![]() |
Tankar av Buddha | |||||||||||||||||||||
|
Forord
Vi kjenner ikkje til at Buddha skreiv noe som helst; han tala. Disiplar klarte å hugse og skrive ned ifrå talene hans, og dei var mange. Så mange talar finst nedskrivne at einkvan sa Buddha måtte ha halde det gåande og tale i åtti år samanhengande om han skulle få tid til å seie alt sjølv. Med andre ord finst eitkvart lagt til - især skrifter frå mange hundre år etter han gjekk bort, kan vel tenkjast. Dei kan vere god lesnad likevel. Noen av omgrepa i oldtidslærer kan omsetjast nokså ulikt, til dømes nirvana (Pali: nibbana). Mange trur det skal bety sløkking av eksistensen, men det blir feil. Gautama Buddha overlevde jo at han fann nirvanaland. Buddha så vel som oldtidsbuddhistar underviste etter å ha nådd nirvana. For å tale lyt ein vere noen, ikkje ingenting. Altså sløkker ikkje nirvana ut Sjølvet. Det heiter også at nirvana kan opplevast mens ein i høgste grad er levande. Det er som Kåre Lie seier, det ordet, nirvana, er misforstått. Det står i dei eldgamle skriftene at det er eit lykkerike å gå inn for. Lie: Denne indre tilstanden av innsikt, lykke og fred blir kalla nibbana, eller nirvana. [Bst 8]Det er då ikkje så gale. Det er rom for andre tolkingar. Her er det gitt vink om at nirvana, som Kåre Lie har valt å kalle "full(kommen) lindring" også kan kallast "lykkeriket" eller giga-glede. Og det er vanskelig å sjå skilnad mellom nirvana og paranirvana, står det også. [Bsa 11-13] Å nå lykkeland (nirvana) er sentralt i læra, og å nå "opp" til det er å nå inn - og halde seg vaken. Då heiter ein Oppvakna (Vaken, Vakna) og Opplyst, men ein sluttar altså ikkje å vere. Buddha var til i førtifem år etter han blei Opplyst slik, står det, for eksempel. Buddha seier sannelig også at det finst "noen som ber børa" - og det har blitt utlagt i historia til Buddhismen til at det finst eit sjølv. Ein tredel av buddhistane i India hylla den læra gjennom mange hundre år. Også i dag - til dømes i Soto Zen etter Dogen (1200-53) - heiter det at det er ikkje tomheit ein vinn med å meditere godt, men jublande eksistens. [LINK] Vårherre er eit hovudomgrep i Buddhismen. Når det kjem til stykket står det i den eldste Buddhismeteksten at det var Vårherre sjølv som bad Buddha preike for folk etter han blei Opplyst. Buddhismen kan såleis takke Gud for at den finst.Rett nok preiker mange at Gud ikkje finst i den, men det blir feil. I læra si ville Buddha helst ikkje uttale seg mye om hi sida. Vettig og moralsk levevis og indre utvikling er hovudsaka, og ein skulle halde seg ifrå å belaste veslevitet med det som ligg utafor rekkevidda til det. Og så er det slik at ingen stader i dei gamle tekstane på oldtidsspråket Pali slår Buddha kategorisk fast at Gud ikkje finst, summerer John Bullit bak nettstaden Access to Insight. Det er fritt for eigne, gode justeringar etter Buddha si lære, og det skulle ein merke seg. Ein treng ikkje tru blindt der i garden. I eit sentralt skrift tillagt han, tillet han konstruktiv tviling og etterprøving. Læra kan ein fakke om lag som arbeidshypoteser og gå inn for det ein er kar om så snart ein klarer. Dum tru er altså ikkje noe særlig, men den finst jo likevel. [LINK] Nemner Buddha (den Oppvakna, Opplyste) seg sjølv ved andre ord, i sær Tathagatha, kan dette bli forstått ulikt også. Eg støttar Kåre Lie som skriv det kan stå for "ein som har kome fram til Sanninga". Ein kan også gi det att som "ein som har vunne inn til Sanningsveldet". Sanninga er slik den rettelig er, det er Subtil (fin, motsett: grov) Essens ("Det Inste") i hovudsak. At sanninga er fin innvendigheit kan ein leggje til, trur eg. Og å vere og kallast tathagatha er ikkje reservert berre for Buddha, men nær sagt kven som helst som har vakna i Sanningsriket, det vil seie i Sanninga med stor S. [Bsa 15-16] Kjernene i samtalane til Buddha går det an å leite fram. For den som vil hugse og meistre ideane, gagnar det å kome til kjernene og halde dei i hugen til dei når langtidsminnet (LTM). I den eldste, munnlige overleveringa av buddhismen nytta dei tydelig mange, mange gjentak for å elte inn kjerneorda. Men så blei jo talene skrivne ned med tida, og skriftlig overlevering krev nok ikkje fullt så mange gjentak: Ein kan berre lese opp att tankane, i staden for å få same iderekka dosert fem gonger på rad stadig vekk. I det som kjem har eg vunne ut (ekstrahert) hovudpoeng frå læra i noen av dei eldste buddhist-skriftene med utgangspunkt i bokmålsomsetjinga til Kåre Lie og ei engelsk omsetjing ifrå nettstaden Access to Insight. Det er ikkje direkte omsetjingar som kjem, men kjerner, grunntankar og til dels nyttige, relevante bodskapar ein kan sitje att med til slutt, stort sett. - Tormod Kinnes Frå Den store legendaUNDER er noe av det buddhismen kan lære deg.Det heiter at det fanst buddhaer før Gautama (Gotama) Buddha, og at ein av dei heitte Vipassa. Forteljinga om han er svært lik forteljinga om Buddha sjølv, nesten identisk i hovudopplegg, faktisk. Buddha seier til munkane at Vipassi blei født i ein langliva adelsfamilie, mens dei som lever lenge i våre dagar kan bli hundre år, og berre få blir eldre. [Bsa 22] Far til Buddha var konge, og mora heitte Maya. Som forsakar hadde Buddha ein personlig tenar, Ananda, som også var sekretær for han. Verre var det ikkje å vere forsakar då, og verre skulle det ikkje bli. [Bsa 23] Den som har vunne til sanninga, seier Buddha, har klar forståing for di han har vunne inn til sanningslandet, som har ein kolossal stråleglans. [Bsa 24-25] Ingen skal gjøre vondt mot den som er etla til å Vakne. [Bsa 25] Det hjelper framvekst å leve lykkelig. [Bsa 26] Den som har vakna, har løfta sløra. [Bsa 28, 29] Den som skal Vakne, har førti jamne tenner og ikkje noe søkk mellom skuldrane [Heilt lett er det ikkje -] [Hum. Bsa 29] For di den beskytta Vipassi (det tyder Den innsiktsfulle) fekk sjå ein krumbøygd mann som ikkje hadde lenge att å leve, kunne ikkje Vipassi halde seg glad og fornøgd i luksus i åtte-ti tusen år. [Bsa 30-36] Fødselen er stort sett eit forspel til alderdom og død, kanskje sjukdommar etter kvart også. [Bsa 32-33] Mange i fortida greidde å trene hugen (sinnet), leve enkelt, leve sunt, bygge opp eit lager av fortenester (god karma), leve med lite vald og ha omsorg for mange. Det kan ein framleis gå inn for, stort sett. [Bsa 34] Så lenge det finst lengslar, finst kjensle-involveringa. [Bsa 36] Bevisstheit [medvett] er føresetninga for at namn og form kan oppstå. [Dette er fenomenologisk om kven som har oppfatningar av namn (nama) og form (rupa).] [Bsa 37] Ein skal slutte å involvere seg så mye for å vinne fram for å vinne innetter. [Bsa 40] Rein visdom er djup og vanskelig for dei som heller vil ha noe konkret å halde seg til. [Bsa 41] Det kan vere vanskelig å forklare slikt som ingen har hørt om før. [Bsa 41] Sanningslandet er djupt og fint (subtilt), og vanskelig å sjå med berre auga. [Bsa 42] At ein Vakna trekkjer seg tilbake til Sanningslandet blir å rekne som katastrofalt for dei han ikkje syner veg for. Derfor gjekk Gud hardt innpå Vipassi for at han skulle undervise. [Bsa 42] Subtil sanning er vanskelig å forstå for dei som ser alt relativt. [Bsa 43] Det hjelper neppe å forklare mye for leie og vrange i mørke. [Bsa 43] Noen har gode evner, andre dårlige eigenskapar. [Bsa 44] Somme er det neimen ikkje lett å undervise. [Bsa 44] Noen vil vel forstå; det skulle dei prøve på. [Bsa 45] Djupt og fint er det som ikkje kan dø. [Bsa 45] Ærverdige lar andre få del i både sanningar og vegen til Sanningslandet. [Bsa 45] Forstandige har klarast intellekt. [Bsa 46] Kloke med intellekt kan forstå lærer tufta på sanning. [Bsa 46] Sjølvtillit hjelper rette slags uavhengighet. [Bsa 46] Alt som har start, har også slutt. [Bsa 46] Tankekonstruksjonar kan føre til ulemper. [Bsa 47] Noen kjem til å gå til grunne for di dei ikkje får høre læra. [Bsa 50] Høgst av alt er lykkeriket (nirvana). [Bsa 51] Ein sann filosof foredlar sitt eige sinn. [Bsa 52] Det gjeld å foredle hugen sin, det er bodskapen frå Vakne. [Bsa 52]
Den som verkelig har komme fram, har nådd heilt inn til Sanningslandet. [Bsa 53]
Frå Den store samtalen om årsakssamanhengarDei viklar seg inn i kratt og forvirring som fører til undergang. [Bsa 49]Involveringar kjem av lengslar ut frå sansing. [Bsa 59] Gjerrigheit fører til at ein ikkje vil dele med andre, og slag, hogg og løgn blir lagt til. [Bsa 62] Eigetrang gjør at vi knyter oss til ting, og avlar kjensla av å eige for di vi bitt oss slik. [Bsa 63] Ting som blir borte, blei ein gong til. [Bsa 65] Dumme teoriar er det sannelig mange av, og tru ligg bak dei. [Bsa 65 ff] Det finst mange måtar å tenkje seg Sjølvet på. [Bsa 66 ff] Det er ikkje fornuftig å rekne sjela som ei indre kjensle når den gode kjensla forsvinn. [Bsa 67] Ein er normalt ikkje redd for slikt som lindrar og gjør glad. [Bsa 68] Ord som 'kjensle' og 'fornemming' legg folk ulikt innhald i ut frå eige nivå, stort sett. [Bsa 68 ff] "Der inne" er det lyst og fritt nok, tilmed utan sanseinntrykk og oppfatningar av fordelar og ulempar . [Bsa 68-69] Merksemda kan nyttast til forskjellig, også på vegen innetter. [Bsa 69] Rette merksemd frigjør. [Bsa 69]
Dobbel frigjøring verkar sjeldan nødvendig, strengt tatt. (Kommentar).
[Bsa 69-70]
Frå "Den siste ferda"Den lengste av dei mange gamle buddhismetekstane heiter Mahaparinibbanasuttanta på oldtidsspråket pali. Her blir den lauselig kalla "Den siste ferda" for di det er det den lange teksten handlar om: dei siste vekene og månadene Buddha levde og gjekk frå stad til stad og kunngjorde læra si fram til han tok farvel.Den overleverte teksten er eit lappeteppe. Det er vanskelig å vite kva som er eldre og nyare delar i den. Buddha gir faste rettleiingar og tar dei opp att i stad etter stad på den siste ferda. Det kan vere at det siste Buddha åt, var mørt, herlig svinekjøt (sukaramaddava). Buddha døydde kort etter, men årsaken er ikkje viss. Han var gammal då. Hinduismen gjekk elles mye over til vegetarisk kosthald noe etter, i oldtida. [Bsa 73] Det blei bygt åtte minnemonument over Buddha, men sjølv vil han heller bli heidra ved at menneske lever heiderlig og følgjer læra hans. [Bsa 74]
1Legg nøye merke til kva Buddha fortel. [Bsa 75]Ei gruppe og eit folk kan rekne med framgang ved:
Dei som øver merksemd kan rekne med framgang. [Bsa 78] For den som går Vegen gjeld det å ikkje bli for opptatt av arbeid, prat, sømn, selskap, usunne ønske og dårlige vennar. [Bsa 78] Det gjeld å ikkje stagnere om ein har nådd suksess på mindre viktige felt. [Bsa 78] Går ein inn for å bevare sjølvrespekt og sjølvakting, for bra lærdheit, merksemd (oppmerksomhet) og visdom, skal ein ha framgang. [Bsa 78] Sju faktorar fremmer Oppvakning: Merksemd, utforsking av kva som hender (dvs. fenomena), energi, indre lykke, indre fred, fokus (konsentrasjon, sinnssamling) og sinnslikevekt (sinnsro, likevekt). [Bsa 78, også 81] Faktoren flid får ein også ta med (jfr. s. 118), og korfor ikkje 'samvitsfullt', 'noggrant' (svensk) og 'metodisk' også. Det er lov å dyrke fram kvar og ein av alle desse i den rette leia: Den er til hjelp for ein sjølv og gagnar kanskje andre sidan.Det hjelper å opptre vennlig, snakke vennlig og tenkje vennlige tankar - og dele broderlig [med høgverdige] det ein rettmessig får og har. [Bsa 79] Ein får halde seg innafor god og uklanderlig framferd. [Bsa 79] Uklanderlig framferd bidrar til godt fokus (konsentrasjon). [Bsa 79] Alt som er frigjørande og edelt bidrar til å få ende på vondt, og fører ikkje til tilbakegang. [Bsa 79] Etisk høgverdig framferd skal ein byggje seg ifrå (på) ved visdom og konsentrasjon. [Bsa 79] Ein hug som byggjer på visdom blir i stand til å utfri seg. [Bsa 79-80] Merksemda har fire feste: kropp, kjensler, tankar og fenomen. [Bsa 81] Blant fem store hinder for oppvakning er forvirring og [uklok] grådigheit. [Bsa 81] Umoralsk og dårlig framferd fører stort sett til fem dårlige resultat. Dei er tap som heng saman med vanskjøtta forretningar; skam overfor andre; ein dør i stor forvirring; ein kjem i pinefulle tilstandar etter døden. [Bsa 82-83] Etisk og god framferd har stort sett fem gode følgjer: Ein skjøtte sine eigne saker og forretningar godt og blir velståande av det. Ein kan bli vel omtala av folk. Ein kan stå fram trygg og frimodig i kvar ei forsamling. Ein får ein fredlig og avklara død. Ein kjem inn i gode tilstandar etter døden. [Bsa 83] Der det samlar seg mektige gudar, påverkar dei sinnet til allereie mektige. [Bsa 84] Den forstandige vil fø dei som lever edelt. [Bsa 84] Den som har gudane sin velvilje, vil det gå godt. [Bsa 85] Mens andre byggjer seg flåtar, har den vise allereie komme over. [Bsa 85]
2Vondt har årsaker. Dei kan gå bak i tida. [Jfr. Bsa 86]Rette vegval gjør slutt på vondt. [Jfr. Bsa 86] Sinnsfokus som byggjer på etisk åtferd, gir store frukter og store føremonner. [Bsa 86] Visdom som byggjer på konsentrasjon gir også store frukter og fordelar. [Jfr. Bsa 86] Ein hug som som byggjer på visdom er i stand til å fri seg heilt frå spekulasjonar og tendensane til botnlaust fåvit. [Bsa 86] Sanningsspegelen er ein måte å finne ut av sanninga sjølv på, så ein slepper å bli født att som dyr eller gjenferd, er trygg mot tilbakefall og sikra full oppvakning. Den spegelen er (1) full tillit til den Oppvakna som kjenner verda og er ein trenar utan like. (2) Det er også tillit til den guddommelige læra hans, som er forklart så tydelig, gir resultat med det same, er open for gransking, gir framgang, og lar forstandige sjølv sanne den. (3) Metoden omfattar også tillit til rette fellesskapet (sanghaen), der menneske ter seg godt, har edel framferd, følgjer rette vegen utan mislighald [og utan å stupe]. Slikt fellesskap fortener respekt. (4) Den omfattar ei høgverdig grunnhaldning, ei heilt ut frigjørande haldning som vise roser og som hjelper god konsentrasjon. [Bsa 87] Ved hjelp av sanningsspegelen (metoden) kan ein finne ut om ein har komme inn i rette straumen og har trygga full oppvakning. [Jfr. Bsa 88] Eg rår dykk til å trene merksemd. [Bsa 89] Gi slepp på [dum] grådigheit og motvilje til verda, sjå på (observer) kroppen som kropp, med klar forståing, og kjenslene som kjensler og tankane som tankar, og fenomena som fenomen likeins. Slik øver du deg i merksemd. [Bsa 89] Du øver i klar forståing når du fokuserer om det du gjør mens du gjør det, anten du går, står, sit, ligg, taler eller teier, osv. [Jfr. Bsa 89] Eg har forklart sanninga utan å skilje den i ein open og ein lukka del. Den som har komme heilt inn i Sanninga (Tathagatha), opererer ikkje med noen hemmelig lære. Den som har vunne inn til sanningslandet, har ikkje noe onske om å leie munkefellesskapet heller. [Bsa 92] Du kan halde ei gammal kjerre gåande med tiltrengte reparasjonar. [Bsa 92] Ver sjølve tilflukt for dykk sjølve. Stol på dykk sjølve, ikkje berre på andre. La sanninga vere tilfluktsøyer: Stol på sanninga, ikkje på noe anna. [Bsa 92-93] Ein lar sanninga vere ei tilflukts-øy for seg ved å stole på seg sjølv og den, mellom anna. [Jfr. Bsa 93] Dei som stoler på sanninga kjem til å nå høgast. Men dei lyt vere villige til å øve. [Bsa 93]
3Den som nyttar utvikla metode og gjør mye ut av grunnlaget sitt, kan leve godt lenge. [Jfr. Bsa 94, 102 Gjør det du vil. [Bsa 94]Kast frå deg lengslane i djup indre glede. [Bsa 95] Jordskjelv kjem ikkje utan grunn. [Bsa 95 ff] Mange slags folk lagar forsamlingar. [Bsa 96] Åtte meistringsstrategiar å meistre koker ned til: Ver merksam "nedafrå og opp, utafrå og inn", og blant åtte frigjøringsvegar er det å sjå godt på eitkvart pent. [Bsa 98-99] Fullt utlærte forklarar, underviser, utlegger, etablerer, opplyser og analyserer slik at andre kan forstå læra vedunderlig. [Bsa 99] Hjelp fram den gode læra og praksisen så dei blir sterke og kraftige, blir godt og grundig forklart for folk, og godt kjent under eitt. [Bsa 99-100] Erfarne og dyktige kan både hovuddrag og finare detaljar. [Bsa 100] Kva som er rette stunda får ein merke seg. [Jfr. Bsa 101] Alt utvendig som er kjært for oss og som vi setter pris på, tar vel slutt ein gong. [Jfr. Bsa 103] Den som har vunne inn til sanningslandet, avfinner seg mogså med at livet tar slutt før eller seinare. [Jfr. Bsa 103] Ein får setje seg godt og grundig inn i sanningar, leve dei ut, utvikle og fordjupe seg i somme av dei slik at livsførselen blir høgverdig, varer lenge, og blir til glede og nytte for mange menneske og gudar - i kraft av medkjensle som tel. [Jfr. Bsa 104] Hald fram energisk så de når målet. [Jfr. Bsa 104] Gautama Buddha døde for å vandre sin eigen veg vidare, står det. [Bsa 104]
4Fire ting frigjør: høgverdig moral, fokusering, visdom og frigjøringa sjølv. [Bsa 105]
Kjenneteikn på at ei lære samsvarer med Buddha si, er å finne i
samsvaret med læra hans og øvingsvegane hans, og lister som oppsummer
slikt. Då Buddha hadde ete svinesnadder, blei han alvorlig sjuk. [Bsa 108-9] Det er vanskelig og imponerande å sitje vaken og fullt medviten utan å sjå eller høyre noe mens regnet styrtar ned, tora rullar og brakande lyn slår ned omkring ein. [Bsa 111-12] Det er lov å vise vegen til ein som er gått seg vill. [Bsa 112] Ber lys inn i mørket, så andre får sjå det som er som no er. [Jfr. Bsa 112] Rein og klar hudfarge er altså bra. [Jfr. Bsa 113] Rette matgåver gjår at givaren får leve lenger, kan bli sunnare og gladare, får godt omdømme blant godtfolk og kjem til himmelen og vinn makt. [Bsa 108, 114]
5Den som har vunne inn til Sanningslandet skal heidrast, respekterast og høgaktast. [Bsa 116]Den som lever etter læra og lever heiderlig i all si ferd, han eller ho er det som heidrar Buddha aller mest og viser Buddha størst respekt. [Bsa 116] Det er ånder og gudar i rommet som er opptattav jordiske saker. [Bsa 116] Ein får godta situasjonane med klar forståing. [Jfr. Bsa 117] Der Buddha blei født, der han sat då han blei Opplyst, der han tok til å undervise i læra si, og der han fór bort, er stader som kan gjøre inntrykk på den som har tillit til han. [Jfr. Bsa 117] Munken Ananda spør Buddha:" Korleis oppføre seg mot kvinner?" Svaret: "La vere å sjå på dei." Neste spørsmål frå vandremunken: "Men om vi likevel kjem til å sjå dei, kva skal vi gjøre då?" Svaret: "La vere å snakke til dei." Tredje spørsmål frå munken: "Men om dei snakkar til oss, kva skal vi gjøre då?" Svaret til han: "Bevar rette merksemda." [Bsa 118] Buddhisme er modulert for andre enn munkar. Reglane for lekfolk er ikkje så omfattande som for munkar, men den berande kjernen er med. "Bevar roa" kan vel elles passe til alle spørsmåla. - TKIkkje bry dykk med å tilbe leivningane etter Buddha. [Bsa 118] Ver flittige og energiske i arbeidet for å nå høgste målet. [Bsa 118] Leivningar etter ein som har vunne inn til sanningslandet fortener nok eit minnesmerke, for mange vil glede seg over å vite om det når den står der, og dei glade til sinns kjem til himmelen. [Bsa 119] Spør fordi du gjerne vil vite, ikkje for å plage. [Jfr. Bsa 123] Slutt å gruble, lev heller slik de burde. [Bsa 123] Det finst ingen verkelig filosof utafor sanningas og visdommens rike. [Bsa 124]
6Den strengaste straffa er null råd og rettleiingar. [Jfr. Bsa 125]I djup fred kan den strålande guten finne fridom. [Jfr. Bsa 127] Godta situasjonane med klar forståing gjennom innvendig fridom. [Jfr. Bsa 128]
Det sømmer seg ikkje å skape strid om leivningar etter den og den.
[Jfr. Bsa 132]
I tilknyting til store Kong Sudassana1Sju verdfulle skattar frå gammalt er himmelhjulet; elefanten; den kvite flygehesten (Pegasus), kalla Toresky; smaragden som er feilfritt slipt og lyser opp alt; den tiltalande kvinna som verken er for mørk eller lys, med lett og fin berøring, og med munn som angar lotus, alltid tenestevillig, vennlig i talen, aldri utru, heller ikkje i tankane sine; den verdifulle skattmeisteren med skarpt blikk; og den verdifulle, kloke rådgivaren. [Bsa 139-42]Fire herlige saker: Å vere kjekk og pen, rett tiltalande for auget, med delikat hudfarge; å leve til ein blir svært gammal; å ha god helse og god fordøyelse, og vere lite plaga av sjukdom i det heile; å vere elske og populær. [Bsa 142-43] Ein får nyte som det sømmer seg. [Bsa 140] Den gode læra er som eit slott - utafor det og i tilknyting til det er det fagert også. [Bsa 144-47] Stans alle mindreverdige tankar om å skade andre. [Jfr. Bsa 147] Hald deg fokusert om at ting skal vere i orden. [Jfr. Bsa 147] Ha helst berre nøktern medkjensle. [Jfr. Bsa 148] Oppfang vennlige tankar. [Jfr. Bsa 148] Å døy med simple begjær i sinnet er vondt. [Jfr. Bsa 151] Eit veldig solid måltid er nesten som å døy litt. [Jfr. Bsa 154]
Ting som er samansette, bukkar vel under før eller sidan. [Jfr. Bsa 156]
Frå soga om JanavasabhasuttaDette er frå ei episode i Mahaparinibbanasutta Det står at buddhismen reknar med at det godt kan finnast ei lang rekkje gudar. Brahma, Skapar-Anden, stør Buddha si lære fullt ut, heiter det også.
Ein kraftig indre lysglans varslar når evigunge Brahma kjem. [Bsa 163] Setter unge Brahma seg ved sia av deg, blir du fylt av opphøga lykke. [Bsa 163] Stemmen til den guddommelige Skaparanden er tydelig, forståelig, behagelig, tiltalande, fyldig, fokusert, djup og kling vel - og passe kraftig etter forholda. Den er grei nok, den, du. [Bsa 164] Interesse, flid, fokus og vilje som tel, kan alle trengast for å utforske fenomen. [Jfr. Bsa 165] Metodar kan ein få praktisere og bli dyktig i, og kanskje utvikle slike også etter kvart. [Jfr. Bsa 165] Velvære skal få vekse til lykke. [Jfr. Bsa 166] Det er alvorlig nok å få trong til grov tale og grove tankar bort frå seg. [Jfr. Bsa 166] Ein treng å få vite kva som er sunt, ikkje klanderverdig, kva som bør gjørast, kva som er godt og lyst, tenkje godt gjennom tinga - og sia innsjå sjølv kva som er sunt og godt og bør gjørast, ikkje klanderverdig men lyst og godt [nok] så det fører til velvære som veks til lykke. [Jfr. Bsa 166] Forstå tinga som dei er. [Bsa 166] Forstå eigne kjensler. [Jfr. Bsa 167] Rett fokus mot eigne tankar og forstå dei klarast mogelig. [Jfr. Bsa 167] Det er rett å nå klar forståing og innsikt i andre sine tankar etter kvart. [Jfr. Bsa 167] Den heilt konsentrerte ser indre fenomen klart. [Jfr. Bsa 167] Sant og godt i lag er ikkje heilt lett å få til. [Jfr. Bsa ] Sju fokuseringsfaktorar: rett syn, rett avgjerd, rett tale, rett handling, rett levemåte, rett tiltak (innsats), og rett merksemd. Når konsentrasjonen baserer seg på desse sju faktorane, kaller vi den høgverdig, med rett grunnlag og rette faktorar Rett syn får gi rette avgjerder. Rette avgjerder skal føre til rett tale, og rett tale til rette handlingar [som tel], og dei fører til rett levemåte, som fører til rett strev og rette tiltak som leier til rett fokus, som fører til rette kunnskapar - og rett kunnskap fører til at ein blir fri. [Jfr. Bsa 167-68] Rette læra gir framgang like til det herligaste. [Jfr. Bsa 168]
Verdifulle haldningar kan ein spreie. [Jfr. Bsa 168]
Frå MahagovindasuttantaBuddha fortel det kan vel vere bra å kome til Gud i himmelen, men læra har eit høgare mål enn som så.
1Læra gir gode verknader, er open for undersøkjing, og forstandige menneske kan sjølv realisere den Buddha gir klar beskjed om kva som er sunt, kva ein bør unngå og ikkje unngå, og kva ein ikkje bør praktisere, kva som er høgverdig, og kva for praksisar som leier til Nirvanaland. [Bsa 173, 177]Når evigunge Skapar setter seg hos ein gud, blir guden fylt av opphøga lykke og nøgd Skapar-Andens figur er slik at ikkje ein gong gudar kan sjå den. [Bsa 175] Luksus kan verke fordervande. [Jfr. Bsa 179]
2Hovudhåra reiste seg på ein som blei vitja av praktfulle, strålande og evigunge Skapar-Gud, og vedkommande blei redd og skremt Skapar-Gud bør ein by kaker når han kjem og gjestar ein. [JFr. Bsa 181, 182]Mange dødelige vil gjerne vite korleis dei skal trene for å den nå udødelige verda til Skaparen, heiter det Vi lyt lære av dei forstandige, gjøre det som er godt og praktisere den høgverdige treninga. [Jfr. Bsa 182, 186] Kven veit kor lenge ein har att å leve? Dei gode høgaktar den rette vegen. Den fører til Skaparåndas rike. [Jfr. Bsa 186] Ver vennlig og likevektig der du fer fram. [Jfr. Bsa 188]
Det er viktig å unngå all "stank", står det: Den som stinkar av
slikt som ulagelig sinne, løgn, svindel, juks, gjerrrigskap, overlegenheit,
misunning, vankelmot, vald, og dumskap, den går ned. Slik stank er ikkje lett å
bli av med så lenge ein lever verdslig. Og somme grådige brahminar er ville
etter kvinnfolk. Lær av dei vise korleis ein kan kvitte seg med stank. [Jfr. Bsa 183,
185, 186-87]
MahasamayasuttantaMahasamayasuttanta tyder "stormøtet". Mange gudar møttest då. Gudar blir kalla devaer. Varuna minner om Poseidon (Neptun). Soma og Diana (månen), Yama er Døden personliggjort, Indra, også kalla Sakka, minner om Zeus (Jupiter, Tor med hammaren). Guden Vishnu heiter Venhu på pali-språket.Gudane konkurrerte med asuraene (ahuraene), og den høgste mellom dei er Ahura Mazda, som Zoroaster vender seg til. Mara i Buddhismen er freistarande. Mara vil skremme, representerer mørke, og toskeskap, og mister makta når ein ser han rett. #190-91] Frå SakkapanhasuttaBuddhismen held seg til at kvinner har like gode evner til å foredle hugen som menn. Buddha underviser om gleder ein bør unne seg. I denne teksten opptrer guden Indra (jfr. Zeus, Jupiter, Tor) som talsmann for læra til Buddha. [Bsa 200-1]
1I ulidelig sommarvarme styrtar elefanten seg ut i det svalande tjernet. [Jfr. Bsa 204]Ein fisk på kroken slepper ikkje taket. [Jfr. Bsa 204] Ein kjem trulig til kort på eitt eller anna vis om ein ikkje samlar merksemda rett. Slikt sannar ein lenger framme. [Jfr. Bsa 207-8] Læra er forklart klart og tydelig - kvar enkelt lyt sjølv forstå og fatte den inni seg. [Jfr. Bsa 208] Demonflokken skal ein få til å minske . . . ved å kome inn til Sanningslandet. [Jfr. Bsa 207] Mange slags nytingar kan ha ulemper ved seg. [Jfr. Bsa 207-9] Ingen elev kjenner seg utrygg der læra blir bra forklart. [Jfr. Bsa 210] 2Egoisme bitt ein til strid. [Jfr. Bsa 211]Egoismen mislikar (dette og hint). [Jfr. Bsa 211] Somme gleder, somme ubehag og ei form for sinnsro bør vi unne oss, andre bør vi unngå. Gleder som styrkar sunne eigenskapar og svekkar usunne eigenskapar bør vi unne oss. [Jfr. Bsa 212] Av gleder som medfører tenking og spontane gleder, er dei spontane best. [Jfr. Bsa 212] Ubehag som svekker usunne eigenskapar bør vi ta med oss. [Bsa 212] Sinnsro som styrker sunne eigenskapar og svekker usunne eigenskapar, bør vi ta med oss. [Bsa 212] Gleder, ubehag og sinnsro som styrker usunne eigenskapar og svekker sunne eigenskapar bør vi unngå. [Jfr. Bsa 212] Sinnsro som fører med seg tenking er ikkje så bra som spontan sinnsro. [Jfr. Bsa 212-13] Sameleis kan vi bruke kroppen og munnen (talen): Når ei viss åtferd styrkar sunne eigenskapar og svekker usunne eigenskapar, kan den tilrådast og praktiserast. Og motsett, åtferd som styrker usunne eigenskapar og svekker sunne eigenskapar, kan ikkje bli tilrådd. [Jfr. Bsa 213] Slik tale som svekkar sunne eigenskapar og styrkar usunne eigenskapar, kan ikkje bli tilrådd [Jfr. Bsa 213] Tale som styrkar sunne eigenskapar og svekker usunne, kan ein tilrå. [Jfr. Bsa 213] Ei målsetjing som svekkar sunne eigenskapar og styrker usunne eigenskapar, kan ikkje bli tilrådd, og ei målsetting som svekker usunne eigenskapar og styrker sunne eigenskapar, kan ein tilrå - den bør gjennomførast. [Jfr. Bsa 213-14.] Sameleis, synsinntrykk, hørselsinntrykk, lukter, smaksinntrykk, berøringsinntrykk og tankar: Dei som styrker usunne eigenskapar og svekker sunne eigenskapar, kan ikkje bli tilrådd. Dei som styrker sunne eigenskapar og svekker usunne eigenskapar, kan ein tilrå. [Jfr. Bsa 213] "No har eg, som berre er ein gud, fått sjansen til eit nytt liv!" sa Indra til Buddha, etter å ha blitt undervist. [Jfr. Bsa 216] Med innsikt og klar forståing lever ein rett. [Jfr. Bsa 217]
Lever ein vist, fører det til Oppvakning. [Lever ein bra, fører det
i retning av Oppvakning.][Jfr. Bsa 217]
Frå MahasatipatthanasuttaMerksemda kan ein trene. I den åttedelte vegen i Buddhismen er rett merksemd ei hovudsak.Meditering har to aspekt. Dei er fokus (konsentrasjon) og innsikt. I buddhistiske tekstar er bhavana det mest brukte ordet for meditasjon. Begge sidene ved meditasjon - fokusering av sinnet og innsiktsfullheit - kan trenast, kvar for seg eller saman. Det siste er vel det beste for folk flest. Insiktstrening kan føre til djupare og djupare innsikt i og forståing av eigen situasjon. [Jfr. Bsa 220-23.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19972007, Tormod Kinnes. [E-POST] | |||||||||||||||||||||