Norsk del, Gullvekta
Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Eventyrval og alder

Ved AT-nummer (Hodne 1984) blir forteljingar nummererte og grovskisserte i ein internasjonal eventyrkatalog og sett i samanheng med andre soger. AT-nummer har blitt ført vidare ved ATU-nummer, som er reviderte AT-nummer med nyare forklaringar for eventyrtypane, stort sett. (Uther 2004). AT-nummeret til ei forteljing kan somtid gi vink om kor høveleg ho kan vere for ulike aldersklasser, men meir enn ein peikepinn er det ikkje i så fall. Det er fordi det finst mange ulike variantar av kvar eventyrtype: Somme av dei kan ein kalle gode og andre fæle, grove, låke og så bortetter. Her kjem smak og behag inn, med meir.

Fantasiutviklinga. Vil du ha klokare barn i langdrag, fortel eventyr for dei mens dei er i rette alderen. Albert Einstein sa noko liknande, og mest truleg fordi eventyr hjelper fantasien og førestillingsevna å bli utfalda innefrå etter kvart. Mykje vett kjem frå den bildedannande evna, og eventyr når opp og inn til ho etter kvart, og gir mangt eit hjarte god næring. [i Lindø 1988:1]

Individuelle omsyn lyt ein ta. Kva for eventyr som høver for ulike barn, er for det første individuelt. Somme er sartare enn andre. Individuelle skilnadar kjem ein neppe utanom. Ein av mange peilepinnar er kva barnet liker og gjerne vil høyre om att.

Tryggleik frå føresette og samvær med andre.. Dernest har det svært mykje å seie i kva grad barna opplever og diktar seg inn i eventyra saman med føresette eller andre. Føresette kan gi tryggleik, forklare ting, legge til og kanskje trekke ifrå og tilpasse eventyr som det høver kvar gong.

Trygg atmosfære. Eit anna vesentleg element er å ha ei trygg atmosfære. Det at eventyr inneheld kanskje skremmande ting, lyt ein ta nok omsyn til. Det hjelper jamt å sjekke at barna ikkje blir for skremte, så det går utover trivselen.

Kloke gjentak hjelper. Eventyr tar ofte opp at mange slags sterke scener. Trygge gjentak av dei kan styrke barnet etter kvart (jf. desensitivisering) og såleis truleg gagne somme.

Framføring er underhaldande. Det hjelper titt at eventyra blir deklamert og framført med futt for dei minste. Ein lyt avpasse stoffet til publikum, og slett ikkje "ofre" dei sartaste for eit gjennomsnitt då.

Ver moralens vaktar som det høver. Ein skal passe på kva som er underhaldande utan å skremme for mykje og utan å velte god moral. I somme eventyr lyg og stel folk, til dømes – også typefiguren som blir kalla Oskeladden. Det er ikkje bra om godtaking av Oskeladden frynsar gode normer og fører til uhøvelege normer fordi Oskeladden i somme eventyr lyg, stel, og drep seg til framgang i verda.

Når dette er nemnt: Eventyr blir gjerne sortert slik dei kan passe ganske generelt til ulike grupper. For dei aller minste kan regler, vers og velvalde fablar ofte gi nyttig hjelp som hugsetrening, hjelp til ordlegging, og anna.

Dernest skulle det høve med fleire av dei lysaste og hyggelegasta av dei korte eventyra. Dei kan kanskje høve for ei mellomgruppe, til dømes fram til tolvårsalderen eller der omkring.

For dei minste - tips

Bamse Brakar   AT 116 – 1
Bjørnen og reven skulle ha åker i sameige AT 1030 – 2
Bjørnen og reven veddar om flesk og humlebol   AT 7 – 2
Bjørnen og reven – 2
Bjørnen og reven – 3
Dei tre bukkane Bruse som skulle gå til seters og gjere seg feite   AT 122 E – 1
Grisen og levemåten hans   AT 221 – 1
Gullfebla – AT vantar – 3
Hanen, gauken og århanen   AT 120 – 3
Korfor bjørnen er stubbrumpa   AT 2 – 3
Kvar synest best om eigne barn   AT 247 – 2
Pannekaka   AT 2025 – 1
Reve-enka   AT 65 – 1
Reven snyter bjørnen for julekosten   AT 15 – 3
Reven som gjetar   AT 37* – 2
Sju år gammal graut   AT – 2
Vårherre og Sante-Per på vandring – 1

For dei aller, aller eldste

Dersom vi toler meir uhygge, farlege scener, vald, trolldomskunstar, gjenferd, underjordiske, harde kjønnsroller, for beiske utsyn, meir enn tvilsam moral, og at det blir gjort saftig narr av andre, kan kanskje delar av utvalet nedanfor høve. Det kan kanskje hjelpe ganske unge å vere orientert om ulik slags lømmel-framferd og frekke strekar og unotar, så ein styrer klar av somt seinare. Kanskje. Det kjem blant anna an på foreldra.

Her er iallfall eit oversyn over eventyra som ikkje er med i Samlaget sitt tobands eventyrutval (1995) - og i rekkefølga dei har i Asbjørnsen og Moes samla verk (bokmål). Somme av dei som Samlaget ikkje har hatt med er vel ganske stuereine frå før likevel. Og andre frå lista nedanfor har eg gitt att og merkt som attgivingar. Målet har vore å få dei mindre utenlege for dei som veks opp.

• Peik

• Pål Andrestua

• Vesle Åse Gåsejente

• Ei prestehistorie

• Bamse Brakar

• Gjete harane til kongen

• Dumme menn og troll til kjerringar

• Presten og klokkaren

• Makrelldorg - Tre brottsjøar

• Enkesonen

• Vårherre og Sante-Per på vandring

• Jutulen og Johannes Blessom

• Oskeladden som fekk prinsessa til å skulde seg for å lyge

• Tyrihans som fekk kongsdottera til å le

• Kolbrennaren

• Fiskarsønene

• Bonde Vêrskjegg

• Vêren og grisen som skulle til skogs og bu for seg sjølv

• Manndottera og kjerringdottera

• Somme kjerringar er slik

• Dokka i graset

• Verda lønner ikkje annleis

• Stabbursnøkkelen i rokkehovudet

• Han far sjølv i stua

• Kjærasten i skogen

• Vennar i liv og daude

• Guten som skulle tene i tre år utan lønn

• Skipperen og Gamle-Eirik

• "Tsju pus, vil du ned av bordet!"

• Raudrev og Oskeladden

• Guten som ville bli handelskar

• Uffa-Mattis

• Krambuguten med gammalostlasten

• Tre sitronar

• Klokkaren i bygda vår

• "God dag, mann!" - "Økseskaft"

• Fanden og futen

• Jomfru Maria og svala

• Det blå bandet

• Håken Borkeskjegg

• Oskeladden som stal sølvendene til trollet

• Hanen, gauken og orrhanen

• Meistermøy

• Det har inga nød med den som alle kvinner er glad i

• Ei friarhistorie

• Giske

• Store-Per og Vesle-Per

• Gullfebla (eventyrlik i innhald og fasong)

• Mor til presten

Nokre av eventyra i oversynet kan romme element som ikkje er heilt stuereine og "politisk korrekte" i vårt samfunn, men dei kan gi underhaldning for det - til dømes "Guten som ville bli handelskar". Det handlar om hemn, mykje og grufull hemn, og ikkje storsinn og jovialitet.

Somme gjer for eksempel narr, og kan la "heltane" tene på mobbing og krenking. Andre viser haldningar der kvinner ikkje blir godt omtala. Og i nokre av dei fjerna vartar helten opp med grove, moralske brot. Delar av somme eventyr verkar kanskje dårlege og ufriske, om lag som vonde draumar.

Men omsettingar tillèt mindre endringar, og attgivingar fleire og større, alt ettersom. Fleire av dei beiske eventyra hos Asbjørnsen og Moe har blitt endra og jenka til litt her i samlinga. Dei fleste er merkte med"attgiving" i enden, og kan kanskje duge for mange. Noko kjem an på attgivingane, og noko på folk. Folk er forskjellige, og smaken like eins forskjellig.

Det finst såleis alternativ til berre å utelate lite kjekke og beiske eventyr. Å utelate dei kan vere fint i somme høve. Å fjerne dei minst høvelege delane kan fungere i andre høve. Når ein endrar eventyr meir eller mindre, kallast resultatet attgiving, og ikkje omsetting. Det går oftast bra å jenke eventyr utan å forandre eventyrtypen og hovudgangen i forteljinga i slike høve.

Men kva har somme folkeeventyr i seg for å bli kalla "heller beiske" og harske eller lite høvelege for barn i dag? Det kan vere så mangt. Tøys er til dømes ikkje nødvendigvis bra, og heller ikkje nødvendigvis gale. Det kjem an på kva slags tøys - dumt tøys og givande tøys er kanskje rake motsetnader - og kva for kimar forskjellig tøys og tull vel kan bere i seg. Ein skal heller ikkje sjå vekk frå at finaste tøys kan vere frigjerande. Her kjem underhaldningsmoment inn og veg med, men dette går vi ikkje inn på her og no iallfall.

Lømlar

Her er nokre vink til eit utval av "dei gamle, beiske" travarane om omsynslaust folk - dels til åtvaring, dels som underhaldning:

❦❦❦❦

Bonde Vêrskjegg [Moral: hauk over hauk]   AT 325 – 2

Dumme menn og troll til kjerringar [Gjer narr]   AT 1406 – 1

Fanden og futen [Syner massivt hat ved ein ganske så negativ stereotypi]   AT 1186 – 2

Haren som hadde vore gift [Glede over ektefellens daude i lag med "Det går opp og ned i verda, som heisføraren sa".]   AT 96* – 2

Kjerringa mot straumen [Mannen drukna kona si]   AT 1365 AB – 2

Kjærasten i skogen [Ein kan vel bli skremt av framande friarar for slikt, og det har nok vore meininga også. Men det er ikkje alltid det går gale.]   AT 955 – 2

Manndottera og kjerringdottera [Gjenferd og gammal overtru i blanding]   AT 480 – 2

Meistermøy [Trolldomskunstar kronast med hell]   AT 313 – 3

Meistertjuven [Hyllar steling]   AT 1525 A-F – 3

Oskeladden som stal sølvendene til trollet ["Helten" stel fælt]   AT 328 – 3

Peik [Golde greier det]   AT 1542 – 1

Skipperen og Gamle-Eirik [Pakt med fanden]   AT 1179 – 2

Smørbukk [Barn gjort til mordar]   AT 327 C – 2

Tyrihans som fekk kongsdottera til å le [Grovspikka og lite nobelt]   AT 571 – 1

Vel gjort og ille lønt [Skeiv moral. Å sjå an sine folk i staden er betre. (Be careful about and size up those you get involved with.)   AT 154 – 2

Verda lønner ikkje annleis [Det gjeld å trekke rette lærdommar av vanskar, ikkje bli heilt vrang, eller ta munnen for full og overgeneralisere: Blir ein narra av éin, er det ikkje å bli narra av alle (verda). Det er stor skil på folk. Det gjeld å sjå dei godt an - vurdere dei over ei viss tid. Så går hopehavet kanskje bra.]   AT 155 – 2

  Innhald  


Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., litteratur  

Asbjørnsen, Peter Christen, og Jørgen Moe. Norske folkeeventyr I og II: Med dei originale teikningane. 2 band. Oslo: Det Norske Samlaget, 1995.

Asbjørnsen, Peter, og Jørgen Moe. Samlede eventyr, bd 1-3. Kunstnerutgaven. Oslo: Gyldendal, 1965. ⍽▢⍽ Det er gitt ut fleire nyare utgåver på bokmål sidan.

Lindø, Rigmor. Eventyrskolen. Oslo: Cappelen, 1988.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Asbjørnsen og Moe, norske eventyr, norske folkeeventyr, segner evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes. [E‑post]