NORSK DEL, GULLVEKTA

Avvikande forståingar

 15 › 1 › 7 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Avvik 
– SAMLINGA

Definisjonsarbeid

Det kjem an på kva ein meiner med det ein seier. Sjå berre:


gjengleder — En som gleder igjen (og igjen) - av gjen + gleder

rettroende (bm) — noen som ror rett

sykle (bm) — le sykt

blekksprut — sprut av blekk

fiskar — kar som fis noko urimeleg. Andre tydingar er også mogelege. Jf. det tonesette diktet "Fiskaren åt sonen sin" (1885) av Kristofer Janson frå harde tider.

naturlege NN (f.eks. øvst på blokk eller visittkort) — Den naturlege NN

smugle — le i smug

saksbehandlar — behandler av saks, nokon som bruker saks. Døme: "Eg har vore saksbehandlar (klipt eit og anna og/eller slipt og stelt sakser) dei siste åra, eg."

slagbror — bror som har fått slag.

tidsnok (subst) — frå tid + snok. Nokon som snokar eller undersøkjer ting ved tidbruk, f.eks. for å sondere kor effektivt ein nyttar tida, om ein kjem tidsnok til arbeidet, og mykje anna.

ALVORSPRAT. Innan management blir undersøkjingar av korleis ein bruker tida, rekna som ganske nødvendig. Tek du tida på deg sjølv med stoppeklokke og liknande, kan du få tal på kor lite av tida som går med til konstruktiv verksemd, eller kor mykje. I forskinga kjem eit lite skjema attåt, til å fylle tala for ulike aktivitetar inn i dag for dag for eksempel, for då ser ein betre korleis det går.

Det som på svensk heiter tidshantering og på engelsk time management, kan vi kalle tidsstyring. Det har å gjere med å planlegge korleis ein bruker tida som flyg og ikkje kjem att. Men det er ikkje berre tidbruk som spelar noka rolle. Kor flink ein er til bruke tida er også noko, kva verktøy ein har, og mykje anna. Det kan vere svært nyttig å kunne å sjekke tidbruken sin, både under studier og for personleg tidsstyring, for då kan ein få mykje meir ut av livet etter kvart. Og det finst hundretals metodar for tidsstyring på det personlege planet. Først diagnostisere (vere "tidsnok" -) og deretter gjere endringar som ein tenkjer er høvelege og ein kan trivast med etter kvart utan å keie vettet av seg. Det siste er viktig i langdraget. [Itm; Wikipedia, s.v. "Tidshantering"]

tverrvitskapleg — tverr (gretten og sur) + vitskapleg

varsel — (a) sel som er er var, (b), ein varsel, jamfør varulv.

No vel.

Avvik 
– SAMLINGA
Avvik - SLUTTBOLK

Avvik - LITTERATUR  

Bird, Polly. Improve Your Time Management. London: Teach Yourself / Hodder Education, 2010.

Avvik - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Avvik BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2009–2011, Tormod Kinnes, tverrvitskapleg saksbehandlar [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]