Norsk del, Gullvekta
Ordforklaringar til Asbjørnsen og Moe
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste
Reservasjonar Innhald  

A
B
D
E
F
G
H
I
J
K
L
M
N
O
P
R
S
T
U
V
Y
Æ
Ø
Å
Opp

 A  B  D  E  F  G  H  I  J  K  L  M  N
 O  P  R  S  T  U  V  W  Y  Æ  Ø  Å  

Hjelp til å skjøne:

Ordlista med sine 1420 oppslag fortel kva eldre ord og dialektord i Asbjørnsen og Moes samla verk tyder. Dessutan er fleire nynorskord lagt til. Dei trykte forteljingane var frå starten utan mange dialektord; dialektord blei sett til i seinare, fornorska utgåver. Alle er neppe lette å skjøne for alle.

Slik er det laga: I sjølve teksten er mange lite skjønelege ord og vendingar dels bytte ut med ord og frasar som fleire truleg forstår, og dels forklarte i etterhengte notar til stykka. Dei fleste vekkbytte orda er ikkje med her i lista, som er ei tilpassa ordliste med nynorske ord og vendingar og ein del dialektuttrykk frå Asbjørnsens forteljingar. For nokre av orda blir kjønnet vist - ved (f) for hokjønn, (m) for hankjønn, (n) for inkjekjønn, (v) for verb og (a) for adjektiv. I tillegg blir (d) brukt for dialekt her og der, og (sj) tyder 'sjeldant brukt no', eller 'ikkje lista i større ordbøker'.

Dessutan finst opplysningar om personar og stadar i verket - mest i notane, men somme også her.

Mange av orda i lista har fleire tydingar. Tydingane som er med, er meint å gagne klarare forståing av Asbjørnsen og Moe-samlinga. Ikkje alle orda og ordtydingane i verket er vanlege no, og nokre har fått endra tyding. Ei god ordbok har med dei vanlegaste tydingane av ord og uttrykk i dag: To store: (1) ◦Nynorsk ordbok; (2) ◦Norsk Ordbok (frå 'i' og ut - 2017).

Hjelp til å leite:

Klikk på tal i parentes i teksten (tekstnotar) for å komme til forklaringsnotane, og klikk deretter på "tilbakepila" øvst til venstre på sida for å komme tilbake til teksten der du var.

'Ord' (nede til venstre på sider), er ei lenke hit til sida. Her på sida kjem ein til toppen av sida ved å klikke på "Opp" nede til venstre, og til ord som byrjar med R (osv.) ved å klikke på R ute til venstre. Det kan gjere leiting lettare.

A

a - ho, henne, den.

aftankvisten - eigentleg den kvisten som fuglen set seg på om kvelden; kveldstida. Jamfør morgonkvisten.

agn (på korn) - dekkblad rundt småaks.

alderslik - lik andre med same alder.

alen - gammalt lengdemål. Ei norsk alen = 0,6275 m.

Alexandria - nest største byen i Egypt, oppkalla etter Alexander den Store.

alkove - sengeplass innebygd i ein vegg; lite sengerom.

alperegion - alpint område; plante- og dyreliv over bjørkeskoggrensa.

amtmann - øvste embetsmann i eit distrikt, amt. Amta her i landet blei fylke sidan.

ange - duft.

angelikarot - Angelicae radix: kvannrot.

ank - uro, otte.

Anker, Bernt (1746-1805), norsk rikmann.

annekskyrkje - kyrkje i eit kyrkjesokn.

annsam - opptatt, travel.

aot (d) - åt, til.

apefynter - narraktige strekar (av ape og fynte (f), prette, puss, påfunn; fakte, kunst)

Apollosommarfugl (Parnassius apollo) - dagaktivt fivreld i gruppa av svalestjertar. Det er freda i Noreg.

art - medfødt anlegg det er vanskeleg å endre.

artig - hyggeleg, morosam; interessant. Også: rar, snodig; uvanleg.

artillerist - soldat i artilleriet, som er ei våpengrein der dei bruker artilleri – som er grovkalibra skytevåpen, til dømes kanonar.

auskar - ause til å ause vatn ut av ein båt med.

avdagsleite (sj) - om kvelden, når det siste dagslyset svinn.

avdal - dal som ligg avsides.

avdrikke - drikke opp, slutte med å drikke.

avdømt - dømt frå livet.

B

badstove - frittliggande varmestove eller varmerom til å tørke korn og anna i innomhus. Badstova (som tilsvarte finsk sauna) fanst her i landet i mellomalderen og utetter. Etter kvart blei ho brukt til å tørke korn og malt i. Ho låg gjerne for seg sjølv i utkanten av tunet, på grunn av brannfare.

bakfjerding - halve bakparten av eit slakt.

bakhun - kantbord, det yttarste bordet som blir skore av ein stokk, og som derfor er rundt på den eine sida.

bakk - stutt dekk framme på skip, og som mannskap opphavleg hadde mat- og opphaldsrom under (o.a.).

bakstefjøl - bord til å elte og kjevle ut deig på.

bakstefløyg - lett og flat, sverdforma, flat pinne til å flytte og vende flatbrød med under bakinga.

bakstehelle - rund plate av jern eller stein til å steike (flatbrød) på.

bane-kjettingen i Åsa - eit fraktesystem. Vasskraft i lag med eit kjettingverk blei brukte til å løfte tømmer frå Tyrifjorden så høgt opp som Krokskogen. Derifrå blei tømmeret fløytt til Christiania. hovudstaden. Fraktesystemet var i drift frå 1807 til 1849.

banketre - trereiskap, treklubbe med handtak, til å banke vått tøy med når ein vaskar.

barbering med kost og kniv: barbere er å skjere og snitte vekk skjegg eller hår på hovud og på kropp med kniv, barberhøvel og liknande, slik at huda blir ganske glatt. Før blei barberkrem spreidd over fjes og hals (og så vidare) med ein barberkost av svinebust, så barberinga blei mindre smertefull og opprivande. Mange menn og kvinner i vår tid barberer seg ulike stader no for tid. Fordelar finst, reiskapar også, og motar kjem attåt. Asbjørnsen er til dømes avbilda med "halsskjegg".

barkeskrukke (d) - lita korg av bjørkebork.

barnseng - barselseng.

barnsøl - ('barns-øl'), (øl)gilde ved barnedåpen.

barsel - barnefødsel; barnsøl (sjå det).

barskut - barhytte med skråtak like til bakken, og éin loddrett langvegg.

bas - den (det) fremste, beste eller likaste (m.m.).

baske - rulle seg med kavande rørsler, flakse (med vengane), velte, og meir.

baus - stolt, djerv.

bavian - gå bavian, passe ei skute som ligg ved land.

Beierbrua - bru over Akerselva ved Sagene.

beinksam - hjelpsam, tenestvillig.

beinkøyrt - liketil.

beis - høgaste trumf i kortspel.

beksel - reimtøy (stundom medrekna munnbit) som ein legg på hovudet til ein hest når ein skal køyre; munnbitt.

belg - (a) blåsebelg; (b) skinn som er belgflådd, rengt av eit dyr.

bendestong - stong som surringsreipet, kjettingen, blir stramma fastare om lasset med.

benke - jamne, legge til rett; sette på benk, sesse.

bere til - hende, gå for seg, treffe seg.

Bergenshandel - til handelsbyen Bergen frakta folk varer heimanfrå sjøvegen, og kom tilbake med varer dei ikkje hadde sjølve.

bergmann - troll.

bergtatt - i folketrua: lokka inn i berg; tatt inn i berg; røva og tatt inn i berg til underjordiske. overført: hugtatt, dåra, fjetra, klumsa, og verre.

beslag - grant tau til å beslå segl med.

beslå - rulle (eit segl) saman på råa og surre det med beslag.

bevergjel - universalmiddel mot allslags trollskap.

bikse - storkar, kakse.

Bilton, William - Ei av de tidlegaste skildringane av sommarturar i det norske høgfjellet står i boka Two Summers in Norway, av William Bilton og gitt ut i 1840. I boka blir det fortalt om ei reinsdyrjakt i Rondane. Asbjørnsens reinsjaktskildring liknar Bilton si.

bindegal - heilt gal; så gal at ein lyt bindast.

bindingstrøye, bundingstrøye - strikka ulltrøye, undertrøye.

bispevisitas - vitjing som bispen gjer i eit prestegjeld.

bjart - lysande.

Bjedla - garden Bjelde i Sogndal.

bjo te (d) - by til, prøve.

bjørkefut - ris lagd av (fleire) bjørkekvistar.

bjørkekavle - tjukk bjørkestokk.

Bjørnsjøelva nord for Oslo sentrum, renn frå Bjørnsjøen (337 moh.) og ut i Skjærsjøen (258 moh.) i Nordmarka.

blei - kile til å kløyve noko med.

bleiv - drukna – av blive.

blekke (f) - blad, småblad, lite påakta og lita avis.

Blicher, Steen Steensen (1782–1848) - dansk forfattar av bl.a. forteljinga "Røvarstova" (1827).

blindskyttar - klede med menneskelukt i seg, og som jegeren stiller i vinden for reinen, og som pga. menneskelukta i dei driv reinen vekk.

blive - drukne.

blystein - sjå jernstein.

blålys - overnaturlig lys over nedgraven huldreskatt (folketru).

Blåmyra - havet. Ri på blåmyra - segle på havet.

blåne - ås og anna som ligg eit godt stykke borte (i synsranda), og som verkar blåleg fordi naturleg lufta er blå.

blåsegreier - blåseinstrument.

bo - behov, trong; ha bo, ha behov for, trenge, turve, ha bruk for.

bog: på (slakte)dyr - øvste del av ein framlem; aksel og overarm. I overført tyding kan "bust og bog" forståast som flesk og sauekjøt.

bolk - vegg mellom båsar.

bomme - ordne renningen til ein vev på ei stor vinde.

bordskrivar - ein som kvitterer for leverte plankelass.

borkete - kvitgul eller bleikgul med eit skjær av raudgrått (med ein tøtsj raudfarge i).

Borrebekken - skjenkestad (kvilestad) ved Trondheimsvegen i skjenkestad i Østre Aker, kanskje 5 km frå Oslo sentrum.

botevon - utsikt til betring.

botn - fjelldal med berre éin utgang o.a.

botnskrape - reiskap til å fange og samle (skjell)dyr og andre dyr i fjorddjupet.

brak i isen med låg, djup lyd kan tyde på at han er trygg nok.

Branes - Bragernes, som no er ein bydel i Drammen.

Branesmarken ein marknad. Branes er samandraging frå Bragernes, som no er ein bydel i Drammen.

brann - trestykke som brenn, o.a.

brannete - med striper; stripete, især mørkstripete; med mønster, mønstra, med figurflater, med figurar; flammete.

brannskatt - yting som ein tvingar frå folk ved hjelp av trugsmål om brann og herjingar om ein ikkje får ytingane; ei form for utpressing.

brase, frizzle, cook, er å steike noko som er feitt så det sprakar og frasar, og kanskje får skorpe og krumma form ò.

Bratt - Den gamle Brattslekta eigde mellom anna gardar i Ringsaker.

Bredvolden, Stine Olsdatter budde på garden Bredvold i Aker og var kjend som klok kone.

brenne for - fengkrutet brenn utan å kveike ladninga.

breste - om mjølk: oste seg; skilje seg i ostestoff og myse.

brevsynt - lesekunnig; som kan lese handskrift.

bringe - (framsida av) den delen av buken som ligg mellom halsen og bukhola; bryst.

bringekoll - bringekjøl, den delen av brystet som spring frametter omkring brystbeinet.

brok (f), brøker - bukse, bukser.

bruvarme - eld som iblant blir sagt å bryte fram av jorda i Solør.

bryggeved - ved brukt til brygging.

bryne (n) - er ein (avlang) natur- eller kunststein til å kvesse egga på verktøy til å skjere med.

bryne (v) - kvesse (med bryne).

bråfang - hastverksarbeid, raskt og dyktig verk.

bråte - jordstykke, rydning (i skog); open stad i skogen, der tre er hogt og i regelen også brent så ein kan dyrke korn der.

bråvêr - uvêr som kjem brått på.

bu - buskap, feet på ein gard, bøling; (2) bod, seterhus; lite, enkelt hus til å vere i mellombels eller ein (mindre) del av året. Osv.

bufargraut - rømmegraut som blir kokt når folk drar heim frå setra om hausten.

buføre - dra frå eller til setra med buskapen; jf. buferd.

buhund - fehund

bukjørel - alle slags mjølkekjørel.

bunding - strikketøy.

Bure - gard på Ringerike.

buskebjørn - ekorn (i spøkande tale).

bust og bog - flesk og sauekjøt

bust - stridt og stivt hår; grovt hår på dyr.

bustleiv - bektråd-stump med ei svinebust i enden (bektråd: beka skomakartråd).

bustreip - reip av bust – og bust er stridt, grovt og stivt hår på dyr, som til dømes grisebust.

butak - seterbu-tak. Seterbu: lite hus eller rom til å lagre mat, utstyr o.a.

byen, den kvalme - i snever meining Kristiania (Oslo); i vidare meining: byen.

byfant - (nedsettande eller skjemtande:) bymann.

bygard - eigedom i by. I daglegtalen er ein bygard ei bygning der det ikkje er landleg (men urbant). Ein bygard treng ikkje vere leigegard.

byr - bør, byrde.

byting - i folketrua: trollunge som dei underjordiske har lagt att i byte for menneskebarn dei har stole; vanskapt barn; stundom: særling. Og stundom brukt nedsettande.

bøling - flokk av (stor)fe; krøttera på ein gard; buskap.

Børge (eigennamn) - namnet tyder "berging", og stammar frå norrønt.

børselås - mekanisme som fyrer av ammunisjon i ei rifle; stengemekanisme.

børsestump - børsekolbe.

Bøyg - The Great Boyg, Bøygen er ein overnaturleg kjempeorm.

båtmannsmat - underoffisers grad under båtsmann (til 1930).

båtshake stong med endebeslag som endar i ein krok og ein spiss.

båtskrog - hovuddelen av skipet – skipet frårekna overbygg og rigg kallar ein skrog.

båtsmann - øvste matros; arbeidsleiar på dekk.

båtsmannsmat - før: underoffisersgrad under båtsmann. Sisteleddet kjem frå det engelske mate.

D

Daffen - Dagfinn.

dagstøtt - kvar dag; fastsett til ein bestemt dag.

dagverd, dugurd - namn på måltidet mellom morgonmat og middag (lunsj) før i tida (om lag klokka 10).

dalar - eldre norsk sølvmynt, avløyst av krona i 1875. Då var ein dalar verdt 120 skilling, som igjen var verdt fire kroner. – Dalar var opphavleg sølvmyntar prega i Joachimsthal i Böhmen. Frå 1544 blei riksdalar species utgangspunktet for myntsystemet i Danmark-Noreg. Riksdalaren blei brukt i riket til riksbankdalaren blei innført i 1813. (jf. skilling, riksdalar og spesidalar.)

danse og sprette - Det er ikkje grov, kroppsleg straff som blir skildra her. daudinghovud på stake - eit mogeleg teikn på ein rettarstad.

Davy, Sir Humphry - berømt engelsk kjemikar; reiste i Noreg i 1824; ivrig fiskar og jeger, gav ut "Salmonia or days of flyfishing" i 1827.

den andre - huldra, "hi".

den slemme - omskriving for fanden.

det er det same - "det eine er det andre verdt"; det ordnar rekneskapen; det kjem ut på eitt, det har ikkje noko å seie; det kvittar eitt. (Norsk Ordbok)

det er ingen fara med liket så lenge det nyser. Svensk ordspråk [Holm 1975:240] - og eit liknande norsk er altså her. Ordtaket er i slekt med: "Så lenge det er liv er det håp." I Peik er det noko som minner: "'Det er ikkje farleg med liket så lenge det er pust i nasen på meg', sa Peik."

det er likt til - det ser ut til.

det folket - gammal, indirekte snakkemåte for "de". Tilsvarande: "Kor skal ho hen?" for "Kor skal De/du hen?" i tovegs samtalar.

det får vere måte på! det får vere grenser! ("Nei, no er det nok!", "Nok!")

det lei med det skrei - tida gjekk; det varte og rakk.

det sjette bodet - "Ikkje drive hor" i romersk-katolsk og protestantisk katekisme. Den anglikanske og ortodokse kyrkja og jødedommen har "Ikkje myrde" som sjette bod.

det var likt seg nei langt ifrå, o.a.

dokk - fleirtal: dekker - fordjuping, dalsøkk.

dokterere (av dokter): (prøve å) lækje, kurere.

dominere - leve lystig, halde spetakkel.

dominering - spetakkel.

dommedag - I norrøn mytologi er starten ein fælt kald vinter. Så kjem undergangen, Ragnarok, og så finst grønt gras og gulltavler i graset. Førestillinga om dommedag finn ein i zoroastrismen frå før både jødedom og katolisisme

domsteinar - tingkrins, tingsteinar.

Donat-bommert - grov feil, eigentleg mot dei enklaste reglar i grammatikken. Donat - begynnarbok i latin - såkalla etter grammatikaren Donatus - frå det 4. hundreåret i vår tidsrekning.

doning - køyretøy, køyregreie; reiskap.

dot (med lang o) (sj) - jaktskrik når dyret er felt (frå platt-tysk).

dotsup (sj) - ei skål som blir drukken når viltet er skote.

dott - godfjott, stakkar.

dovent øl - smaklaust og ufriskt øl. Øl blir (flatt og) dovent når kolsyra i det forsvinn ut i lufta.

dovning - domning - dugnad, samkomme av naboar for å hjelpe ein til å få gjort eit arbeid; gjestebod for den som er med (av duge = hjelpe).

dra lykka frå garden - folk trudde lykka kunne aukast og tappast, mistast og vinnast med konkrete ting og magiske, folkelege halvritual.

dradokke - mystisk vesen (hjelpeånd) som stel og drar rikdom til huset eller garden. [Wikipedia, s.v. "Dradukke"]

dragast med - stri med, takast med.

dragdokke - i folketru: eit lite vette som dreg rikdom til eigaren; eit lite, overnaturleg vesen som drar rikdommar til huset eller garden.

dragon - soldat, opphavleg ryttarsoldat, kavalerist, som var rusta for å slåst til fots.

drankekøyrar - køyrar av drank, ein vellingaktig masse ein får ved ølbrygging og brennevinsbrenning og som blir brukt til fôr.

draug (i folketru) - menneskeliknande havvette som ror ein halv båt og varslar død; dauding, attergangar (særleg etter ein drukna).

drikkepengar - (eigenleg 'pengar til å drikke for') ekstra betaling (til servitør, sjåfør, tenar) for ei teneste.

drive - drive buskap, føre, flytte buskap. Mannen dreiv flokken.

drunte - somle, drøle.

dugurd, dagverd - før: måltid mellom morgonmat (frukost) og middag; føremiddagsmat. ein dag til dugurds - brukt om ei svært kort tid i det heile.

dugurdtid - tid for å ete dugurd, føremiddagsmat. Før var dugurd eit måltid mellom morgonmat og middag, "i beste lunsjtida" i dag.

dukat - eldre (gull)mynt.

dumhøyrt - tunghøyrt

dun - dønn.

dunk - tønneforma behaldar, kagge.

dunke ned - tumle ned, styrte.

duve - setje lågare; reve segl, fire.

dvaledropar - drikk til å sovne av, dvaledrikk, svævedrikk.

dvergmål - ekko, lyd som blir kasta tilbake; atterljom, gjenlyd.

dyri - døra.

dysste - dissa, gynga, huska.

dåneferdig - Klar til å svime av, dåne.

dåre - forville, dåre, ofte på overnaturleg vis. Folketru: Lommen dårar ved skriket sitt når ein er fastande eller gløymer å seie "i Jesu namn".

E

eftan - siste halvdelen av dagen; ettermiddag (og kveld).

eftasverd - ettermiddagsmåltid i 3-4-5-tida.

eg er like glad - "det er det same (for meg)."

egg - spiss, tag (med meir).

egne - sette agn på -

ein kjelke i vegen - noko i vegen.

einhyrning - hesteliknande fabeldyr med spist, snodd horn i panna; ganske som eit lite nashorn.

eiter - sviande (giftig) væske frå dyr, særleg orm, maur, fabeldyr som drake og liknande.

eldmørje - gloande oske; masse av glør (og eldtunger); gneisteregn.

eldstål - stål til å slå gneistar, lage eld med; fyrstål

elgsblakk - blågrå, raudgrå som ein elg.

embær (d) - ambar, kar, trekar (frå eit italiensk ord for krukke)

emningsved - emnetre (emning: førebuing, påbyrjing, utforming).

epla - potetene, jordepla.

esle - etle, sette av, reservere, tiltenke, bestemme for, o.a.

etle - esle, tiltenke, bestemme for.

Etnedal - kommune frå 1894, aust i Valdres, Oppland. Elva Etna renn gjennom Etnedalen frå innsjøen Etnsenn nord i kommunen, forbi Bruflat, før ho passerer Lunde bru, Høljerast bru og helleristingar ved Møllerstufossen, og renn ut nord i Randsfjorden.

etterspel på spekebogfela - skjere seg nokre skiver spekeskinke (figurativt tala).

Euxinske hav - Svartehavet.

eventyrlege skikkelsar - I norsk folketru finst mellom andre buse, byting, deildegast, dragdokke, drake, draug, fossegrim, gjenferd, havfrue, havmann, huldrefolk, kraken, lindorm, lyktemann, mannbjørn, marmæle, nisse (gardvord), nøkk, oskorei, sjøorm, trollkatt, tusse, utburd, valbjørn, vardøger, varulv. [Jf. Hodne 1995]

F

fôrtapp - høydott.

fadder (gudfar og/eller gudmor) - dåpsvitne. Ei gudmor er ei kvinne som ber eller har bore nokon til dåpen; også: kvinneleg fadder; kvinneleg dåpsvitne.

fadermordar - høg, stiv snipp.

fag - avgrensa flate, felt av noko større; felt mellom to stolpar i bindingsverksvegg - o.a.

fagna - dyktig, ypparleg.

fagnad - glede, fornøying.

fagnamann - fagna mann, aktande, bra, dugeleg, signa mann.

famn - (her:) mengde ved som svarer til ei vedlengde på 0,6 m og eit

fanden og oldemora hans - alle vonde makter.

fanden kjem ventelig frå frisiske fannen, freistar.

fant - fyr, landstrykar, fattig mann, framand mann, o.a.

fantefille - fantejente, fantetaus o.a.

Fantefjerdingen - bydel i Stavern på Sørlandet. Også: bydel i Stavanger.

far, han far (etter gammal språkskikk) - respektfull, underdanig titulering før; høfleg tiltale til einkvan ovanfor ein sjølv på den sosiale rangstigen, som til dømes øvrigheitsfolk.

far - 1) ferd, gonge, gang; 2) måten som noko går på; 3) løp, bane; 4) spor, spor, merke, avtrykk (og anna).

far - mann som har barn (sedd i høve til barnet eller barna).

farleg - risikabelt; vanskeleg.

fe: krøtter, husdyr (særleg ku, sau og geit – eller berre om storfe).

feig - som snart skal døy (o.a.).

fell - reidd skinn brukt til å breie over seg med.

felle - person som ein har eller gjer noko saman med; felage, kamerat, kollega. Døme: bordfelle, ektefelle.

femne (frå famn): ta ikring med armane; nå omkring; ta i famn.

fente - framand kvinne, som skil seg ut frå bygdefolket i drakt og åtferd; kvinneleg fant; jamfør byfant.

fenæin (d) - småfeet.

ferd (d) - spor, fotspor, o.a.

ferde (el. ferde på) - sette i stand.

ferm - staut, dugande, o.a.

festarmøy - trulova kvinne.

festarøl - trulovingsgilde.

Fet - gardsnamn (i Purkevisa).

fetann og fefot - beita ned og trakka ned av krøtter, fe.

fiffkavaler - fint kledt kavaler, fint kledt herre.

fikte med - klare seg med, o.a.

fikte - slå kring seg; kjempe; klare seg med, o.a.

fingerbjørg - (verne)hylster for fingertuppen, til dømes når ein syr.

finkenett - kasse langs rekka på dei gamle krigsskipa. Køykleda til mannskapet låg i finkenettet, som dessutan verna mot geværkuler.

finnmutt, finnmut, finnmudd - lòden skinnkufte, pels; knesid reinskinnskufte som samar bruker.

finnskott - sjukdom som ein trudde var valda av trolldom frå finnar (lappar).

fire skilling - tilsvarte om lag kr 6,60 i 2011. Ein skilling frå 1875 tilsvarte om lag kr. 1,65 i 2011.

firfisle - lita øgle med korte bein og lange fingrar.

firskilling - mynt verdt fire skilling, som på 1800-talet var om lag 14 øre. Etter pengeverdien i 2006 og korrigert for konsumprisindeksen, tilsvarte ein firskilling frå 1875 om lag kr. 6,60 i 2011. (sjå skilling).

fiskesnik (m) - eskeforma spann til fisken ein har fått; (b) fiskehank, ein tilskoren kvist til å træ fisken inn på.

fjellbeite - beiteområde i fjella, kanskje over tregrensa og lange frå faste busetningar.

fjellvåk - (Buteo lagopus), ein mellomstor rovfugl i haukefamilien.

fjetra - klumsa, fastnagla, lamslegen, nomen, forgjort, fortrylla.

fjording - (1) mann frå Fjordane (Nordfjord, Sunnfjord) (2) vestlandshest, ei hesterase.

flabb - kjeft, snute, (breitt) munnparti.

flare - blusse, flamme.

flatbrød - ugjæra, tynt utkjevla, sprøsteikt brød.

flenge - stor rift.

fles (f) - sandbanke, skjer.

fli - stelle, ordne, pusse, pynte, gjere rein.

flisdunk - søppeldunk.

flisefut (sj) - (spøkande:) oppsynsmannen ved tømmerdrifta.

flo - horisontalt lag av fleire.

flogse (f) - jente eller kvinne som flogsar, er fjasete eller ustadig, renn omkring; flyg ute (på moro); fer lauslynt åt.

flogse (v) - renne omkring, tumle omkring; more seg på ein støyande eller upassande måte; fare åt lauslynt, osv.

floregn, flo-regn, flo - sterk regnbye, brå regnbye, skur; kort, kraftig bye.

florogn (sj) - rogn som veks som snylteplante på andre tre.

flugefiske, fly fishing, fiske med fiskestong, snelle, snøre og fluge (oftast kunstig, flugeliknande åte) , i innsjøar og elver.

fly i flint - sprekke av sinne.

fly(g)ande galen - rasande – 'fly(g)ande' er her eit forsterkande tillegg, slik som 'fole'.

fløymann - ytste mann på kvar fløy i oppstilt avdeling.

fodrial - (forvansking av) futteral, hylster [Den danske ordbog].

folkestue - rom eller frittliggande stove for tenarar på større gardar.

fomle - te seg klossete, særleg med hendene.

for takkel og tau - drive utan segl.

forbina - forundra, overraska, opp i under, overgitt.

foredrag - framføringsmåte.

formumme (dansk) - dekke til, o.a.

forsett - vrient, vrangt; vanskeleg, for gale.

forsmå - vrake, avvise; vanvørde.

forsyne svansskruen - legge ein amulett, til dømes eit stykke florogn, under svansskruen, som er den skruen som festar børsepipa til kolben.

frak - dyktig, i god stand.

framfjerding - halve framparten av eit slakt.

framom - forbi.

framslenging (eller framsleng) - gut (eller jente) som er nesten vaksen; unggut, tenåring.

frase - knitre, sprake, gneiste, sprute.

freiste - prøve; gå i gang (med) i vona om å greie noko (og anna).

frelse - fri ut, redde, berge, hjelpe.

fremmeleg - her: gravid.

frenologi lære om at sjelseigenskapar og personlegdomstrekk kan utleiast av forma på hovudskallen. Nærskyld kraniometri granskar skalleform, storleik, vekt, form og ansiktstrekk for å føreseie personligdomstrekk.

frigge (sj) - stort, svært kvinnfolk; storvaksen kvinne.

fuglestokk (sj) - ei slags fuglefelle.

ful - utspekulert, lur, sløg, lei, falsk.

fulla - saktens, alltids, nok, vel, visseleg, truleg.

fullmakt - her: fullmektig.

furk - tjukk, svær kar.

fut (bokmål: fogd): skatteoppkrevjar i eit landdistrikt, o.a. Før var futen ein embetsmann med myndigheit som politi og oppkrevjar av skatt og bøter i eit landdistrikt.

fysen - lysten, huga, fus; kresen, godtesjuk.

fælen - skremd, redd, ottefull o.a.

færingsegl - segl som høver ein færing, ein robåt med spiss stamn og laga for to par årer.

føderåd - kår, livaure; avtalte, faste ytingar (naturalia, husvære) frå ny eigar til tidlegare eigar av gard.

føldiger - drektig med føl; føltung.

førdagen - dagen føre i går, i førdags.

føring - last, gods.

førkje - jente, kvinne (ofte nedsetjande eller skjemtande).

første fisken - i folketrua skulle fiskelykka bergast ved å spytte på fisken og seie slikt som "Tvi vøre deg [osv.]", eller blåse han i kjeften, ete hjartet, drikke blodet, smøre hendene med det og anna ein trudde var mystisk tenleg. [Hodne 1997:65-67]

føske (d) - smuldra, opprotna tre.

føyse - jage, drive.

få hus - få losji.

få på travet - få i gang.

få seg litt i hovudet - drikke alkohol.

G

Gamlebyen - Gamle Oslo, i dag ein bydel i Oslo. Og som nokre øyer i Oslofjorden høyrer til.

gammalost - Fersk muggost med skarp, fyldig smak, og røter attende til vikingtida. Han har karakteristisk, kraftig smak og fast konsistens, er nesten feittfri og veldig proteinrik.

gamme (m) - mindre hustype med veggar av jord el. torv, særleg brukt av samar.

gang - vis, måte, utviklingsgang, hendingsgang.

gardvord - nisse som har fast tilhald på garden (eigentleg: gardvaktar, gardpassar).

garnvinde - stativ til å vinde opp garn til hesper på eller til å nyste opp hesper frå.

gasse - hanngås.

gast - svær kar; villbasse; sjømann; matros; marinesoldat; (2) overnaturleg vesen, ofte i fugleskapnad.

gauken - det var ei vanleg folkeforlysting i det gamle Kristiania (Oslo) å dra ut for å "høyre gauken" (gauketur).

gauve (eller gaue) - mektig mann, særleg om bønder.

geit - tamgeit.

geitedrift - geiteflokk som blir driven av stad.

gespenst (sj) - spøkelse (etter tysk: Gespenst).

gi audiens - det å ta imot nokon til samtale (finare uttrykk).

gi opp - bruke opp fôret, o.a.

gi tol litt, gi litt tol - vere litt tolmodig.

Gibraltar - Gibraltar ligg mellom Atlanterhavet og Middelhavet. Gibraltarklippen fyller det meste av det vesle arealet.

gildre (f) - felle, snare for dyr.

gildre (v) - stille opp felle eller snare.

gjekke - narre; erte; spotte.

gjel (n) - kløft (dessutan bevergjel, sjå det)

gjeld (n) - prestegjeld; skuld.

gjerdefang - materialar til gjerde.

gjere til - lage til, sette i stand, reie, stelle til, ordne.

gjere åt - lækje ved overnaturlege middel, signing, måling osv.

gjertrudsfugl - svartspett (ein hakkespett).

gjete - omtalt. høyre gjete, få vite (noko) (om nokon), høyre omtalt.

gjord (f) - band, reim, belte.

gjorde (v) - surre fast eit lass.

gjø - fôre, mate (husdyr) for å gjere feit.

gjørtlar - metallstøypar, massing- og bronsesmed.

gjøsti, gjø-sti - inngjerding der dyr blir fôra, gjødde, mata, meska - for å bli feite til slakting.

gla (v) - gå ned; solé gladde.

glas (til sjøs) - halvtime (eigenleg den tida eit timeglas rann ut på). Åtte glas er ei vakt (fire timar) om bord.

glatt - utan vanskar, lett.

glopanne - panne, skuff til å ta glør i; eldskuffe.

glumde - av glymje: dundre, ljome, dynje, glume drynje.

glåme (v) - glo, glane.

godfjott (m) - godfjottete mann, mehe.

godkyndt - godlyndt, godmodig.

golv - her, venteleg: golvet i det opne rommet (hemsen) ovanfor.

granlav - lav som veks på gran. Lav er ein sopp og ein alge som utgjer ein plante i lag.

grann, grant - sped, spedt.

granngiveleg - faktisk; tydeleg; nøye.

gravøl - gjestebod når ein daud blir gravlagd. Jf. "drikke gravøl".

Grensehaven - Grændsehaven, teaterbygning i Akersgata (riven i 1887). Ny bygning blei bygt i 1890. Centralteatret held til i dagens renoverte bygning der, omtrent overfor Aftenpostens avishus.

grev - hakeforma del fremst på hestesko.

grime - eit sett av reimar eller band til å leggje om hovud, nakke og kjevar (særleg på hest) og brukt til å leie hesten etter.

grine - avlage ansiktet (på grunn av misnøye og liknande), rukke nasen, grine på nasen for noko; vise misnøye o.a.

gris i marka - grisane gjekk mykje utandørs til hausten før i tida.

grisetrau - avlangt, uthola trefat, som oftast stort, som grisen får mat oppi. Det finst andre slags trau også.

groe - ung spire av kornartar eller gras, især om rug.

grogg - ein blandingsdrikk av rom (brennevin), varmt vatn og sukker. I starten var det lett øl og rom som blei blanda.

grom - storveges, gild, framifrå, snill, o.a.

grus (a) - stolt, prektig, fortreffeleg, gild, framifrå, storveges, grom (o.a.).

Grytten var eigen kommune i Romsdalen frå 1837. No er det Rauma kommune, etter utskillingar og samanslåingar.

græle (v) - mase utidig. Jf. gräla på svensk.

Grønland - eit strok i indre by i Oslo, rett aust for sentrum, i Gamle Oslo bydel.

grå bonde - bonden blei kalla grå etter fargen på vadmålstrøya si.

grådyr - rein.

gråtrøye - grå vadmålstrøye.

gudsgåve - barn (ved omskriving)

gulbrysta songar - gulsongaren Hippolais icterina

gullhake - hakefisk, fjellaurehann, gullglinsande og med ei hakeforma forlenging av underkjeven.

gulltumling - lite drikkekar av gull.

Gusinde (sj) - ei helsing, eigentleg: Gud signe (deg, dykk).

guteflogse - flogfille, jente som flyg etter gutar.

gyv - drev, eim, damp, dunst.

gå for presten - gå til konfirmasjonsførebuing.

gå på dans - gå, spankulere, småtrippe uroleg mv. Jf. kalvedans og killingdans.

gå på skade - føre til skade, bli til skade (o.a.)

H

ha hovudet under armen biletleg uttrykk for å vere dum.

ha samlag - ha mykje omgang med.

ha sine runer ute - bruke løynlege middel; forhøyre seg løyndomsfullt o.a.

ha skikk: ha rett skipnad; ha lag, ha orden o.a.

ha å bite og brenne - ha mat og brensel.

hafelle - gjerde av ukvista buskar og tre.

hafælle (v) - å gjerde, lage nytt gjerde eller bøte gammalt.

hage - hamnehage, inngjerda beite(mark), hamnegang. Eller hage nær heimen, nær ved garden.

hake - framstikkande krok (til å få feste og tak med).

hakefisk - sjå gullhake.

hakkebrett - brett til å hakke kjøt og liknande på.

hakketrau - Innhòla trau (sjå det) til å ha som underlag for hakking.

Ha'land - Hadeland.

hallending - mann frå Hadeland.

halvpel - om lag 1.25 dl.

halvsetting - 1/24 tønne. Ei korntønne var i eldre tid 139 liter, og ein 24-del av det blir knapt 6 liter, som tilsvarer om lag 116 kg gull.

hamn - (1) stad der fartøy kan losse og laste eller søke livd for vind og sjøgang; (2) beite(mark), hamnehage.

hamnehage - inngjerda beite(mark), hamnegang

hamning - beite.

han far - presten, ein utnemnd "far" for kyrkjelyden). "Han far" var vanleg tiltale frå "soknebarna" (folk i soknet til presten) før. I familien blei dessutan husbonden ofte kalla "han far", han også.

han - De, du, høfleg tiltaleform før. Dessutan "vêrmannen", altså vêret og nokre andre naturfenomen i mange dialektar: "han regnar, han grånar, han tetnar til, han tjuknar, det dryp utor han, han friskar på, han blæs, han spaknar", osv. Også om vindretning, sjø og tid, som t.d. i "han vårast". [Statsspråk nr 1, 2012, s. 2]

hand og munn - handtrykk og lovnad.

handspik(ar) - handspak, stong eller stokk til å løfte eller flytte noko tungt med.

handstong - stong-reiskap.

Har je trøytt alna (0,6275 m), så trøyter je vel kvarten (firedelen) au (også) - "Har eg halde ut 63 cm, så held eg vel ut 16 cm til." – "Har eg halde ut så mykje (lenge), så held eg vel ut noko til."

hass (d) - hans.

hau (d) - (1) brukt til å uttrykkje otte, sut, gru, avvising o.l, og (2) brukt til å uttrykkje livsmot o.l.

haugbasse - troll.

haugbukk - troll.

haugfolk - underjordiske, tussefolk, vette (i folketrua).

haugkjerring - trollkjerring.

hauk (i overført tyding: hard og streng overvakar.

hauke (v) - rope, huie, skrike; lokke (på buskap) haurde (d) - høyrde.

havfrue (f) - i folketrua: kona til ein havmann. Ho er eit vette som ser ut som ei vakker kvinne ovantil, og med fiskekropp (eller fiskehylster) nedanfor midja.

havgule - vind frå havet, vanleg i varmt vêr.

havmann (m) - i folketrua: vette som held til i havet, og ovantil som ein breiskuldra mann.

Hedalen - dalføre og bygd i Sør-Aurdal kommune i Oppland fylke.

Heggelia - plass, tidlegare seter i Nordmarka, mellom Sørkedalen og Ringerike.

heidersdag (m) - dag som blir feira til ære for ein, til dømes bryllaups- eller fødselsdag.

heiltønnesekk (m) - ein sekk som rommar like mykje som ei heiltønne, som for kornvarer var 139 liter i eldre tid.

heimanfølge (f) - medgift; formue i utstyr og/eller pengar som foreldra eller slekta til ei kvinne overlèt henne når ho giftar seg.

heimangifte (d) - medgift.

heimehage (m) - beitemark nær heimen, nær ved garden, også kalla hamnegang og hamn; hage nær heimen, nær ved garden.

heimeku (f) - ku som blir fôra heime mens dei andre kyrne er på seterbeite.

heimkommeøl - gilde når brura kjem heim til eller flyttar inn i huset til brudgommen.

heimkommeøl - gilde når brura kjem heim til eller flyttar inn i huset til brudgommen.

heimreisegraut (m) - her stod bufargraut. Det er rømmegraut som blir kokt når folk dreg heim frå setra om hausten.

heimrekst - inngjerda fe-veg fram til setra.

hekle (f) - reiskap til å reinse linstrå med; dvs. treplate med fleire rader spisse tindar av jern eller stål til å reinse lin.

hekle (v) - lage maskerekker og plagg av tråd med heklenål.

helvete (n) - frykteleg stad.

hems (m) - halvloft, ope loft, trev, hjell o.a.

Hems-Eia - husmannsplass under garden Oppen.

herde på - halde ut, halde fram; drive på, henge i.

herdig - hardfør.

herme etter - fortelje, sitere etter.

hesje (f) - rekke av staurar oppsette med høvelege mellomrom og samanbundne med stenger eller ståltråd i fleire høgder til å tørke høy eller korn eller lauv på.

hesje-ra (d) - stong til høyhesje.

hesjestaur (m) - staur i ei hesje. Ein staur er ei stong, ein grann påle, ein stokk som er tilkvesst i eine enden. Ei hesje er ei rekke av staurar som står med jamne mellomrom og er bundne saman med stenger eller ståltråd i fleire høgder. Hesja er til å tørke høy eller korn på.

hestedrift (f) - ein hesteflokk som blir driven av stad.

hestesko - bøyelforma skoning, beslag (av jern) til å ha under hoven på hest.

hesteskosaum - ein særleg slags (større) spikar til å feste hesteskoen til hestehoven med.

hine, hinfolket - dei andre; huldrefolket.

hinmannen - hinkaren, fanden.

hipe - stunde, vente med lengting.

hit (f) - skinnpose; skinnsekk, oftast laga av belgflådd geite-, kalve- eller saueskinn.

hjarta - (1) modig; (2) huga; innstilt på, ha lyst til (på); kjenne for.

hjartelag (n) - lynne, humør til (noko), huglag, lyst.

hjell - stillas av stenger, stort trestativ, særleg til å tørke fisk på. Også: halvloft, hems, hylle; loft i uthus, sengeloft.

Holleia - store skog- og åsstrekningar - eit skogkledt landskap - vest for Tyrifjorden i Buskerud fylke, mellom anna nytta til opplevingsturar for barn og andre.

Holleia - store skog- og åsstrekningar vest for Tyrifjorden.

Holstein - eit område i Nord-Tyskland, i delstaten Schleswig-Holstein.

holt - lite skogstykke, lund, som skogholt, furuholt og granholt.

hommelsbøtene - hasane (på baksida av kneet).

hondæin (d) - hundane.

hoseband - band som blir festa øvst rundt lange strømper.

hovudgjerde, hovudgjerd - tverrfjøl(er) ved hovudenden av ei seng, hovudgavl.

huga; vere huga - ha lyst på.

huge - ha hug, lyst til, like.

hugheil - roleg, trygg i hugen, trygg, sikker; utan otte.

hukre - krympe seg av frost, skjelve av frost, hutre.

hulder - i folketru: eit vakkert, kvinneleg vette som held til i berg og haugar. Den norske har som oftast kurumpe og somtid innhol rygg.

huldrefisk - stor, fin og feit fisk omgitt av folketru.

Huldrehatten ei vandresegn som er kjend i Tyskland, Norden og i Irland. I Reidar Th. Christiansens vandresegnkatalog har segna nummeret ML 6050.

huldrekatt - skogkatt med tjukk, busket hale.

huldren - liksom forgjord, uverkeleg, rar; forheksa av huldra.

huldretjern og huldrevatn - i folketrua kan underjordsfolket ha sine eigne huldrevatn og -tjern med dobbelt botn. Fisk som folk fiskar i huldretjern, blei jamt tatt ifrå fiskarane når dei la seg til å sove. I somme segner strør folk ein ring vigsla jord rundt tjernet for få presse hinfolket til å la dei få fiske. (Hodne 1997:187-89)

hulle (v) - tralle, småsynge; synge tonar utan ord.

humlekoll - topp eller blomsterhovud av humleplanten.

humletopp - dei tørka fruktstandene (toppane) av humle, ein fleirårig plante som veks seg kring to meter høg og har lange skot. Toppen blir nytta i øl.

hundevêr - ufyseleg vêr.

hundevakt - vakt frå midnatt til kl. 4 på fartøy.

huske (v) vere i rørsle opp og ned; røre seg opp og ned; disse.

husmannsfolk fekk leige og bruke eit stykke jord (ein plass) av ein gardbrukar mot visse plikter, som å arbeide for gardeigaren eller betale leige, eller begge delar.

husvill - huslaus

hutt! - av hutte, hytte, true med neven; jage.

hæinn (d) - han.

hæler (d) - trebøyel eller vidjeløkke som blir festa i enden av eit surringsreip.

hælerhals (d) - ein hælar er ei vidjeløkke som blir festa i enden av eit surringsreip. Hælerhals er den delen av hæleren der endane kryssar kvarandre.

høl - djup hole i botnen av elv eller bekk; (større) kulp; djup dam.

Høvringen - setergrend i Selsfjella i Gudbrandsdal.

høymeis - korg; grovt nett (av tau eller vidje) til å pakke høy i.

høyre gauken - ei vanleg folkeforlysting før var å dra ut i skog og mark for å "høyre gauken" (gauketur). I Noreg kan ein høyre gauken gale frå sist i april til midt i juli.

høyre gjete - få vite (noko) (om nokon), høyre omtalt.

høyre til nokon - høyre etter korleis det står til med nokon, høyre etter korleis hadde det; Elles, og vanlegast i dag: vere ått av nokon; vere del el. ledd i noko; bli rekna med til nokon/noko; vere knytt til nokon/noko; sokne til noko

høyrt eller spurt - høyrt noko meir til; høyrt om eller spurt om; høyrt om og fått greie på, osv.

høyrt og spurt - høyrt om og spurt om, høyrt om og fretta (spurt) om.

I

i benken - i den lange og ganske smale senga, i sengebenken, eit møbel til å sitte eller ligge på.

i lys loge - i brann; i fyr og flamme.

i otta - i grålysinga; ved morgongry; i morgonstunda.

i strupen - (stundom:) til drikk.

ikkje anna enn øyre - høyre godt etter, som "vere lutter øre".

ikkje ha/eige nåla på kroppen / i vegen (uttrykk) - uttrykk for fattigdom; ikkje eige noko som helst; å vere utfattig.

ikkje rare (i nektande uttrykk:) ikkje noko særleg; ikkje bra, ikkje dugande, ikkje staselege, ikkje vakre, osv.

illgutt - slem gut, storsnuta kar - frå ill, vond, lei, låk, vondlyndt, og meir.

ilske - bråskap, oppøsing, argskap, sinne, vondskap.

imse (d) - ymse, forskjellige.

i-mydlo (d) - imellom.

in flaxanti - eigentleg in flagranti, som er latin for "på fersk gjerning".

inntikjen (d) - "innteken", tatt inn (i berg), bergtatt.

J

jamdøger - døgn.

jamne på munnen - røre på munnen utan å tale.

jamning - jamlike, t.d. jamaldring.

javle - skravle, prate, røre, tale i eitt; tyggje (med sterk kjakerørsle); geivle.

Jehans - Johannes.

jekt - einmasta fartøy med råsegl: Eit lite kystlastefartøy med høg framstamn, éi mast utan stong, og rigga med to slags segl: råsegl og råtoppsegl. Båttypen er direkte etterkommar av vikingskipa. Nordlands-, nordfjord-, sogne- og hardingjektene er nokså like.

jektebruk - verksemd, førsle med jekter; skipsfart med jekter, jektefart. Ei jekt er eit einmasta fartøy med råsegl - eit lite, plattgatta kystlastefartøy utan baugspryd og med ei mast utan stong, rigga med råsegl og råtoppsegl.

jekteveng - kahytt i ei jekt.

jektutsetting - (sette jekt ut frå nausta og gjere ho reiseklar.

Jemlom - Dovrefjell.

jernstein - søkke av jern (eller bly) på fiskesnøre.

jomfru, møy - ung kvinne; fornem jente. Somtid: urøyrd jente; ugift adelsdame; borgarleg jente. Nemninga blei avløyst av "frøken".

Jon Blund - eventyrskikkelse i somme land. Jon Blund personifiserer innsovningsfasen.

jonsok Jonsok er St. Hans, og blir feira den 24. juni.

jonsokleik - Jonsokkvelden, kvelden før jonsok, blir feira den 23. juni. Skikkane skil seg mellom ulike land og landsdelar. Kvelden kan bli feira med bål, leik og anna.

Joramo - gard i Joradalen på Lesja.

jordveg - dyrkajord som høyrer til ein gard.

julebukk (og julegeit) var geitebukken som blei slakta til jul, men også ein utkledd person som "gjekk julebukk" i romjula og då var forkledt som geit for å opptre, og be om mat og drikke. At denne julegeita var ukjenneleg var ein del av julemoroa for ungdom og barn.

juleskrei - i folketrua: juleskreia, oskoreia, ("åsgardsreia") er eit følge av vette (haugfolk, gjenferd) som rir omkring gjennom lufta i nettene føre og i jula og gjer skade; også: julerei. Følget er ikkje særnorsk, men her til lands har det fått slike namn som våsedrifta, joleskreia, og gongfala.

juletrollfølge - sjå julebukken og julegeita - utkledde figurar med geitemasker og anna tildekking. (Bø 1974:139-48)

juleøl som oftast mørkt og noko meir søtleg øl enn elles.

jungmann - ung sjømann med grad mellom dekksgut og lettmatros.

jutul - jotun, rise, bergtroll som bur i berg, etter tradisjonen.

Jutulporten ein bergvegg ovanfor Vågåmo sentrum, rett ved Øvre Nordheradsvegen i Vågå, Oppland, og no eit freda lokalminne - ei bergflate med lys stein som er kring 25 meter høg. Den lyse overflata liknar ein bogeport i bergveggen, og skal vere inngangen til jutulhallen i berget der.

jåling - jålebukk, ein som er full av fjas og vas eller er dum og tilgjord; jål.

K

kagge, kagg - lita tønne (til drikkevarer), dunk.

kahyttsgut - tenargut om bord på eit skip, ein som oppvartar offiserar og passasjerar.

kakse - storkar, storbonde.

kalkegut (sj) - arbeidskar som driv med kalking og måling.

kall (m) - mann, kar, eldre mann, gubbe. Somtid ektemann, som i "kjerring og kall".

kalmusrot - (Acorus calamus) vassplante med rotstokk som veks vassrett, meterhøg stengel og gulgrøne blomster. Rotstokken blir brukt i folkemedisinen som appetittvekkar.

kamp - (frittståande) brei eller rundvoren fjelltopp; gråstein, o.a.

kanalje - skurk; skøyar, frå latin 'canus', hund.

kanapé - ein slags sofa, forma som to eller tre samanstilte stolar.

kappe og krage - ytre teikn på å vere prest. miste kappe og krage: få sparken som prest.

kar (adj) - i uttrykket dæ æ kar, det er gildt, godt.

karde (f) - reiskap med tettsitjande (jern)tindar til å reinske og kjemme ull med.

karde (v) - reinske og kjemme især ull med (to) karder.

karduspapir - grovt papir til røyketobakk.

kare (v) - rake, krafse, skrape, grave.

karepinne - skaftet på ein reiskap der framenden er ei plate eller tverrfjøl nytta til å kare med i glør.

karnøfle - pryle (eldre dansk).

kaste opp - grave opp (o.a.).

kastut (sj) - i talemåten: bedt lag og kastut, gjestebod med slagsmål og utkasting.

kaudervelsk - blandingsspråk; samanblanda tullespråk o.a.

keik (a) - rank, kjekk, o.a.

keikast - yppe strid, trette eller kiv.

keike (v) - terge, plage med motseiing og liknande, krangle, trasse.

kile (m) - kløyvereiskap laga av eit avlangt stykke av metall, tre og liknande som er kvesst til ein egg i eine enden; bleig. Økser er også kilar, og kan godt brukast til å kløve ved.

kinkse (v) - kinke, vrikke, vri seg, rugge på hovudet.

kinne (f) - reiskap til å kinne smør med.

kinne (v) - halde fløyte (surna til rømme, eller fersk fløyte) i rørsle slik at feittet skil seg ut som smør. I norsk tradisjon bruker ein i hovudsak berre surna fløyte (rømme) til å lage smør, mens andre kulturar bruker frisk råvare, fløyte(mjølk).

kip, kipe - vidjekorg til å bere på ryggen.

kippe - simpel kneipe.

kistepipe - riflepipe som er firkanta i godset.

kjase - kave; klatre.

kjast(r)e - stønne, småpuste.

kje - killing.

kjerald, kjørel - bøtte, kanne, fat, dunk, potte.

kjerrat - (av tysk: Kehrrad) - endelaus kjetting som går rundt i ein fast bane; til tømmertransport og anna.

kjette - hokatt.

kjole - mannsdrakt med knelang jakke eller frakk, sid, knelang ytterfrakk for menn, vanleg i fleire yrke - bl.a. for soldatar, offiserer og matrosar. I dag er kjolen oftast kvinneplagg. Kjoleplagget er ei vidareføring ifrå vide kjortlar i oldtida, som kaftan også er. (jf. Norsk Ordbok).

kjone - tørkehus for korn; badstove.

kjæinne (d) - kjenne, smake.

kjæte seg - vere kåt, munter, leike, leike i livsmod; ha (lyst til) moro

kjøkemeister - ('kjøkkensjef') person som leier trakteringa og seremoniane under (bryllaups)fest; toastmaster.

kjøltre (keel timber) - treverket som kjølen er laga av.

kjøn - strunk, stiv.

klanettar (d) - klarinettar.

klauv (f) - hornkapsel kring kvart av dei ytste tåledda hos partåa hovdyr.

klave - (hesteskoforma) bøyel til å ha om halsen på dyr.

klavefe - fe med klave.

klaverduk - (klaver-duk): fin seglduk; seglduk av fin kvalitet.

kleberstein - grøngrå mjuk bergart som både toler og lagrar varme svært godt, og er eigna til bruk i omnar med meir.

kling, klining - lefse eller flatbrød med smør på.

Klomsrud (Klomsro), Jens - ein farfar og soneson med det namnet levde på 1700-talet i Vågå, heiter det (DIS).

klopp - lita gangbru av stokkar (eller stein) over bekk, elv eller våtlende.

kludre - arbeide ugreitt, o.a.

klumsa - mållaus, lamma, som ved trolldom.

klunger - viltveksande tornebusk i rosefamilien; nypetorn.

klunk av lommeflaska - stor slurk (klunk) av den vesle flaska til å ha i lomma; stor slurk frå den flate (brennevins)flaske i lomma.

klunke på eller om, slå frampå (om noko); gi hint, ymte, ymte om, nemne; ytre, seie.

klunke - blir sagt om ein klingande lyd i tiurspelet og om ramneskriket.

klunkeflaske - timeglas-forma brennevinsflaske.

klut - segl (o.a.)

kløv - todelt bør til å legge over ryggen på lastedyr.

knapp (n) - skrue på fele, o.a.

knarte og ramle - stampe og bråke.

knarte - slå, hakke, hogge, støyte, stange, stampe o.a.

kna-trau - trau av uthola tre, til å elte deig i, til mat og dyrefor. Store kna-trau kan brukast til aking om vinteren og som "kano" i vatn også.

knebelsbart - stor (vriden) bart på overleppa, mustasje.

knefall - låg benk til å knele på, særleg ved eit altar (o.a.)

kneipe - primitiv serveringsstad, tarveleg skjenkestad, bule; kippe.

knerte - hogge kjapt og smått.

knipling (m) - trådarbeid i gjennombrotne mønster.

knippe (f) - kronisk betennelse i haseleddet på hest; spat, hestesjukdom (leddbetennelse).

knisle - knise, fnise.

knitle - knise.

knorte - gi ein hol, knurrande lyd.

knuslete - knipen, gjerrig.

knyte - pakke, tull, bylt (av klede knytte saman i hjørna).

kolbotn - stad der det har vore kolmile (jordomn) til å lage trekol i.

kolle - kjerald utan øyre eller handtak; lågt trekjerald til å sette mjølk i så ho skal tjukne.

kolne - kjølne, bli kald(are), svalne noko.

kolv - stor, tjukk fisk.

kolved - ved å få trekol av i kolgroper.

komme ilt av dage - døy på pinleg eller fælt vis; ha ein vond daude, for eksempel ein låk, lei, pinleg, brysam ein.

komme lykkeleg heim (her:) komme heim etter vellykka reise; komme heim heil, og med det glad.

komme på villstrå - tulle seg vekk.

kongeveg - frå først av ferdselsveg mellom byar og landsdelar, og etter kvart gjennomgåande hovudveg.

kope - sjå på noko med stor nyfikne; glane, gape, måpe.

kopp - hovud (jf. tysk Kopf).

korgkone - kvinne som driv handel utandørs og har salsvarer i korg.

korntønne - eldre mål for korn (og faste varer): 139 liter. Ei kvart tønne blir 35 liter.

korte seg - figurativt: korte livet sitt.

kortleik - kortstokk, eit sett (på 52) spelkort.

korvett (i eldre tid) - fullrigga seglkrigsskip som var mindre enn ein fregatt.

kove - lite rom, lite kammers, kammers, kleve.

kovne - kvelast.

krage og hoseband - omskriving for hals- og fotlenke.

krak - kraup, grøssa, av kreke.

kram - billege småvarer; lette handelsvarer. Kramkarar vandra somtid omkring for å selje slike varer.

kremmar - handelsmann; handelskar, kramkar; person som driv (land)handel, butikk; kjøpmann; person som reiser frå stad til stad og sel småvarer.

Krestjan - folkeleg for Christiania/Kristiania, som no heiter Oslo. Oslo heitte Christiania frå 1624 til 1878 og Kristiania frå 1878 til 1924.

Krestjan-marken - Christianiamarknaden, også kalla Christianiamarken, var ein årviss, vekelang marknad med røter i mellomalderen. Marknaden blei halden om vinteren når vatn og myrer var tilfrosne, for då var det enklare å reise inn i byen. Marknaden i byen (no: Oslo) blei avvikla i 1899. Då hadde han blitt halden i Gamle Oslo (Gamlebyen), så ved Gamle Aker kyrkje frå 1636, og så flytta til Christiania Torv, så til til Stortorget i 1736. I 1860 blei nokre av aktivitetane flytta til Youngstorget.

krik, krike - krok, bøyg; vinkel; bukt.

krikle - gjere krossteikn over; slik bruker "visstnok berre" dei underjordiske ordet. Elles: lage krokete figurar.

kringsette - omringe.

Kristiania - Oslo heitte Christiania frå 1624 til 1878 og Kristiania frå 1878 til 1924.

krumholt - krumt tømmer i treskip; kne.

krybbe - (her:) fôrkasse for husdyr.

kulke - kludre, fuske, o.a.

kulp - søkk eller større hole i botnen av elv og bekk.

kult - rund, tjukk ting; kraftig skapning; svær person; dyktig kar. Også: storfisk, for eksempel ein lubben og kraftig ein.

kunne meir enn å mate seg - kunne somt som ikkje er vanleg kjent (Ivar Aasen).

kure - ligge still, kvile, sove, ligge, sitje ihopkropen.

kurv - pølse.

kvannerot, kvannrot - rota av kvann (Archangelica officinalis), ein velsmakande fjellplante med sterkt krydra lukt - det same som angelikarot (ovanfor).

kve - inngjerda plass for feet.

kvein - av kvine, gi ein høg, skjerande, pipande lyd.

kveldverd - kveldsmat.

kverke - akutt infeksjonssjukdom i bryst og hals hos hest; kverksvull; kversill.

kvernkall - (1) vasshjul med skovler som driv øvste steinen i ei kvern av gammalt slag. (2) loddrett stokk som driv den øvste kvernsteinen rundt, og endar nedst i eit vasshjul.

kvernknurr - i folketrua: overnaturlig vesen som held til ved kverner og sagbruk.

kversill - infeksjonssjukdom i bryst og hals hos hest, det same som kverke.

kverve - fordreie synet, forville.

kvine - gi ein høg, skjerande, pipande lyd.

kvistgjerde - ganske enkelt gjerde av treskier og busker, særleg rundt utmark. I folketrua er gjerdet eit skilje mellom den dyrka folkeverda og naturens tusseverd, den ville heia.

kvitbjørn - isbjørn.

kvæinn (d) - kvern.

kyrkjesval (f) - gang, utbygg på sida av eller rundt hus frå eldre tider i sær, til dømes stavkyrker.

kyte - skjenne, skryte, røle, klage. Også: true.

køye, køy - sengestad (om bord i båt); ein av fleire sengestadar (over kvarandre).

L

lós - (1) person som rettleier skip i hamneområde eller ukjende farvatn; (2) det at ein jakthund gøyr (gir hals) når han forfølger vilt.

labola - (kortspel): eit slags femkort med trumf; høgaste trumf heiter beis; den som har ein konge og ei dame, melder marjas (marriage).

ladning - last o.a.

laft - samanfelling av veggstokkar i eit laftehus; lafta veggflate, som er fleire lag med liggande veggstokkar.

laftebygning - laftehus, dvs. hus med lafta, liggande veggstokkar, den eine oppå den andre.

laftestein - stein under hushjørne.

lag samvær, selskap.

lakke - rusle; gå lett og smått; hoppe på éin fot.

landskyld - før: årleg avgift som leiglendingar betalte til jordeigaren

lang nase - ein sjukdom hos unge og vaksne, akromegali, fører med seg bl.a. at nasen blir grov og større. Det finst behandlingar.

langeleik - avlangt strengeinstrument med ein melodistreng og sju strenger som kling med.

langfant - tater.

langfingra - som har lange fingrar; tjuvaktig.

langgodfar - oldefar.

langragga - med langt ragg.

langskånke - langlår, langskanke.

langspel - langeleik, strengeinstrument med éin melodistreng og sju strengar som kling med.

laonge speke (d) - forlengst spekt, forlengst salta og hengt opp til tørk (og eventuelt røykt)

larv - duglaus kar, stakkar.

Lassen, Lorentz Fjeldstrup (1756-1837), var sjef og øvstkommanderande på skroget av det utrangerte, avrigga og mastelause orlogsskipet Prøvesteen, som i si tid låg forankra ved København for å forsvare byhamna.

lauge seg - vaske seg; vaske seg med å duppe seg ned i vatn, bade seg sjølv.

lauskar - ungkar, ugift (og anna).

lauvkjerv - knippe, bunt av lauvkvister til fôr.

lauvkvelv - Kvelv av lauv, lauvtak.

lauvmann - mann som skjer lauv.

lav - plante som er bygd opp av ein sopp og ein alge som lever i lag i eit samliv som gagnar begge partar (symbiose).

lave - (henge og) glitre, glime, henge i stor mengde eller i klasar, vere tett pryda med; lyse; henge i klasar; falle i store flak, drysje.

le - (1) grind, opning; (2) den sida på eit fartøy som vender frå vinden. Lo-sida vender mot vinden.

leddik (m) - lite rom med lokk i ei kiste, ein slik liten gøymestad, lite løynkammer i ei kiste.

lefse - eit slags ugjæra, mjukt bakverk, ofte med smør og sukker på.

legg (her:) trestamme mellom rot og greiner.

legge seg til - skaffe seg; få seg; ta til å nytte seg av. (Norsk Ordbok)

legge til - slå til, slå til med hardt slag.

legostad (d) - kvilestad.

leire seg - lægre seg, legge (seg) til kvile eller i læger; slå leir, leire; slå læger finne leirstad, lage seg liggeplass (for natta o.a.)

leite på - røyne på, ta på.

leite - tidspunkt, dagstid, årstid.

lem - luke; stengsel for opning i tak, vegg eller golv.

lengje (d) - fleskeside.

lense (f) - kjede av samanbundne stokkar til å fange opp tømmer i elvedrag og sjøar.

lense (v) - samle det nedfløytte tømmeret.

lensmann - (ofte:) bondelensmann som representerte "øvrigheita" med slike verv som å krevje inn pengar, og dessutan politioppgåver.

lese - lese i bibel, preikesamling (huspostill) eller andaktsbok.

let - (naturleg) farge, kulør. som i "katten min var grå på leten."

Lethe - (1) ei gløymsleelv i gresk mytologi. Dei som drikk av vatnet i elva, gløymer. (2) alkohol i overført tyding.

lettfengt - lett å få tak i; lett å gjere; makeleg.

lettfør, som tyder "ha lett for, snøgg, rask".

levemåte - føde, kost, levevis.

levermølje - rett av (torske- eller sei)lever og flatbrød bløytt i kraft.

lime, sopelime - kvast av samanbundne kvister til å sope med.

limtre - bjelkar, bogar, bord og så vidare av limte trestavar.

lind - Det finst mange slags lind. Blada er rundleitt hjarteforma. Tilia cordata veks vill i Noreg.

lindorm, linnorm - mjuk og smidig, ormeliknande fabeldyr som liknar på draken, men har to bein, mens draken har fire.

linnet - lintøy (dukar, sengeklede, handkle, lommedukar og liknande av lin), nattklede, underklede og brudelin, eit tynt brudeslør av lin. forkle, veskar, dukar, og mange slags dame- og herreklede elles.

ljore - røyk- og lysopning i taket på ei einhøgda stove i eldre tider, frå før vindaugsglas blei vanleg; (firkanta) opning i taket midt i gamle tiders røykstove.. Ein kunne late att og regulere ljoren med ei luke som var trekt med ei hinne frå ein dyremage. Til luka var det festa ei lang stong som hang ned frå ho. Ljoren var oftast einaste lysopninga i stova.

ljorestong - stong til å opne og late att stengselet for ljoren med. (jf. 'ljore' ovanfor)

ljoskjé (d) - lysning, lysskin.

lo - (1) fôr til feet; kornband, skoren og utreskt grøde, særleg av korn; korn, agner og halm til saman; kornavling (o.a.); (2) motsett av le (sjå det); (3) dott av ull eller anna hår; (4) løpet i ei børsepipe - også kule og ladning.

loge - flamme, bluss, eldtunge.

logg - vere stø i loggen: vere pålitande og stø. (Logg tyder mellom anna område eller spor nær botnen i kar av stavar, der botnen er felt inn i stavane.

logå (d) - loge, flamme.

lokke - kalle, rope til seg.

lom - svømmefugl av slekta Gavia.

lone (d, f) - lune, huglag, stemning, humør.

loppe seg - reinske seg for lopper.

Lordalen dal i Reinheimen nasjonalpark nordvest for Lom og sør for Lesjaskogvatnet.

lose - føre eit fartøy gjennom kystfarvatn eller til og frå hamn.

lott - del, part.

lovott - vott med eit rom for tommelen og eit sams rom for dei andre fingrane; bladvott.

lure - vere løynd og lytte eller sjå etter noko; vente på eit høve; smette, snike.

lyse etter - etterlyse.

lyse - kunngjere offentleg. Den tida folk flest gjekk i kyrkje, blei kyrkjefolket no og då orientert om mangt ikkje-kyrkjeleg mens dei var samla utanfor kyrkja, så som auksjonar og anna å vite om. Embetsfolk stod fram og las opp kunngjeringar av ulike slag i slike høve.

lyske (v) - plukke lus av, reinske for lus, avluse.

løgste - skulde (nokon) for å lyge.

løk - djup, stiltfIytande bekk; dam; o.a.

Løvlia - seter vest for Heggelia i Nordmarka.

låk - klein, dårleg, simpel, ring o.a.

låne hus - få overnatte.

låring - bakarste delen av skipssida.

M

mageriv - mageknip; forbigåande magesmerter; kolikk.

makketen - med makk-hol i, gjennomhola av makk, som makk har ete på.

maksle - arbeide med, lage til (etter mønster); (streve, bale med å) få til, sette saman; sette form på.

malmfuru - furu som inneheld mykje malm, al, kjerneved (som er hard).

malt - spira, tørka og knust bygg (o.a.); tørka korn, oftast bygg, som har spirt ei tid og utvikla eit enzym som kan omforme stive (stivelse) til sukker. Malt brukast til ølbrygging, men har helseverdi i seg sjølv.

mannolm - mannvond, det vil seie sint, bisk, olm mot folk.

mare - i folketrua eit kvinneleg vette (overnaturleg vesen) som set seg trykkande på brystet til nokon som søv og rir vedkommande; dvs. å ha tyngande, klemmande, plagande vonde draumar.

mark (f) - utmark, oftast med skog; (grasgrodd) lende der det ikkje finst hus og vegar i terrenget.

mark (m) - (2) gammal norsk mynteining som på 1800-talet var lik 1/5 spesidalar eller 24 skilling (stundom 16 skilling), og som var verdt rundt 40 kr omrekna til forholda i dag.

markstein - grensestein, grensestein i marka mellom ulike eigedommar, merkestein.

martna - marknad.

maskan (sj) - trollkatt laga av ein trekloss overtrekt med katteskinn; inni er det ei blære med ei raud væske og ein mekanisme så klossen kan springe bortover golvet og skrike. Taterane grev han ned i fjøset, forgiftar kyrne med selsnepe (Cicuta virosa) eller anna, og kjem så og byr seg til å drive ut trolldommen så "det gneistrar for auga på bonden" fordi taterane tørkar han om auga med ein bunt med trevlar av hamp, lin eller jute, innsett med fosfor. Kyrne kurerer dei med motgift. Trollkatt har andre namn også: smørkatt, smørhare, skratt, tusse, pukhare.

matros fullt utdanna dekksmann; ferdig utlært til å gjere teneste på dekk om bord.

matrosdrakt - matroshabitt.

mea , me' (d) - medan, mens.

med nød og makt - endeleg, plent; ved å presse eller overtale nokon, kanskje også med makt.

meinsleg - skadeleg.

meinspikk - stygg strek, puss.

meite - fiske med stong; fiske med snøre og ongul (og med makk til agn). (Fortidsform): mette.

mellomromsmann - den som passar seglfellinga (å falde, leggje ned segl) i nordlandsbåtane.

melte, malte - tilverke malt; lage bygg (eller anna kornslag) om til malt.

merkskumpipe - pipe av det bleikgule eller gråkvite, porøse mineralet kalla merskum.

merlespikar - spiss stålreiskap til å spleise tau med.

merrabeist - i overført tyding som her: stor, sterk og uvørden kar.

merraflåar - eigentleg: rakkar som slaktar hestar; kjeltring som slaktar hestar; i overført tyding: hesteplagar; kjeltring.

mers og vev - fyll og spetakkel.

mers - (halvsirkelforma) plattform nær toppen av undermasta på seglskip.

mete - vurdere, akte, bry seg om.

mett - full.

Meyer, Jacob Meyer (1745–1801) - nordmann som dreiv stort i trelast og likte travsport.

middagslur - lur (kort søvn, blund) etter middag.

Mikkel (skjemtande:) namn på reven i fabelrolla som listig lurendreiar og svinepels. Opphavet er Mikael. På fransk og engelsk kallast Mikkel for Reynard, på finsk for Mikko.

mikkelsmess(e) - "Mikaels-messe"; gammal festdag den 29. september.

mile - kjegleforma stabel av trestykke, dekt med grastorv og liknande, og så påtend i midten slik at noko av den inste veden brann opp på kontrollert vis og varma opp resten av veden til trekol.

misvokster - dårleg vekst hos nytteplanter, med unormalt lite avling.

mjød - alkoholhaldig drikk – ein slags søt vin – av gjæra honning som er løyst i vatn og krydra med forskjellig, som nellik.

mjølkesil - sil til å fjerne rusk og skit frå mjølka med. Tradisjonelt ein trebolle med opning i botnen og eit dekke over opninga av fletta kuhår (tagl frå kurumpa). Mjølk blir hella over og silt.

mjøl-kløv - todelt mjølbør som ein legg over ryggen på lastedyr, særleg hest eller rein.

mjøltravar - fattigmann som fer (travar) rundt og bed om mjøl; omstreifar, fant av norsk opphav, og såleis sett ned på også av sigøynarar; omstreifar, særleg på Vestlandet og Sørlandet, i fiendskap med taterane (romani).

mor - tiltaleform, også til andre enn eiga mor.

moreld - små lyspunkt eller skin som kan vise seg i havoverflata når sjøen er i rørsle, og som kjem av sjølvlysande plankton.

morgonskjenk - alkoholhaldig drikk som blir boden fram om morgonen.

mosefar (d) - uthoggen renne på undersida av stokkane i ein tømmervegg (tetta med mose); fuge mellom stokkane i ein vegg, som gjerne blir tetta med mose. Samanlikn: veggefar.

mosott - sjukdom eller sjukleg tilstand der ein er svært slapp og trøytt, matt og mo; bleiksott, anemi.

moster - morsøster, søster til mor, tante på morssida, til skilnad frå faster, farsøster.

mule - munnpartiet hos større dyr, særleg drøvtyggarar (jortarar) og hest.

muleband grime; munnkorg o.a.

mundering - klededrakt, soldatuniform med utrustning; mundur.

munnharpe - stålfjør, festa i den eine enden til ein liten lyreforma metallbøyel (jernboge) spent tvers over, og som blir støtta mot tennene. Det vesle musikkinstrumentet har munnhola til resonansrom, "klangrom". Fjøra blir sett i svingingar med fingrane, og ulike tonar framkjem ved pust og rørsler i munnhola.

munnkåt - flåkjefta, uvørden og frekk i talen; pratesjuk o.a mur - eldstad, skorstein.

musefarga - musegrå.

musete - musegrå.

myrbukk - enkelbekkasin, mekregauk (Scolopax gallinago).

myrbær - molter.

myrdun - myrull, halvgras av slekta Eriophorum i storrfamilien, med dekkblad som veks ut til ullhår.

myrlapp (d) - frosk.

myse - den delen av mjølka som blir att når ostestoffet er skilt frå.

mæ (d) - med, mens.

mæle - gammalt kornmål, i mellomalderen frå 24,3 til 32,4 l, seinare fast om lag 17,5 l (1/8 tønne), og ofte lik ei skjeppe.

mælestang - målestong, 3,765 m lang (6 alen lang), til å måle opp jord med.

mæling - mål jord, om lag 1000 m2 (1 dekar).

mønsås - øvste takbjelken under mønet.

måg - svigerson, verson, mann til ei dotter.

målbinde - sette fast i ordskifte, gjere opprådd for svar, få til å teie.

måle - signekjerringane freistar å lækje dei sjuke for mosott (sjå det) ved å måle dei sjuke med ein tråd etter visse reglar.

målemne - sak; bere fram målemnet, framføre saka si, ønsket sitt.

måling - signekjerringane lækjer for mosott ved å måle dei sjuke med ein tråd etter visse reglar.

N

nabb - fjelltopp; pinne, knagg.

nakketufse - nakkesløyfe; dusk av silkeband på hovudplagg for kvinne, og som heng ned etter ryggen.

nasegris (sj) - skjellsord om ein med svær nase.

nattkvisten - kvisten som fuglen set seg på for natta; sjå aftankvisten.

nattleite - nattetid.

nattverd - i eldre mål: kveldsmåltid; aftansmat.

naud; med nauda - med nød og neppe, berre så vidt.

naude - lide nød; vante; mangle, ta skade av, vere plaga av; vere til skade eller meins, plage.

naudvakker - særs vakker, overvettes vakker.

navar - grovt bor med skrueforma blad.

neie - bøye spissen på ein saum, spikar eller liknande som er slått gjennom noko.

nest ved - like ved; nærast.

neste (v) - sy med lause sting, tråkle.

niglane - (av ni + glane) nistire, stire lenge og intenst, einstire, sjå fast og lenge på noko, glo.

Nilen - ei av dei to lengste elvene på jorda. Elva renn blant anna gjennom Egypt frå sør til nord.

niste - mat ein tar med for å ete på ein tur, på arbeidet eller liknande.

nisteskreppe. skreppe, ransel å ha nistemat i.

non - tida for ettermiddagsmåltidet, eftasverden; sørpå omkring kl. 2-3, nordpå kl. 4-5.

none - ete til non, halde non.

nons - måltid ved tretida om ettermiddagen.

nonsbel - nonstid.

nordansno: kaldt, bitande vinddrag frå nord, sno frå nord.

nordferd - dølane som reiser heim - nordover - med ferdingslass, ferdalass.

nose - snuse, vêre.

nugge - gni, skubbe, støyte til ein for å gjere merksam på noko.

nut (m) - noko avrunda, høg fjelltopp, knoll, knatt.

nying - bål, stokkeld på fri mark; eld som ein gjer opp i skogen.

nyslått - nyleg mynta ut, nylig prega.

nøkke - rykke med raskt drag, nykke.

nøkken - i folketrua: eit naturmytisk vesen, eit vassvette som held til i skogstjern og som kan skape seg om til skrikande fugl, kvit hest, naken mann med grønt, silvått skjegg, okse, trestokk, og vakker kvinne. Når eit menneske skulle drukne, varsla nøkken dauden ved å skrike frå vatna der det kom til å hende. Nøkken er også spelemann med musikk som lokkar unge kvinner i sær. I norsk og svensk spelemannstradisjon er nøkken ein dyktig læremeister ved fossar og elvestryk.

nøyde - be mykje, overtale, press-overtale; presse; kanskje tilmed tvinge.

nøyte seg - skunde seg.

O

okle - ankel.

olle - kjelde; oppkomme; vassåre.

omkvarv - omfar, stokkelag.

områ seg - tenke seg (godt) om før ein tar ei avgjerd.

Omvereland - riket "sønna for sør og norda for nord", Omvere og omkring tyder det same.

ongel - fiskekrok.

Onsen - Onsøy, ved Fredrikstad.

Oppen-Eia - husmannsplass under garden Oppen.

oppmann (her:) person som er vald av to usamde partar til å avgjere eit stridsspørsmål.

oppstandar - loddrett stokk, loddredd stolpe, stø i ein trekonstruksjon.

Opsanger - Opsanger gard ligg i Sunde-delen av tettstaden Sunde-Valen i Kvinnherad.

orekubbe - i folketrua røvar hulder folkebarn ifrå barselsenga og legg noko anna der i bytte- f.eks. ein orekubbe.

ormegard - (i segner og eventyr) ormegrav, ormegrop, hole, inngjerding eller grav med ormar i, og som dødsdømde blei plasserte i for å bli bitne i hel av krypdyra.

oskorei - i segner: følge av vonde vette som rir gjennom lufta, særleg ved juletider, og gjorde skade – drakk opp juleølet, fylte vatn på øltønnene, åt opp julematen og drog av garde med folk og hestar.

otte - grålysing; morgongry; morgonstund.

overhøyring - samtale som presten har med konfirmantflokken under ei gudsteneste før konfirmasjonen.

overliggaren - den øvre steinen i ei kvern.

overnaturleg velstand - I folketrua kunne underjordiske gjere somme menneske rike ved at "dei drog til dei" - drog velstand til garden og folket der. jf. dragdokke.

ovleg - overlag, ovande, i svært høg grad, særs, framifrå, grepa; særs dugande. Jf. åvelag.

P

pall - benk; peispall, omnsbenk.

passiar - uformell samtale, samrøde, prat.

peis - mura, open eldstad (med avtrekk til pipe).

pel (m) - gammalt holmål, knapt 2,5 dl.

pele - plukke, sanke.

Per Gynt (i segner og marknadsføring): ein skyttar frå Gudbrandsdalen, "og kanskje var Gynt en historisk person." (Store norske leksikon)

perse - presse, klemme, trykke saman.

persejern - stort, tungt strykejern.

Petter Dass (1647-1707): nordlandsk diktarprest.

pilt - smågut.

pinne - her: bakstefløyg – flat, sverdforma trestikke til å flytte og snu lefse og flatbrød med under baking.

pipar - ein som bles på pipe, fløyte, til dømes i marinen.

plank - skoren, uhøvla trelast, skurlast av plankar.

plankekøyrar - fraktefolk som køyrde bord (fjøler, skore tremateriale med tjukn opp til 38 mm og breidd minst 95 mm) og uhøvla trelast (plank) frå romeriksbygdene til hovudstaden.

polskpas - eit slags kortspel.

potte - lite, rundt kar (av brend leir, krus eller metall, til å ha flytande væske i), kanne, o.a.

praie - rope på, rope til.

pressejern - særleg før: stort, tungt strykejern til å presse klede med.

prillarhorn - blåseinstrument laga av bukkehorn med munnstykke og gripehol; bukkehorn.

primkjel - stor ystekjel til å koke prim eller mysost i.

prosess - rettssak, rettstvist, søksmål o.a. Det hende ender og då før 1814 at urimelege og urettvise lokale rettsavgjerder fekk bønder til å reise til København for å legge fram sakene sine for kongen.

prosteforhøyr - det at prosten (som er ein overordna prest, tilsynsprest) er kalla inn og forhøyrt om ulike skuldingar mot seg.

prøve lykka - freiste lykka. Det kan vere så som å prøve om ein får framgang og ikkje så mykje motgang.

puddersukker - snø som liknar farin, strøsukker.

pulverheks (tradisjonelt) - ei kone eller heks som lagar til magiske pulver. Ordet blir også brukt nedsettande om ei arrig, umedgjerlig kvinne - kan hende ei som bryt ei mengde moralske og etiske normer.

pumpesodd (gammalt uttrykk, forma av 'pumpe' og 'sodd', som er avkok, væske): vatnet rundt omkring pumpene i nedste, avdelte rom av skipet.

pumpestokk - ein robust, uthòla stokk brukt til pumping.

pund - her oftast = bismarpund, ei eldre vekteining, knapt 6 kg.

punsj frå sanskrit pantsja 'fem (ingrediensar)'): drikk av vatn, sukker, (sitron, krydder) og alkohol.

på det travet viser til hestar: figurativ uttrykksmåte for "i gang med det".

på ein kant - litt rusa.

R

rabb - steinete, låg jordrygg; skrint stykke mark.

ragg: langt, stridt hår (på dyr), til dømes geiteragg.

rak (n, sj) - beingrind, åtsel; skrott av eit daudt dyr; utsvolte dyr som mest liknar ei beingrind.

rakkar: mann som gjorde ureint og utriveleg arbeid; ein hjelpar for bøddelen; kjeltring og anna.

rakkaren - fanden.

rakle (v) - flakke ikring, drive, farte, reke.

raklespel - vilt, uregelmessig spel.

raklete - ustadig o.a.

ramle - skramle, larme, bråke, støye (ofte med ein kraftig og hol, døyvd lyd); buldre; falle.

rat - skrammel, skrap, avfall.

raud og rund og kvit - venleiksideal før: kvit hud, raude kinn og meir kjøt på kroppen enn på utmagra modellar. Og å bli solbrun var ikkje rekna som høveleg blant borgarar flest for nokre hundre år sidan.

raust - taksperre, sperreverk, møne; berande konstruksjon i hustak med møne; øvre (trekanta) del av gavlvegg.

"reddeer" - red deer, hjort, Cervus elaphus.

reiphelde (f) - trebøyel i enden av eit reip.

reisepass - uvennleg oppseiing; avskil.

reiv (m) - klede eller tøyremse til å sveipe spedbarn i.

reivunge - spedbarn i reiv.

reke (f) - spade med flat ende, o.a.

reke (v) - jage; følgje - men også flakke, drive ikring, gå og slenge; drive på vatnet eller sjøen, flyte av stad, reke med straumen, reke av (om båt), drive utover med straumen, (og enda meir).

rekne tå seg slagjé - telje av seg slaga; kan trollet telje kor mange slag det får, går verknaden av dei tilbake på den som slår.

rekved - drivved, drivtømmer.

reling - øvste del av båtsida.

renge - vrenge.

renne (her:) komme opp.

renne seg - gli.

rennekule - grov kule; ein brukte ofte fleire av dei i børsa på éin gong.

rephelde - bøyel i enden av eit reip.

rette - avrette.

Retzius, Anders - (1796-1860), svensk antropolog, den første som skilde mellom kortskallar og langskallar (1842).

rev - strimmel i segl som kan bindast opp med tau (for å gjere seglflata mindre).

reve - minke (segl) med hjelp av rev. Eit rev er her ein strimmel i segl.

revekrok, revkrok (m) - revestrek o.a .

riddaren med den bedrøvelege skikkelsen - den spanske Don Quijote, hovudpersonen i romanen Don Quijote av Miguel de Cervantes - "idealist som manglar litt røyndsomssans". [Wikipedia, s.v. "Don Quijote"]

rifle med kistepiper - riflepipe som er firkanta i godset.

riksdalar - svensk mynteining som tilsvarte rigsdaler i Danmark-Noreg. Etter 1814 var Noreg i union med Sverige, og då tydde "dalar" riksdalar. Noregs Bank blei oppretta i 1816; frå det året gjaldt det myntsystemet der 1 specidaler = 5 ort = 120 skilling. Då Sverige-Noreg fekk kronemynt i 1875, blei 1 spesidalar sett til 4 kroner.

rikse - knirke, gnisse, rikte.

rikte (v) - knirke, kvine.

risegard - i folketrua: stad der risane bur, gjerne i fjellet.

roko (d) - reke; skuffe, spade.

rom sjø - opent hav.

rom - brennevin destillert frå melasse (sukkerroer). Før var det svært vanleg med rom-rasjonar i den britiske marinen.

rorkult - rorpinn, rorstong.

roste (m) - meiska malt til å lage vørter av.

rot (n) - ope rom under mønet i eit hus; tak (innvendig).

rottekrut - arsenikk (døyeleg gift).

runn (m) - tynne kvistar, skot frå røter eller stubbar.

rustvogn (f) - vogn til å frakte krigsutstyr, så som handvåpen.

rygghogg - ryggstykke av slakta dyr; kotelett; ryggstykke som ribbeina er hogde ifrå.

ryggskåre - ryggfure, den grunne fura (renna) nedover langs ryggen.

ryke - slitne, breste, gå i stykke (o.a.).

røde (f) - snakk, prat, samtale. Fleirtal, røder: risper, soger.

røde (v) - snakke, prate, samtale, fortelje.

røfte (n, sj) - røfte, strekning; avgrensa del av eit område, o.a. jf. skogrøfter.

ro - krå, hjørne, krok.

røske - rive.

røye, røyr - aureliknande fisk med raud buk.

Røykenpresten - Christian Holst (1743-1824); han var prest i Røyken i over 50 år (t. 1824). I folketradisjonen er Holst framstilt som "svarteboksprest" med magiske evner

røykstove - tradisjonsrikt bustadhus utan glasvindauge men med opning i taket som røyk og somme lukter innanfrå blei sleppt ut gjennom. Svartsota veggar blei vaska og pynta med kvite kritbordar.

røyne på - ta på, leite på, slite; plage.

røyve seg - røre seg.

- på seglskip: rund bom som sit på tvers av mast og gir feste for råsegl.

råd (f) - utveg, hjelp.

rådsdreng, rådskar, husbonddreng - før: husbondskar, gardskar som leier og fører tilsyn med gardsarbeidet; paktar, person som paktar (leiger) gardsbruk eller jordstykke, forpaktar.

råk - stig, krøtterstig, tråkk, krøtterveg o.a.

råmjølk - koda, spesielt næringsrik mjølk frå spenedyr rett etter dei har født. Råmjølk frå menneske og kyr er tjukk og gulaktig.

råsegl - firkanta segl festa til ei rå.

S

salmebok - ei samling kristne salmar med tekst og ofte også melodi.

saltstein - stein eller steinhelle som dei legg salt på til buskapen.

Sambu-va'e - vadestad over Måla, i Vågå.

sangre - klynke, kvinke.

saum - syarbeid.

seie føre - rettleie, lose.

seise - slå (med svepe).

seitroe - sei-troe: stong til å fiske sei med.

selepinne - låsepinne til seletøy; pinne av tre eller jern til å feste hesteselen til dragstang med.

sengekrakk - laus benk utan ryggstø og lene.

serk - før: underplagg for kvinner.

seter, støl, er fjøs og bustadshus, enten for seg sjølv eller samla i grender, setergrender. Setra blir brukt til husdyr om sommaren for å nytte ut dei beita i fjell- eller skogsområda som ligg etter måten langt vekk frå bygda og garden som setra høyrer til. Omkring seterbygningene kan det vere rydda setervoller til nattbeite og/eller slått. Fôret frå utmark og setervoll kan lagrast på setra og hentast på vinterføre.

seterdrift - ein del av gardsdrifta i det gamle bondesystemet. . Krøtter, sau, gris og hest blei ført til seters for å beite der. Arbeidet på setra gjekk ut på å stelle dyr og fjøs, å gjete dyra for å hindre at dei kom vekk på beite, blei tatt av rovdyr eller kom inn på framand område eller blanda seg med framande husdyrflokkar. Det var ofte barn som gjette dyra: gjetergutar og -jenter. Arbeidet på setra var kvinnearbeid. Dei som stod for det blei kalla budeier. Dei skulle lage ulike mjølkeprodukt, som ost, smør og rømme. I lange periodar kunne budeiene vere aleine på setra.

sette andre i (full) veg - Uttrykket tyder lausleg noko sånt som "etablerte dei i leveveg (utveg mot armod)"; "fekk dei i gang på vegen til å livnære seg og sine."

sette over elva - frakte over elva.

sette til - bli utmødd; gå til grunne, forkommast.

setting - kornmål som utgjer ein sjettedel av ein fjerding, altså 1/24 tønne.

signe, signing bruke magiske hjelperåder mot sjukdom; bruke signekunstar og signeformlar, trylleformularar og magiske teikn for til dømes å freiste å lækje og verne.

signekall - runekall, ein kar som driv med signing - verning eller læking med magiske teikn og formlar - og signekunstar, dvs. åtferder og seremoniar med påkalling av dulde makter, løyndomsfulle teikn, maning og liknande.

signekjerring signekone (sjå det).

signekone, signekjerring, signekvinne eller runekjerring er norske namn på kvinner som i det gamle bondesamfunnet dreiv med signing og signekunstar, det vil seie brukte teikn og trylleformlar i magisk, oftast folkemedisinsk meining for å lækje eller verne nokon. Menn som gjorde det same, blei kalla signe- eller runekallar.

Sinsen - gard ved Trondheimsvegen, nær Oslo.

sirkulasjonsmiddelet - pengane som er i omløp.

sitron - eit bær (!) som stammar frå Nord-India, men har blitt dyrka i Vesleasia (Tyrkia) og Kina lenge. I seinare tid i andre land rundt Middelhavet også, og vidare.

sitte i peisen - sitte på oppmura steinar ved eld og glør der det er godt og varmt.

sjeldfengd - som ein sjeldan har eller får.

sju lange og sju breie - svært lenge.

sjøvær - fisketur på sjøen; utreise til fiske.

sjå syn for segn - få stadfesta ved sjølvsyn det ein har høyrt. "Få syn for segn" er den vanlege varianten i dag.

sjå til sjå etter at alt er som det skal. (Tilsynelatende (bm) er også 'å sjå til'.

sjåkå (d) - sjage, sjangle, skjage, gå ustøtt; rage, rave.

skanse - attarste del av øvste dekket på større fartøy; akterdekket.

skapskruv - den øvste kanten eller flata av skapet.

skarv - (1) Phalacrocorax carbo er ein mørk, langnakka og langnebba svømmefugl. (2) dårleg, upåliteleg menneske; kjeltring, snytar, fark, rakkar, stakkar.

skarvejente - jente det er smått stell med; fillete, stakkars jente, o.a.

skatten, den løynde - nedgravne skattar har det vore mange av i Skandinavia, heilt frå vikingtida. Funna på øya Gotland har vore mange og rike. Huldreskattar er eit velkjent segntema i fleire land.

skaufall, vedfall - levetida eit tre har.

skavarme (sj) - "skadevarme", eld som gjer skade, brann, eld ute av kontroll.

skavgras-skrubb - bunt av skavgras (ein slags kjerringrokk) til å skure kar med.

skavêr - vêr som gjer skade, især på havet; vêr som gjer skade på menneske eller eigedom

skifte - dele, fordele (o.a.)

skigard - gjerde av treskier, dvs. kløyvde tynne trestomnar.

skilderi - målarstykke, teikning.

skilleg - klar, tydeleg, rimeleg (grunn).

skilling - pengestykke, peng; i eldre tid mynteining som blei brukt frå rundt 1505 til 1875 her i landet. I 1875 var 1 dalar verdt 120 skilling, og 1 skilling verdt 3 1/2 øre; meir nøyaktig, 3,3 øre. Ein skilling frå 1875 tilsvarte om lag kr. 1,65 i 2011, ut frå pengeverdien då, og korrigert for konsumprisindeksen. skinnhit - ryggsekk av skinn; skinnsekk, oftast laga av belgflådd geite-, kalve- eller saueskinn.

skip for land og vatn - i norrøn mytologi ein båt som kunne gå på land og på vatn, som alltid hadde medbør når segla var heiste, og som kunne faldast saman og puttast i lomma så eigaren hadde han for handa.

skippund - 160 kilo.

skipskne (brok) - krokete, krumt trestykke (også jernstykke) mellom stamner og næraste spant.

skjekte (f) - kastepil.

skjekte (v) - springe, renne ustøtt av garde, o.a.

skjelm - skøyar, prettemakar.

skjenk - alkoholhaldig drikk som blir boden fram (o.a.).

skjerp (n) - stad der ein leitar eller har leita etter malm.

skjerpe (v) - gi ein slepande, skurrande lyd frå seg; springe uroleg omkring, om kyr som set av stad når dei blir brydd av fluger.

Skjærsjøhaugen - ligg i den nordaustlege delen av Holleia oppover mot Soknedalen.

Skogbygda - ligg i nordre Vågå.

skogfall - "skaufall", levetida eit tre har; det same som vedfall (jf.)

skogfinnar - omkring 1625 vandra finnar inn i skogbygdene på Austlandet; namn som Bonna og Katnosa i Nordmarka skal vere finske.

skogre - le høgt og støyande; le så ein ristar.

skogrøfter - skogstrekningar, skogsfelt, skogstykke.

skolt - skalle, hjerneskalle, panne.

skomakarbust - bust som skomakarar brukar, blir tvinna og brukt i spissen av den beka skomakartråden (bektråden) når dei skal sy.

skoning - jernbeslag.

skore hardt på horna - blitt gammal; biletet viser til den ringen om horna som kyrne får/fekk skore inn for kvar kalv dei ber.

skote (f) - stokk til å stenge ei dør, ein port eller liknande med. Det same som slå, bolt og bom.

skove (f) - skorpe som set seg fast i kjerald når ein koker (mjølkemat).

skrasle - (1) rasle, skrape; (2) skratle, le høgt;.

skreddartimen - skumringstimen, då skreddaren før i tida måtte stoppe å sy før han tende lyset.

skrelle - lage skrall, brake, ljome sterkt, smelle.

skrelle igjen/att - late att med eit skrall (skrell).

skreppe (f) - stor lêrveske til å bere på ryggen eller ved sida; ransel, ryggsekk.

skreppegods - ting, varer for transport i skrepper.

skrinn - mager, tynn, tørr o.a.

skrog - kropp utan hovud og lemer; opna kropp av dyr, særleg bukhola.

skrota (d) - skryte.

skrov (n) - den opna skrotten av eit dyr.

skrueste, skruestikke - reiskap av stål til å skru fast eit arbeidsstykke i. Sitte som i ei skruestikke, sitte heilt fast.

skruv - skjerm frampå ei hue.

skræill-pipe - børse ("skralle-pipe").

skrå (v) - tygge tobakk.

skukustol - fjøl med to bein under, brukt til å skake lin.

skul (f) - skal, avfall av frukt.

Skulin - fjell ved Jønndalsveien mellom Vågå og Lesja (i Skula, dativ)

skumt - skymt, heller mørkt; dimt, halvmørkt - og i verket: mørkt, skummelt.

skurd - skurdonn, då ein skjer, kuttar og haustar korn eller anna frøavling (for hand før, men no heller med maskin).

skurv (m) - hudsjukdom som lagar skorper i hårbotnen.

skusle (v) - øyde.

skyfloke - (samling av) tette skyer.

skyldfolk - slektningar.

skyr (d) - surmelk.

skøti (d) - skote.

skåk (fleirtal: skjæker) - kvar av dei to stengene mellom hesteselen og vogna, sleden, plogen eller liknande.

skålbrott - stykke av ei skål.

skåle (m) - vedskur.

skålgåve - gåve som bryllaupsgjestane gir brudeparet (ho blir lagd i ei skål som går rundt).

skåre - lage skar i, hogge.

skåreflis - flis etter hogst.

slag, slagferd, ferd - spor, fotspor.

slagvol - slagstokken på ein treskestav (sliul); stutt og kraftig stokk som er del av ein treskereiskap samansett av handvol og slagvol festa i hop med eit tøyeleg materiale.

slaktekrav - innkravd betaling for levert slakt.

slangæin (d) - slangane.

slaveri (før i Noreg:) ei fengselsstraff sona i ein straffeanstalt på ei festning.

slik var det laga - det var avgjort føreåt, arrangert på ei vis.

slind - tverrbjelke; tynn stong til å henge opp klede på.

slodde (m, f) - stor kjelke, steinslede, slått saman av bord.

sløke (f) - ein høg skjermplante med hol stengel, ein art av slekta kvann, jol – Angelica silvestris. Sløke kan forvekslast med den særs giftige selsnepa.

slå etter - (om fisk:) slå slag med sporden for å fare fram og snappe litt mat. Fisk kan "slå etter agn, slå etter fluge, slå etter sluk".

slå floke - slå armane i kryss kring seg (for om mogeleg å halde varmen).

slå glas: slå på skipsklokka for kvar halvtime.

slått - gras som skal slåast eller er slått; det å slå gras; slåttemark; tid då høyonna går føre seg.

slåttefolk - folk som driv med slått, altså folk som slår gras.

slåttonn - tid for slåttonn. Slåttonn er arbeid, onn med å slå graset og få høyet i hus.

smalafall - saueskrott (smale er særleg sau, men også samnemning på sau og geit).

smale (v) - bråke (o.a.).

smieavl - eldstad i smie.

smieste - ambolt; massiv blokk av metall eller stein som blir nytta som støtte og underlag når ein hamrar eller meislar ut metall; ei blokk å hamre ut metall på.

smurning (1) middel til å smørje med, til dømes spenefeitt; (2) juling og/eller utskjelling.

smurningshorn - horn med smurning i.

smørask - smøreske.

smørholk - eit trekjerald med smør, ein behaldar med smør.

smørkinne - reiskap til å kinne (bm: 'kjerne') smør med.

snadde - stutt tobakkspipe.

snapp (a) - rask, kvikk, snøgg.

snar (a) - rask, kvikk, snøgg.

sneis - tjue.

sneitt; på sneitt - på skeive, på snei, hallande.

snert - skimt, ytste ende, snipp, tipp.

snill - skikkeleg i åtferd, god å omgåast med, vennleg, tekkeleg, fin, o.a.

sno (m) - kaldt, bitande vinddrag.

snu på skillingen - spare; vere varsam i pengevegen, vere sparsam; vere gjerrig, osv.

snurrelem - svivelem, ein lem kan gå rundt, som kan dreie seg, svive rundt.

snye, snydde (d) - snøfte, fnyse.

snytehorn - skjemtande: snyteskaft, dvs. nase.

snythøinn (d) - snyteskaft ("snyte-horn").

snøfloke - snøfjom, snøfnugg, krystall av snø.

snøfonn, fonn - (her:) samandriven snømasse; snøbre.

sodd - kjøtsuppe (med gryn eller kål).

soddkittil - suppekjel.

sognemål - (a) indre sognemål er sørvestlandsk (a-mål) og utbreidd i Indre Sogn; (b) nordvestlandsk eller nordleg e-mål blir talt i Ytre Sogn, og Fjordane. Nordleg e-mål har også desse underavdelingane: (1) ytre sognemål (frå Gulen til Høyanger); (2) sunnfjordsmål i Sunnfjord; (3) nordfjordmål i Nordfjord og Jostedal i Indre Sogn.

sokk, av søkke - gjekk ned.

soknebod - prestevitjing hos ein dødssjuk for å gi han sakramentet.

solrenninga - det at sola syner seg over synsranda.

solspel (sj) - fuglespel når sola kjem opp.

som blod og snø - raud somme stadar og kvit andre stadar, men ikkje som kvit- og raudsminka klovnefjes, og truleg ikkje i rutemønster. For dei som ikkje har venleiksideala fullt realiserte ifrå naturens hand - eller trur dei ikkje er bra nok med ekte natural look - finst mascara, stiftar, rouge, blush, leppestift, sminkepudder, hårfargingsmiddel, deodorantar, fargingsmiddel, tonemiddel, brunemiddel, tonemiddel, neglelakk, polish, kremar for natt og dag og meir, nappetenger, gel, gelear krølltenger, barberingssakar, manikyrsett og meir - men ikkje alltid i fullkommen harmoni med avslappa, naturleg, vettig og god, behageleg livsferd. Det blir kanskje brukt 17 millardar dollar årleg til kosmetikk - til å forsterke og maskere - berre i USA. Kosmetisk trening og kosmetisk kirurgi og "brennemerking" (tatovering) kjem attåt. Kva speler storindustrien og kremmarne på hos mange så dei gjer som sauane i flokk?

somle i seg - rote i seg.

somle rote, røre i, skvalpe, søle (bl.a).

sommarsgalen - ellevill, forstyrra.

sopelime - kvast av samanbundne kvistar til å sope med.

sove på sitt grøne øyre - sove lykkeleg og godt.

spant - innvendige, bogne ribber som går parvis frå kjølen til relingane i eit båtskrog. Kledninga ("huda") er festa til dei.

spedalsksjuke - kronisk, smittsam sjukdom framkalla av leprabasillen, lepra, og frykta fordi ho bryt ned huda, indre organ og nervane. Sjukdommen er ikkje utrydda.

Spelevika - etter stofen "Stå opp, Spelevika", (Stat op, Spillevika / og mælk din Ku / Min Ku gaaer i åsen / din staaer paa Baasen / Endnu, / Endnu) – ei såkalla vekkarstrofe der huldra vekker budeia som har forsove seg.

sperrestove - stove utan loft, somtid med ljore, og med sperretak. Sperrene (skråbjelkane) frå øvste takbjelke under mønet og til langveggane i huset er dermed synlege. (Ei sperre er ein planke som står på høgkant slik).

sperretak - takkonstruksjon som kviler på sperrer med liten fråstand. Sperrer er skråbjelkar frå mønet til langveggen på eit hus.

spesidalar - Frå 1816 til 1875 var spesidalaren hovudmynt i Noreg, og oftast rekna for å vere verdt 120 skilling, det vil seie 5 ort. I 2009, korrigert for konsumprisindeksen, tilsvarer ein spesidaler frå 1875 om lag 195 kr. [Wikipedia, s.v. "speciedaler"]

spett - jernstong med kileforma spiss, grovare enn spidd (sjå det).

spidd - tynn, kvass (jern)pinne til å stikke inn i noko for å steike det over open eld.

spikk - pek, peik, prette, puss, skøyarstrek, narrestrek, kjeltringstrek, fantestrek, fantestykke.

spinne - lage tråd, tvinne

spir (a) tagg på ei krone; (b) kongsstav; smal trestong; spiss stokk (o.a.)

splittved - kløyvde planke- og bordendar.

spord - hale, stjert (særleg om fisk).

sprekke eller bli til stein - i folketrua sprekk trolla eller blir til stein om sola skin på dei.

sprunge (f) - brest, rivne, sprekk, klov.

spuns (n) - tretapp til å sette i hol i ei tønne; trestykke som er innfelt i ein planke. stabbur - matbu (på stolpar), hus til å lagre mat i. Eigentleg 'stavbur'.

Stadsbygda i Trøndelag - ligg i Rissa vest i Sør-Trøndelag. "Trondhjem" på Asbjørnsens tid var Trøndelag.

"stagdeer" - hjort, (hanhjort) (engelsk: "hanhjort-hjort").

stakk - skjørt; særleg: kufte, sid trøye til å tre over hovudet.

stallgolv - underlåve ved sida av stallen.

stalltrev (n) - høyloft over ein stall.

stamn - oppståande framhald av kjølen i fram- eller akterende på eit fartøy.

stampe - støyte, valke, stampe i ei valke-mølle (stampemølle for å arbeide på tøy og skinn: Vevd vadmålstøy må stampast som del av etterbehandlinga. Tøyet låg i eit kar, vanlegvis eit (lagga) trekar, og ein stokk blei lyft og sleppt, lyft og sleppt, om og om att. Desse stokkene blei jamt drivne av vassskraft her til lands, men ein kunne også bruke føtene, og somme stadar vindkraft.

stand - samfunnsgruppe. Bondestand er ein av fleire.

standsmessig: I mellomalderen var det fire stender: presteskapet, adelen, borgarane og bøndene.

Statsborgeren - opposisjonsblad i 1830-åra - gjekk stadig til åtak på embetsmennene - redigert av Peder Bodvold, seinare av Henrik Wergeland.

staup - dump, hol i vegen på vinterføre.

stavved - tønnestav.

ste (n) - ambolt.

stegl (n) - i eldre tid: kvass stong under hjulet som ein la avretta brotsmenn på for å brekke og knuse ryggrad og lemmar og brystkassa deira; spiss stake under det hjulet som ein la avretta menneske på (i eldre tider). Eit tungt hjul knuste knoklane på offeret. Kroppsdelane blei dernest hengte opp og stilt ut på stolpe (spiss stong). Dette skulle audmjuke den dømte offentleg.

stell - servise, sett av tallerkenar, fat, asjettar og koppar som høyrer saman.

stelle opp - hisse, øse opp til noko.

stelle seg - bere seg åt, ordne seg, innrette seg.

stemme - stanse.

stemor - ein mann med barn frå før, skaffar barna ei stemor når han gifter seg på ny, med ei anna kvinne enn mora. Ikkje alle stemødrer er like.

sti (berre i samansetningar): inngjerding. Døme, svinesti.

stille etter fuglen - komme på skothald av fuglen.

stille fela - stemme fela.

stiltre, stiltre seg - gå varlig, liste (seg) o.a.

stime - tumle seg, leike; haste, kave, stimle, gå i stim o.a.

stjernekikar - person som studerer stjernehimmelen; astronom (o.a.)

stjernetydar, astrolog nokon som seier somt om farar og skjebnar til folk ut frå plasseringane av sol, måne, planetar mot stjernehimmelen bakom.

stokkekvarv - kvarv, horisontalt lag av stokkar (det eine oppå det andre) i veggene i eit tømrahus; stokkar i same høgd i veggene på ei bygning.

stokkelag, den eine stokken oppå den andre i lafting, ein mykje brukt byggeteknikk til slutten av 1800-talet.

stork(e)snabel - pantograf, eit teikneapparat med fire linjalar og rørlege ledd, brukt til å gje att teikningar i større eller mindre målestokk, nytta til profilar og silhuettar mellom anna.

storksnabelstilling - truleg "profil-stilling".

Storløken - løk her: djup, stiltfIytande bekk; dam.

Storm, Edvard (1749–94), kjent norsk diktar og skolemann, født i Vågå.

stormhatt - tyrhjelm (Aconitum napellus).

storr - stamgras, grasliknande plante frå den store planteslekta Carex, til dømes flaskestorr, Carex rostráta "Carex med nebb", som er om lag 50 cm høg, somtid det dobbelte, og utan ru og skarpe bladkantar. Blada kan bankast og trevlast opp og gjort mjuke; dernest tørka og tatt i bruk i puter, fotsolar og i skinnvottar.

stroke - forsvunne (jf. stryke sin kos).

stryk - bank, juling, pryl.

stryke til skogs - fare til skogs, dra til skogs.

strype (v) - kvele.

strømpeband - også kalla hoseband, er band som ein festar rundt strømpa for å halde ho oppe.

stubb står for stump, rest som står att av noko; stutt stykke.

stubbrumpa - med kort, kappa rumpe, altså "stumprumpa" – der

stul (d) - støl, seter.

stulle - pusle, stelle.

stump - undre merssegl. Merssegl er råsegl på midtre delen av skipet.

stunde - lengte, trå etter.

stynje - stønne, sukke tungt så det høyrest.

sturen - motfallen og still (og meir).

stutthugsen - gløymsk, "kort-hugsa", med forringa korttidsminne.

styre - støye o.a.

styren (av styr, spetakkel): uroleg og bråkete, vill; forvilla; forstyrra.

styv - stjert.

styvende - skjerande ned i skrå flukt (om orrhanen); farande med full kraft.

stø i logga - om kar med stavar som sluttar tett til botnen; utleidd: sikkert, vel ved makt (Logg: innsnitt i stavane som botnen blir felt inn i).

støe leiken - spille støtt (om tiuren eller orrfuglen).

støe - gjere stø.

støkke - skremme opp.

støl - seter (sjå det), mjølkeplass. Orda 'støl' og 'seter' har blitt brukt om kvarandre. Langstøl, fjellseter; heimstøl, seter nærare bygda.

størhus - bryggarhus, eldhus.

støype - bruke tryllemiddel (o.a.)

støyping - tryllemiddel, også kalla folkemedisin, mot svekk (svekk: engelsk sjuke, rakitt), som folk trudde blei påførd ved trolldom. Støyping var ein vanlig måte å "diagnostisere" sjukdommar på i Skandinavia og Tyskland. Metoden gjekk ut på å helle smelta bly i eit kar med vatn som blei halde over hovudet på den sjuke. Av figurane som danna seg i vatnet sa ein så noko om "sjukdomsårsaken". Ein skulle helst bruke bly med særleg magisk kraft. Ein kunne også smelte arvesølv. Sjølve støypinga gjekk føre seg i følge med magiske formularer. [Wikipedia, s.v. "Støping (folkemedisin)"]

ståterkonge - ein mann som var tilsett for å ha oppsyn med tiggarar, omreisande og loffarar, sette dei i arbeid eller jage dei vekk. Nesten alle kommunar hadde ein slik 'stodderkonge' utpå 1800-talet. Jobben var upopulær.

subbe (v) - slepe m.m.

sugg - stort, kraftig dyr, stor, kraftig person; noko svært, uformeleg; ofte noko imponerande: sugg til prest.

sulle (v) - nynne; svive omkring (dreie seg rundt), (og anna).

sund - trongt farvatn som vidar seg ut i begge endar (eigenleg 'stad der ein svømmer over').

supkøinn (d) - suppekorn, gryn.

surmule (v) - setje opp eit surmulande fjes; sjå furten ut.

susle (v) - plaske, søle; sladre, vrøvle.

suvl (n) - (sur)mjølk til graut eller brød; kraftig mat til å ete attåt suppe, graut, brød.

sval (f) (før:) gang og utbygg (helst av bord [tremateriale]) på sida av eller rundt (eldre) hus.

svaldøra - gangdøra.

Svalestjert (Papilio machaon) - dagaktivt fivreld.

svalgang - sval, gang på sida av eller rundt hus bygt i tråd med gamle skikkar.

svalle (v) - prate.

svanse (v) - gå uroleg hit og dit; vimse. Jf. svans, hale.

svansskrue - skruen som festa børsepipa til børsekolben.

svare (adj) - ovande stor, svær, fæl.

svart katt for huldrehatt - i folketrua: eit byte. Huldrehatt skulle gjere beraren usynleg.

Svarteboka - Cyprianus, ei bok med medisinske råd og magiske formular i europeisk tradisjon.

sveiv - dreidde seg (av svive).

svekk - (folkeleg for) engelsk sjuke, rakitt, som folk trudde blei påført ved trolldom.

svell - issvull.

sveltihel - levemåte på sveltegrensa; levemåte fram til sveltedaude; sveltedaude.

svillstokk, svill - vassrett bjelke, planke i underkant eller overkant av ein trevegg.

svime - svime av, falle i uvett, dåne - til dømes ein stress-situasjon med angst og spenning.

svinse - fare hit og dit; svive omkring, vimse.

svive - svinge, dreie seg.

svivelem - fall-lem, dreielem.

svæve - få til å sove; søve.

Sygard Blessom - Søre Blessom (Sørgard-Blessom).

synd - urettvis, hard, hjartelaus framferd; misgjerd (o.a.)

synen - synsk; med evne til å sjå underjordiske. Jf synsk.

synsk - med evne til å sjå noko løynt eller som skal hende i framtida; framsynt.

syre - valle, myse.

sælast (v) - døy.

sætande - ordhalden, litande, påliteleg; akt verdt.

søke (v) - gøy, gøy vedhaldande, bjeffe, søke.

sølvkaupe (f) - sølvause.

sølvmor - glatt, stripete eller blomstrete stoff av silke eller kamelull, med innvevde sølvtrådar.

søvn-ør - søvntung.

sørpekar - kar med sørp(e), med blautfôr av opphakka halm, høy eller korn - blautfôr av hakkelse.

søvn - djup og god søvn er ein framifrå hjelpar. Utan god nok og lang nok søvn i fleire veker i strekk kan ein etter kvart bli rørete og verre. Det er mykje forsking på søvn.

søye - vaksen hosau.

så laga - slik laga; fastsett av lagnaden, skjebnen.

- stort trekar med to hankar, stamp.

såld - open, vid behaldar med holete botn til å reinse frø, korn, sand og liknande i.

T

- vise, syne, la sjå.

ta beina fatt - starte å gå.

ta kalv - bli drektig, så det veks foster innabords.

ta på (med trykk på på): overfalle.

tagl, hestetagl - langt og stivt hår (i hestehale)

takke (f) - rund plate av jern eller stein til å steike (flatbrød) på bakstehelle takke - rund malmplate til å steike flatbrød på.

tallik (d) - tallerk, tallerken.

talsmann - (i friarforhold:) ein som følger ein friar og ber fram ærendet for han.

taskelokk - lommeklaff (taske: veske, pung).

tass - labb, pote.

taus (f) - ugift kvinne, jente, tenestejente og anna.

tave - opptrevla plantedel eller klut.

tein - enkel og svært gammal handreiskap til å spinne med, laga av ein kjegleforma trestubbe (trestav, konisk trestuv) med ei tung svingskive av kleberstein eller tre, til dømes. Øvst er ein krok.

teinung - rot- eller stubbeskot av lauvtre; renning; spire til eit tre, skot, sped stamme.

tekke - legge tak på eit hus, til dømes neverflak i lag på lag så regnvatnet renn av, og så torv (graslag med røter og mold) oppå det att.

tekse - lokkeord til geiter.

telge - hogge, skjere til, spikke.

telgeøks - øks til å hogge, skjere til, spikke.

tene - ha stilling, vere tilsett hos, vere knytt til (som underordna, for løn); vere tilsett for å utføre arbeid (særleg i eit hus eller på ein gard); få til livsopphaldet for arbeid.

terne - (1) ein fugl som flyg frå Antarktis eller Sør-Afrika og hit og tilbake kvar år. (2) ung tenestejente, ung tenestekvinne (hos fornemt herskap); ung kvinne i følgjet til ei kvinne av høg byrd eller som skal ærast

tiend - avgift til kyrkja som blei betalt med ein tidel av årsinntekta eller av årsavlinga (frå eldre forhold).

til bøvels - kraftuttrykk, omskriving for "til helvete".

tine (f) - oval eller rund treeske med berehandtak i lokket.

tiurleik - paringsleik hos tiur, storfugl, Tetrao urogallus.

tjorpeis (sj) - svepe.

tjukn (m, d) - tjukkleik, tjukke, tjukne, tjukt.

tjørebre - smørje tjøre på; bre tjøre på.

tjøretønne - (tre)tønne som romma noko mellom 92,5 l og 132 l.

tobakk - eit landbruksprodukt framstilt av tørka, skorne blad frå tobakksplanten.

toll - ungfuru.

tollerist - artillerist.

tomling - lite beger utan fot.

tomreip(e)s - med tom slede eller vogn.

tomte - nisse, tuftekall, husvette, tunkall, tuft, gardvord, haugbu, tuss.

tore meg - (kraftuttrykk).

torevêr og trollmakt - i folketrua er troll redde for torevêr, dei også.

toskillingsvise - folkeleg vise seld i laussal.

Tottenbroom - Sir John; det verkelege namnet hans var Robert Meason Laing. I 1842 var han med Asbjørnsen på den første fjellturen hans. Laing skreiv oppglødde dikt om norsk natur.

tottete - (av tott:) trevla, trådliknande.

tralt - tilvand verksemd (og meir).

trau - avlangt, uthola trefat, som oftast stort. Bjørk høver som materiale.

traut - (fortid av tryte) slapp opp, tok slutt, gjekk lens (o.a.).

tre jamdøgn - tre halvår. Frå vårjamdøgn til haustjamdøgn er det eit halvår, og så vidare.

trelast-kommers - trafikk og handel med trelast.

trelerke - (Lullula arborea), ein 15–16 cm lang sporvefugl.

treske - skilje korn eller frø frå halm (lo).

treskemann - mann som treskar.

trestakk - stakk av tre; sid trøye av tre. (jf. stakk)

Triange(d)len - fiskebrygga i Bergen.

Trinserudsalen - gammal dansebule i Maridalsvegen.

trivle - kjenne framfor seg i uvissa, i mørket; famle, fomle, leite.

troll - vond, slem, lei, uskikkeleg eller vrang skapning (menneske eller "dyr-nær" naturkraft kalla vette).

trollham - i folketrua kan trollkunnige hekse folk inn i hamen til for eksempel bjørn., altså omskape folk til dyr.

trollhatt - i folketrua kan trollhatten gjere beraren usynleg.

trollkatt - trekloss overtrekt med katteskinn. Frå ei blære inni treklossen kjem blod når ein klemmer til for ein dramatisk effekt.

trollkjerring. kvinneleg troll, gyger, jotunkvinne eller trollkunnig kvinne, heks, kvinne som driv med trolldom.

trollkjerringsmell - fyrverkeri.

trollkjerringspy - (1) ein slags raud sopp på fuktig tre; (2) skum som eit insekt, skumsikaden, omgir seg med; .

trompmarjas (d) - kongen og dama i trumfen.

tru om - gudane må vite om; skal tru om, kven veit?

trugsmål - trussel.

trumf - farge i kortspel som "stikk" (overgår, slår) kort av andre fargar.

truske - treske.

tryntyrk, trynetyrk - menneskeetande fabelvesen.

tryte - sleppe opp, ta slutt, bli slutt på; bli oppbrukt, gå tom (for) (o.a.)

træle - arbeide hardt, iherdig, strevsamt, trottig; slite og slepe.

trøill, trøll (d) - troll.

trøystig - frimodig, hugheil, tillitsfull, optimistisk.

trøyte - dryge, vente, halde ut. Ordtak: Har je trøytt alna (0,6275 m), så trøyter je vel kvarten (ein firedel til) au (også), har eg halde ut så lenge, så held eg vel ut ei stund til.

trøyte: dryge, vente, halde ut.

tråbiten - sein og treg til å bite; lite lysten til å bite.

tråkk (f) - plass framfor døra; gardsplass nærast inngangsdøra, tun nær døra; gardsplass (nærast trammen), tun (nærast trammen); stad der det er trakka mykje.

tuftefolk - tussefolk, tussar, huldrefolk, underjordiske, underjordsfolk, haugfolk, vetter, blåkallar, blåmenn, bergfolk, "dei underbuande", usynlege, sosiale naturvesen som ifølge folketrua heldt til overalt der folk ferdast, i fjell, haugar, steinar, tre, nær bustadar og arbeidsplassar, under fjøs og stall, på stølane, i djupe gruver og som soldatar.

tuftekall - nisse.

tukthus - om eldre forhold: fengsel eller større tvangsarbeidsanstalt. tumling - beger med rund botn utan stett.

tumle - visstnok det same som krikle, gjere krossteikn over, slik underjordiske "visstnok bruker ordet".

tuppe (f) - høne.

ture, tut (m) - tapp til å sette i tønner; tappforma røyr omkring ein mindre tapp, dobbeltapp - til å sette i tønner.

ture (v) - feire, feste, ha moro osv.

tverrberg - svært bratt berg.

tverrbleig (m) - (1. Konkret) kile, blei (driven inn på tvers); blei, kile som ein sprenger vridne stokkar og røter med; (2. Figurativt:) vrangt, uvillig menneske, tverrdrivar, stabukk.

tvi vør(d)e - eldre uttrykk for avsky: fy.

tvi - eigenleg spyttelyd, og her brukt til å uttrykke avsky; fy; som i tvi vørde.

tvinnetråd - fibrar tvinna saman til tråd ved spinning.

tvore ("trevisp") - kjøkkenreiskap til å røre og stampe med - ei om lag 30 cm lang trestong med ein krans av om lag 3 cm lange stubbar i enden.

ty, tøy - saker, tilbehør (med meir).

tylen: toskete, dum.

tylft - mengd på tolv; tolv stykke; dusin.

tyri - daud furuved som inneheld mykje harpiks og tjørestoff. Harpiks frå rota kan stige oppetter stammen. Ved som har fått vere på rot ei tid, inneheld mykje harpiks og tjørestoff. Slik ved kan brukast til faklar.

Tyrihans - Hans som sit i skorsteinen og held tyrilysa (eller held tyrielden ved lag); ein av Oskeladdane.

tyrilys - flis av tyrived brukt til å tenne eller lyse med.

tyrilyse - fakkel til å lyse med.

tyrirot - daud fururot.

Tyristranda - vestsida av Tyrifjorden.

tyristubbe - (gammal) stubbe etter ei furu.

tyrkarhòl - ein meir eller mindre tilfeldig stad i det osmanske riket, som var eit enormt, tyrkisk imperium.

tæ (d) - tar.

tæger - trevlar.

tøler - greier, småsaker.

tømmerdrag - seletøy til tømmerkøyring.

tømmerfut - oppsynsmann over skog og tømmer.

tømmermann - tømrar; no særleg snikkarkunnig person som er mannskap på skip.

tønneture - eit tappforma trerøyr til å setje tappen i på ei tønne.

tøy - saker, tilbehør (med meir).

tår - litt drikke; slurk, sup, drope.

U

ubrøyte - ulende, urydda mark, vanskeleg terreng.

udaude - brå eller fæl død.

ueinig - usamd o.a.

uffa (uttala /offa/:) italiensk utrop for uff.

ufjelg - vemmeleg, ustelt, sjuskete, urein; uhyggeleg; motbydeleg, ufyseleg, stygg; lei, slem.

ugg - brodd, pigg, torn; sette ugg - reise bust, sette seg imot.

uggen - råkald, frosen, hutrande.

ugrei - vanskeleg (o.a.)

uhekla lin - ureinsa lin.

uheppe - uhell, ulykke.

ulikt - uhøveleg; usømmeleg, usannsynleg, urimeleg, sjukleg.

ulikt - upassande, urimeleg.

ulvsblakk - med farge som ein ulv.

under land - oppunder land, nær stranda.

ur, urd - (skrått) lende dekt med (store) steinar som kan vere frå isbrear eller seinare forvitring og ras.

ustell - uorden; ustand.

ustyr - ustell, oppstyr, leven, støy, ståk.

utidig - i ulag, ufrisk; ulysten på mat; fæl, ulideleg, ufyseleg; uhøveleg (i tid), upassande, utilbørleg, forsert; utolmodig, masete, vanskeleg.

utmed - ute ved, ved sida av, attmed.

utpågjord - utgjord; forheksa, fortrolla; forbaska, ergerleg, fortvila, uheldig o.a.

utror - det å ro ut (for å fiske); ferd eller sjøstykke fram til fiskeplassen; utreise til fiskeplass (eventuelt utpå havet).

Utrøst - eit huldreland ute i havet vest for Røst, i nordnorsk segntradisjon.

uvand - (1) ikkje van; uvan; (2) enkel, vanleg; simpel, lett, (3) ikkje kresen eller nøyen; kravlaus; endefram, simpel.

uvete, uvite - svime av, dåne, falle i uvett.

V

vadmål - grovt, tjukt ulltøy.

vafse - gå tungt, va, vade.

vait (d) - veit, grøft, renne.

Vaker og Bure - gardar på Ringerike.

Valefjella - fjella over Valen i Kvinnherad, Sunnhordland.

vandt - vanskeleg, innfløkt. Ordet tyder også: øvd, med røynsle, vant, sedvanleg; kresent, nøye; knapt, lite.

vanveide - mislykkast i jakt.

vaog (d) - våg.

var det likt seg - nei langt ifrå, på ingen måte.

varmebrann, brann - trestykke som brenn.

vasskoppen - vaskefatet.

vass-svekk - vassvekk, same som svekk (sjå det) i tydinga engelsk sjuke, rakitt.

vedfall - den levetida eit tre har; same somskaufall; livslengda til eit tre i skogen. Eika kan bli 1000 år gammal, furuer over 800 år gamle, men tre i Noreg døyr som oftast lenge før dei blir så gamle, av soppangrep, insektangrep eller stormfelling. Vanleg bjørk (dunbjørk) blir såleis sjeldan over 100 år.

vedfang - så mye ved som ein kan bere i eller på armane.

vedfang - tre eller tømmeravfall som skal bli ved.

vedskåle - ope hus til ved; skåle, ope hus.

veggefar, veggfar - i eit laftehus er eit far er ein omgang samanfelte veggstokkar rundt; samanføyinga mellom tømmerstokkane i ein vegg. På kvar stokk er underkanten hola ut så han kviler støtt på stokken under. Fugene blir gjerne dytte med mose (sjå mosåfar).

veggen; bere vatn på den femte veggen - vaske dei fem nedste omfara eller stokkelaga i stova.

veggesprunge - veggsprekk, sprekk i veggen.

veikstein - kleberstein, ein mjuk bergart som ein kan skjere med kniv og som held på varmen. Kleberstein har derfor blitt mykje nytta til kokekar.

veiksteinsgryte - klebersteinsgryte.

velling - (mjølke)suppe; suppe av gryn eller mjøl kokt i vatn; graut; flytande masse.

verdshjørne - dei finst ikkje.

vere stelt med nokon - (om lag:) vere medfaren; stå til med.

vere vondt om - skorte på, mangle, vante.

vermor - svigermor.

vesletussen - veslenissen, av tuss, tusse.

vett: ikkje ute av von og vett - ikkje så urimeleg enda.

vette - i folketru: overnaturleg skapnad eller ånd som held til nær menneska eller ute i naturen.

vev er ein tråd som er lagd opp til veving, eller vove stoff, tøy.

veve vev - få renning (varp) og innslag (veft) i ein vev til å bukte og vikle og slynge seg saman til tøy.

vidje:mjuk og seig kvist eller rotrenning brukt til fletting og surring; vier.

vidjeband - band av vidje til å surre, halde noko fast med; vidjespenning; ring eller band av vidjekvistar..

vidjespenning - ring eller band av vidjer.

vidåtte - vid, open mark, stor landvidd. Vere på vidåtta: komme på vidvanke, vere utanfor.

Vikefjell - eit fjell ved Valen i Kvinnherad passar til skildringa.

vikt og vavl - snakk og vas.

vill - sinna, styrlaus.

vill - styrlaus; ståkande; sinna (og anna).

villgras - villstrå, Nardus stricta. I folketrua går ein alltid vill når ein har trakka på denne grasarten.

villstrå: - komme på villstrå er å tulle seg bort. Etter folketrua går ein alltid vill når ein har trakka på villgras, villstrå (Nardus stricta).

vinde (v) - tvinne; rulle eller vikle garn, tråd eller liknande opp på vinde (hespetre).

vindfall - nedblåse tre (med greiner); rotvelte; tre som er nedbrotne av storm.

vise att (sj) - vise kor tjuvegods er gøymt.

vivant - leve, pereant, død over (latin).

von - håp, utsikt; på vona, usikkert, tvilsamt.

vrake - vande, kaste, forsmå, ikkje ville ha, ikkje like.

vrangbredd - ("litt informert gjetting":) den motsette bredda av den bredda som seterhusa låg på om dei låg ved bredda av ei elv.

vrangpeis - vriompeis, vrien og vrang person, stabukk, sjølvrådig person.

verfar - svigerfar.

vermor - svigermor.

vørde - akte, ense, respektere; bry seg om, ha noko med..

vørter - væske som ein siler frå knust, vassblanda malt.

våg - lyftestong; vekta av 3 bismarpund (36 skålpund), 18 kilo.

våg - materie, væske i auga etter søvn; puss.

vårfjøs - hus til krøttera i utmarka nær garden. Om sommaren gjekk dei til seters.

vått eller tørt - drikke og fast føde.

W

Walton, Isaac - forfattar av The Complete Angler (1653).

Y

ymis - forskjellig, uvisst.

Æ

Atndalen - Atndalen følger austsida av Rondane frå Folldal til Atnbrua. Elva Atna renn gjennom dalen.

Ø

ølost - mjølk oppkokt med øl.

øvrigheit - offentleg styresmakt.

Å

ådjerv - djerv til å vade over åer (å er (særleg) mindre elv).

åre (m) (om eldre forhold:) open eldstad utan pipe midt på golvet i ljorestove eller røykstove; også kalla grue.

årelate - tappe ein del blod frå ei vene (samleåre) for om mogeleg å lækje sjukdommar.

århelle - helle som utgjer fremste delen av i ein eldstad, med vidare.

Åsa - åsbygd på nordaustlege Ringerike.

åstadsak - sak som krev undersøking på ein bestemt stad (juridisk uttrykk).

åttedagsur - stueklokke, (vegg)klokke, (slag)ur til å ha i ei stue..

åttring - stor fiskebåt som ein ror med fire par årer.

  Innhald  


Ordliste til Asbjørnsen og Moe eventyr, norske folkeeventyr, norske eventyr, o.a., litteratur  

Ordliste til Asbjørnsen og Moe eventyr, norske folkeeventyr, norske eventyr, evt., opp    Seksjon     Sett    Neste

Ordliste til Asbjørnsen og Moe eventyr, norske folkeeventyr, norske eventyr, evt. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2008–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]