Norsk del, Gullvekta
Tibetansk kvalitetsliv
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Buddha Amithaba in Tibetan Buddhism, traditional Thangka painting
Forskingsfunn viser at somt hjelper godt, og meir enn ein kanskje skulle tru.

Først

Christopher Hansard har skrive fleire bøker med tibetansk visdom i. På norsk finst Tibetansk livskunst, Tibetansk legekunst og livsvisdom, og Tibetanske veier til sinnsro. Nedover følger eg teksten i den første av bøkene med utplukk og somme utvidingar.

Den som har kjennskap til Transcendental Meditasjon (TM) og Patanjalis Yoga, kan lett kjenne att fleire grunnleggande poeng som Hansard utviklar øvingar oppå. Det er især råda om samyana (samle hugen) i djup og god meditasjon som finn parallellar i mykje heilarkunne som Hansard lærer frå seg.

Når det gjeld å omforme negative energiar, finn ein fleire forklaringar i bøker om tibetansk yoga, redigert av W. Y. Evanz-Wents: flest eksempel finn ein venteleg i den tibetanske daudeboka. Delar av boka har også blitt nytta til mental terapi av stoffavhengige i Sambandsstatane. "Kan det hjelpe der, kan det kanskje hjelpe her!" Mykje forsking syner elles at ◦Transcendental Meditasjon, TM hjelper bra mot "drøggs"-misbruk, drikketrong og nikotinen - betre enn andre metodar! Følg lenka og finn funna.

No har du fått lenke til viktig informasjon i fall du kjenner nokon som slit og lir under desse store plagene. Her er ei lenke til for den som vil lære meir om TM: [TM i Noreg]

Tibetansk buddhisme utvikla seg i hovudsak mellom 600-talet til 900-talet evt (etter vår tidsrekning). Tibetanarar omsette ubetaleleg buddhistisk litteratur frå India og Nepal fram til 1300-talet omtrent. Vajrayana-forma for buddhisme kom til å få ein dominerande posisjon. Tibetansk buddhisme innlemma også element frå bøn, den gamle trua i Tibet. På 700- og 800-talet var det strid mellom buddhismen og bøn, men bøn overlevde som levande religion aust og nord i Tibet, fortel Encyclopaedia Britannica. [EB, "Bon" og "Tibetan Buddhism"]

Elles kan det høyre med å nemne noko som den innsiktsfulle legen Vilhelm Schjelderup skriv i forordet til den norske utgåva av Tibetansk legekunst og livsvisdom av same forfattaren, ord som i høg grad gjeld også for tilfanget under. Det som kjem er nokre utplukk, men ikkje direkte sitat:

Dette er ei bok til sjølvhjelp. Framstillinga bygger på omfattande kunnskap i tibetansk medisin og livsvisdom. Forfattaren representerer den opphavlege tibetanske religionen. Det er ingen vesentlege forskjellar mellom den medisinen, livsvisdommen og filosofien som blir presentert i boka, og meir kjend tibetansk medisin.

Tibetansk medisin har røter lang tilbake i historia. På 800-talet var Tibet ei asiatisk stormakt. Den tibetanske kongen, Trison Detsen, innbaud då lækjarar frå India, Kina, Persia og Nepal til medisinsk konferanse der dei freista å komme fram til kva som var den beste behandlinga for forskjellige sjukdommar. Tibetansk medisin opptok såleis element frå den gamle greske, hippokratiske medisinen, frå den indiske, ayurvediske medisinen og frå kinesisk medisin. Samtidig er den gjennomtrengd av den særeigne åndelege innsikta som ligg til grunn for den tibetanske kulturen.

Tibetansk medisin har lenge hatt høgt renommé i Asia og i Russland. I dag er tibetansk medisin i ferd med å bli kjent også i vestlege land, og møter aukande interesse både frå lege og lærd. Tibetansk psykologi og medisin hatt noko vesentleg å tilføre moderne psykoterapi og medisin. Tibetansk medisin har tradisjonelt eit svært høgt etisk standard. Denne djupe moralske grunnhaldninga pregar også denne boka. [Tlv 7-9, passim]

Når du les det som kjem, kan du vel ha i minne at "Kvalitetsliv kviler i stor grad på sinnsro."

〰ೞ⬯ೞ〰

Kvalitetsliv: Førebuingane

Bøn for alle, og for gode resultat

Kan bønner hjelpe? Det kjem an på så mangt, som kva slags bønner det dreier seg om, og formålet med dei. Kaffebønner for oppkvikkarar, soyabønner for næring, og så bortetter.

No ja, det er mange som har tiltru til bøn . . . bøn (bön) er ein tradisjonell religion i Tibet, og blir rekna som ei form for tibetansk buddhisme med meir.

Tilhengarar av bøn meiner bøn er til for å bringe klarleik og lykke, og at visdom bør vere tilgjengeleg for alle. Dessutan er det godt at gyldige prinsipp også er effektive, så dei kan monne for å forme betre tilhøve. [Tl 9]

Etter kvart kan du få klarare forståing av det som ligg bak desse utdraga. Skulle du då vinne betre kontroll over vêret og avlingane, kan det gjere godt med klokskap i følge.

Mange mistydingar kan ein vel unngå ved å lese gjennom boka dei er henta frå.

Bøn-tilhengarar

I Tibet blir tilhengarar av bøn kalla ngagpaer. Dei kan ein kjenne på det lange håret. Hansard fortel at Yrgyen Nam Chuk var ein ngagpa, tantrisk yogaekspert, lama og lege innan bøn. Han underviste: " Alle ønsker seg eit betre liv. Det startar i hjartet, og sluttar der også." [Tl 11, 20]

Ifølge Hansard trefte ngagpaen ein liten pjokk i New Zealand. Det var Christopher Hansard, og Hansard fortel at lamaen underviste han i tillegg til alt han etter kvart fekk lære på vanleg vestleg skole. Yrgien skal ha undervist eleven sin munnleg heile tida.

Lærdom eigna for nedgravne i jordhole og nokså mange elles også

Hansard fortel at då han var fjorten, blei han plassert i eit hòl over ein meter under jorda. Så blei jorda fylt på att over han. Han låg levande gravlagt blant meitemakkar i mørke i tolv timar, kald og stiv i mørket. [Tl 13, 15, 19]

Han fortel at han skjønte der i mørket: "Klarer du å skilje ut den kjenslekrafta bak det negative som går føre seg i livet ditt, kan du endre det – Det første steget for å få styring over negative tankar, er å lære å bli kvitt dei – Oppdag gleda i enkle ting." [Tl 29, 21]

Seinare kunne ein Maorileiar utfylle visdommen hans med "Stir ikkje på universet på tom mage." [Tl 28]

〰ೞ⬯ೞ〰

Vise ord treng ikkje sjå sånn ut ved første augekast

I tankane som er gitt att her, finn vi ei tru som heilarar trur på og praktiserer etter - kvar dag om så skal vere.

Livet ditt blir påverka av uklok tenking . . . Men du kan velje tankar som kan skape lykke og velvære i kropp, sinn og tilvære. [Tl 18]

Vi kan plukke opp negative tankar mens vi veks i livmora – Sit i stille morgon og kveld og legg inn sterke og positive tankar: Mens du held fram, sit du i stille og takkar for fortidas vanskar som du har hausta glimrande visdom ifrå. [Tl 21, 22]

Vald og tankane attom

I gamle dagar var Tibet eit valdsfylt land. Det var vanleg for somme å utkjempe tankekrigar, å sende tankerakettar mot kvarandre. Det kunne drepe menneske, valde nederlag eller få fiendane til å ønske å slutte fred. Akkurat som de store meistrane frå farne tider er det folk i dag som har slike evner, fortel Hansard:

"Tankar kan drepe", fortalte læraren min. Vi var i ein liten by der vi såg ein mann og ei kvinne som krangla. Mannen tok til å bli valdeleg og slo kvinna. Men så klarte han ikkje å halde fram med å vere valdeleg, og då blei han redd.

Dei to kom bort og spurde kva som var skjedd. Læraren min fortalde dei det.

Det er neppe fullgodt høfleg å blande seg inn i liva til andre menneske dersom det ikkje er nødvendig. [Tl 24-25]

Kjenslevart

Kvar kjensle eller lyst etterlet seg eit inntrykk i deg - og ein verknad elles og. Kvar av desse verknadane inneheld viktig informasjon. Den kan det gjere godt å få tak i. [Tl 25]

Tanken om å utveksle kjensler mot åndeleg kraft er eit gammalt bønprinsipp. Dess meir ein gjer det, dess tydelegare og sterkare innsikt kan ein få. Haust meir sjølvinnsikt og bli gladare i deg sjølv. [Tl 26]

Vatn lagrar inntrykk på visse måtar. Ifølge bøn ber innsjøar på informasjon om landet rundt seg, ber på historie, tilmed på tankar frå dei som går forbi. Ein innsjø kan bli gjort til eit vindauge mot verda. [Tl 27]

Stjernene har identitet og stemme. Kvar og ei er ein handlande tanke som følger sin eigen kurs. [Tl 28]

Tankearbeid

Det finst godarta og annleisarta former for tankekontroll.]

Ting blir modne i sin eigen fart. [Tl 33]

Har du nokon gong opplevd at ditt underliggande system oppfangar tankane som har samla seg einkvan stad - til dømes i eit rom - føreåt? Vi må sørge for å blokkere at vi blir påverka av uønskte tankeenergiar. [Tl 28]

Klarer du å skilje ut kjenslekrafta bak det negative som går føre seg i livet ditt, kan du endre det. [Tl 29]

Vær snill mot deg sjølv mens du utforskar tankane og kjenslene dine, så ærleg som mogeleg for å kunne få mest mogeleg utbytte av prosessen. [Tl 30]

Sjå bilde og situasjonar som stammar frå misunninga di og finn hjelp mot ho i det. [Tl 31]

Grådigheit skaper dårleg helse og problem med usikkerheit, pengar og forhold. Boteråd: Fest merksemda på lyden frå vinden, havet eller rennande vatn for å forvandle grådigheit. [Tl 32, 33]

Dei som er påverka av begjær, søker saman med andre, og samtidig prøver dei å stille seg i sentrum stadig vekk. Boteråd: Sit stille og opplev visdommen og venleiken til andre. [Tl 34]

Arrogante treng også å stole meir på seg sjølv. [Tl 34]

Sjå for deg kvar morgon ei hending utan feil i seg - der du er likevektig og kontant. [Tl 35]

Egoisme fører til djupare einsemd og kan gjere avhengig av egoisme i tillegg. Boteråd: Ligg på ryggen og slapp av. Utfald klok tenking slik, og brukt tankekraft for å få lykke. [Tl 36]

Vi bør eige våre indre prestasjonar og dele dei med andre, men vi bør aldri gi vekk tankekrafta bak desse prestasjonane. Dess nyttigare blir tenkinga di.

Tankekrafta i botnen av flotte prestasjonar er heilag, og den er unik når den først er utvikla.

Ein kan verke inn på utfallet av kvart augeblikk og ved det hendingar: Ver merksam på detaljane for å styre utfallet av viktige hendingar. [Tl 37]

〰ೞ⬯ೞ〰

Suksessar

Gi deg sjølv for eksempel eit kalenderår til å oppnå ein viss suksess på. Bra suksess vinn du mellom anna slik:

  1. La det du ønsker å få og oppnå, vere til gagn og nytte for deg heile vegen innover.
  2. Bli i stand til å fullbyrde det du ønsker å få til. Solid utdanning hjelper mange, og bra studiemetodikk og studievanar hjelper utdanning.
  3. Prøv å finne ut litt av korleis du vil dra nytte av måla du når etter kvart - helst stegvis - og korleis du kjem til å endre deg når du har nådd dei etter kvart. (Ja, ein endrar seg i det ytre med måla ein når. Status er berre ein del av det. Pass på og sjå til at endringane er fine.) [Tl 37, 38]

"Suksess er ikkje ei endeleg avslutning i seg sjølv, men resultatet av ei rekke steg." [Tl 38]

〰ೞ⬯ೞ〰

Velg vennar

Vi kan trenge å vite klart kven som er vennane våre. Det er ikkje alltid som vi trur. I motsetnad til "troll" - masete og trollete antidemokratar og massivt autoritære stakkarar - finn vi gode vennar og venninner. Det gjer godt å finne dei. Dei har slike kjennemerke som Gautama Buddha seier om vennen - her er det lett nedtona for å høve fleire:

  1. Hjelper - nærare bestemt vernar ho dei som ikkje kan akte seg; vernar velstanden og ressursane dine, blir tilflukt når du er i fare; og gir det doble av forsyningane som trengst når slikt høver.
  2. Er ganske likeins i glede og sorg (vektig likevektig) - Ho løyner ikkje så mykje for deg; ho fortel ikkje andre om dine løyndommar; ho sviktar deg ikkje i vanhell eller elende; og kan tilmed ofre livet for deg, for vennen, alt etter omstenda.
  3. Gir gode råd - Ho hindrar at du gjer gale; oppmuntrar deg til å gjere godt; fortel deg om ting du ikkje veit av; peiker på bein veg fram, og inn til himmelen.
  4. Sympatiserer - Ho frydar seg ikkje over vanhellet ditt; ho frydar seg over velstanden din; ho hindrar andre i å fortelje falsk om deg; ho rosar dei som taler rett og godt om deg.

Dette bør vere nyttige peikepinnar - fire overordna forståingar, kvar med fire undergrupper. Prøv å legge saman for kvar venn du har, så kan du sjå noko med gagn i, kanskje. Mange finn ut for seint - når motgangen melder seg, for eksempel - at verkelege vennar er få. Dei skulle ein hegne betre om, til gjensidig gagn, helst, så ein ikkje berre utbytter nokon. Den kloke verdset faste, rause vennar som ei mor verdset sitt eige barn. [Buddha] [Lenke]

〰ೞ⬯ೞ〰

Hindra i slikt som tel

Hald auge med hindringane. Vanskelege menneske (troll) og dei vanskelege situasjonane dei skaper, kan vere blant dei største hindringane langs vegen til suksess. [Tl 38]

Ein vanskeleg person kan vere nokon som:

  • Kastar kjenslekraft på deg (projiserer slik) så du blir ille til mote, kanskje uroleg og sjokkert osb;
  • Forfølger deg og får deg til å føle deg forsvarslaus;
  • Prøver å skade kjenslene dine, eller fysisk;
  • Hindrar deg smaklaust i livet;
  • Held deg under seg, og avhengig;
  • Prøver å skade ryktet ditt.
  • Prøver å stele verd, eigedelar, rikdom, velstand, og av skaparkrafta di.
  • Er ikkje snill mot deg;
  • Hundsar deg; tyner deg; frys deg ut;
  • Ser til at du ikkje får vite sanning, det som er rett ferd, o.a. bra (sat);
  • Smiskar alt mens ho eller han undergrev.
  • Osv.

Legg ein saman og finn fire og fleire slike faktorar (vektorar) hos nokon, skulle ein unngå å involvere seg i den gapen utanfor arbeidet iallfall. Dette stemmer bra med Buddha sitt generelle råd mot stortoskar. Det står at ei av dei største velsigningane er "ikkje å ha noko å gjere med dei toskete, men å ha samkvem med dei vise, og å ære dei som er ære verdt." [Buddha, i Maha-Mangala Sutta 1-2.] I den overleverte kommentaren heiter det dessutan at dei toskete omfattar dei forderva og vonde i tankar, ord og handlingar. Korrupte høyrer med blant forderva.

Det står også: "Dummingen kan kjennast på korleis han ter seg, talen og tankane sine - og det same kan den kloke." [Buddha (TNP 3, dvs. Tika Nipata Pali (TNP) 3 i Anguttara Nikaya)] Og rådet: "Ein bør unngå samkvem med toskar." [Dhammapada, v. 206 og 207 gitt att].

Som i Det Gamle Testamente (GT) har "tosk" ei djup meining: Den som held fram i det som ikkje er godt for han eller henne, handlar toskete. Det er mange toskar og grader av toskeskap også. Prøv å ikkje bli ein stortosk sjølv. Bli i staden en venn av deg ditt indre, høgare sjølv, og lær å kjenne ekte vennar ut frå kjenneteikna slike ofte oppviser. Det finst fleire enn dei som Buddha opplister, men han får fram noko særs viktig og sentralt, synest no eg.

Vend somme leie situasjonar til positive

Ein bruker kloke tankar for å skape suksess her i livet. Og vil du prøve å vende ein litt lei situasjon eller ein floke til noko betre, er dette himalayiske råd:

  1. Finn ut årsaka til den lei situasjonen, og kor lenge den har fått utvikle seg og gå føre seg.
  2. Studer korleis folk som er innblanda i floken, reagerer på den, kor mykje negativ merksemd og energi dei investerer i den, og om dei trur at den kan endre seg. [Tl 40]
  3. Sonder kva resultatet kan bli dersom den noko leie situasjonen og floka blir vendt til noko positivt for deg, og om den nye løysinga vil vare og bli sterkare når den først har fått sige fram. Slikt inngår i klok omtanke.

Når du har gjort desse tre tinga ærleg og grundig, finn du kanskje løysinga som skulle vere tiltrengt for forandring. No gjer du dette vidare: Øving: Sitt eller ligg behageleg og sjå for deg at årsakene, overgrepa, feila, og alt som har blitt gale investert i slikt, får smelte inn i den nye løysinga. Mens dei blandast inn og liksom smeltar, bruker du tankekrafta din og eldvarmen og styrer alt i tankane så det heile blir lyst, positivt, behageleg, sterkt og velgjørande. Og mens den visualiserte situasjonen endrar seg slik, blir dei raudoransje flammane til ei klar, blå lyssøyle som går inn i kroppsmassivet ditt, og derifrå flaumar inn i hjernen og hjartet. Frå midt i deg strøymer så det intense blå lyset til verda. [Tl 41]

Ein kan korte inn prosessen når ein har med "smeltevisualisere, forvandle noko til ein blå lysflaum inn i hjernen og hjartet og ein flaum vidare utetter frå hjartet ". Det er det sentrale her.

Ein gjer dette to gongar dagleg, morgon og kveld, så lenge ein kan greie det og har tiltak til sånt. Kva som skjer vidare kjem an på mange ting. Her som elles er mottoet "Øve, prøve og sjå".

Somme leie hendingar (mishandling) ligg kanskje så langt attende i tida og livet ditt at det verkar uråd å rette dei opp, eller skadeverknadane i deg og for deg (ringverknadane som øydelegg). Men sitt roleg likevel, sit og send ut det blå lyset likevel, og sjå (noter helst) kva endringar som kjem fram etter kvart. Det kan sikkert ta si tid - månadar og meir kan vel tenkast. Noko kjem an på kor omfattande og djupt det går, det som skal rettast opp til fulle.

Det hjelper for alle desse øvingane å ha lært korleis ein skal meditere for å bli djupare til sinns og kunne vitalisere tankane sine betre. TM er ein prima veg, og kostar ikkje all verda heller. Den er godt utforska i tillegg.

Dra til deg rikdom for å vere fornøgd nok

Det gjeld å oppdage kva du treng mest kvar dag for å være fornøgd. Du kan lære å fokusere på dette om morgonen, og styre slik at mest mogeleg gagnleg skjer i løpet av dagen. Vel frå liste, øv kvar morgon for betre å finne ut kva du gjerne skulle vinne. Vel blant så som:

  • rikdom;
  • å styrke og trygge ditt gode namn og rykte;
  • å treffer einkvan du kan bli glad i og som kan bli glad i deg;
  • å komme deg etter sjukdom;
  • bli av med negativ påverknad;
  • å bli betre kjent med nokon;
  • å bli vennar;
  • å reise;
  • å bli gravid,
  • og anna.

Metoden er enkel nok: Sit i djup ro - helst meditasjon, tenk sterke tankar stadig vekk, så som: "Eg drar til meg konkret rikdom." Du kan gjenta tjue gongar kvar morgon.

Når det har gått tjue veker kan du sjå om det er nokon forskjell. Det kjem an på kor godt du framkallar og vekker storkrafta i deg. Den er langt inne og til vanleg usynleg, men ein og annan kan merke den er til stades likevel, kan kjenne og oppleve den sterkt, tilmed. Så kople deg til krafta inni deg ved å nå ro nok, stadfeste og visualisere, og velje å arbeide med livet og styre i retning av meir suksess og lykke: Det er best. Når du går fram rett, gler du deg nok over livet, og naturen gler seg i deg.

Klok vekking og bruk av indre tankekraft er altså nøkkelen til betre liv, ein nøkkel som mange forsømmer, men neppe til eigen bate. Det er nemleg dokumentert av Tony Buzan at til dømes visualisering hjelper prestasjonar. [Tl Laj 54-63; 43-45]

Bruk hjarteelden til gagn for deg

Ein får lov å ta i bruk sine indre ressursar. Her er det tale om det Hansard kallar hjarteelden. Den kjennest behageleg kulsen. Den heng saman med å vere inderleg.

Vettig bruk av tankekraft er nøkkelen til indre kraft. Når vi omformar vår eiga tankekraft, blir det danna det som blir kalla ein "eld i hjartet", ein indre "eld" som er sildrande kald, og som venter på å bli brukt på ein klok måte. Med denne krafta kan vi skape daglege mirakel i vårt eige liv.

Vi får bruke elden i hjartet kvar dag. Mykje av denne kunnskapen er enkel og liketil. Bli i stand til å skape deg bra leveveg. [Tl 9]

Det gjeld å ikkje fornekte hjarteelden sin og hjartet sitt, men vere glad for hjarteelden og forvandle uhøvelege omstende ved hjelp av hjarteeldmakt. Du kan koke egg, stryke klede, løyse problem, finne ny jobb, andre partnarar, osv. ved å nytte hjarteeld på yogamåtar. Gode resultat har samgang med harmoni og likevekt og kan kjennast lettare ved det. Utfør kvar enkelt øving berre så lenge du treng det.

Utsett for belastningar lar du først tankekrafta få strøyme tankefullt gjennom deg til du kjenner deg reinsa i sinnet. Når du går djupare, kjem du lettare i samklang med noko guddommeleg i deg, og under slike forhold stikk dei fram langt betre, dei sakene du oppmodar om djupt inni deg og gjerne vil ha i hjartet. Omtrent slik er det. [Tl 45

〰ೞ⬯ೞ〰

Kjernehendingar

Den tibetanske bønlæra seier at vi har kjernefelt og -hendingar i livet vårt. Somme kjernehendingar innfinn seg stadig vekk. Nokre varer i månadsvis mens vi gjennomlever ei viktig erfaring. Det er lagleg å vere fullt klar over nøkkelhendingar så vi kan leve betre. Dersom kjernehendingar går deg hus forbi i dagliglivet sitt kjas og mas eller i augeblinken sitt kaos, forsvinn jo mogelegheiter for vokster og grepa innsikter. {47]

Når du systematisk bruker øvingar for å avdekke og dra behageleg nytte av kjernehendingar, er det mogeleg å gjere store endringar i livet på ganske kort tid. Føresetnaden er at du er villig til å stille deg open for dette. Ikkje all forandring treng å vere vanskeleg eller komplisert.

Ni kjernefelt med massive endringar ved seg er:

  1. fødsel,
  2. familiekontakt,
  3. kjærleik,
  4. suksess,
  5. finne gode meiningar,
  6. ha lykke i seg,
  7. godtaking,
  8. sjølvstende,
  9. daude.

Ein finn ofte høve til somme av desse tinga i livet sitt. Viss ikkje, er det eitkvart gale einkvan stad. Det gjeld å vere rett open i forhold til dei ni - og hugse og kanskje jamføre med Erik H. Eriksons åtte stadium for psykososial utfalding i tillegg. No gjeld det å gripe at erfaringa påverkar tankemåtar, og somme tankar vi legg attåt erfaringane våre, ikkje er gode nok. Det er eit problem for somme. {48]

Eit problem som melder seg kan løysast eller bli kjelde til lærdom; helst begge delar. Når alt går bra, bruker ein problemet som utfordring til å bli bra eller betre stelt sosialt eller økonomisk og så bortetter.

Kjernehendingar i livet kan få oss over i tilstandar og fasar i livet som modnar oss eller skadar oss.

Fødsel og nye mogelegheiter

Dei gamle tibetanarane brukte månekalender, kortare enn vår, med mange forandringar og månadlege variasjonar.

Fødsel er ei mektig tankekraft som du har med deg heile tida. Den kjem til uttrykk ved stemningar, kjensler og åndeleg erfaring som {49] blir utvikla. Fødselen er eit inntrykk, imprint. Det inntrykket ligg der i måten du tenker på, i dei mogelegheiter livet byr deg, og i korleis du reagerer på mangt.

Det er mogeleg å finne meininga med fødselen på mange vis. Fødselshoroskopet er det vanlegaste. Men det er mykje som fødast, som har ei begynning, etter kvart som livet går fram med deg. Det gjeld å halde mogelegheitene opne så nytt får høve til bli til.

Og så kan somme forynge seg godt å sjå til. No kan vi også la ein strøm av forynging gå inn i biomagnetfeltet i organismen og såleis gjennom oss: Folk som mediterer djupt blir iallfall som tolv år yngre. Det er gjort målingar med TM, som tar omsyn til at biologisk alder og kronologisk alder er ulike. Det er altså dokumentert at somme lar djup meditasjon forynge seg med rundt tolv år. Meditasjon kan også opne ein for nytt som "fødast" etter kvart.

Frå din stille stad kan du sjå kvar dag som kjem, og sanse eit og anna i vente, merke tendensar til utfalding og vekst den dagen, og framifrå førekunnskap eller vink gir makt til å endre mangt. Du kan dermed bli ein slags oppdagingsreisande i eige liv, dag for dag, om du vil. La livet ditt få meining og kvalitet etter som du finn fram til det.

Ei notisbok til å skrive ned tankar og hendingar i og ha som "utvida fødselsbok" er flott. Du kan notere regelmessig som hjelp til å oppdage meir ved deg sjølv. [Tl 50-52, Tvs 46]

  Innhald  


Tibetansk kvalitetsliv og bøer av Christopher Hansard med buddhisme, Litteratur  

EB: Encyclopaedia Britannica online (= Britannica Online)

Laj: Gelb, Michael J., and Tony Buzan. Lessons from the Art of Juggling. London: Aurum Press, 1995.

Mbg: Mahesh Yogi, Maharishi. Bhagavad Gita. En ny oversettelse og kommentar med sanskrit tekst. Mesnali: MIKI, 1994.

Mm: Roth, Robert. Maharishi Mahesh Yogis TM: Transcendental Meditasjon. Rev. utg. Mesnali: MIKI, 1998.

Til: Evans-Wentz, Walter Yeeling, red. The Tibetan Book of the Dead: After-Death Experiences on the Bardo Plane, according to Lama Kazi Dawa-Samdup's English Rendering. London: Oxford University Press, 1927.

Tl: Hansard, Christopher. Tibetansk livskunst. Oslo: Hilt og Hansteen, 2004.

Tlv: Hansard, Christopher. Tibetansk legekunst og livsvisdom. Oslo: Hilt og Hansteen, 2003.

Tvs: Hansard, Christopher. Tibetanske veier til sinnsro. Oslo: Hilt og Hansteen, 2006.

Bardo Thodol. The Tibetan Book of the Dead [Manual] [www.gasou.edu/psychweb/ascmirr/tibetan/tib2.html]

Høyet i hus

Klammer, symbol, stjerner, teikn og meir blir forklart: (1) Teiknforklaringar; (2) Klok fôr-handtering.

Tibetansk kvalitetsliv og bøer av Christopher Hansard med buddhisme, opp    Seksjon     Sett    Neste

Tibetansk kvalitetsliv og bøer av Christopher Hansard med buddhisme. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2005–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]