Norsk del, Gullvekta
Mahayanas kinesiske kanon
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Buddhist Arhat by Jin Tingbiao, d. 1767, modified section
Arhat

Mahayana-kanonen

Kanon (med trykk på a-en) er eit mangtydig ord. Her er meininga ei samling (eit utval) av skrifter som somme innan ein kulturkrins held for å vere haldbare, osv.

Mahayana (storvogna) er den største buddhisme-greina. Ho kan ha blitt til i India dei første to hundreåra evt (etter vår tidsrekning), og har ei mengde skrifter og skoleretningar. Røtene til somme må vere eldre, men ein veit lite om desse forholda. Buddha, som levde seks hundre års tid før dei, kan ha sagt ordrett slikt som står i dei, men det veit vi ikkje for sant, det heller. Hovudtankane i dei eldste tekstane blir rekna som hans.

Noko som skil Mahayana-litteratur ifrå litteraturen i Theravada (veslevogna), er at i Mahayana blir det sagt og skrive at det finst guddommlege vesen, og at Buddha er eit slikt vesen, eit av mange. Buddha blir dessutan skildra som det inste i menneske, men her er det rom for ulike syn på det mellom Mahayana-skolar. I Theravada (veslevogna) blir det ikkje skrive slikt.

Fleire filosofiske retningar blei forma innan Mahayana. Dei har somme poeng felles, men med ulik vektlegging på somme, og kanskje nye i tillegg. Dessutan finst det tekstar, sutraar, ifrå sanskrit og andre indiske språk. Slike tekstar er gitt ut for å vere Buddha-preiker (sutraar), og det er stor tru på dei i Asia. Røtene til desse tekstane (sutraane) kan godt vere eldre.

Mahayana blei spreidd over store delar av Asia, og tekstar blei omsette frå indisk (sanskrit og andre indiske språk i oldtida) til kinesisk og tibetansk og vidare. Somme mahayana-tekster er bevara på sanskrit i manuskript frå Nepal. Desse manuskripta er avskrifter av tekstar frå Sør-India. Språket i dei er datert til dei første hundreåra evt. Tekstar blei etterkvart omsette til kinesisk, og seinare til tibetansk. Men dei opphavlege tekstane på sanskrit har ikkje blitt bevart.

Den omfattande kinesiske buddhist-kanonen

Den kinesiske buddhistiske kanon er samnamnet på kanoniske buddhist-tekster i Kina, Korea og Japan, og omfattar tekstar frå tidlege buddhistiske skolar og mahayana-skolar. Den første trykte utgåva kom i 972–983 e.Kr. Ho femna over 1076 tekstar i 480 band.

Til no har det komme fram ei mengde omsettingar til engelsk frå kinesisk-buddhistisk kanon. Det finst mange parallellar til Theravada-tekstane i dei, men somt er også ulikt forma, eller finst ikkje ifrå Pali-kanonen innan Theravada. Det finst mange heilage Mahayana-tekstar og ingen standardisert kanon (ikkje noko fastlagt tekst-utval) som dekker alle Mahayana-retningar. Tekstsamlingar i Tibet, Kina, Korea og Japan overlappar kvarandre.

Den kinesiske buddhistiske kanonen - kalla "det store sutra-skattkammeret" - omfattar fire tekstsamlingar som overlappar kvarandre, omfatter 4 419 ymse tekstar.* Det finst mange versjonar. Ein av dei mest nytta versjonane er Taisho Shinsho Daizokyo. Det er ei standardisert hundrebands-utgåve som først blei gitt ut i Tokyo mellom 1924 og 1934. (WP, "Den kinesiske buddhistiske kanon" med detaljar; Buddhanet.net: "Buddhist Scriptures: The Chinese Canon")

*Til jamføring: Den tibetanske buddhistiske kanonen femner over minst 5 262 tekstar.

〰ೞ⬯ೞ〰

Elleve fablar

Fablar frå ei gammal samling frå sanskrit (eigentleg: nitti-åtte fabler) kan likne fablar av Esop. Samlinga kan vere om lag 1500 år gammal. Samlinga kom først i stand på sanskrit på grunnlag av Buddhas lære, og var samla av Sangha Suna. Dernest blei ho omsett til kinesisk av den vørde indiske omsettar-munken Gunavriddhi (d. 502 evt), og vidare til engelsk av Dr. Tetcheng Liao i 1981.

Gunavriddhi kom til Nanjing i Sør-Kina mellom 479 og 482. Hausten 492 samla og omsette han mellom anna hundre gagnlege fablar. Nitti-åtte av dei er kjende i dag, fortel Ge Weijun i Encyclopedia of India-China Cultural Contacts (2014, I:225-26)

Språket i den gamle samlinga er ikkje lett å forstå, skriv Tetcheng Liao i forordet, og frå sluttorda hans går det fram at eit mål med dei humorfylte sogene om gamle "molbuar" er å vise den rette Buddhalæra. Dummingsogene er gamle og har vore skatta som "god medisin" i lang tid.

Her kjem attgitte utplukk frå enkelte av fablane, men ikkje mykje frå utleggingane til kvar.

Prolog

Nokon spurde Buddha: "Ver gild og forklar buddhismen for oss. Finst verda, eller finst ho ikkje?"

Buddha: "Dei som lever seier ho finst. Dei daude seier normalt ikkje slikt."

"Kva kjem dei fire elementa frå?"

"Til sjuande og sist frå Nirvana," svarte Buddha.

"Kor kjem Nirvana frå?" spurde den andre.

"Korfor spør du om slike djupe ting? Høyr nøye etter, så skal eg fortelje fablar og om fablar."

Prøvesmaking

Ein eldre mann sende ein tenar for å kjøpe eple. Han sa: "Kjøp nokre gode, søte eple til meg."

Så gjekk tenarar av garde med pengar å kjøpe eple for. Eigaren av ein eplehage sa til han: "Alle epla mine er gode og søte. Det finst ikkje så mykje som eitt dårleg eple i heile hagen. Det skjønar du når du smaker eitt av dei.

Tenaren: "Eg skal kjøpe nokre etter at eg har smakt på alle saman, for korleis veit eg korleis alle smaker når eg berre har smakt på eitt?"

Etter at han hadde smakt på epla, eitt for eitt, kjøpte han dei. Men herren hans likte ikkje synet av alle dei halv-etne epla og kasta dei.

Etterprøve kan ein lære å gjere på fleire måtar.

Fem hundre piller

Ei kone som hata mannen sin, stelte i stand fem hundre gift-pillar til han ein gong han skulle ut på reise til eit naboland. Ho sa til han: "No når du skal så langt av stad på vegner av landet vårt, har eg laga til fem hundre piller til deg. Dei kan både gi næring og muntre deg. Ta dei når då kjem til grensa og er svolten."

Mannen tok ikkje pillane då han kryssa grensa, for det var mørkt då, og han syntest det var best å kvile seg i skogen. Fordi han var redd for villdyr, klatra han opp i eit stort tre for natta, og etterlét piller og utstyr ved foten av treet.

Då det blei natt, kom fem hundre tjuvar ridande og stoppa under treet. Dei rei fem hundre hestar og hadde med seg fem hundre kostelege ting dei hadde stole frå kongen i landet. Alle var svoltne og tørste, for det var berre med nød og neppe at dei hadde sleppt unna. No fann dei giftpillene under treet, tok ein pille kvar, og døydde kort etter, alle som ein.

Ved daggry såg mannen i treet dei daude mennene. Han fann ut at han kunne ta dei fem hundre hestane og alle skattane dei gjekk og bar på. Han batt hestane saman i eit følge, og rei inn i nabolandet.

I mellomtida prøvde kongen som var blitt rana, å fakke tjuvane. Saman med eit følge kom dei over mannen med fem hundre hestar, og spurde: "Kven er du? Kor fekk du tak i desse hestane?"

Mannen svarte: "Eg er her i eit oppdrag frå kongen i landet mitt. På vegen gjekk det slik til at fem hundre karar som rei desse hestane, bukka under - for eg var kommen til den same staden før dei. No ligg dei i ein hop under eit tre der borte. Slik var det. I fall De ikkje trur det, kan De sjå etter der."

Straks sende nabokongen nokre i følget sitt for å sjå etter. Dei fann fem hundre daude menn der, som mannen hadde sagt. Kongen var så imponert at han gjorde mannen til riddar og gav han gullskattar og ein eigedom, men rådgivarane hans blei misunnelege og sa: "Korfor gi alt det til ein framand framfor dei som har tent deg i mange år?"

Då sa mannen: "La dei som utfordrar meg, få duellere mot meg."

Ingen av dei gamle rådgivarene var villige til det. Men på den tida var det ei farleg løve i villskogane der i landet. Ho drap mange ferdafolk, og forstyrra kongelege reiser. Dei gamle rådgivarane samrådde med kvarandre og sa: "Den framande skulle heller vise kor god han her ved å drepe den farlege løva her i landet enn å duellere med gamle."

Så bad dei kongen sin om å gi mannen sverd og spyd, og sende han av stad aleine for å drepe løva. Løva gjekk til åtak på mannen med eit brøl straks ho såg han. Mannen blei livredd og skunda seg opp i eit tre. Løva lyfte hovudet mot han og brølte. Mannen blei skremd at han mista sverdet sitt. Det fall rett ned i løvegapet. Løva døydde med det same.

Sendemannen var nesten frå seg av glede. Han drog med ein gong til kongen i landet og fortalde at oppdraget var utført, og sa kor løva låg. Kongen gav han enda fleire skattar til takk, og både hoffet og folket der i landet viste han respekt og prisa han.

Så godt likte han seg i nabolandet at han fekk seg ei herleg ny kone der, og skilde seg frå den farlege gamlekona si (Nr. 65)

Kunsten å segle

Det var ein gong ein ung mann frå ein god familie som drog ut på havet i lag med kjøpmenn for å leite etter perler. Han hadde lese om kunsten å segle, korleis ein styrer båten med ror og segl, korleis finne rett kurs og halde båten stødig forbi malstraumar, motstraumar og klipper på ferda.

Han sa til alle om bord: "Eg veit alt om segling."

Alle trudde han. Etter kort tid på sjøen blei skipperen sjuk og døydde. Då fekk den unge mannen ansvaret for båten. Når dei kom til malstraumar og sterke straumar elles, ramsa han opp det han hadde lese, men fann ikkje ut korleis det skulle omsettast i handling. Båten spann snart rundt i malstraumar. Dei kom ikkje fram til perleplassen. Alle om bord drukna. (Nr. 66)

Ein molbu ville lagre mjølk

Det var ein molbu som skulle halde fest og ville lagre mjølk for gjestane sine.

"Mjølkar eg kua kvar dag fram til festen, blir det for mykje mjølk. Då finn eg ikkje plass nok til å lagre ho, og ho tilmed kan bli skjemt. Det er sikkert best å la mølka vere i kua, og så mjølke ho like før festen."

Dermed skilde han kua frå kalven sin og tjora dei eit stykke ifrå kvarandre. Ein månad seinare, like før festgjestane hans kom, skulle han mjølke kua si, men då var det ikkje så mykje som ein mjølkeskvett å få. (Nr. 2)

Legen gir medisin til prinsessa så ho veks opp fort

Ein rik molbu fekk ei dotter. Han sende bod på legen og sa: "Kan du gi dottera mi noko så ho veks opp fortare?" Legen svarte: "Eg veit om noko som kan hjelpe, men har det ikkje for handa. Eg lyt leite etter det. Mens eg leitar, får du ikkje sjå ho. Andre kan, og mora i sær. Eg skal vise ho fram for deg etter ho har tatt medisinen."

Så drog legen langt vekk og leita. Han fann medisinen og kom tilbake tolv år etter. Jenta fekk medisinen og blei ført fram for far sin, som blei glad over det han fekk sjå. Han sa til seg sjølv: "Det er ein flink lege. Dottera mi har verkeleg vakse no som ho har fått medisinen!"

Legen blei heidra og fekk mange kostelege gåver av den glade faren. (Nr. 15)

Spegelen i den verdifulle kassa

Det var ein gong ein utfattig og mykje sliten mann som støtt var i gjeld. Det gjekk så dårleg med han at han heldt seg gøymd ute i villmarka. Der fann ei fin kasse. Ho var fylt med gilde ting. Ein krystallspegel låg ovanpå dei. Den fattige jubla høgt over å sjå dei fine tinga, og var ikkje sein om å rekke hendene ned i kassa for å forsyne seg. Men han blei skremd då han oppdaga bildet av ein mann i spegelen, og at bildet forandra seg mens han såg på. Han trudde det var eit gjenferd, vrei hendene og sa: "Eg trudde dette var ei kasse med ting, og var ikkje klar over at De var i kassa. Ikkje bli sint på meg!"

Så gjekk han vekk ifrå heile kassa han hadde funne. (Nr. 35)

Skalla

Ein mann var heilt skalla. Han fraus på hovudet om vintere og blei heit i toppen om sommaren. Då blei han også stukken av fluger og mygg. Han var så plaga natt og dag av å vere skalla at han drog til ein velkjent spesialist i medisin og kirurgi, trefte han utanfor kontoret hans og sa, "Eg er skalla. Kan du kurere meg for det?"

Legen tok av seg hatten og viste fram ein like blank skalle som mannen og sa: "Kunne eg kurere det, ville eg kurert meg sjølv for lenge sidan." (Nr. 40)

Sølvbollen som forsvann

Ein mann mista ein sølvbolle i havet mens han segla langt, langt frå land. "Eg får merke meg kor dette er, og heller komme attende seinare, når eg har gjort ferdig sjøreisa mi."

Etter to månaders reise til Sri Lanka og mange andre stadar, la båten til ved ei elv. Mannen hoppe over bord og starta å leite etter sølvbollen han hadde mista.

"Kva held du på med der?" spurde folk.

Han svarte: "Eg har mista sølvbollen min. No freistar eg å finne han att."

Folk spurde vidare: "Kor mista du han?"

Han svarte: "Ute til havs."

Igjen spurde folk. "Kor lenge sidan var det?"

"For to månadar sidan", svarte han dei.

Folk spurde: "Når du mista bollen for to månadar sidan ute på havet, korfor leiter du så etter han oppi elva her?"

"Eg merka meg korleis vatnet såg ut der eg mista sølvbollen. Dette vatnet ser like eins ut. Eg ser ikkje skilnad. Derfor gjer deg dette", svarte han.

Folka retta på han: "Sjølv om alt vatn ser likt ut, er det ikkje alltid slik. Bollen du mista til havs kan du vel ikkje vente finne att oppi elva her. Korleis skulle det gå til?" (Nr. 19)

Det høge huset

Det var ein gong ein rik molbu. Han vitja ein gong heimen til ein annan rik molbu, som budde høgt i eit tre etasjar høgt hus. Den rike gjesten blei slått av beundring. Huset var så stort og fint at han tenkte med seg sjølv: "Eg er like rik som han. Eg kan få bygd meg eit hus som er minst like fint."

Så sende han bod etter ein tømrar og sa: "Kan du bygge eit hus som er maken til det der?" og peika ut huset til den andre rike mannen.

Tømrarer svarte: "Det var eg som bygde det."

Molbuen heldt fram: "No kan du få bygge eit slikt hus til meg også."

Tømrarer tok imot tilbodet, avtala mangt med mannen, og bygde huset. Først fekk han stell på grunnen der huset skulle byggast, så huset kunne stå støtt oppå grunnsteinane og grunnmuren. Så bygde han rammeverket til første etasje.

Molbuen forstod ikkje kva tømraren gjorde, og spurde: "Kva held du på med?"

Tømraren svarte: "No bygg eg huset: Den eine etasjen oppå den andre til det er tre etasjar høgt utan kjellar."

Molbuen heldt fram: "Eg vil ikkje ha dei to nedste etasjane; det held med tredje etasje for meg."

Tømraren svarte: "Det klarer eg ikkje. Om eg ikkje startar frå botnen og bygg første etasje, korleis kan eg bygge andre etasje? Om eg ikkje bygg første og andre etasje, korleis kan eg bygge tredje etasje?"

Molbuen svarte: "Men eg treng ikkje dei to første etasjane; berre toppetasjen." (Nr. 10)

To fæle fyrar

To fæle fyrar fann ein gong ein koffert, ein kjepp og eit par treskor. Begge ville ha dei tre tinga, og det gjekk ikkje betre enn at dei starta å krangle og slåst over dei så busta fauk.

Ein som gjekk forbi, spurde: "Korfor slåst de med kvarandre så fælt over desse tre tinga?"

Dei to sa: "Ut av kofferten kjem klede, mat, sengeklede og anna ein treng for å leve godt. Kjeppen kan vinne over grufulle fiendar utan vanskar. Skorne er slik at den som har dei på seg, kan fare fort som vinden utan vanskar."

Straks ferdamannen fekk høyre dette, sa han: "Eg veit korleis dette kan løysast så de ikkje må slåst over tinga lenger. La meg få vise dykk - gå eit stykke tilbake ifrå dei."

Dei fæle fyrane gjekk bakover eit stykke. Så gjekk ferdamannen bort til tinga. Først tok han på seg skorne. Så greip han kofferten og kjeppen, og sa: "Slik! No treng de ikkje slåst over tinga. No har eg løyst problemet dykkar, som eg sa eg kunne."

Med det skunda han seg sin veg, svint som ein vind.

Den store kyllingen

Det var ei gruppe skodespelarar som reiste omkring i innlandet og heldt teaterframsyningar. Ein gong drog dei over ei hei der folk sa det heldt til fæle fyrar og rare skapningar. Det blei mørkt mens gruppa var på heia, så dei blei nøydde til å slå leir. Det blest og var kaldt, men ikkje frost, så dei tente eit bål og sov nær ved.

Ein av dei spela kylling i framsyninga. Han tok til å fryse, kledde seg i kostymet sitt og sette seg nær bålet. Ein annan skodespelar vakna og fekk auge på han, skreik opp og sprang av garde utan å sjå betre etter kva og kven som sat ved leirbålet. Dei hine bråvakna av skrika og sprang etter han. Det gjorde også mannen i kyllingkostymet, for han skjøna ikkje kva som var på ferde.

Dei andre fekk sjå kjempekyllingen komme bak dei, og blei enda reddare. Det var månelyst, så dei våga seg over elver og grøfter og kløfter, haugar og knattar. Alle blei skadde av den ville ferda, og av frykta. Dei innsåg ikkje at kyllingen ikkje var noko farleg før det grydde av dag. (Nr. 63)

  Innhald  


Mahayanas kinesiske kanon, buddhismen, Litteratur  

Akira, Hirakawa. A History of Indian Buddhism: From Sakyamuni to Early Mahayana. Honolulu: University of Hawaii Press, 1990.

Bingenheimer, Marcus, hovudred. Madhyama Agama (Middle-Length Discourses), bd 1. (Taisho Bd. 1, nr. 26) Moraga CA: BDK America, 2013.

Buswell, Robert E., main ed. Encyclopedia of Buddhism. Vols 1 and 2. London: Macmillan Reference / Gale, 2004.

Chang Chung-yuan. Original Teachings of Buddhism. Selected from The Transmission of the Lamp. New York: Vintage Books, 1971.

Chang, Garma C. C. The Practice of Zen. New York: Perennial/Harper and Row, 1970.

Choong Mun-keat (Wei-keat). The Fundamental Teachings of Early Buddhism: A Comparative Study Based on the Sutranga Portion of the Pali Sarpyutta-Nikaya and the Chinese Sarpyuktagama. Wiesbaden: Harrassowitz Verlag, 2000.

Gethin, Rupert. The Foundations of Buddhism. Oxford, UK: Opus / Oxford University Press, 1998.

Gievel, Rolv W., oms. The Vairocanabhisambodhi Sutra. (Taisho band 18, nr. 848). Moraga CA: BDK America, 2005.

Gregory, Peter N., red. Traditions of Meditation in Chinese Buddhism. Honolulu: University of Hawaii Press, 1986.

Jinhua Jia. The Hongzhou School of Chan Buddhism in Eighth- through Tenth-Century China. Albany, NY: State University of New York Press, 2006.

Joint Compilation Committee for the Encyclopedia of India-China Cultural Contacts. Encyclopedia of India-China Cultural Contacts. Vols 1 and 2. New Delhi: MaXposure Media Group, 2014.

Lin, Pei-Yin. Precepts and Lineage in Chan Tradition: Cross-Cultural Perspectives in Ninth Century East Asia. PhD Thesis. London: SOAS, University of London, 2011.

Lopez, Donald Jr., red. Buddhist Scriptures.. London: Penguin, 2004.

McRae, John. The Northern School and the Formation of Early Ch'an Buddhism. Honolulu: University of Hawaii Press, 1986.

Nan Huai-Chin. The Story of Chinese Zen. Tr. Thomas Cleary. Rutland, VT: Charles A. Tuttle, 1995.

Sharf, Robert H. Coming to Terms with Chinese Buddhism: A Reading of the Treasure Store Treatise. Honolulu: University of Hawai'i Press, 2002.

Sheng Yen. Orthodox Chinese Buddhism: A Contemporary Chan Master's Answers to Common Questions. Berkeley, CA: North Atlantic Books, 2007.

Shohei Ichimura, tr. Lengthy Discourses. Vol 1. (Taisho Bd. 1, nr. 1) Moraga CA: BDK America, 2015.

Shohei Ichimura, tr. Lengthy Discourses. Vol 2. (Taisho Bd. 1, nr. 1) Moraga CA: BDK America, 2016.

Smith, Forrest, oms. Pure-Land Zen: Zen Pure-Land: Letters from Patriarch Yin Kuang. Reprint ed. New York: Sutra Translation Committee, 1993.

Tetcheng Liao, tr. Sakyamuni's One Hundred Fables. (Taisho Tripitaka nr. 209) 1st ed. New York: Robert Liao, 1981.

Mahayanas kinesiske kanon, Buddhisme, opp    Seksjon     Sett    Neste

Mahayanas kinesiske kanon, Buddhisme. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]