NORSK DEL, GULLVEKTA  

Pali-tradisjonen i buddhismen

 14 › 1 › 1

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE
ORD I BUDDHISMEN

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Pali-tradisjonen i buddhismen

Cherries
Det finst eit vell av heilage skrifter å "bite i"

Mange i Vesten vaknar opp til buddhisme for tida. Det finst mange gamle skrifter til gagn for den som vil sjå inn i emnet. [jfr. 20]

Fleire buddhistiske skrifter har blitt funne i buddhistiske senter nord og nordaust i India, men dei fleste tekstane er med i samlingane på pali: dei har blitt bevarde i Sri Lanka, Thailand og Burma. Desse svært gamle skriftene, i lag med ymse andre av noko nyare dato, blir kalla tradisjonens Tre Korger, Tripitakaene. Heile bøker som blei handskrivne på palmeblad, blei bevarte, kopierte, kommenterte, og utbroderte i andre palmeblad-manuskript. Folk trur at den store samlinga (Tripitaka) inneheld ekte uttrykk av Buddha. [11, 12]

Palitradisjonen i buddhismen i vår tid

Frå 300-talet e.Kr. begynte også Kina å ta til seg buddhisme, og frå då og til 600-talet les vi om lærde og pilgrimar som drog til eller vende attende til Kina og var lasta med buddhistisk litteratur. Buddhismen er kompleks og mangesidig. [22-23, 26]

I tillegg til Dei tre korgene, Tripitakaene, inneheld pali-litteraturen også mange tolkande kommentararbeid. Pali Text Society, som blei skipa av professor Rhys Davids i 1881, har gitt ut sytti band med tekstar og omsetjingar. The Sacred Books of the East, som blei skipa av Max Müller, har gitt ut fleire omsetjingar. Serien som heiter Sacred Books of the Buddhists; Harvard Oriental-serien; og det tyske Pali-Society har gitt ut fleire. [13-14]

Breiare kjennskap til litteraturen vil gagne oss lite om ikkje vi nærmar oss buddhismen med sine mange variantar på oppvakt vis og meistrar kjerne-delane. Det finst med andre ord varierte uttrykk for buddhisme, og sentrale delar. [jfr. 15]

I buddhismen er det i stor grad tillate at deler frå innfødt kultur blir atterspegla i den. Alt frå starten hadde buddhism mykje til felles med andre indiske tradisjonar, mest av all yoga. Buddha var opplærd i og lærte frå seg yogamåtar. Etter som "vi skrir fram innan sentral-asiatiske forsking," skriv professor Pischel, "står det alt klarare fram at i store deler av Orienten var buddhismen like mykje reiskap for kultur som kristendommen har vore det i Vesten . . . Eg er overtydd om at Buddha som filosof er heilt avhengig av Kapila og Patanjali." Verka det blir sikta til med dette, er [Kapilas] Sankhya-aforismar og [Patanjalis] Yoga-sutraer, som også er ei samling tankekorn (aforismar). I Vajrayana (Mahayana) har løyndommane i tibetansk buddhisme blitt meir tilgjengelege. Det er med andre ord mange yogametodar å femne over bortsett frå det som blir lært i sør-buddhismen [Theravada]. [30, 14]

Når det gjeld den kulturelle verknaden av buddhismen, er indisk tenking og kultur i vår tid sterkt påverka og endra av den. Og påverknaden frå buddhistisk religion og filosofi på etter-buddhistisk indisk litteratur er godt kjent. [28]

Og likevel, etter 1200-talet og der omkring var det berre lite av den ekte buddhismen som overlevde i det gamle heimlandet sitt. [25]



SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

Hovudkjelde

Basb: Mrs. Rhys Davids. Buddhism: A Study of the Buddhist Norm. Home University Library of Modern Knowledge. London: Williams and Norgate, nd.

Framlegg til vidare lesing

Bht: Thera, Narada. The Buddha and His Teachings. 4th ed. Kuala Lumpur: Buddhist Missionary Society, 1988.

Ebd: Holder, John J, tr. and ed. Early Buddhist Discourses. Indianapolis: Hackett, 2006.

Ib: Bodhi, Bhikkhu, ed. In the Buddha's Words: An Anthology of Discourses from the Pali Canon. Boston: Wisdom Publications, 2005.

Ld: Walshe, Maurice, tr. The Long Discourses of the Buddha: A Translation of the Digha Nikaya. Boston: Wisdom Publications, 1995.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]