NORSK DEL, GULLVEKTA  

Den åttefaldige vegen

 14 › 1 › 1

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE
ORD I BUDDHISMEN

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Den åttefaldige vegen slik eg ser det

Lykkehjulet
Rettferdshjulet - den åttefaldige vegens symbol.

Den åttefaldige vegen er ein samordna praksis som tek utøvaren i retning av sjølvvakning og frigjering. Vegen blir somtid kalla Den milde midtvegen og Den milde midtstigen fordi den er "midt mellom" ytterlegheiter. Vegen blei formulert av Gautama Buddha, som oppdaga den på ny, står det:

Eg såg ein gammal stig, ein gammal veg, som sjølvvakna ferdast langs i gamle tider. Og kva er den gamle vegen? Denne: Rett syn rett målsetjing (aspirasjon), rett tale, rett handling, rett levebrød, rett virke, rett merksemd, rett fokus (konsentrasjon) . . . Eg følgde den stigen. Ved å følgje den, kom eg til direkte kunnskap om vegen som fører til at det blir slutt på aldring og død . . . Sia eg veit dette direkte, eg har openberra det. [Nagara Sutta, fork.]

Ordet "rett" har fleire tydingar. "Sømmeleg, som det sømmer seg" er ei, "korrekt" ei anna, og "godt" og "gagnleg" høver nok også. Ein får sjå dei i samanheng ifrå det noko fleirtydige sanskrit-ordet blir omsett til "rett" og "proper (skikkeleg, anstendig, o.a.)", alt etter som. "gagnleg og rett" fortel trulig det som er meint opphavleg dersom det blir forstått i forhold til den åttefaldige vegen som integrert system og levevis, og med det ein er vakna for i hjertet (med samvitet), og dessutan med sideblikk til buddhistisk dharma (rett ferd, sømmeleg skikk, og legal rettspraksis) dernest.

Avhengig av buddhistisk skole kan den åttefaldige vegen bli levd som ein heilskap, delvis, eller med modifikasjonar. Her er ei skissemessig skildring av vegen:

  1. Rett synspunkt.
  2. Rett sinnelag, rette verdiar, rette motivasjonar - Å engasjere seg for mental og moralsk vekst i høveleg grad i forhold til dei andre sidene ved den åtteledda vegen.
  3. Rett tale - Ein snakkar normalt ikkje for å kveste gode, ikkje for å forderve eller leie vill, fer ikkje med overdrivingar, men taler og skriv sant og påliteleg jamt og fast. Slikt er verdifullt.
  4. Rette handlingar, rett åtferd - er sunt og gagnleg jamt over. Ein unngår og lar vere å gå med i tiltak som gjer skade. ein fer fram rimeleg.
  5. Rett levebrød - Her er det vist til jobben, arbeidet eller yrket. Det skal ikkje vere til skade for ein sjølv eller andre på nokon måte, verken direkte eller indirekte.
  6. Rett innsats - En gjer noko verknadsfullt for å betre seg.
  7. Rett merksemd - Her går ein inn for å sjå med klart sinn det som framtoner (fenomen, hendingar, personar) ting for det dei er..
  8. Rett meditasjon - Meditasjon er ein god tilstand å komme i, og ved å gå fram i meditasjon, vinn ein meditasjonstilstanden som blir kalla Opplysing. Den tilstanden er målet med "heile greia".

Ein lyt vere skjønsam livet gjennom for å avpasse dei åtte sidene ved vegen som ein heilskap, gå vegen med sans for kosteleg utbytte, og såleis vise vegvett.

I Transcendental Meditasjon, TM, lærer begynnarar først det åttande leddet, av di det gir hjelp til å fatte meir og betre, og kan gi impulsar og støtte til å gå inn for nokre av dei andre sidene ved vegen i tillegg og etter kvart. Mange buddhistar mediterer ved hjelp av TM. Ein setter med andre ord av tid til å meditere for seg sjølv kvar dag. TM, Transcendental Meditasjon, syner seg å fungere best av testa og samanlikna metodar, seier David Orme-Johnson [Lenkje]. Sjå eit bra utval metodar her: [LENKJE]

Meir om dei åtte faktorar

1. Rett synspunkt kan ein forstå som "rett perspektiv", "rett syn" eller "rett forståing" (rette, høvelege tankar). Rett syn kjem an på eigne observasjonar, skapeleg bruk av finnekunst (heuristikk), kunnigheit innan læring, og evne til å skilje ut det mest vesentlege. Skapeleg meditasjon hjelper til å klargjere sinnet også. Det er dokumentert i studiar av TM og fleire andre metodar.

Buddha snakkar ut frå perspektivet om kva som lindrar og fjerner stress og andre former for liding (dukka), og som fremjer at ein går vegen. Det ligg bak alt han seier, fortel han ein stad [LENKJE]. Det er gagn i å vite kva som førebyggjer og motverkar stress og lidingar, kva som stoggar slikt, og korleis ein gjer det. Alt slikt kjem inn under "rett syn" i Buddhas åttefaldige veg.

2. Rett sinnelag med rette verdiar, føremål og avgjerder (sankalpaer). Sankalpa eller samkalpa vil seie "å frambringe, å ønskje" forma og heldt i gjenge i hugen og hjertet. Siktemål å realisere kan fasthaldast djupt og avslappa.

Høvelege mål harmonerer med å gå vegen frametter, vekk frå unødvendige band, usunne gjerningar og vald. Buddhismen femner over desse fem grunnleggjande normer å leve opp til, det vil seie fem moralske verdiar. Avstå frå å:

  1. ta liv og vere årsak til det;
  2. stele,
  3. lyge,
  4. seksuell misferd,
  5. rusmiddel.
"Avstå frå" vil seie "gi opp, gi slepp på, og droppe". Desse normene er ikkje nødvendigvis kategoriske påbod, men normer å fylle til gagn for seg sjølv og andre. Desse fem er heilt sentrale for alle buddhistar, lekfolk og munkar og nonner. Men det finst altså tillegg. Dei åtte forskriftene er for lekfolk som vil prøve å leve innafor enda strengare rammer. Å avstå frå gleda over å sove i luksusseng er ei slik ekstranorm. Dei ti forskriftene for begynnarmunkar tek med eit par normer til, så som å avstå frå å ta imot pengar. Men lekfolk blir oppfordra av Buddha til å vere skikkeleg dugande og leggje seg opp pengar, mellom anna så dei kan hjelpe andre når dei kjem seg til. No blir nokre av normene også oppfatta noko ulike i dei to retningane Theravada og Mahayana.

Buddhistmunkar og -nonner har ganske mange tilleggsforskrifter, men også lekfolk kan vinne Opplysing, fortel Buddha. Den som vil, kan leggje til nokre ekstra normer å følgje frå dei strengare moralboda om ein kjenner for det og kjenner ein kan ha godt av det, men dei er altså ikkje heilt nødvendige for lekfolk. Og ein treng ikkje love og sverje noko som helst for å vere god buddhist, men "berre" gå inn for å leve gagnleg ved å gå fram langs midtvegen. Det er verken drakt eller tiggarbolle eller nifse eidar som gjer ein til eit staseleg menneske.

Korleis tek ein gode avgjerder? Prøv å meditere djupt før du samlar hugen om ein ting i djup kvile. Det er ein god måte å gå fram på. [Yn]

3. Rett tale er å tale sannferdig, og utan å skade godleik og gode vesen. Utfordringa er å tale best råd. I pali-kanonen er det er forklart som å avstå frå lyging, frå krenkande tale og frå unyttig skravling. Ein bør foretrekkje forsonlig tale best råd, sameinande tale, tale som konsoliderer dei som er rettferdig foreina, og ikkje tale så det sår disharmoni. Gunstig tale er samstemt til semje og harmoni - å elske slikt, glede seg over slikt, nyte og skape det. Den bør også vere avstemt til tryggleik så bra folk nyt tryggleik nok, vil eg leggje til.

Høveleg tale er til rette tid, går til hjertet, er danna nok, og vekkjer neppe misnøye hos gode menneske. Målet er å snakke til rette tid, tale om faktiske forhold og slikt som samsvarer med hovudmålet med å leve, alt mens ein held fast ved den grunnleggjande læra, Dharma.

Målet rakar høgare enn veltale og retorikk. Det består av ord som er verdt å skatte, ord som er vel tilpassa tid og stad, rimelege, passe omskrivne om så skal vere, og i samklang med å konsolidere harmoni mellom gode - såleis også avstemt til sympati.

Sannferdig . . . best råd . . . til hjertet . . . vel tilpassa gode. Slikt kan gjere det lettare å leve, dessutan.

4. Rett handling, moralsk høgreist oppførsel. Ting å avstå frå og unngå omfattar dreping, steling og seksuelt misbruk. Ein bør fokusere på oppføre barmhjertig (nok) for gode og finslege (delikate) andre.

Det finst altså ting å unngå, og og ting å satse på og utrette ved opplæring i slikt som høver. Slikt som fører til korrupsjon og skade, eller støttar slikt, skal ein enkelt unngå og fjerne seg frå, helst enkelt.

5. Rett levebrød gir opp uærleg levebrød, korrupt levebrød og levebrød som er årsak til skade for gode og rettferdige og uskyldige. Følgjeleg bør ein ikkje engasjere seg i bransjar og yrke som direkte eller indirekte fører til skade for andre levande vesen. Ein unngår dermed så som våpenverksemd, drapsmåtar, slavehandel, prostitusjon, kjøp og sal av av barn og vaksne, oppdrett av slaktedyr, produksjon og sal av rusmiddel, vanedannende stoff (medikament utan resept) og dødande gifter. Det gagnar å jobbe innan område ein er interessert i og føretrekkjer, og å realisere seg sjølv i ærleg arbeid.

6. Rett innsats, passande arbeid og tiltak, består av vedvarande arbeid for å gi opp (få ifrå seg, sjalte ut) tankar, ord og gjerningar som er feil og skadelege. Det er eigenskolering som er vegen i det. Ein sjaltar vekk tankar, ord og gjerningar som det er lite og ikkje noko gagn i, med sunne, gode og nyttige for både ein sjølv og andre. Ein går ifrå bra til betre og best så godt ein kan. Ein går også inn for å halde ved lag gode ting, gode ønske og gode tilhøve, og anna som er nyttig for gode menneske generelt. Dugleikar og enda fleire dugleikar (eng. skills) blir "kalla inn" for å handtere gagnlege ønske og lyster, gagnlege gjerningar, for å fremme ikkje-forvirring, auke overflod (så ein har nok, iallfall) og fremme utvikling og utfalding. Buddhismen tilrår dugleik som nyttig og bra vidt og breitt.

Ein skal hindre det som er usunt, og helst før det kling fram (manifesterast) og veks seg sterkt. Om noko usunt (og usant) har framtona, får ein fjerne det med rot. Ein får også gjere innsatsar for å vekke og halde ved lag det sunne og gagnlege. Ved TM lærer ein å kombinere arbeid og meditasjon jamt over. Slik grunnleggjande utvikling er heilt framifrå.

7. Rett (høveleg) merksemd. Andre uttrykk er "rett minne", "rett medvett" og "vere rett oppmerksam". Rett merksemd vil seie vere vaken for ting som påverkar kropp og sinn. Det vil seie å vere vaken, roleg, sindig og veloverveid (deliberate) til sinns. Ein søkjer å vere merksam og rolig metodisk. Ord som vel 'førebudd gjennomtenkt og planmessig' kan også koplast inn i det, alt etter som. Å vere høveleg fokusert er vere merksam på kropp, sinn og sinnseigenskapar. Eitt mål er uhilda, ikkje-tilknytt observering av det som skjer i og rundt oss her og no. Ein går inn for å vere i noet, open, roleg og årvaken.

Tips: Djup meditasjon hjelper fram høgare merksemd og hjelper oss å passe på.

8. Rett meditasjon, dhyana. Dhyana er eit sanskritord. På det beslekta palispråket heiter det jhana. I Kina blei det Ch'an, og på japansk Zen. Meditasjon kronar den åttefaldige vegen i buddhismen. God meditasjon hjelper justeringar som er tiltrengte i andre fasar på den åttefaldige vegen.

Ein samlar merksemda om eitkvart for å komme i ein djup og god meditasjonstilstand. Buddha skil mellom fire dhyana-nivå. Det finst mange likande meditasjonsmåtar. Meditative tilstandar kan utviklast gjennom merksemd over pusten, meir kontrollerte pustemetodar, og bruk av lydklangar (mantra) som ein gjentek i sitt stille sinn etter nøye fastsette måtar.

Djup yoga-anding er greit inn imellom, og blir brukt i Zen og andre retningar, og dessutan finst andre og meir avanserte pusteteknikkar som eg ikkje går inn på her.

God meditasjon forsvarleg gjort fostrar mental og fysisk helse, syner omfattande forsking. Det gir kvile og bringar og held ved lag fryd og glede, ro født av samling av hugen (slik hjernebølgjeforsking vitnar om), likevekt, og gagnleg merksemd. Dei ulike nivåa av jhana (meditasjon) set ein i stand til å undersøkje ting betre, å utvikle visdom ved å dyrke innsikt og bruke det til å undersøkje. I djup meditasjon høver det dessutan framifrå å stadfest og sjå for seg (affirm and visualise) og fokusere på ymse oppnåingar ein er ute etter. Slik høveleg bruk av djup meditasjon kallast sanyama og samkalpa. Enda betre, djup meditasjon leier gradvis i retning av sjølvvakning.

Skal ein ta sikte på alle eller gode?

Det kan vere problematisk å stette seg klokt og godt til alle tider og under forhold som endrar seg, og slikt kan gi dilemma.

I tradisjonelle framsettingar der det står "for alle", vil eg for min del nøye meg med "for gode og gode ting". Eg ser på slikt som ei nødvendig og nyttig reformulering i etikken, men i ymse kanoniske arbeid står det altså "einskap, godt for alle, harmoni med alle" og slikt, der eg heller vel "godt for gode, harmoni med gode." For eksempel er det mykje forlangt at dyrevenner skal fare i harmoni med dei som utrydder dyr villig vekk. Mang ein gong lyt ein velje side.

Dette synet - å gagne gode mellom alle, og ikkje farlege mordarar med meir så dei kan ture fram vidare, er nødvendig i ikkjevold-etikken. Å ikkje samarbeide med vonde er elles del av slik yogaetikk som Mahatma Gandhi har gjort kjent i politikken også. Det er også i harmoni med mykje ein finn praktisert i buddhismen sine første år. Munkar som misfor seg, blei utstøytte frå munkesamfunnet. Ein blir fortalt at ein ikkje gjer klokt i å ha omgang med toskar om ein kan unngå det. Ein får vite det er best å ikkje gi gåver til uverdige menneske og saker. Ut frå dette går det fram at "alle" eigentleg ikkje tydde "alle" då heller.

Ta altså med i rekninga at i den grad vi vender det andre og tredje kinnet til illgjerningsmenn og -kvinner, tillet vi dei å gjere livet verre for offera sine, og let desse illgjerningsfolka få fare fram og gjere anna vond, og vondt verre. På passivt vist "hjelper" nesten gal ikkjevold bøllar og slu og sleipe opp og fram og forkrøplar det gode i samsvar med det.

Så kvar den som ikkje har nådd det utsynet at godt og vondt er del av ein Stor Plan, bør heller hjelpe gode menneske og gode saker opp og fram etter evne og høve. Det meiner eg. Eg ser også at slik moral er del av den åttefaldige vegen, same korleis ein snur og vender på det: Det er tale om rett levevis, rett innsats, og verdifull moral i det heile. Det er altså mykje og sentral skriftstøtte for utsyna mine om å gagne gode framfor vonde, og ikkje berre rimelege, gode grunnar.

Folk er forskjellige. Somme er dårlege, somme forverrar seg og gjer forholda verre for andre. Gode menneske, dyra og naturen skulle ikkje bere børene og betale for slikt fram til kollaps.

Buddhistisk samhør i ein sangha (gruppe, eit lokalt samfunn) og elles, er ikkje for alle, men er meint å tene dei som vil betre seg sjølve og ferda si ved å la Buddhas likande ord og normer regulere ferda si.

Det gjeld å ikkje bli narra. Det er "ellevte bodet" etter eit tysk ordspråk, Lass dich nich verblüffen. Men for å ta opp att noko heilt sentralt frå Kalama Sutta: Du treng ikkje tru noko slag. Buddhisme er ein livsveg, og det sentrale i den er gitt ovafor, med nokre forandringar: "Til gagn for folk og ikkje troll" er ei, og "gå for rimeleg tryggleik", er også fletta inn. Når du ser bort frå desse to, kan det bli skår i gleda med tida, trur eg. Buddhistar kan nok med fordel fokusere noko meir om slikt i tillegg til resten av overleveringa om den åttefaldige vegen, men det er ikkje alle som står like fritt som eg, enda om Buddha tillèt det.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  


OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]