NORSK DEL, GULLVEKTA

Danske ordspråk og munnhell

 13 › 2 › 13 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Danske ordspråk og munnhell 
– SAMLINGA

Innleiing

Ordspråk er nokre få linjer prosa eller på vers, og som venteleg inneheld ei vurdering eller forklaring som kan gjelde vidt og breitt om det ikkje er skjemt og vas. Det kan det også vere.

Ord av danskar omsett til nynorsk

Danske ordtak på nynorsk
Ordtak og andre ymt er ofte kjærkomne fordi dei er "vel maskerte".

Det står over 830 ordspråk frå dansk her på sida, og mange hundre ekstra som ikkje akkurat er danske, men som er komne med i danske ordspråkbøker i nyare tid som innlån, og gjerne kan kallast ganske danske. Blant eldre innlån eller fellesvare (shareware) finst ei mengd ordtak frå land Danmark grenser til, og omsett latin frå mellomalderen. Ordspråk er i stor grad felleseige: ganske like tankar og uttrykk finn ein stundom i fleire land og på fleire språk.

Ordspråka under er samla inn frå mange bøker (under). Om danske ordtak gir utbytte, heng det saman med at ein kan dikte inn (leggje inn) innhald i dei ut frå forhold ein kjenner til og anar.

Danske ordspråk er frå Danmarks regionar
Regionane i Danmark

Har danskane gilde ordtak som heng saman med korleis ein får og held på livslykke under eitt? Det har vel ingen greidd å få klare svar på. I eit slikt "reknestykke" høyrer det med å vurdere kor naturen blømer og er gjestfri, og kor i Danmark ein eventuelt finn størst utbreiing av dei ulike ordtaka. Dei mest tilfredse danskane som bur i det gamle kongeriket Danmark, bur nemleg på Sjælland. I resten av Danmark er dei om lag like tilfredse som folk i Benelux-landa, dei andre skandinaviske landa og delar av Sveits, Austerrike og Irland (Eire), syner ei undersøking frå Cambridge University. [1] Ut frå ytre, objektive kjenneteikn (parameter) skulle kanskje Noreg vere betre å bu i - jamfør samanliknande FN-undersøkingar frå iallfall dei siste sju åra. Men Noreg er faktisk eit godt stykke frå toppen i ymse lykke-målingar mellom landa. Det er ikkje Danmark. Slike funn kan ein forklare meir eller mindre seriøst på ulike måtar, men eg vil ikkje gi meg inn på det her.

Ordspråk krev rett som det er at ein grundar litt over kva nytte ein kan ha av dei. Det ligg somtid førdansk og kanskje også nodansk livsklokskap i og bak rundt formulerte danske ordtak. Men kva for nokre av utsyna er haldbare i dag? Rett mange ordtak spelar opp mot farne tider og forhold. I vår tid blir til dømes landsbygda i Danmark i stor grad fråflytta. Det ligg vel på deg å fundere over kor gyldige og rettferdige mange ordtak kan vere.

Frå historia bak danske ordtak

Her i samlinga er det i dag rundt 1360 ordspråk, hermer og nokre nevar sitat frå dansk. Somme av dei er innlån i dansk. Danskar og svenskar har elles felles arv i ordtak frå Halland, Skåne og Blekinge - frå tida før dei blei svenske: Halland i 1645 - Skåne og Blekinge i 1658. Det heiter at "I nutidens regionaliseringsproces er Skåne, Halland og Blekinge med deres dansk-svenske historie en region med fælles dansk-svensk kulturidentitet, hvis historiske rødder skal søges i Danmark." [◦Lenkje]

Rundt 830 av dei rundt 1360 ordspråka i samlinga her kan gå for danske. Av desse finn vi over 100 frå Peder Laale si samling, 43 er etter Peder Syv, og "Gammal dansk samling" 23. Jydane har 33 ordspråk med her.

Nokre fleire vakre ord er innlån - og såleis ganske danske - i sær dei ca. 115 frå Norden: Sverige (71), Island (18), Noreg (12), Finland (8) , Færøyane (5) og Grønland (1) i alt, og 4 frå ◦Slesvig, som Danmark laut gi til Tyskland hausten 1864. Attåt Slesvig-ordtak kjem 25 til frå Tyskland. Frå ulike folk i Afrika over 22, frå engelsk 43, frå USA nokre få - og så bortetter.

Takk vere samlarar har danskane fine og runde ordtak, fyndord, og sentensar med frå gamle dagar:

  • Om Peder Laale veit vi nesten ingen ting visst. Samlinga etter han kan ha vore frå seint 1300-tal, og den blei trykt i 1506. Samlinga, Parabolae, inneheld det somme kallar barbariske latinske ordspråk, dvs. at latinen ofte er forvanska. Men dei 1200 sentensane har også dansk tekst, og danske, folkelege uttrykk er med. Den første trykte utgåva er frå 1506. Forordet seier at boka er gitt ut av lærde menn ved universitetet i København. Trykkaren var ein hollending busett i byen. [◦Lenkje] [◦Meir]
  • "Gammal dansk samling": Eit handskrift frå siste firedel av 1500-tallet med nær 2 200 ordspråk er den nest eldste bevarte ordspråksamlinga etter Laale si. Ein veit ikkje kven som har laga til samlinga. Handskriftet har vore kjent og delvis brukt av seinare ordspråksutgivarar som Peder Syv (under).
  • Sokneprest Søren Andersen Vedel (1587-1653) frå Ribe, son til diktaren Anders Sørensen Vedel, samla og ordna eit handskrift med om lag 100 danske ordspråk i 1609.
  • Samlingen Problemata (eigentlig "Problemata et pro verbia moralia") er bevart i ei utgåve trykt i København i 1611. Det finst eit seinare opptrykk, og det kan ha funnest ei eldre utgåve. Problemata som sjølv rommar stoff frå Peder Låle, har vore ei viktig kjelde for Peder Syv [under], og samlinga har blitt nytta av enda fleire. Ein veit ikkje for visst kven som har laga Problemata, men det var mest trulig salmediktaren Hans Christensen Sthen (1544-1610).
  • Peder Syv (1631-1702) kjempa for morsmålet og i "1682 og 1688 følgde to store ordspråksamlingar (Almindelige danske ord-sprog og korte lærdomme, I-II) med "ca. 15.0000 [sic] folkelige udtryk, talemåder, fyndord, mundheld, lære- og leveregler fra Danmark og Norden, som led i hans kamp mod det latinske, tyske og franske sprog." Han samla altså mykje. [◦Lenkje]
  • Friederich Breseman gav ut Danske ordsprog og mundhæld i 1843. Han nytta i stor grad Peder Syv og Johan Meyer (1757) sine samlingar.
  • To år etter, i 1845, gav salmepresten Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783-1872) ut ei samling på dryge 3000 ordtak og munnhell han hadde brukt nær tretti år på å samle.
  • I 1850 kom Christian Molbech si Danske Ordsprog: Tankesprog og Riimsprog, samla frå trykte og munnlege kjelder. Samlaren hadde innsett at "innfødte ordspråk" som levde i allmogen, var ein språkskatt [ix, xii].
  • I 1879 kom ei samling ordna av pastoren Edvard Mau, Dansk Ordsprogs-Skat, eller Ordsprog, Skjæmtesprog, rimsprog, Munheld, Talemåder, Tankesprog, samt et lille Udvalg af Bibelsteder: efter trykte og utrykte Kilder samlede og ordnede, tillige med nogle varianter, oplysninger og henvisninger..
  • Evald Tang Kristensen gav ut ei samling i 1890. Den heitte Danske ordsprog og mundheld, skjæmtsprog, stedlige talemåder, ordspil og samtaleord. Han hadde vore i kontakt med pastor Mau og etterlyst både ordtak og provins-variantar i Mau si samling, som til dømes "Hæg og læg er af ét læg". ["Til Læseren!", s 2]. Kristensen nytta ingen trykte kjelder .
  • Blant amerikanske, britiske og mange andre land sine ordspråk finn ein fyndige ord av diktarar og andre kjente, til dømes Shakespeare og Emerson. Fint forma ord og utsyn frå namngitte personar kan gli inn i ordtak-arven. Det er likeins i norsk, svensk og dansk. Her i samlinga er berre eit lite dusin slike ord med. Det finst fleire.
  • I vår tid har mange danske folkloristar forma nye bøker over ordspråk, og somme har lånt inn ei mengd ord frå andre folk og kulturar, ikkje berre skandinaviske og nordiske, men også tyske, engelske og vidare frå "heile verda". Vi har også soge litt herifrå og derifrå, som seg hør og bør. [Sjå tilfanget]

Ulike slags ordspråk

I tillegg til gjengse ordspråk har vi munnhell, fragment, og meir til. Døme:
  • Reint ordspråk: "Kyrne til andre har større jur."
  • Munnhell, herme: "Det er øvinga som gjer det, sa jenta, ho sløkte lyset med rumpa."
  • Fragment: "Å ta beina på nakken."

Somme av orda og tankane har enderim og rytme, andre har meir eller mindre fullkomne bokstavrim - litt av kvart kan gå tapt i omsetjingar.
      No og då får ein lyst til å omforme til ein meir skapelig fasong i tråd med gamle leistar: det er oppskrifter eller halvreseptar for laging av ordtak og fraser som liknar ordtak til forveksling. Vi kallar slike lagingar for ordspel. Døme:

  • Dansk: "Kun tosken frykter ikke havet."
  • Omforma, gjenskapt: "Torsken er ikkje redd for havet." (Døme)*

Det er rom for variasjonar av gamle og nye ordspråk. Det omskapte ordspråket i dømet blir vel litt rundare, noko meir humørfylt, noko vennlegare - men nett det kan det vel finnast ulike meiningar om.

Ei stjerne - * - bak ei setning fortel det er ei nylaging i høvet.   - Tormod Kinnes

Danske ordspråk og munnhell 
– SAMLINGA
Danske ordspråk og munnhell - SLUTTBOLK

Danske ordspråk og munnhell - LITTERATUR  
Notar
  1. AKF (Anvendt Kommunal Forskning), København. "Sjællændere er lykkeligere end jyder."
    www.akf.dk/presserum/akf_i_pressen/alle/sjaellaendere_er_lykkeligere_end_jyder/

Andreæ, D. et al. Citatboken. Stockholm: Natur och Kultur, 1986.

Breseman, Friederich. Danske Ordsprog og Mundhæld. København: Høst, 1843.

Evensberget, Snorre & Gundersen, Dag: Bevingede ord. 2nd ed. Kunnskapsforlaget. Oslo, 1983.

Grundtvig. Nicolai F. S. Danske Ordsprog og Mundheld. Kjøbenhavn: C. A. Reitzel, 1845.

Holbæk, Bengt & Jørn Piø: Allverdens ordsprog. Schibsted. Oslo, 1991. [Boka er opphavelig frå dansk: Alverdens ordsprog. København: Politiken, 1966 og seinare.]

Jensen, Brikt, red. Ordspråkleksikon. Tr. Gunnar Gjengset. Oslo: Schibsted, 1996. (Carsten Bregenhøj og Solveig Pått: Politikens Ordsprogleksikon.)

Kjær, Iver og Bengt Holbæk. Ordsprog i Danmark: 4000 ordsprog fra skrift og tale gennem 6000 år København: Paludans forlag, 1969.

Kragh, Ole. Alverdens ordsprog og talemåder. Copenhagen: Vendelkærs, 1979.

Kristensen, Evald Tang, saml. Danske Ordsprog og Mundheld, Skjæmtsprog, Stedlige Talemåder, Ordspil og Samtaleord. Kjøbenhavn: Gyldendal, 1890.

Mau, Edvard, saml. Dansk Ordsprogs-Skat, eller Ordsprog, Skjæmtesprog, Rimsprog, Munheld, Talemåder, Tankesprog, samt et lille Udvalg af Bibelsteder: efter trykte og utrykte Kilder samlede og ordnede, tillige med nogle Varianter, Oplysninger og Henvisninger. København: Gad, 1879.

Molbech, Christian. Danske Ordsprog: Tankesprog og Riimsprog. København: Thiele, 1850.

Villum, Erik: Andres køer har større yver. Gyldendal. København, 1985.

Wikipedia (dansk), s.v. "Ordsprog"

Danske ordspråk og munnhell - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Danske ordspråk og munnhell BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 1999–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]