NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danske ordspråk og munnhell

 13 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



K

Kamelen ser ikkje sin eigen pukkel, men er bra merksam på pukkelen til broren. (Innlånt)

Kan ein ikkje ete seg mett, kan ein langt mindre slikke seg mett.

Kan ein ikkje få det beste, tek ein det nest beste.

Kast ikkje roser for svin å lukte på.

Kjem tid, kjem råd.

Kjærleik gjer blind, men ikkje stum.

Kjærleik har flittige hender. (Svensk)

Kjærleik og herskap toler ikkje selskap. (Svensk)

Kjærleik og hoste lèt seg ikkje dølje.

Kjærleiken ber sjølv motgifta i seg. (Svensk)

Kjærleiken dreg meir enn tolv par hestar.

Kjærleiken dør sjeldan av underernæring, men ofte av overmetting. (Fransk)

Kjærleiken er ein slags krig. (Latin)

Kjærleiken er meister i alle kunstar. (Italiensk)

Kjærleiken fell like så vel på ein lort som ein lilje. (Korta ned)

Kjærleiken gjer ikkje blind, den ser berre ikkje. (Tysk)

Kjærleiken kjem av seg sjølv og kan ikkje lærast. (Persisk)

Kjærleiken kjenner løynde vegar.

Kjærleiken maktar mykje, men pengane meir. (Serbokroatisk)

Kjært auge ser ingen brest.

Kjært barn har mange namn.

Kjøp ikkje hesten til ein sigøynar og gift deg ikkje med pavedottera.

Kjøpar, tenk på den dagen du skal selje. (Arabisk)

Kjøpt vennskap kan også seljast for pengar.

Klok prest, kort preike. (Japansk)

Kloke menn lager ordtak, og dummingane gjentar dei.

Klør ein svinet, legg det seg i søla. (Syv)

Kok ikkje egga før høna har lagt dei.

Kom alle tankar fram, fekk mang ein last og skam. (Norsk)

Kor ein enn tek på tistelen, stikk den. (Syv)

Korfor skal eg ta tornen ut av annan manns fot og setje den i min? (Laale)

Kortspel manglar brorskap.

Kost først fordi eiga dør, før du kostar for andres.

Krokete tre kan også bere god frukt.

Krokete tre kan også gi kol. (Jysk)

Krokvegar byr ofte på overraskingar.

Kva gjer ein ikkje for husfredens skuld?

Kva gjer ikkje tysken for pengar og svensken for ein sup.

Kva gjer ikkje tysken for pengar? (Syv)

Kva godt veit den å seie om ekteskapet som ikkje er gift? (Laale, Syv)

Kva! Kjøpe ei geit og vente å få ein kamel med på kjøpet!

Kvar i sær veit best kor skoen hans klemmer. (Spansk)

Kvar manns venn, kvar manns narr.

Kvar roser sitt. (Svensk)

Kvar skal bere sin sekk til mølla. (Laale)

Kvar sky bringer ikkje regn. (Irakisk)

Kvart land har sine skikkar.

Kvart menneske er eit menneske, men det er ikkje kvart menneske som er menneskeleg. (Ungarsk)

Kvart menneske er midtpunktet i ein sirkel. (Engelsk, korta ned)

Kven skal ein appellere til når kongen er død?

Kvinnas ord er som fiskelim. (Russisk)

Kvinne utan mann er kropp utan hovud. (Tysk, korta ned)

Kvinner og kastanjar er venast utvendig.

Kvinneraudt er dydens farge. (Gresk)

Kvitt er god betaling.

Kyllingen spring opp og vil lære høna. (Vedel)

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]