NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danske ordspråk og munnhell

 13 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



L

La auga dine sjå like utetter, la blikket sjå beint frametter. (Bibelen)

La barn få viljen sin, så græt det ikkje. (Laale)

La ikkje musefella lukte av blod. (Engelsk)

La kona ha den korte kniven, og ha sjølv den lange. (Laale)

La kvar halde flugene vekke med sin eigen svans.

La oss ete og drikke, for i morgon [manjana] skal vi dø. (Bibelen)

Lampa kastar ikkje lys i solskinet.

Lang sjukdom er sikker død. (Laale)

Langt bord, kort liv.

Lastene til storkarar blir ofte skatta som dydar. (Engelsk)

Lat mann går nødig på steinete veg. (Laale)

Latskap er ein mektig fiende. (Japansk)

Latskap lønnar med fattigdom.

Latskap skremmer ikkje opp noe vilt.

Legefeil blir dekt med jord, rikmannsfeil med pengar. (Engelsk)

Legen krev honorar anten han har gjort kål på sjukdommen eller pasienten. (Polsk)

Ler du av fjeset mitt, ler du av Gud; ler du av kleda mine, ler du av skreddaren min; ler du av handlingane mine, så ler du av meg. (Estisk)

Lett å opne ein butikk, vanskelig å halde den open.

Lettare sagt enn gjort. (Engelsk)

Lev ikkje på dagane som er forbi.

Lev, lær, dø, og gløym det heile.

Lidinga vinn til sist.

Ligg munk hos nonne i klostersenga, blir det verken til Fader Vår eller Jomfru Maria. (Svensk)

Like barn leikar best.

Litt etter litt fyller sekken.

Litt for seint er også for seint. (Etter tysk)

Litt har også rett.

Lorten er ingen stader nyttigare enn på marka.

Lov er lov, og lov skal haldast - om vi kan. (Korta frå jysk)

Love og lyge er ein dårlig kunst.

Lykka ber ein mann over bekken om han orkar spranget. (Gammal dansk samling)

Lykka er aldri til sals på marknaden. (Persisk)

Lykka er alle toskars formyndar.

Lykka har mye til mange, men nok til ingen.

Lykka til den kjekke vil vare. (= Lykka står den kjekke bi). (Latin)

Lykkelig er den som let seg åtvare av annan manns skade. (Laale)

Lystig vert gjør glad gjest. (Syv)

Lærdom kjenner ingen rang. (Japansk)

Løgna er dei svakes "våpen". (Etter Ungarsk)

Løgna og snøballen vekst fort til.

Løva tar seg ikkje av loppestikk. (Svensk)

Løynd skade er betre enn sterk spott.

Lån skal gå uskadd heim. (Laale)


BØLGJE

Litteratur
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]