| |
I tillegg til Kuan-yin-symbolet på den buddhistiske ånda (førre side), har vi:
Dharmahjulet
Dharmahjulet, "rettferdshjulet", er eitt av åtte bra symbol i buddhismen. Dei åtte eikene representerer den åttefaldige vegen for rett ferd (dharma), eller bra framferd, om ein vil. Navet står for god meditasjon, som ikkje er for hard, og løftar oss opp. Omkrinsen viser til merksemd som held det heile i hop. Ein kan elles leggje ulike tilleggstydingar inn i symbolet - og det blir gjort - men det held med hovudsaka.
Lotusblomsten
 | |
Lyseraud lotus, Nelumbo nucifera
|
For somme står lotusen for kjerna i budddhismen. Lotusen er bilete på reinleik, men har andre assosiasjonar til seg i tillegg. Hjertet kan liknast med ein uopna lotus. Når Buddha-kvalitetar blir utfalda i hjertet, opnar det seg og blømer. Derfor sit mellom anna Buddha på ein lotusblomst i ikonografien.
Den heilage lotusen, Nelumbo nucifera, er den indiske eller orientalske lotusen. Lotus heiter padma på sanskrit og tibetansk. Den finst i opp til 1600 meters høgd.
Mest alle deler av planten er etande. Den tjukke rotstokken smaker om lag som søtpotet, og blir nytta kandisert også. Frøa er etande utan skal, mens spirane er beiske. Sukra lotusfrø blir spist som godteri. Unge blad kan dampast og etast som spinat.
Blomsten kan bli stor som eit kålhovud (15-25 cm i diameter), og blada kan få ein diameter på femti centimeter. Blada kan nå frå ein halv til to meter over vassflata. Det finst ein film på blada som får skit til å prelle av og vatn til å forme glinsande dropar. Blomsterstilken stig over blada, blomstrane luktar herleg og veks til ein etter ein. Kvar varer i to til fem dagar, opnar seg i sola og let seg att når det mørknar.
Lotusen blir født under vatn og veks i vatn, reiser seg over overflata og held seg upletta av vatn og gjørme. Den blir brukt som døme på korles Buddha blei født i verda, voks opp i verda, og heldt seg upletta i verda etter Opplysninga si. I andre religionar og i yoga blir lotusen mykje nytta også. I ei eldgammal, indisk skaparmyte står det at ein gyllen lotus med tusen kronblad kom fram frå urhava som følgje av hugbruk hos Høgste Vesen. Skaparånda rår for hovud-lotusen, og ser inn i skaperverket frå det nivået. Jamvel livet kjem fram ifrå denne lotusen i havet - I yoga viser den tusenblada lotusen til issefeltet, og blir kalla sahasrara.
- Kvit lotus står for å bli åndelig fullkomen og ha heilt reint sinn.
- Lyseraud lotus er elles jamt rekna den høgste, og blir assosiert med Buddha.
- Raud lotus står for hjertets reinleik, lidenskapar og kjærleik med meir.
- Blå lotus står for visdom og herredømme over sansane.
Lykkeknuten
 | |
Knute utan start og slutt
| Det finst fleire variantar av knutar utan ende. Knuten utan start og ende høyrer med til lykketing, og står for hjertet til Buddha, evig kvile, den indre kunnskapen til Buddha, og Oppvakna sinn, og samband mellom fortid og framtid i form av karma, osv. Symbolet høyrer med til dei åtte hovudsymbola i Mahayana- og Vajrayana-buddhisme, og likeins gullfisken (under).
Gullfisk
 | |
Gullfisk betyr velstand.
|
Gullfisken har kome til å bety hell og lykke for både hinduar, jainar og buddhistar. I buddhismen står den for at levande vesen som lever rett, ikkje treng ottast for å gå under i lidingshavet, med meir.
Gullfisken og den endelause knuten og andre gode symbol blir vist fram separat eller saman, og avmerkte på papir, tøy og metall, og brukt i seremoniar som ein vil. Fisk og lotus i lag betyr elles "Måtte du leve i velstand år etter år" i Kina.
Generelt: Dei viktigaste buddhistiske festane markerer hendingar i Buddhas liv. Somme blir feira i heile den buddhistiske verda og farga og forma av lokale skikkar og tradisjonar. Festane er glade, og det blir gitt milde gåver. Dei fleste buddhistiske festane er lagt til fullmåne eller nymåne. Vesak er den mest kjente. Det finst mange fleire enn dei som er med her under:
Parinirvana-dagen, også kalla Nirvanadagen, markerer Buddhas død. Eit framifrå liv krona med største slags siger, tenkjer glade feirande. Han blei åtti år gammal. Somme buddhistar feirar dagen den 8. februar, andre den 15. februar (2008). Dagen blir gjerne feira med lesing ifrå Paranibbana Sutta.
Hana Matsuri, blomsterfestivalen, er ein viktig Mahayanafest. Den er den 8. april, dagen då japanske buddhistar feirar Buddhas fødsel. Barna har blomar i håret til ære for Buddha.
Vesak, "Buddhas dag", er den viktigaste feiringsdagen. Den er til minne om Buddhas fødsel, og er lagt til fullmånedagen i mai (somtid juni). I 2008 er Buddhadagen den 20. mai, i 2009 den 9. mai. Somme land har avvikande datoar. For mange er Vesak-festen til minne om Buddhas fødsel, oppvakning og død, alt på same dagen (Mahayana-Buddhistar feirar desse hendingane på tre ulike dagar). Folk dekorerer husa sine med blomster. I somme land kler folk seg i kvitt og gir gåver til dei fattige. Det er elles fleire måter å feire Vesak på.
Asala, Dharma-dagen, er dagen for "den rettvise sanningsdanningas veg". I 2008 kjem den 18. juli, i 2009 den 7, juli og i 2010 den 26. juli. Den er ei markering av starten på Buddhas lærargjerning frå kort etter at han hadde Vakna. Dharmadagen gir høve til å syne takksemd for at Buddha og andre opplyste lærarar har delt kunnskapen.
Sangha-dagen, "Samfunnsdagen", nest viktigast, er lagt til fullmånedag i november. Då gir ein gåver til kvarandre. Loi Kratong er ein thailandsk lysfest om fullmånenatta i november. Når månen står opp, samlar folk seg og høyrer på ei forteljing om Buddha. I Thailand feirar folk dessutan slutten på regntida i november (Kathina-dagen). Ved ein gledesseremoni gir folk gåver til munkane, som får nye kapper.
Bodhi-dagen,, også kalla lysfesten, er dagen for Buddhas åndelege Opplysning. Buddhistforbundet i Noreg steller til lysfest rundt 8-10. desember for å feire Opplysinga til Buddha. I 2007, 2008, 2009 og 2010 feirar ein Oppvakninga med lys den 8. desember.

Litteratur
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og
bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden,
søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
© 20052007, Tormod Kinnes. [E-POST]
|