NORSK DEL, GULLVEKTA  

Danske ordspråk og munnhell

 13 › 2 › 13

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



A

Alder og fattigdom er vanskelege å løyne. (Problemata)

Alderdoms dydar er dyrkjøpte.

Aleine er ingen den raskaste. (Norrønt)

Alle bobler brest.

Alle er blide når dei ber om noko. (Islandsk)

Alle gode gonger er tre så nær som øyrefikar, av det har ein nok med mindre. (Syv)

Alle har kvite tenner, men du veit ikkje kva som er bak dei. (Baltisk)

Alle skor blir ikkje laga over same lest.

Alle skor kan ikkje lagast over same lesten. (Finsk)

Alle ungjenter er skikkelege, men kor kjem alle dei vrange konene frå? (Skotsk)

Alle veit råd, utan den som står midt i ulykka.

Alle vil over der gjerdet er lågast.

Alle vil øyde, og ingen vil bøte. (Gammal dansk samling)

Alltid vil makta ha viljen sin. (Laale)

Alt forgår unntatt Guds nåde. (Laale)

Alt nytt er ikkje rett, og alt gammalt er ikkje dårleg.

Alt som blir borte i kjøkenet, har (liksom) katten teke.

Alt vondt har tre røter: lyst, hat, fiendskap. *

Anger er eit beiskt legemiddel.

Arvingars gråt er halv latter.

Av angst for å tape sluttar ikkje spelaren å tape. (Latin)

Av erfaring blir ein klok, sjeldan rik.

Av klare brønnar kjem klart vatn. (Syv)

Av kokte egg blir det ingen kyllingar.

Av mange hogg blir øksa sløv. (Problemata)

Av sjølve oksen lagar ein pisken. (Oldgresk)

Av skade blir ein klok, men sjeldan rik.

Av svolt et hunden tilmed lort. (Talmud)

Av ønske blir ingen rik.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]