Norsk del, Gullvekta
Danske munnhell
Seksjon › 6 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Munnhell

Munnhell: talemåte; frase; ordtak.

❦❦❦❦

"Det er langt fram", sa tjuven, han skulle i galgen. (Norsk lån)

"Det er øvinga som gjer det", sa jenta, ho blåste ut lyset med rumpa.

"Det letta", sa jenta, ho fekk tvillingar.

"Det som skal til, skal til", sa mannen, han selde buksene sine og kjøpte seg parykk.

"Det var inga glede ved den sorga", sa kjerringa, ho gret ved feil grav.

"Dårleg selskap", sa tjuven, han gjekk til galgen mellom bøddelen og ein munk. (Holland)

"Eg plar ikkje drukne", sa guten, dei åtvara han mot å gå over isen.

"Eg synest ungane mine er pene", sa ramnen. (Islandsk)

"Ei ulykke kjem sjeldan aleine", sa jenta, ho fekk tvillingar.

"Eit egg er eit egg", sa klokkaren, han tok det største. (Tysk)

"Eit egg er eit egg", sa mannen, han tok det største.

"Friskt mot er ein god ting", sa skreddaren, han sloss med ei loppe.

"Gi eg var vel gift", sa jenta, "for no har eg fått nok av kjærleiken."

"Harde tider", sa vagabonden, han fekk pryl i staden for kaffi. (Svensk)

"Kva gjer ikkje ein tyskar for pengar", sa kona, ho såg ei ape danse.

"La oss vere samde om ikkje å trakke kvarandre på tærne", sa hanen til hesten.

"Litt, godt og lenge", sa jenta.

"Mykje skrik og lite ull", sa fanden, han klipte ei sugge. (Tysk)

"Mørket sjenerer meg ikkje", sa tjuven. (Islandsk)

"Nei takk, eg kan godt spytte på golvet", sa karen då byfrua baud han ei spyttebakke.

"No sit eg lunt innfor døra", sa reven då folk hadde tetta til begge utgangane hans.

"No skal vi sjå kven som er herre i huset", sa skreddaren, og kraup under bordet.

"Om Gud vil", sa mannen, han hadde ikkje fått spurt kona.

"Pengar er pengar og blygskap er blygskap", sa mannen, han fekk skillingar for å danse naken.

"Reinsemd er ein dyd", sa kjerringa, ho vendte serken til julaftan.

"Seint kom han og tidleg gjekk han", sa jenta, "eg veit sanneleg ikkje kven det var."

"Skammar han seg ikkje, det er jo midt på lyse dagen", sa jenta då inspektøren kyssa ho. (Svensk)

"Slett ikkje verst!" sa mannen, han kasta ein stein etter bikkja og råka svigermor. (Gammalgresk)

"Så langt rekk verda", sa den blinde; han lente seg opptil ein mur. (Gresk)

"Tida skal gå med til noko", sa mannen, han dengde kona si mens det var regnvêr.

"Vårherre bevare oss for hovmod", sa mannen, han greip seg i å sjå velnøgd på dei nye treskorne sine.

(Innbrot i) leilegheit gjer tjuv -*

Innhald


Høyet i hus

På ymse sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

∼ Kjeldene: [Litteratur]

Danske ordspråk, ordsprog ordtak Danmark, opp Seksjon Sett Neste

Danske ordspråk, ordsprog ordtak Danmark. BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]