![]() |
Frå Apannaka Sutta
| |||||||||||||||||||||||
|
Apannaka Sutta
InnleiingBuddha samanliknar seg ofte med ein lege som tilbyr behandling for hjertelidingar. Han kan ikkje direkte vise nykommarar helsetilstanden - Nirvana - men om dei følgjer læra hans, kan dei sjå sjølve. Dei første indikasjonane på at Buddha er Vakna - og at indre Oppvakning er ein bra ting - kjem med "å entre straumen" [ein teknisk term]. Han presenterer også nokre pragmatiske argument. Eit pragmatisk argument fokuserer ikkje på fakta, men på åtferd. Buddhas pragmatiske hovudargument er at om nokon godtek læra hans, vil vedkommande venteleg bry seg om korleis han eller ho handlar og fer fram, for å gjere så lite skade som råd. I forhold til læra om karma og gjenfødsel, er hovudsaka å leve eit sømmeleg og godt liv her og no. [Ein slik levemåte gir lønn for strevet i aukande grad, heiter det, ved at frukter av mange gode gjerningar blir akkumulerte, og dessutan er det ei kjelde til glede å gjere godt. I tillegg ser ein at dersom det ikkje er noko liv etter døden og heller ikkje gjenfødsel, så blir ikkje eit sømmeleg og gode gjerningar noko å angre . . .] Dei som går inn for sømmelege, progressive liv, har gjort eit heldig [terning]kast, fortel Buddha. Dei forfell ikkje. HøgdepunktEg har hørt at ein gong Buddha gjekk omkring mellom Kosalafolk og hadde mange munkar med seg, kom han til bygda Sala. Hushaldarane i Sala gjekk av garde for å sjå han. Dei bøygde seg framfor han og sette seg rundt han. Mens dei sat der, spurde Buddha dei: "Hushaldarar, finst det einkvan lærar som de tykkjer om, ein som de har funne velgrunna overtyding hos?""Nei, ikkje ein." "Då skulle de tilpasse og bruke gjett-trygt-læra, for når den blir godteken og tilpassa, blir den årsak til langtids velferd og lykke for dykk," sa Buddha. "Og kva er gjette-trygt-læra?" Dei aspurte han. Så fortalde han den. Argumentet: Dersom dårlege handlingar fører til forverringar her og verre forhold i etterlivet og framtidige liv, lønner det seg å unngå dei. Og dersom gode handlingar fører til velsigningar med tida, somme tilmed i dette livet og andre i etterlivet og framtidige liv, lønner det seg å ha dei innarbeidd i dagleglivet sitt jamt og trutt. Slik omtrent er nøkkellæra etter Buddha. Han heldt fram: "Forsørgarar, det er fire slags menneske i verda. 1. Eitt slag piner seg sjølv. 2. Eit anna slag piner andre, men ikkje seg sjølv. - Ein jeger, fiskar, ein tjuv, ein bøddel hører med til den gruppa. 3. Eit anna slag piner andre og blir pint sjølv - til dømes: ein krigarkonge eller ein bramin-prest som krev av andre at dei skal slakte oksar, kviger, sauer, hestar og andre dyr som stivbeina, strenge, ubehagelege blotoffer. Slike kongar og bramin-prestar får også andre til å kutte ned tre og plantar til desse blota sine. Dei får gråtande slavar og arbeidsfolk til å førebu blota med tårevåte fjes og med trugsel om straff om ikkje dei gjer som diktert. Slik handlar dei som piner andre. 4. Eit fjerde slags menneske piner verken seg sjølv eller andre. Han lever i her og no, kjensleg for lykke og med oppløfta sinn. - Ein Tathagata [ein "slik-kommen", "ein som har komme heilt fram", altså nokon som er Vakna, Opplyst, ein Buddha] kjem til synes i verda, verdig og sjølvvekt. Han underviser i Dharma [godt levevis, gode måtar, rett ferd] som er verdt å beundre i starten, i midthenget og til slutt. Han gjer kjent det heilage livet både i detaljar og i essens, heilt fullkomment og så reint så det overgår alle modalitetar. Buddhisme i eit lite nøtteskalHan (eller ho) som er på rett veg, lèt vere å ta liv. Han og ho lèt vere å ta slikt som ikkje er gitt, lever ikkje av å stele, men ved hjelp av eit sjølv som er blitt reint.Han avstår frå falsk tale. Han snakkar sant, held fast ved sanninga, er fast, påliteleg, ingen bedragar av verda. Han avstår frå splittande tale. Han elskar harmoni, gler seg over harmoni, nyt harmoni, og seier ting som skaper semje. Han taler ord som går til hjertet, som er høflege og høveleg tiltalande. Han avstår frå tom skravling. Han fortel fakta. Det han seier, er i samsvar med målet. Han taler ord som er verdt å skatte, ord i høveleg tid, høvelege, laglege, og rimelege. Han avstår frå å skade frø-og planteliv. Han avstår frå å mannlege og kvinnelege slavar. Han avstår frå å løpe ærend. Han avstår frå å skamfere, lemleste, avrette, fengsle, frå landevegsrøving, plyndring og vold. Han er innvendig kjensleg for nytinga av ikkje å vere klanderverdig [kjensleg overfor samvitet]. Han held OK kontroll over sansane sine, innvendig kjensleg for nytinga av å ikkje vere klanderverdig. Han opptrer årvake. [Han eller ho tek til med dei gode meditasjonspraksisane, for store delar av den milde Middelvegen avheng nok av det.] Han finn ein plass å bu for seg sjølv og bringar merksemd i forgrunnen [øver seg i slikt]. Han reinsar sinnet for [dumt] begjær [f.eks ved å meditere djupt]. Han reinsar sinnet for vond vilje og harme [ved meditasjon]. Han gjer hugen still [ved kosteleg meditasjon]. Han går inn og blir i første dhyana-nivå [meditasjon. I Pali: jhana]: lykkerus og behag [så han frydar seg overlag]. Dernest ved å ha stilla tankar og vurderingar, går han inn i og blir verande i den andre dhyana: lykkerus og behag fødd av godt sameina bevisstheit som er fri frå tankar og vurderingar i den første dhyana, med indre forvissing. Deretter, etter kvart som lykkerusen minkar, held han seg likevektig, merksam og årvaken, og nyt "gode saker" ved kropp og sansar. Han går inn og blir i tredje dhyana, som er "likevektig og merksam, behageleg å vere i." Deretter, enda høgare, kjem han inn i og held seg i fjerde dhyana, som er kjenneteikna ved reinleik via sinnsro og merksemd. Mens sinnet hans er sameina slik, kan han rette fokus på å hugse tidlegare liv [her står: tidlegare heimar]. Han kjem i hug sine mangfaldige, tidlegare liv, korleis dei var, og i detalj. Dette er ein likande måte å bruke djup meditasjon på.* * Desse læresetningane samsvarer godt med korleis ein går fram for å dyrke fram liknande krefter ved samyana (fokusert merksemd t i djup meditasjon) i Patanjalis Yoga Sutraer, bok 3, v 4, 16 ff. Han ser - ved hjelp av det reinsa tredje auget - vesen som dør og kjem til syne att i samsvar med karmaen dei ber. Ved sjølvsyn ser han korleis vesen som blei rusta med god åtferd i kropp, tale og hug, som ikkje håna dei åndeleg-noble, som hadde rette utsyn og arbeidde under påverknad av rette utsyn - har kome til syne att i den himmelske [delen av] verda etter døden, når kroppen blir oppløyst. Han ser også vesen dra bort (dø) og kome fram att. "Med hugen stabilisert slik, skil han mellom kva som er dukka (paliord for stress, liding og ubehag) og årsaker til dukka, og korleis ein løyser dukka ved å hindre at dei psykiske følgje-utviklingar veks. Med [indre Oppvakning og] frigjering kjem kunnskapen: "Frigitt. Oppgåva gjort." Eit slikt suksessfullt menneske blir kalla eit individ som verken plagar eller piner seg og andre. Han er i her-og-no, kjensleg for lykke."
Då Buddha hadde preika ferdig, sa forsørgarane i Sala: "Storarta. Dharma (rette veg, ferd og åtferd i livet) har blitt avklara.
I denne teksten - Suttanta Pitaka (MN 60) - forklarer Buddha ein flokk familieforsørgarar korleis ein kan handtere ulike utsyn for å halde seg på den trygge sida best råd. Teksten er tilpassa og noko forkorta frå MN 60 Apannaka Sutta, "A Safe Bet", omsett til engelsk frå pali av Thanissaro Bhikkhu. Suttanta Pitaka > Majjhima Nikaya 60 [= MN 60] > Gahapati Vagga (10 of 10) > Apannaka Sutta (Granske-læra) vil seie at Apannaka Sutta finn ein i underdelar av Suttanta Pitaka i palikanonen. Sutta Pitaka innheld Buddhas preiker og samtalar. Fleire av hovudtermane i buddhismen har ingen standardiserte omsetjingar til nynorsk. Det finst ein engelsk tekst å jamføre med her. [LENKJE]. Dessutan finn ein heile teksten i boka "Mld" (sjå under). Den ligg føre på Nettet. Bht: Thera, Narada. The Buddha and His Teachings. 4. utg. Kuala Lumpur: Buddhist Missionary Society, 1988.
Mld: Nanamoli, Bhikkhu, and Bhikkhu Bodhi, trs. The Middle Length Discourses of the Buddha: A Translation of the Majjhima Nikaya. Paperback ed. Somerville, MA: Wisdom Publications, 2005.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 2009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | |||||||||||||||||||||||