ovesen, Værnes, Åremmen, Leksa gardshistorier  

Agdenes har ikkje bygdebok no.

Agdenes kommune. "Historikk". Nettside.

Oldervoll, Jan, rettar. Norske Rigs-registranter. Til Deels i Uddrag. Udgivne efter Offentlig Foranstaltning. Fjerde bind, 1603-1618. Riksarkivet/Digitalarkivet, 2003.

Rein, Kristoffer. Bygdebok for Stadsbygd: Ei bok om bygda og folket fra fjern fortid og fram til 1980-åra. Band 1. 2. opplag. Trondheim: Nidaros trykkeri, 2006.

Store norske leksikon. "Agdenes".

Todal, Anders. Soga um Lade. Oslo: Noregs boklag, 1935.

WP: Wikipedia. "Agdenes".

Yrjar Heimbygdslag. Artiklane "Hans Ovesen Rød-Lunov" og "Jørgen Henriksen Staur". www.yrjarheimbygdslag.no/

Agdenes lokalhistorie, Hans Ovesen, Værnes, Åremmen, Leksa gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Agdenes lokalhistorie, Hans Ovesen, Værnes, Åremmen, Leksa gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]